Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    699
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Skal seiast at eg akkurat har kjøpt meg ei Winchester M70 Safari i 375 H&H. Så eg håper eg vert heilt enig i ditt utsagn om at rekylen er "omtrent" den samme som ei 30-06 Noko av det heftigste eg har skote med var ei lite lett Winchester M70 Featherweight i 450 Marlin. Stivt lada med 350 grains kuler var det eit lite esel å holde kontroll på. Det var ikkje ein kraftig dytt, men ein kraftig slag..
  2. At 375 H&H har så lite rekyl at det ikkje er verdt å nemne er tull. At rekylen frå denne patrona ikkje plagar deg, tviler eg ikkje på. Men at ein ikkje skal ofre det ein tanke er tull. Forskjellen i rekyl: 375 H&H i ei 4,1 kilos børse: 29,5 ft/lbs med 235 grains kule 36,1 ft/lbs med 270 grains kule 37,3 ft/lbs med 300 grains kule 30-06 i ei 3,6 kilos børse: 17,6 ft/lbs med 150 grains kule 20,1 ft/lbs med 165 grains kule 20,3 ft/lbs med 180 grains kule Teoretisk rekyl i 375 H&H er nesten dobbelt av det ein får i ei 30-06. Sjølvsagt spelar utforming av stokk og vekt av børse mykje, men det er vel ein grunn til at det ofte ligg mange fine børser i 375 H&H med ganske få skot igjennom på Finn..
  3. Om det står "i fast bygningskonstruksjon" slepp du nok ikkje unna med å feste det i kjøkkenbenken. Uansett kor solid den er. I henhold til loven. Vil tru at dei som reiser på tillsyn er ganske strenge på slike ting. Utan at eg veit dette heilt sikkert.
  4. Lyddemparar pleire å redusere rekylen ein del. Er nok det @Nybegynn3r refererer til. Det er jo litt forskjell i rekyl på ei 270W og ein 30-06. Men om du skal gå for eit litt tyngre og lengre løp, samt bruke lyddemper, må det vel gå? Om ein vel litt lettare kuler reduserer jo det og rekylen litt.
  5. Handla frå Skinner Sights i fjor. Ingen problemer i det heile. Tok litt tid før varene kom fram, men det var det vel helst koronaen som hadde skuld i.
  6. Har porta sjølv. Har lurt litt på å kappe ned løpet bakom portinga, men har ikkje gjort det endå. Var og kjøpte meg eit o-ring sett på Biltema. Smett ein liten o-ring over kryssbolten så vert det svært vanskelig å manipulere. Men eg har sett på desse "safety delete'ane" eg og. Klikk-bang er ikkje nokon ein vil oppleve.
  7. Grattis med ny børse. Trur det er samme modellen eg har. Er løpet "porta"? Har gjort ein del modifikasjoner på mi børse. Slanka forstokken, bytta avtrekkar, pussa over skarpe kantar inne og ute og letta fjøra på ladeluka. Fabelaktig morsom børse.
  8. Aktiver kverulatoren: kaliberet er 30. Du lurer på kva patron dei er skotne med. Beklager.. kunne ikkje la vere
  9. Då er det på tide med ein liten oppdatering på dette prosjektet. Har ikkje fått skote noko meir, men har laga klar dei tre andre blylegeringane eg har tenkt å teste. 16/1-legering. Denne endte opp med denne samansettningen: Bly: 92,7 Tinn: 5,7 Antimon: 0,6 Skulle sjølvsagt ikkje vore med antimon, men satser på at det ikkje gjer den heilt store forskjellen. 96/2/2-legering. Denne endte opp med denne samansettningen: Bly: 95,1 Tinn: 2,0 Antimon: 2,3 I denne legeringa fant eg 25 andre elementer! Brukte ein del nedsmelta blybokstavar frå trykkeri her. Lyman #2. Denne endte opp med denne samensettningen: Bly: 90,6 Tinn: 4,3 Antimon: 4,3 Denne legeringa skulle eigentleg vere 90/5/5, men dette får verte det eg går for. Ellers ser eg at dei innlegga eg laga for å legge inn desse testane ikkje lar seg redigere. Så når eg er ferdig lagar eg ein ny post med alle resultata. Så kan ein finne alt på same plasse. For dei som er interessert
  10. Har ikkje erfaring med denne Zastavaen, men eg har tre Winchester M70'ar og er strålande nøgde med desse. Skal seiast at kvaliteten på dei var betre for ein 20-30 års tid sidan. Den nyaste eg har er frå slutten av 90-talet og den er den dårligaste. Men framleis eit skikkeleg arbeidsjern. Ikkje heilt samme mekanismen, men ikkje langt unna. Tok eit kjapt søk og då fekk eg opp at Jaktdepotet hadde ei slik til under 4000,- Men då med snellert-avtrekk. Det trur eg eg ville styrt unna. Ein annan ting; trur ikke eg ville kjøpt ny rifle om eg var fyrstegongskjøpar. Det er mange kjempetilbud på Finn på brukte våpen.
  11. Er alle hylsene frå samme lot'en? Om det er litt blanding av hylser kan vel forskjellar i gløding gjere at dei oppfører seg litt forskjellig.
  12. Er ikkje ueinig med tankegangen din, men eg klarer ikkje å sjå at dei skal klare å lage eit lovverk/regelverk som kan forby eit håndholdt termisk kamera (om det er rette terminologien) som ein ikkje kan montere på børsa. Ein har jo ikkje lov å bruke lys når ein jaktar, men ein har då lov til å bruke lommelykt både før og etter ein har skote. No skal det seiast at kveruleringa mi er grunna i at eg har lyst på eit slikt termisk kamera
  13. Termiske håndkikkartar treng vel ikkje godkjenning? Dette er jo noko som er kjekt å ha utanfor jakta og. Så å forby ein termisk hånkikkert må vel vere vanskelig? No skal eg innrømme at eg ikkje har lest denne lange tråden om lovlegheita til termiske kikkartar osb ( av og til litt vanskeleg å hente ut verdifull info frå desse trådane), men samanlikne ein håndholdt termisk kikkert med ein Mini 14 må vel vere å samanlikne epler og lyspærer?
  14. Er det ikkje forskjell på termisk håndholt kikkert/monokular og ein termisk riflekikkert? Kan jo ikkje skjønne at dei skal kunne regulere kva ein har med seg i lomma og bruker som håndkikkert (dåg med nokre ekstra funksjonar )
  15. Nokre gode tips her: https://brattegleder.blogspot.com/2013/01/reparasjon-av-rifter-skallbekledning.html Ellers må eg berømme deg for å reparere utstyr. Alt for mange som berre kastar klede som funksjonelt er heilt OK.
  16. Såg ei meget strøken Blaser K95 med den kikkerten i ein post her om dagen. Meiner det var @Hirgon som la den ut. Kanskje han kan ha nokre tankar om han les dette.
  17. Aha. Kva hastigheter får du med ei slik kule i 6,5x55? Kan jo høyre ut som om det skulle gå bra om ein ikkje jagar farten opp for mykje. Men, må berre seie at dette er rein synsing
  18. Har ingen erfaringer med denne kula, men vert litt skeptisk når kula heiter Extreme Outer Limits og vert produsert av Berger. Skal du skyte på lange hold? Desse kulene som er laga for langholdsjakting er vel laga for å ekspandere i lågare hastigheter/på lange avstandar. Då vert det vel kanskje litt mykje graps på "normale" hald? Og kanskje problemer med inntrenging? Ein annan ting er vel at ei så pass tung kule i 6,5 krever ein rask rifflingsstigning. Berger oppgir 1:8
  19. Om du markerer kvar 10-centimeter med tusj på ein planke som du plasserer på botnen og filmer med kamera frå toppen (avhengig av at du skjer toppen av IBC'en), kan du måle ganske nøyaktig, skulle eg tru. Då kan du og få testa mange kuler ganske fort. Om ein har ein slik dunk tilgjengelig. Og held kontroll på kva rekkefølge ein skyt kulene i
  20. Bilder, ellers trur me ikkje på deg Gratulerer forresten Driv og Les John Tayler si bok om afrikarifler og patroner. Gir eit vist sug
  21. Henta frå Chultz&Larsen sine eigne sider: The silencer requires a minimum of maintenance. After use, remove the muffler to dry it for any condensation and rainwater. After approx. 300 shots are used a brass or copper brush in oversize to release any potting residues around the inner hole, after which vacuuming from both ends. Eg likar å skru dei frå kvarandre, om det er mogleg, og bløyte delane i litt lunka såpevatn for så å pusse reint med ein nylonbørste. Om dette er nødvendig, veit eg ikkje.
  22. Med hylseseparasjon meiner du sprekk delvis eller heilt rundt like framfor der hylsa tynnest ut? 10-15mm fram på hylsa. Kva meiner du med at hylsebunnen revner? Ikkje høyrt om det før.
  23. Skal hylseseparasjon vere årsaken må vel løpet vere tett? Eller i alle fall noko som gjer at trykket ikkje kan gå den vegen. Det eg har lest om hysleseparasjon (grunna tynne utslitne hylser) har vitterligen vore mindre dramatisk en dette her. Trur de må vere andra faktorar inne i bilde.
  24. Bruker så lang til på å skrive at eg ikkje fekk med meg siste spesifiseringen Du må nesten definere "betre". Kva meiner du med det? Meir funksjonssikre? At dei held lenger? At dei er meir presise? Mindre påverka av dårleg ver? Gir større eigarglede? At noko vert omtala som ein klassiker gir vel eit hint til at det på ein eller annan måte var vel ansett i si tid. Klassiske amerkanske bilar er jo ikkje det eg ville valgt til svingete vestlandsvegar, men dei har jo sin sjarm. Og om du bruker dei innanfor begrensningane kjem du jo stort sett frå a til b. Klart det er meir praktisk med ein nyprodusert bil. Alt er vel avhengig av kva perspektiv du har på slike saker.
×
×
  • Create New...