Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    696
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Høyres ut som ein super kombo! Er du nøgd med 270 Weatherby? Har du åpne sikter på 375-løpet? Lurer på kor presist dette muffesystemte er. Om han klarer å lage det slik at sikta vert ståande i rett posisjon kvar gong. Får kanskje ta ein telefon og høyre med han.
  2. Ok.. Interessant. Men dette er resultater frå 24 toms løp? Er vel ikkje noko diskusjon om at denne skulle fungert ypperleg på kortare hald i skogen. Og om Hornady oppgjer denne hastigheten på pakken så skulle det vel vere lovleg?
  3. Slit du ikkje litt med 35 Rem? Meiner eg rekna litt på det ein gong i tida.
  4. Ikkje lov med lengde under 840mm på rifle. Dette målet gjeld med foldekolben folda saman og evt. utstyr på «tuten» demontert. Noko som gjer rifler med foldekolbe til eit uvanleg syn i Norge.
  5. stigamundsen

    Grovkaliber

    I så fall syklar me saman Har akkurat investert i ei Winchester i 375. Gleder meg til å byrje å lade til denne. Tenkjer å bruke heimestøypte blykuler til det meste av baneskyting.... Og kanskje til jakt og, om eg får tak i ei passande støypeform..
  6. Kan ein argumetere for 9,3 så passer omtrent dei argumenta også på 375. Ein treng jo ikkje lade for bøffel, sjølv om ein kan.. Har sjølv gått til innkjøp av ein Winchester i 375. Driv og støyper kuler sjølv, så tenkjer 99% av all skyting på bane kjem til å foregå med støypte pulverlakkerte kuler. Vurderer og å få meg ei støypeform med ei kule som passar til jakt. 300 grains med god og flat nase i ein passande legering må jo vere strålande på hjorten innanfor 100-150 meter.
  7. Klarer rett over 800 med 41 cm pipe og 150 gr TSX. Meiner eg ladar med N140. Opp mot maks i Vihtavouri sin tabell. Kjem ikkje over 100 meter i det terenget eg jaktar i, så det skulle vere greti, trur eg. Skal teste litt med hastigheiter ned mot 700 m/s og sjå kva ekspansjon eg får.
  8. Heisan. Litt lite info. Er du ute etter ein einfotin? Tofoting. Quad Sticks? Skal han kun skyte frå ståande stilling, eller skal den kunne brukast frå sittande stilling og. Liggande?
  9. Finn leverer som vanleg : https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=241479176
  10. Hi. This is a Norwegian forum about hiking. Have you tried posting about your survey there? https://www.fjellforum.no/
  11. Heisan, og velkommen til forumet. Det meste er mogleg. Kjem berre an på kor hendig du er, eller kor djupe lommer du har. Hadde hjelpt å vete kva børse det er. Er det ein Schultz og Larsen?
  12. Har skula ganske mykje på desse Bark River Bowie modellane. Men klarer ikkje heilt å forsvare kostnaden opp mot bruken.. Men dei er pokkers så strøkne. Den Natches-aktige i midten kan eg sitte å sjå på ganske lenge... Korleis er dei i bruk? Tenkjer litt på følelsen i handa. Nokon store knivar vert berre... store. Mens andre kjennes livligare ut.
  13. Har prøvd å lese meg fram til kva som er rett når det gjeld nye løp og innskyting. Mange meiningar om dette temaet. Stemmer det, slik du seier, at alle fabrikkar polerer løpa og testskyt dei? Og at det derfor er heilt meiningslaust gå gå gjennom denne inskytingsprosedyra?
  14. Hmmm. Min oppfatning var at scandi er for kjeivhendte, skjelaugde bygdetullingar med tvilsom legning og lugubert opphav.. Tenkjer div. «martnader». Gjerne med hest involvert i annan rolle en pølse.. Så feil ein kan ta
  15. Er vel mange som meiner ein bør "skyte inn" det nye løpet. Pusse fyrst, så eit skot. Pusse igjen og så to skot. Pusse endå ein gong og så tre skot... osb. Du finn fleire oppskrifter på nette og i posten over. Har vel ikkje nok kunskap til å seie om dette er nødvendig eller ikkje, men trur eg hadde tatt meg tida til det om eg hadde kjøpt meg flett ny børse. Tenkjer og det er viktigare ved mindre kaliber og større hastighet (slik 223 jo er). Når det gjeld innskyting i sprengkulde så kan ville eg skote inn i forhold som speglar dei jaktsituasjonene du kjem ut for. Samme temperatur på ammunisjon og børse. La alt kjøle seg ned til utetemperatur, om du tildømes går med patroner i magasinet på jakt.
  16. Bruker og Excel. Ikkje den ting du ikkje kan gjere i det programmet. Om du veit kva du driv med, noko eg ikkje gjer. Men det fungerer fint allikevel
  17. Heisan, og gratulerer med ny børse i spanande patron. Om du ladar sjølv har kan du jo lade frå mus til elg med den Trur ikkje det spelar så stor rolle kva du vel, berre du tenkjer på kulekonstruksjon og fart. Om du går for 130 grains Norma Elite i 1000ms trur eg ikkje du vert nøgd Men om du velger ei kobberkule eller ein av dei lodda kulekonstruksjonane skulle det gå fint. På elg i 300 Win Mag ville eg vel kanskje tenkt litt på homogene kuler, i 160-180 grains. Eller litt tyngre lodda kuler. Ein treng jo heller ikkje sprenglade. Ikkje problem å lade denne til 30-06 nivå. Men då kunne ein vel heller kjøpt seg ein 30-06..
  18. Nei, trur eg skjønar kva du meiner. Men mitt poeng er at sjølv om du lagar deg gode rutiner basert på beste praksis og den siste kunnskap/forskning så er det framleis ein person som skal gjennomføre dette. Og då har det jo vist seg (sikter ikkje til denne saken!) at personen/personar sviktar. Om ein driv litt med studier av uønska hendelser i industrien viser desse at det ofte er tilstrekkelige og gode rutiner på plass, men dei vert ikkje fulgte. Så sjølv om eg hadde hatt dei beste rutinane så ville eg etter ein slik hendelse tvilt på meg sjølv. Eg veit eg er menneskeleg og gjer feil. Kanskje eg var trøytt, sint på kona, lei korona osb. Du seier at rutiner ikkje skal svikte.. Og hinter til at rutinene til trådstartaren er for dårlige, sjølv om me ikkje veit kva desse er... Det trur eg er å sette seg litt vel høgt opp på hesten. Dette er ikkje meint som eit angrep! Eg berre reagerte litt på skråsikkerheten i inlegget ditt.
  19. Du og guttungen får ha god betring. Kjekt å lese oppdateringane
  20. Er ikkje dette ein slik hendelse som vil få deg til å tvile på dine eigne rutinar omtrent uansett? Du skal vere ganske trygg (for trygg?) på deg sjølv om ein ikkje byrjar å lure på om ein har gjort noko dumt/feil når noko slikt skjer. Det er i alle fall min tankegang.
  21. Ikoniske knivar! Er vel litt i kategorien "bør ha hatt ein gong" om ein er interessert i kniv. Får me ein liten oppdatering etter litt bruk?
  22. Har akkurat fyllt siste holet i garderoben med ei Winchester 375 H&H. Basert på ein tråd her på kammeret for ikkje så lenge sidan om den eine børsa ein kan jakte alt vilt på kloden med, byrja tankane å surre. I den anledning melder spørsmålet seg: er det nokon som har fått laga seg ei børse med fleire løp basert på slike "muffeteknologi"? Har fått bygd om ein Remington hjå Rafdal tidligare, og er veldig nøgd med denne. Bekymringen min går litt på dette med større patroner og meir trykk? No er det vel gjerne ikke meir trykk, nødvendigvis, i det ein kallar magnumpatroner? Andre løysinga er jo å skaffe seg ein låskassenøkkel og ein løpsstikke. Men då vert ikkje safarikofferten like smekker.. Ekstraløpet skal sjølvsagt vere i 300 H&H Magnum
  23. Skal seiast at eg akkurat har kjøpt meg ei Winchester M70 Safari i 375 H&H. Så eg håper eg vert heilt enig i ditt utsagn om at rekylen er "omtrent" den samme som ei 30-06 Noko av det heftigste eg har skote med var ei lite lett Winchester M70 Featherweight i 450 Marlin. Stivt lada med 350 grains kuler var det eit lite esel å holde kontroll på. Det var ikkje ein kraftig dytt, men ein kraftig slag..
  24. At 375 H&H har så lite rekyl at det ikkje er verdt å nemne er tull. At rekylen frå denne patrona ikkje plagar deg, tviler eg ikkje på. Men at ein ikkje skal ofre det ein tanke er tull. Forskjellen i rekyl: 375 H&H i ei 4,1 kilos børse: 29,5 ft/lbs med 235 grains kule 36,1 ft/lbs med 270 grains kule 37,3 ft/lbs med 300 grains kule 30-06 i ei 3,6 kilos børse: 17,6 ft/lbs med 150 grains kule 20,1 ft/lbs med 165 grains kule 20,3 ft/lbs med 180 grains kule Teoretisk rekyl i 375 H&H er nesten dobbelt av det ein får i ei 30-06. Sjølvsagt spelar utforming av stokk og vekt av børse mykje, men det er vel ein grunn til at det ofte ligg mange fine børser i 375 H&H med ganske få skot igjennom på Finn..
×
×
  • Create New...