Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Ein treng eigentleg 22lr og 6,5x55 22LR til kråkeutrydding og 6,5 til alt det andre. Ein litt butt mantel til småvilt som skal etast, ei lett varmintkule til rev og andre ting som ikkje skal etast og ei egna storviltkule, som t.ld Nosler partision til alt av storvilt. Gørrkjedlig, men ein dekker det behovet som er i Noreg Eg skyter kråker med 22LR, til det andre bruker eg no 9,3x62 - because I'm cool
  2. Pm sendt til deg 375;-) I høgre løp har der stått ei innstikkspipe. Og når eg skyter med hagle dette løpet, sitter tomhylsa fast etterpå. Det er ikkje verre en at eg hadde fått den ut om eg hadde negler, men eg bruker kanten på ei anna hylse for å vippe den ut. Nokon som har ein teori på kvifor den sitter så fast? Eg kan ikkje sjå noko med kammeret på løpet.
  3. Her kjem eit bilete av dei tre første skota eg skaut med børsa, etter grundig puss og demontering. Det er Sellier & Bellot, ferdigrulla. Sålangt lovar det veldig godt med tanke på framtidig presisjon. Kula var av typen SPCE, 173grns. Ein bekjent meinte dette var ein kopi av ei eldre tysk kule - nokon som kjenner til konsuksjonen? Og om ein får tilsvarande kule, av litt betre kvalitet en s&b? Greenersikringa på børsa mi, er tilnærma lydlaus. Korleis andre greenervåpen fungerer, skal eg ikkje utale meg om. Elles funker den sikringa greitt, men syntes den ''svenske'' løysinga, som eg hadde på merkelen var betre - der alt satt på sikringa på kolbehalsen. Eg merkar at med tjukke hanskar, er greener'n litt vrien å betjene - men det blir ein vane etterkvart Det er rett at der finnes mykje flott og dyrt på egun. Men eg veit av tidligare erfaring, at dersom børsa blir for pen og spesiell, får eg meg ikkje til å bruke den fult ut. Det vil seie at eg blir meir opptatt av å beskytte våpenet en meg sjølv, dersom eg får sidevippen i bratte vestlandslier - slikt blir det krykker og blåmerker av Men no har eg eit pent og greitt våpen, som ikkje kosta meg meir en ein middels kombi her heime. Og då kan eg få ei ripe i stokken, utan at sjela og lommeboka brister Av tradisjonelle drillinger, har eg sett at dei som er litt bruksprega og med ein gammal og litt ukurant kikkert går for mellom 400 og 800 euro. Dei som framstår som veldig fine og med litt betre optikk, går som regel mellom 800 og 1200 euro. Eksklusive og ''udda'' børser, går vidare oppover. Tommelfingelreglen er vell at ein gangar med 10, slik at dersom ein får børsa for 800 euro, blir sluttsummen ca 8000 NOK. Eg snakka med ein som har importert mykje våpen frå Tyskland og Østerike, han driver våpenbutikk. Han hadde god erfaring med våpen som kom frå desse landa, som regel var desse lite brukt og fint behandla. Då var han meir skeptisk til våpen som kom frå Sverige.
  4. Smekker sak! Gamledrillingen i kal 12 blei klumpete i forhold! Skal testskyte neste veke - ser fram til det
  5. For nokre år sidan kjøpte eg ein Merkel Mod 32 i kal 12/5,6x52R. Likte børsa godt, men den som eigde den før meg hadde ikkje vore nøyen på vedlikehald - så riflepipa var rufsete - og derav manglande presisjon. Børsa blei solgt og eg har hatt lyst på ny drilling sidan den gangen. Eg jaktar ikkje så mykje småvilt at eg strengt tatt har hatt bruk for det, dei siste åra - men gleden ved å eige ein drilling - er spesiell! Men etter eg fekk støver&terrier, har det blitt mykje turar i skogen etter rev, samt det vankar stadig lovnadar om rådyrjakt frå bekjente. Trangen etter eit kombinasjonsvåpen meldte seg, eg kjøpte ein brukt kombi, men fekk ikkje optimal presisjon samt ein kombi i mine auger blir ei rifle med eit hagleskot på kjøpet, eg trengte det motsatte - derfor auka havelysta mot ein drilling igjen. Eg la ut ei annonse der eg søkte etter ein brukt og rimeleg drilling, fekk eit napp, men samtlige havna over mitt tenkte budsjett. Eg fant nokre som låg for salg også, men det var våpen frå Sverige - som etter min erfaring ikkje alltid har fått det beste vedlikehaldet. Så fekk eg ein pm frå Skaubjønn, som tipsa meg om egun. Er i utgangspunktet svært skeptisk til handel frå utlandet, skjulte kostnadar, dyr frakt og eit papirhelvete utan like - er ting som har helde meg vekke frå den tanken. Men Skaubjønn meinte dette skulle gå greit og eg fant ein drilling på egun eg likte. Eg maila med forhandlaren og han skulle ordne nødvendige papirer, dersom eg kjøpte børsa. Dermed satt eg her spent som ein felestreng ein laurdagskveld og glodde på egun sine sider og banna høgt kvar gong der kom inn eit bod på børsa. Eg la inn bud mot slutten og børsa blei mi til slutt (aksjonar er eit nervepirrande helvete). Eg sendte papirer til Tyskland og etter to mnd med venting, kunne eg reise på postkontoret å hente børsa - bilete kjem nederst. Våpenet er i veldig god stand. Det kan ikkje ha vore mykje brukt. Bortsett frå at låsen er blitt mørkare i stålet nokre få plassar - og ørsmå merker enkelte plassar - framstår den som ny. Det er ikkje verst for ei dame som blei ''født'' tidleg på 70-talet Kikkerten har rektikkel nr 1a - som ikkje er heilt optimalt. Men planen er å montere raudpunkt etterkvart. Men fordelen med det rektikelet er at det duger bra i dårleg skytelys, syntes eg. Så eg kan faktisk ta drillingen med meg på hjortejakt ein morgon i grålysninga,dersom eg vil det Det er berre ein ting eg ikkje heilt får til å rime: Dersom løpsvelgaren står på hagle, sikringa er på og eg spenner opp snellerten på fremste avtrekker - går tennstempelet faktisk av dersom eg klikker med snellerten to ganger Dette skjer ikkje dersom løpsvelgeren står på rifle og ellers fungerer sikringa som den skal! Ikkje noko stort praktisk problem, men nokon som har ei forklaring? Eg vil rette ein stor takk til Skaubjønn som har guida meg gjennom denne handelen, og som har svart på uendelig mykje spørsmål i periodar - du er ein tolmodig mann! Og til Raudnakke som har oversett for meg, i dei tilfeller der google ikkje har klart jobben. Tusen takk begge to! Fortuna Suhl 16&7x65R Med zeiss i 4-fots hakemontasje Den har flott treverk, men får ikkje tatt bilete som yter veden rettferdigheit. Bilete er tatt med mobil, og eg er ei teknisk katastrofe
  6. På generelt nivå vil eg våge å hevde at tyngre kule & lavare fart vil gje mindre kjøtødleggelse og bloslått kjøt en lettare kular med høg hastigheit. Det er enkelte som hevdar at dei får fine slakt med 180grs kuler i maks fart i 300 win mag - men eg har tilgode å sjå desse. Eit døme: Ein bekjent av meg brukte 30 06 med 220 grns hornady-kuler i mange år - kjempefine slakt. På dei tider brukte eg også 30 06 med 180 grns kuler som swift og oryx - eg hadde alltid meir kjøttskader og blodsøl en han - tross eg brukte ''bedre'' kuler. Men problemet var hastigheita...
  7. Dette er en fornærmelse mot risotto! Legg gjerne ut ei betre oppskrift på risotto
  8. Supert Til alle som liker pasta og lasange, som kjøper pastasaus på glass eller lasangesett, her kjem ei oppskrift på bolognese som er myyyyyykje betre, heilt utan ekle konserveringsstoffer og anna lurium - billig er den også! Finhakk 2 lauk, knus 2 kvitlauksbåtar og finhakk desse og riv 2-3 gulrøtter. Varm ei romslig gryte og tilsett ein god ''klunk'' olivenolje og surr grønnsakane eit par minutt og tilsett ein pakke karbonadedeig, samt ein ny ''klunk'' olivenolje - det skal ikkje steikast tørt. Når karbonadedeigen er steikt, skubber du alt i panna ut til sidene og har 1 ss tomatpurre i midten av kjelen, som du surrer litt før du rører den inn i karbonadedeigen. Tilsett 2 bokser knust tomat og la det småkoke i ca 10 minutt, smak til med salt og pepper. Her kan ein tilsette tld tabascosaus eller worcestershire-saus hvis ein ønsker det. Uansett syntes eg det er godt å tilsette ein ''klunk'' kremfløyte på slutten, for å runde av smaken litt. perfekt til pasta eller som base til lasange
  9. Her kjem ei oppskift på super kveldsmat eller middag - kinesisk pepperbiff, homemade style - dette vil vere nok til 3 pers ca Skjær 500 gr biffkjøtt i tynne skiver (eg brukte ytrefilet, ein kan bruke det ein har, fleire oppskrifter eg har funne på nettet brukar hvalkjøtt). Knus 3-4 SS svart pepar grovt, som du blandar med kjøtet, har det i ei skål og heller over solsikkeolje så det dekker kjøtet - dette skal stå i kjøleskap over natta og snuast eit par ganger. Først koker du opp 5 dl vatten og rører ut kjøttbuljong, slik at du får 5 dl kraft, la det avkjølne og tilsett 5 SS soyasaus - dette skal du bruke seinare. Del opp 2 gulerøtter, 1/2 brokkoli, 1 lauk og 1/2 paprika - desse skal surrast kjapt i ei varm panne med litt av den oljen som kjøttet står i. Begyn med den grønnsaken som står først, og la den surre i ca 30 sek, før du tilsetter neste, slik at guleretter blir steikt lengst osv. og når alt er ferdigsurra - ta det ut av panna og steik kjøttet i små porsjonar - ca 30 - 40 sek pr porsjon og ta det ut av panna. Dette vil sprute og frese verre en verst, så ver innstilt på at du blir rasande minst tre gonger i løpet av denne prosessen Når kjøtet er steikt og lagt til side, ha 0,5 dl vatten og 2 SS rødvinseddik i same panna, og la dette koke nesten heilt inn, tilsett så krafta og når den koker tilsetter du maisenejevning til den er passe tjukk og gje den eit oppkok, tilsett grønnsakane og kjøttet - server med jasminris og forbered deg på ein passiv kveld
  10. Vi forsøkte oss på fransk løksuppe til kveldsmat. Eg tykte det var godt - men frua i huset er ein smule kresen og tykte dette smakte "rart". Men då veit eg hvertfall noko eg kan kose meg med ein kald vinterkveld når ho er vekke
  11. Vestlandslefse (den typen som skal fuktast før bruk), så rører ein inn pepar, salt og sitron i rømme og smører utover lefsene. Spekemat, røykjelaks eller anna snadder tilsettast, samt grønt etter kva ein sjølv likar - rull saman og server Tenkte å legge ut oppskrifter seinare på eit par ting som har blitt fast inventar her på laurdagskveldane. Kinesisk pepperbiff - homemade style og ein enkel bolognese/lasange
  12. Eg og min bedre halvdel er vell eigentleg ganske aktive og sunne. Vi trenar mykje og er fysisk aktive begge to - samt eg er matvrak og har lagt ned forbud mot heil og halvfabrikat når det kjem til middagsmat og kveldsmat - vi et heimelaga mat, der vi veit kva som er tilført Men mykje snop og snacks har vore ei lei ''uvane''. Det blir konsumert til tider usømmeleg store mengder chips, sjokolade og kjeks Eg såg eit program med ein profilert tv-kokk som ikkje hadde smakt denslags på fleire år (trur det var år i fleirtal), og så smakte han på div ''søppelmat'' på direkten. Det var artig å sjå reaksjonen hans på kor salt chips var, og kor fett og mektig sjokolade var blitt, når han ikkje hadde ete det på lang tid. Vi har funne ut at vi vil legge om kosthaldet yttligare - vi skal kutte ut chips, sjokolade og snop som vi av gammal vane legger rett i handlekorga når vi er på Mega. I framtida skal vi heller lage oss god mat, når vi har lyst på noko godt. Søtt bakverk og denslags kjem vi fortsatt til å lage, vi er på ingen måte fanatiske når det gjeld sukker - men det er forskjell på ei 200 grams plate freia kvar dag, og sjokoladefondant til desert ein gang i blandt Så eg håpar denne tråden kan bli fylt opp med oppskrifter og tips frå andre matvrak Oppskrifter på kveldsmat, småretter, bakverk og snacks som kan vere eit suplemang til nokon som har slått opp med Kims&Freia
  13. Skal ein heve nivået på den enkelte jeger, for å unngå skadeskytingar, trur eg meir obligatoriske treningsskot er vegen å gå. Det er nok av eksempel på dei som tek rifla ut av skåpet, plukkar ut jaktammoen som ligg i magasinet etter siste haust jakt og bannar over dei 30 treningsskota som må skytast, før ein får lov å skyte opp. Ein blir ikkje ein god jaktskyttar av slikt! Det finnes diverre mangen som slit med konkurransenærvar, som i utgangspungtet er gode skyttarar og jaktskyttarar, men som ''stivnar'' når dei skal skyte prøven, desse vil bli ramma unødig hardt om ein auker krava til oppskyting. Men han som banner over 30 treningsskot, hvis han måtte auke til 200 eller 300 treningsskot for året, trur eg vi hadde vore eit skritt i rett retning. Men det er min teori - og ein digresjon i forhold til tråden - beklagar dette
  14. Nevnte mann er vell berykta for å vere særdeles humørsjuk. Eg ringte ang ein reklamasjon ein gang denne mannen tydlegvis hadde ein dårleg dag - illsinte 11-åringar som ikkje vil gjere lekser, ville truleg vore meir saklege en han var den gangen. Så for min del var det siste gang eg benytta meg av han.
  15. Vi brukte sitronhalsband på russeren vår, då ho blei rabiat dersom terrieren fekk gå ut og ho ikkje. Ho blei tydlig engstlig når astroen skulle på, trur ho hadde fått ein liten aversjon mot halsband med skumle klumpar på undersida Men det gjekk fort over, og blei ikkje noko problem for vår del. Men at det i gitte tilfeller kan ha påverknad, ser eg ikkje som heilt usansynleg.
  16. gløymte å presisere at det er den norske utgåva eg ser etter
  17. Jami oliver hadde eit program der han stressa seg gjennom treretters middagar på 30 minutt. Det er laga ei kokebok frå den serien, eg skulle hatt mine klamme hender rundt. Men alle nettbutikker eg har besøkt har vore utsolgt og det lokale biblioteket hadde den ikkje i sine lister. Nokon her som veit om eit eksemplar til salgs eller til låns?
  18. Har du stramma jakka hardt nederst? Eg var inne med ei bergansjakke der glidlåsen ikkje fungerte skikkelig. Der forklarte dei at "dobble" glidlåser, som det er på mangen av bergans jakker - der må ein ikkje stramme nedre strikk på jakka for hardt. Glidlåsen vil gå opp og over tid bli ødelagt.
  19. Blaser R93 i kal 9,3x62 med 50 cm pipe, micro-aimpoint og safarisling-reim. Det blei eit kort, lett, kjapt og hendig våpen til hundeførar og til den som elles driv bevegeleg jakt i kupert tereng med mykje vegitasjon - eg er veldig godt fornøgd med denne kombinasjonen!
  20. Puss pipa og skyt den inn på vanleg måte ''innskyting'' av nye løp er diskutert fleire ganger her inne tidligare - søk og du skal finne.
  21. Støtter siste skribent. Kompetanse og erfaring forsvinner. Igjen sitter sofaslitarane utan erfaring, med skarp ''tunge'' - og eit godt utvikla googlesøk.
  22. Og hvis folk knoter såpass med oppspenneren på ein r93 at den skremmer viltet - då er det eit eller anna fundamentalt galt med måten oppspenneren blir betjent på Har sjølv lokka inn rev og spent opp og skutt utan problem. Dette med mikkel på temmelig kloss hold - med alle sanser retta mot meg. Samt eg har både spent opp og ned på måneskinnsjakt utallige ganger, der hjorten har vert innpå 10-15 meter utan problem. At folk ikkje liker blaser, har eg ingen problem med - noko må ein jo krangle om Men at oppspenneren lager så mykje lyd at det faktisk er eit reelt problem på jakt? Pølsevev
  23. Brukte tsx 250grns i 9,3'n i haust (kronograferte til rundt 740ms) og skaut ein del hjort med denne. Skothald frå 30 til 200 meter. Godt fornøgd med kula, fine slakt og kort fluktstrekning, samt ein formidabel presisjon! Skaut også ein rev med denne, skothaldet der var ca 100 meter, kula ekspanderte i den lille reveskrotten - og den var fryyyyktelig dau. Eg kan godt anbefale denne som ei alroundkule til smått og stort - so fremt du ikkje skal ete eller ivareta skinnet på det som er smått
  24. Brukte tidligare minkolje, men ein bekjent blei rabiat fordi det var silikon i den og det var tabu på fjellsko. Han hadde eit argument, som jeg har gløymt i farten. Etter det gjekk eg over til snowseal, som eg har vore veldig fornøgd med. Det er enklare å påføre p.ga konsistensen men eg trur eg smørjer litt oftare no en tidligare. Men det er uproblematisk syntes eg, då dette går fortare no en før.
  25. Etter ein haust med microaimpoint har eg blitt frelst når det gjeld optikk til raske skot og andre tilfeller der haldet ikkje blir mykje over 100 meter - presisjonsskytinga gjekk over all forventning, gjekk fint å halde seg innafor 10'ern med aimpoint'n. Så når eg skal kjøpe drilling i desse dagar, så vil eg få montert ein docter i festet for baksiktet. På drillingen eg har sett meg ut, følger det med ein zeiss 1,5-6x42 som kan få ligge i ryggsekken til den dagen eg har behov for presisjonsskyting på lengre hold - i slike situasjonar har ein som regel litt tid på seg likevell Det skal dog nevnast at eg ikkje jaktar småvilt som fuggel - då blir vell truleg eit raudpunktsikte i grovaste laget.
×
×
  • Create New...