Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Rum’en treng vel magnum låskasse? Og så brenn du meir krutt, meir rekyl, meir løpslitasje, dårligare tilgang på hylser osb. @Epic lading av belta hylser er like enkelt som å lade ikkje-belta hylser (Har berre lada til 375 H&H og det har gått smertefritt). PRC’en er jo litt lenger en 300 Win Mag så du må kanskje opp i magnumlengde på denne og. I alle fall om du skal bruke tunge lange kuler? Har ikkje studert dette så nøye. Mitt 30 cal magnumprosjekt er 300 H&H i ei Winchester Safari Express Så eg er «fan» av beltet.
  2. Eg lerte meg å lade ved hjelp av Ladeboka samt eit par lademanualar. Men dette er vel etter kvart 20 år sidan. Kva eg ville gjort no, er eg usikker på. Truleg Youtube. Og fora som dette. Lademanualane har absolutt sin plass, og eg trur ikkje du som ny heimeladar gjer nokon tabbe ved å kjøpe Ladeboka. Så lenge du ikkje opphøyer den til "Bibelen" som det verkar som enkelte gjer. Ellers enig med dei som trekk fram bruksanvisningane til ladeverktøya. Mykje relevant info der.
  3. Prat med onklar kan høyras ut som ein god ide. Sikkert eit poeng å gjere det minst mogleg konfronterande.. Våpen i hus kan jo faktisk vere farlig, så det som må gjerast greie for er vel at det går an å gjere det ufarleg ved bruk av våpenskap og at mor di har nøklane. Kanskje ta han med på skytebanen ein tur? Nå går det vel an å ordne med utlån? Om oppbevaring andre stader skulle vere aktuelt. Reglene for utlån av våpen justeres, og det vil nå kun være lov å låne ut våpen til personer som har våpenkort på «tilsvarende våpen», eller personer som har fått politiets tillatelse til å låne våpen. ... Det er ikke satt noen grense for hvor lenge en kan låne et våpen, men låneperioden skal tidfestes i utlånserklæringen. Likar nye "navnet" betre
  4. Kjipe greier! Enig med det som er skreve ovanfor. Nytt bolthode og ny kikkert trur eg eg ville spurd om. Eller 5 pakkar ammo Er jo forøvrig "kjekkast" med ripene ein lagar sjølv.
  5. Er han tvilande til at DU skal ha våpen i hus, eller tvilande til våpen på generelt grunnlag? Nokon er jo redde for sjølve våpenet. Etter det eg forstår ut frå det du skriv bur du no med mor og stefar? No veit eg ikkje om det er lover og regler rundt dette, men om stefar eig bustaden evt. sammen med mor kan han vel strengt tatt sette foten ned. Om det er på generelt grunnlag han er skeptisk til våpen veit eg ikkje heilt kva du skal gjere. Har du jakt du skal vere med på? Eller jakt du kan/vil utøve? Då går det jo an å snakke med andre i jaktlaget tildømes? Høyre om dei kan ta ein prat med stefar. Eller oppbevare våpen hjå far?
  6. Blandar du litt @Stefan J?? I fyrste posten skriv du maksladning som 84,4 gr med MRP. I den siste posten din refererer du til 74,4 gr med MRP... Du seier og du fekk 870 m/s med 84,5 gr MRP. Dette er jo i så fall enten 0,1 gr eller 10,1 gr over maks?! Med eit anna krutt en MRP... 60 m/s differanse mellom oppgitt fart og oppnådd fart høyres jo ut som ein del. Ikkje opplevd det sjølv, men har høyrt at det kan vere ganske mykje forskjell frå løp til løp.
  7. Har stippla trestokken på ei Remington 700. Blei eigentleg gansk nøgd med resulatate. Ikkje sikker på kva ein G17 er fornoko, så kan ikkje uttale meg om det. Plastgrep?? Eg trente på ei treplate før eg byrja på stokken. Prøvde meg fram med litt forskjellige fresehover, hastigheit og vinkel på fresen. Endte opp med å bruke ein 2-3mm freskule og haldt fresen så flatt som eg klarte. Jobba hovedsakeleg med fibrane. Fant nokre gode videoar på Youtube: Han her karen brukar litt forskjellige "hover" på fresen. Eg personlig likte ikkje resultatet, men du kan sjå litt på teknikken her: https://www.youtube.com/watch?v=yb3eQVGw0LU Her er vist stippling av plastskjefte: https://www.youtube.com/watch?v=sd8mHw-k1wE
  8. Er det ikkje denne teipmetoden for å måle "head space" han beskriver her? Legg på eit lag med tape i bakant av hylsa og presser til denne lukker "litt" tregt?
  9. Såg litt sparebluss ut, ja. Når har god fart i brennaren har eg nesten ingen gule flammer. Men det er ikkje mykje lyd
  10. Heisan. Etter det eg kan sjå har eg omtrent samme krabbekokar som du har. Kjøpt på Mekk for eit par år sidan. Eg har brent av all malinga på min. Har du eksperimentert med trekken? Eg har ei rustfri hylse på denne "stemmen" som går inn til brennaren. Kan snu på denne og variere oksygentilførselen. Eg bruker ei gammal jerngryte til å støype i. Om det har noko for seg, veit eg ikkje. Kanskje dumt å seie det, men om du har plashåndtak på panna er ikkje det ein god ide Eg lagde meg ein vindskjerm som eg kan pakke rundt gryta og brennaren. Ikkje for tett, men merka god forskjell. Smelter alltid utandørs og prøver å finne ein dag med lite vind. Bruker og lokk. Både for å hindre varmetap og sikkerheten. Eg meiner eg smelter ca 20 kilo bly på 30-40 min. eller nokon slikt. Bruker og vernemaske med relevante filter. Den røyken du får når du smelter skittent bly er ikkje nokon eg har lyst til å få i meg.
  11. Godt tiltak. Driv sjølv og pussler med å få nokre Sellier og Bellot kuler til å gå i eit løp eg har i ei Remington 700. Kjøpte børsa brukt i fjor. Har vore ein tur nede hjå Rafdal og fått installert muffe. Har også eit løp i 358 Win. Har endå ikke fått nokon særlege samlingar. Beste 3-skotssamlingane ligg på ca 35-40mm. Men Rafdal kommenterte at dette løpet hadde mange rare avlange pittinger i løpet. Han hadde aldri sett eit løp med desse problema før. Så det kan vere eg må invester i eit nytt løp for å få greie samlingar. Me får sjå. Har akkurat byrja å digitalisere ladedataene min, men ikkje kome til 7mm08'en endå. Skal fylle på når eg har nokon relevant. Lee sin siste lademanual har forresten mykje data med blandt anna Vihtavourikrutt. Og Load Data har og ein del info. Om det er nokon spesiell kombinasjon du er ute etter kan eg sjå kva dei har der.
  12. Har høyrt om folk som bruker ei tynn nål for å lage hol i finishen/treverket og så damper. Men har ikkje prøvd det sjølv!
  13. Heisan. Søk på: best subsonic hunting bullet 458 socom Då kom det opp ein del. Men om du får tak i dette i norge veit eg ikkje. Trur du skal slite med å få tunge nok kuler til å klare anslagsenergikravet til storvilt. Rådyr og denslags skulle gå greit. Har ikkje prøvd sjølv!
  14. Tilbake til det originale spørsmålet.. Har ikkje erfaring med Browning sine børser. Men ville sterkt vurdert å kjøpe brukt børse på Finn. Om det er fyrste børsa er du kanskje ikkje heilt sikker på kva du vil ha, og då er det greit å ikkje bruken for mykje på børsa. Om du kjøper noko kurrant, er det heller ikkje vanskeleg å få seld dette igjen. Har stort sett kjøpt alle mine nåverande børser på Finn. Ikkje hatt nokon dårlige erfaringar.
  15. Der ser du. Så feil kan ein ta. Men det endrer ikkje min oppfattninga av at desse store kikkertane med 56mm lysåpning er tull for flesteparten av norske jegerar.
  16. Mykje gode råd du har fått, men eg ville ikkje valgt ein så stor kikkert. Sjølvsagt avhengig av kva jakt du skal bedrive. Om du skal jakt effektivt i skumringa, må du vel opp i 30mm mellomrør og 56mm lysåpning samt velge ein "premium" kikkertprodusent. Men for det meste anna jakt så klarer det seg med mykje mindre kikkertar og billigare kikkertar. Det at alle skal ha ein "termos" på rifla må vere eit resultat av at kikkertprodusentane vil selge dyrare og dyrare kikkertar. Er sjølv fan av litt eldre Leupoldar då desse er moglege å få billig på Finn og er veldig greier og nette påmontert børsa. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=245292817 Kjempekikkert til hjortejakt på dagtid https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=243875441 Litt dyrare, men framleis ein god kikkert
  17. Omtrent alle mine hylser i fleire forskjellige patroner ser slik ut etter heilpressing. Det er vel dette som vert kalla "trykkringen". Også her ein typisk får hylseseparasjon. Ser du har fått ein liten "dough nut" i overgang mellom skulder og hylsehals. Har du innsnevring på innsida og? Er dette hylser du har skote i eige børse?
  18. stigamundsen

    .35 remington

    Det kan sjå ut som om du har rett: https://www.levergunscommunity.org/viewtopic.php?t=35347 Pre-81 børsene skal det vist vere mogleg å gjere nokon med. Nyare modellar er vist nok vanskeligare. Ligg og ruger på eit søk på Finn.. Såg denne Sako Finnwolf'en i 358 Win som ligg/låg på finn, men løpet var kappa så kort på denne. Og så ser den ikkje så stilig ut som BLR'en
  19. Artig at den plasserer seg slik då det ikkje er ei TTSX men den eldre TSX'en Etter det eg har høyrt skal den vere hardare/vanskeligare å få til å opne. Skal sjå om eg ikkje får skote nokre fleire av desse kulene i lågare hastigheiter.
  20. stigamundsen

    .35 remington

    Hjemmelading hadde hylser til 356 Win i haust. Kjøpte meg ei Winchester 94 i dette kaliberet då. Ikkje kome i gang med lading endå. Må støype meg opp nokre kuler fyrst. Kan du pipe om BLR’en? Bolten låser vel i løpet på denne. Meinte eg leste meg fram til at det er vanskelig/dyrt å pipe om desse børsene. Det skal vist gå i take-down versjonen. Er vel ei fastmontert muffe bolten låser i på denne. Er forresten ei «grail» børse, det! Take-down BLR i 358 Win
  21. 250 gr Barnes TSX, kal. 45 Avstand 10 meter VO 684 ms På veg ut av dunk nr. 2. 60 cm Diameter 20,3mm Restvekt: 195 gr. 227,3 med "vingene". Vingene låg i fyrste dunken Denne trur eg skal ekspandere sjølv om du berre treff lungevev…
  22. 150 gr Barnes TSX, kal 30 Avstand 10 meter VO 805 ms Stoppa i tredje 20l dunken (60-90cm) Diameter: 15,2mm Restvekt: 149 gr Resultat lagt inn etter avtale med @moviken
×
×
  • Create New...