Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Hmmm. Og eg fekk beskjed frå ein forhandlar at det var berre å bruke ladedata frå tsx, fordi kulene var så og seie identiske. Bilete seier noko anna.
  2. Hadde sjølv ei 416 Rigby i nokre år og takla den veldig bra. Meinar mengdetrening og då med grove kaliber er nytting dersom ein skal føle seg trygg på slike kaliber. Men det eg føler kan øydlegge for skyting der det er mykje rekyl, er frykta for at kikkertsiktet skal klaske i panna. No har eg ei R93 med kort pipe i kal 9,3x62, som eg brukar saman med ein micro-aimpoint. Og der vil eg påstå at rekylen er verre en med rigbyen, men likevell skyter eg jevnt over veldig godt med den, fordi frykta for kutt mellom auga er vekke. Så dersom eg skulle få lyst på noko grovt igjen, vil eg ikkje nøle med eit kaliber som 416, for å sette på ein aimpoint ( eit slikt våpen vil då sjølvsagt ikkje bli brukt i jaktsituasjonar der eg må skyte på 200m +
  3. Eg har brukt 6,5x55 til alround i fleire år, men den pipa er bytta ut med ei 9,3 pipe. Eg havna på 250 grns barnes tsx, har sålangt skutt hjort og rev med den og er kjempefornøgd. Fine slakt, hjorten teiknar tydleg, kortare utras og ei kulebane som er fult akseptabel innanfor dei holda eg skyter på. Kanonkaliber;-)
  4. Eg setter ein microaimpoint på min 9,3(blaser) når eg skal i skauen eller går med hund. Blir ikkje stort betre til den type jakt etter min meining
  5. Vips, så var det bestilt ei jakke og ein fleecegenser bestilt Denne tråden skulle vore fjera, den er dyr i lengda
  6. Hjortejakta i år har vore snodig. Dyra har endra trekkvanar totalt, noko som passa dårleg då eg skulle debutere med hund på jakt for første gang. No går ikkje hjorten i egna hundetereng lenger, men har fått to små loser med han likevell Men liten apell: Er du hjortejeger i sunnfjord og har eit tereng der du kunne tenke deg å jage med hund, så send ein pm! Har ein tyskerterrier som skulle hatt litt meir jakterfaring i løpet av hausten! Elles har eg denne hausten gått over til 9,3x62. Etter mange år med 6,5 vart eg lei dyr som ikkje tegna for skot, lange utras og nervøs leiting etter dyr. Skotreaksjonen i dyret og fluktstrekninga vart noko heilt anna når dei fekk ei 250grns Barnes TSX i bogen! Sålangt veldig fornøgd med det kaliberet. Skaut to dyr i fjellet i går og det eine tippa rundt i smellen og bukken var på veg ned ei bratt skråning når eg skaut han, han fortsatte ned bakken og flata ut når han trefte myra
  7. Har kjøpt ein ny pakke med tsx til 9,3'n. Godt fornøgd, men nokon som har gått frå den, til den varianten med plastspiss? Forskjell på presisjon eller hastighet? Og har de brukt same ladedata?
  8. Kystmeiting er noko eg funderar så smått å prøve meg på. Sjølv om kveitebestanden ikkje er så voldsom på min kant av landet, veit eg om fleire plassar som ''gamlingane'' rekna som bankers etter kveita på våren og sommaren - kunne vore kjekt å prøve seg til neste sesong. Kystmeiting etter kveite frå land - er det overkommeleg for ein halvklumsete amatør med karpestang, fireline og eit helvetes pågangsmot?
  9. Vestlandet, for tida held eg til i Sogndal.
  10. Nokon som har eit tips om kor ein skal leite for å finne jakttereng ein kan leige i kortare perioder, som tld ei helg? Einaste eg har funne var i eit område med ulv og det freistar ikkje. Har ein støver som eigentleg skal brukast til rev, men ei helg med harejakt i vinter hadde vore kjekt det også.
  11. Så lenge der finnes folk med tjukke lommebøker og betalingsvilje, så sel dei sjølvsagt så dyrt som mogleg. Og gradvis fører det til at norske tradisjoner som jakt&fiske for alle forsvinner. Igjen sitter rikfolk som kan kose seg aleine i norske skoger. Det er vi som er problemet, som godtar å betale 12 000 pr løyve.
  12. Ein liten digresjon: Eg har ein støver som er veldig finspist og derfor alt for mager. Ho er frisk og rask, men likevell alt for undervektig. Eg har gitt ho tørrfor, gjekk frå kvelpefor til høgoktan frå royal canin (energy 4800). Ho er rett og slett finspist, ho eter ikkje det ho normalt skal gjere i løpet av ein dag(ho får no mat ein gang pr dag, det funkar betre en to gonger, då ho ikkje er skikkeleg svolten dersom ho får mat to gongar pr dag). Eg har forsøkt ting som å varme foret litt først, matolje, delfiafett og vom saman med foret. Det siste verka veldig bra i 14 dagar men så enda det med at ho sleika pelletsane reine for vom. Med andre ting eg har forsøkt, som delfiafett, har ho ete opp alt foret ei veke - og så er det ikkje spennande lenger og halvparten ligg igjen i skåla etter forting. Tips på korleis eg får fillebikkja til å ete meir? Vil gjerne ha meir fett på ho før vinteren og jakta byrjar for alvor.
  13. Takker for svar, bok er bestilt men eg ser ein kan bruke både surf og karpestenger, og sistnevnte blir anbefalt til ein nybegynner. Nokon som kan tipse om norske butikker som sel ferdige sett som passer eit studentbudsjett?
  14. Eg har lese litt om kystmeite og syntes det verkar spennande. Men eg kjenner ikkje til metoden overhodet, og veit derfor ikkje kva som trengs av utstyr og duppeditter for å komme i gang. Nokon her som kan kystmeite, som kan gje meg litt råd og vink - send meg gjerne ein pm...
  15. Eg har irritert meg over at eg ikkje har funne eit liggeunderlag som er tiltenkt jakt. Det finnes haugevis av liggeunderlag som er meint som underlag når ein skal sove - men desse er stive og egner seg ikkje som liggeunderlag når ein skal ligge på post nokre timar. Eg kunne tenkt meg noko med tilsvarande storleik,tjukkleik og konsistens som ein teltduk, der det var innsydd eit nokolunde vasstett stoff ( noko liknande fjellduken?). Då kunne ein bretta det sammen og hatt det med seg i ryggsekken og lagt det utover bakken der ein skulle ligge/sitte på post. Nokon som har funne eit produkt som tilfredstiller mine krav?
  16. Fornøgd med jaktfall sjølv - men dumt at dei fjerna tilbodet med gratis fakt dersom ein handler for over 1000kr
  17. Skal nedover til Egersund på bukkejakt i år - ser fram til å prøve noko nytt. Har kjøpt inn Buttolo fløyte og myggdress frå Winge våpen og håpar at ein bukk stegar seg frampå
  18. Hvis en da handler eit våpen for under 6000 ,- - henter det sjølv. Kan ein då reise rett over grensa og heim utan å stoppe i tollen?
  19. Takk for tips! Eg vurderar også ei eldre s/s hvis eg finner nokon som passar meg. Eg ser dei ligger på rundt 3,1 kg og dei har som regel nydelig balanse Men av butikkar som har utval av eldre s/s hagler, så kjenner eg til Beveren Sport. Er der fleire rundt om?
  20. Pr i dag har eg ei Rem 870. Ei hagle eg har vore godt fornøgd med til mitt bruk, som for det meste har vore sjøfugljakt, der vekta på våpenet ikkje har hatt betydning. Men bruker stadig meir tid i skogen på vinterstid med hagle og vil derfor ha ei lettare og stuttare hagle og tenker ei o/u. Eg har ikkje klart i finne o/u hagler som passer meg, det er halvauto og pumpehagler som sitter nokolunde. På andre hagler kjem eg ''ikkje langt nok ned på kolben''. Eg veit jaktdepoet har lette hagler til ein veldig grei pris ''ca 6000'' med eit rikt utvalg av stokker. Men eg har ikkje peiling på hagler overhodet. Så hvis eg setter 10 000,- som makspris, den skal vere lett og den må enten leverast i mange forskjellige ''stokkfasonger'' eller det må vere tilpassing med i prisen. Er det då andre alternativ eg bør vurdere?
  21. Musepip bør du så avgjort ha - den meinar eg stort sett vil være bankers. Eine musepipen som winge våpen sel - lagar også veldig bra fuglelydar - 2 fløyter for 99 kr
  22. Er du litt kjent i området og veit at det ferdast ein del rev i området er dette ein fordel - her på min kant av landet er det stort sett steinurshi - så er det steinur i nærheita - er det som regel rev i nærheita også. Eg har ikkje inntrykk av at reven frykter hverken biler eller vegar. I områder der den forventer aktivitet - bryr den seg mykje mindre en langt til fjells. Skau bak gårder har vore gode plasser for mitt vedkommande - dersom eg trur det er rev i området. Av fløyter skal eg ikkje synse for mykje, men på denne tid veit eg av erfaring at fuglelydar og musepip funker - kva merke lokken er, trur eg speler mindre rolle - såframt du beherskar den nokolunde. Dei som lokkar og jaktar mykje likar seg best om morningen - noko eg trur stemmer - men eg har av tidshennsyn lokka mest om kvelden og har ikkje hatt problem med og få lokka reven fram i skumringa. Sett deg ved opne områder med god oversikt og sett deg i skjul - mange likar å sjå ut som ein ''sniper'' når dei jaktar rev - det kan du sjølvsagt gjere - men det er ikkje nødvendig Einsfarga grønne kle og tildekking av hender og ansikt held lenge. Men ikkje sett deg i shiluett. Sett deg inntil eit tre eller liknane og beveg deg saaaaaakte når du sitter å kikker etter reven. Gå/snik deg sakte fram til den plassen der du har tenkt å jakte - og vent gjerne ei stund før du bryjar å lokke - sjølv ventar eg gjerne 15 - 20 minutt.
  23. Har aldri jakta etter mår tidligare men brukte mykje tid i terenget mitt i vinter saman med ein unghund og fant skremmande mykje spor etter mår, kanskje ikkje rart det er lite av anna småvilt i området - så her må noko gjerast. Eg har sålangt kjøpt meg ei Fenn MK6 - nokon som har erfaring med denne fella og eventuelt bilete av fella oppspent i kasse?
  24. Er denne og oppdrive i norske butikkar?
×
×
  • Create New...