Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. https://svartkrutt.net/articles/index.php?kategori=3 Mykje info her. Veit desverre ikkje noko om prising
  2. Nokon som veit forskjellen på ein hund?? Den kan hverken gjøy.. Ellers er vel .308 og 308 win samme patrona, ja.
  3. Hey!!! Blink er blink... Ja, autokorrektur og skriving på telefon får av og til litt rare følger..
  4. Takker for gode tips! Det kan godt vere perlekornet mitt i fungerer strålande i praksis. Tenkjer denne børsa som børse for korte hald på trange postar eller når eg driv. I det terrenget eg jakter i snakkar me om maks 50 meter. Enig i at om dyret forsvinn bak kornet må ein litt nermare. Var litt den følelsen eg hadde på banen. Men trur det er eit anna tankesett/ måte å bruke augene på å skyte med denne typen sikter. De som har skote ein del medmennesker opne sikter; fokuserer de på framkornet, blinken eller begge deler?
  5. Kjekt å høyre fleire erfaringar. Var på banen i går med nytt sikte på Winchesteren. Eit Lyman diptersikte. Har bestillt og fått tak i eit feste for eit lite raudpunkt framme på løpet, men tenkte eg skulle prøve å sjå kva eg fekk til med dette dioptersiktet. Framsiktet som står på Winchesteren no er eit "bead sight". Har skote ein god del med jaktdiopter (stor åpning) og eit firkanta framsiktet. Måten eg sikter på med denne typen framsikte er at eg legg toppen av siktet der eg vil treffe. Så om eg skyt på ei rund skive deler toppen av framsiktet skiva i to. Eg ser toppen og siktet dekker botnen. Med dette "bead sight"'et prøvde eg å dekke deg eg vil treffe med sjølve bead'en. Men merka at dette ikkje var heilt optimalt. Har lese om praksisen med å halde under kl 6, men dette fungerer dårlig på blinkar av forskjellig størrelse og forskjellige avstandar. Nokon som har nokre råd? Trur ellers eg kjem til å skaffe meg eit framsikte utan "bead" og sjå om eg siktebildet/resultata vert betre.
  6. Ingen fleire som har erfaring med åpne sikter på jakt?
  7. Driv og pussler i «sære børser-bransjen». Blanding av bøylebørser og «skogskanon» (Winchester M70 i 450 Marlin). I den forbindelse er det fleire av børsene mine som ikkje har kikkert. Har eit par rødpunkter tilgjengelig, men vil egentlig jakte med åpne sikter. Skyt greit storviltprøven, så det er ikkje presisjonspotensialet som er utfordringen. Lurer då på om det er fleire som jakter/vil jakte med åpne sikter, og kva erfaringer ein har med det. Er det etisk? Er det praktisk? Kva er begrensningane? Kva er løysingane?
  8. Som @Bly nemner så kan dei fleste kolbekapper slipast til med båndslipar. Om du ikkje er veldig pirkete på korleis du vil det skal sjå ut, er det berre å kjøre på. Men om du vil at det skal sjå strøkent ut, er ikkje dette heilt lett og krever øvelse. Om du leiter inne på tildømes Brownells så har dei kolbekapper i forskjellige tjukkelser og størrelser. Det kan jo vere du er heldig og finn noko som passer sånn nokonlunde.
  9. Dei riflene som er i bruk rundt om kring i landet per dags dato håndterer jo veldig greit den blyfrie ammunisjonen som er på markedet... Einaste eg ville tenkt på var å ikkje kappe løpet heilt til kortaste lovlege lengde. Det har nemleg eg gjort. Får rett over 800 m/s med 150 grains Barnes, men skulle gjerne hatt 50 m/s meir. Det ville eg fått om eg ikkje kappa løpet så hardt
  10. Ein er vel begrensa av enten lengden på tønna eller røyrmagasin. Om ein vil ha runde eller spisse kuler i ei revolverpatron må ein enten ofre plass til krutt eller prosjektilvekt. Og i røyrmagasin seier den kovensjonelle visdommen at ein ikkje kan ha runde eller spisse kuler. Ein er og ofte begrensa til ei vel definert patronlengde som fungerer gjennom mekanismen
  11. Takk for tipset. Blir vel å handle "lokalt" krutt ei tid framover, ser det ut som.
  12. Har du erfaring med å bytte likt for likt med reduserte ladninger og desse to krutta (D060 og N110)? Lyman oppgir ladningar med 5744 (som er det same som D060) for blykuler i stort sette alle kalibra dei har i lademanualen sin. Så D060 er eit veldig kjekt krutt. No har eg prøvd å få tak i meir D060, men har ikkje funne noko. Så om ein kunne bytta D060 med N110 til slappe ladningar med blykuler hadde det vore strålande.
  13. Sjå der Kammeret leverer som vanleg. Då er alle (nesten) moglegheiter åpne...
  14. Har akkurat fått meg eit lite feste som skal smettast inn i svalehalesporet til baksiktet på ei Winchester 94. Dette festet er laga for Docter/Noblex infestingsstandarden. Finnes mange alternativer til rødpunkt her, men har sjølvsagt forelska med i ein Aimpoint Acro. Litt fordi denne tett og litt fordi... Er det nokon som veit om det finnes adapterplater mellom desse infestingsstandardane?
  15. Høyrest ut som ein god plan. Lade masse til eit kaliber fyrst og verte komfortabel med det. Ikkje tulle rundt med masse rare kaliber der ein ender opp med 80% testing og 20% prosent skyting...
  16. He, he Har stort sett Lee dier og er delvis enig i dette utsagnet. Har hatt meir trøbbel med Lee-diene mine. Men om du tek deg litt tid og steller og pusser/polerer fungerer dei heilt fint. Når du fyrst har fått eit diesett til å fungere, varer det meir eller mindre evig (om du ikkje gjer noko dumt). Men om stelling, pussing og polering ikkje er noko du er interessert i, er Redding osb. sikkert betre valg.
  17. Tja. Spørsmålet kan vel nesten heller vere kva får du tak i? Ganske skralt med det meste for tida. Fant desse hjå Brownells. Ikke noko erfaring med merket.. https://www.brownells.no/65-CREEDMOOR-PREMIUM-FULL-LENGTH-DIE-SET-REDDING-749017177 https://www.brownells.no/FULL-LENGTH-DIE-SETS-Full-Length-Die-Set-65-Creedmoor-REDDING-749010931 Redding skal vel vere eit bra merke etter det eg har høyrt. Når det gjeld presisjon vil eg vel seie at du klarer å lade presis ammunisjon med det meste av dier. Kan godt vere det er enklare med betre/dyrare dier og at du nok klarer å lade med mindre toleranser men det kjem jo an på kva du ladar for.
  18. Skjønner ikkje heilt kvifor det skulle verte ferre dokumenterte skadeskytingar og større mørketal om ein hevar skytenivået til det gjengse jeger?? Andelen av jegerear i norge som fell inn under kategorien "dfs-skytter med 3000 treningsskudd og som ikkje liker stevner" vil eg tru eg ganske liten. Dette har vel heller ikkje noko å gjere med om ein skal gjere prøven vanskelegare/øke antall treningskudd??
  19. Tenkjer dei berre kunne beholdt denne "big loop'en" og kutta den andre. Har ei Marlin med den vanlege bøylen, og den er i alle fall ikkje for stor... Skyt ofte med lillefingeren utanfor bøylen.
  20. Oooooooooo.... Der kom havesjuka... Ser ut som om dei har trimma ned framstokken ein del og "blåst" opp leveren. Men skulle helst hatt ei blånert utgåve. Eller Cerakot'a
  21. Ja, egentlig burde ein kanskje gjere det. Å gjere prøven vanskeligare, eventuelt heve antal prøveskot trur eg hadde vore ein god ting. Meir pengar til skytterlaga og betre førebudde jegarar. Vinn, vinn.. At det er hjorten/elgen/reinen som skal få svi for at Ola Dunk synes 30 prøveskot og så 5 skot liggande (om ein vil) på ein relativt stor blink med skytereim (om ein vil) er akkurat passe er eg ikkje einig i. Å jakte er ikkje noko ein har krav på, men noko ein burde vise seg dugandes til.
  22. Meiner å ha lest at det er anbefalt/kan vere ein god ide å sette kula heilt framme i bommane slik at ein minsker patronspelet når ein skyteformer. Ladninga må sjølvsagt tilpassas desse forutsettningane... Ellers gode forklaringar frå @Vargen og @M67 Er jo fare for at ein lerer noko...
  23. Du er vel på veg utanfor "godkjente" ladedata, men litt avhengig av erfaringen din, kor flink ein er i å søke fram obskure data på nettet samt om du er villig til å bruke obskure data på nettet skulle det sikkert la seg gjere. Hovedproblemet er vel å skaffe seg egna krutt. Har sett fleire som refererer til Alliant 5744/Lovex D060 (dette Lovex-kruttet skal vere samme kruttet som 5744). Men akkurat no er ikkje dette enkelt å få fatt i. Har sjølv brukt dette Lovex-kruttet til redusert ladningar med blykuler i 45/70 og 356 Winchester, men då har eg gått ut frå ladedata frå Lyman sin manual. Eit kjapt søk fant desse resursane: https://www.chuckhawks.com/reduced_400_loads.htm https://www.africahunting.com/threads/450-rigby-light-bullet-loads-where-to-start.40767/ Lukke til med prosjktet.
  24. Har sjølv ei Marlin i 45/70 med raudpunktsikte. Har ikkje problemer med å ta prøven med dette siktet. Har og åpne sikter på denne børsa, så vert litt trening med både åpen sikter og røudpunkt.
×
×
  • Create New...