Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    703
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Då kjem resultata frå @stefflus : Prøve 1 (eit fiskelodd og nokre barrar som vart antatt til å vere reint bly: Pb (bly) 98,2. Sn (tinn) 0,42%. Sb (antimon) 0,72%. Bi (vismut) 0,22%. Cd (zirkonium) 0,177%. Pd 0,058 Det er registrert ein del andre elementer men felles for alle er at dei utgjer mindre ein 0,01% Prøve 2 (hjulvekter og teoretisk tilsats) : Pb (bly) 93,8%, Sn (tinn) 2,76%. Sb (antimont) 2,67%. Cd (cadmium) 0,15%. Pd (??) 0,05% Prøve 3: Sn (tinn) 91,2%. Sb (antimon) 6,35%. Cu (koppar) 2,0%. Pb (bly) 0,19%. Bi (vismut) 0,02%
  2. Ser du skriv av dette er skytebanehylser. Fyrste avfyring i di børse? Kan kanskje vere nokon variasjonar der? Ellers er du jo ikkje så langt unna oppgitt hastigheit i ladetabellen, og om du ikkje har andre trykktegn hadde eg nok lada opp stigen eg og. Når det gjeld feilmarginar ifb. med kronograf, fant eg ein artikkel her: https://precisionrifleblog.com/2012/07/20/chronograph-accuracy-tips-15-practical-tips-to-increase-accuracy-reliability/ Litt flisespikkeing for brukt til jaktammo, men greit å ha kjennskap til moglegheiter/begrensningar
  3. Denne må da vere ganske billig? https://www.jaktdepotet.no/display.aspx?menuid=-6095
  4. Har ikkje noko fasit, men kanskje nokre idear. No veit eg ikkje om du er nybyrjar eller ein erfaren ladar, så du får sile litt -Kanskje du kan redusere ES (extreme spread) om du økar ladninga? Sjølvsagt ikkje meir en tabellane seier. -Veit du kor langt kulespranget ditt er? Set du kula djupt eller langt ute? -Krymper du? Krymp er vel stort sett ikkje anbefalt til "vanlege" patroner. -Har du kontroll på kor mykje "grep" hylsa har på kula? Er det nye hylser? Skytebanehylser? Skutt i andre rifler? Skutt fleire gonger? Variasjonar i gløding? -Har du sjekka vekta di? -Gamalt krutt? -Var det gode forhold for kronografering? Ikkje varierande lysstyrke? Ikkje sikker på om dette kan vere ein faktor.. Og du forandra ikkje skuddvinkel i forhold til kronografen? Om ein ikkje skyt i samme vinkel kvar gong vil du få litt variasjoner i avlesning då kulebanen mellom sensorane vert litt lenger/kortare. Då byrjar eg å gå tom for idear.
  5. Har børsemakeren bedde låskassen i orginalstokken ? Og du får tilbake ny låskasse og nytt løp i samme stokk?
  6. Takker igjen for strålande god informasjon. Då er det berre å hive seg på bestillingen til Accurate Molds og begynne ventinga... Ser han har 7 vekers produksjonstid, og sist eg bestilte tok posten nesten 3 månadar..
  7. Begynne lågt og jobber deg oppover? Min foreløbige tankegang er at om eg bruker krutt som er tiltenkt patronen og kulevekten så skal eg ikkje få høgare trykk med ein pulverlakkert gas check kule som ikkje har alt for stor diameter. Veldig gode innspel med kruttsort! Har ein del av Viht. sin N1xx serie i hylla
  8. Høyres ut som god medisin det der Og i ein Sako Finnwolf.. Litt misunneleg kjenner eg.. Har prøvd å lese meg fram til om ein kan bruke data for vanlege kuler til ladningar med blykuler. Har vel ikkje funne nokon definitivt. Ser det er fleire som anbefaler å byrje med minimumsladningar og jobbe seg oppover. Skulle jo ikkje tru du får høgre trykk med ei korrekt kalibrert blykule i ein ikkje for hard legering, men ein er vel ute på litt tynn is...
  9. Er de nokon som har leika med tunge heimestøypte blykuler i 358 Win? Har leita etter ladedata i området 250 -300 gr. men ikkje funne noko. Lurer på å gå til innkjøp av ei støypeform til ei slik kule, men hadde vore kjekt å ha nokon ladedata å gå etter.
  10. Nei, ikkje feilskriving, men berre dårlig definert. 9,65 er diameteren på meplat'en. Tenkte det var denne som er viktigst. Skal spesifisere litt kva målet betyr. Det er nok den blautaste legeringa som gjer best ekspansjon, men eg trur ikkje eg treng "maks" ekspansjon. Byrjar jo allerede på 11,5. Så er det jo og denne effekten av stor og flat meplat. Har lest ein god del om dette. Er ein del "delvis" truverdige kjelder som hevder at effekten av dette kompanserer for mindre ekspansjon. Men her er eg langt ute i teorien. Har ikkje noko reel erfaring.
  11. Huff.. Der vart det eit djupdykk i forskjellige "mini actions".. Sako Vixen i 221 Fireball kunne jo absolutt vore noko
  12. Gode tankar når det gjeld lakkering. Var ikkje heilt nøgd med resultata på desse kulene. Måtte bake to gonger for å få god dekkning, og ein kan sjå på kulene at det er litt "klattete". Fyrste forsøkete dette, så rekner med det vert betre etter kvart. 96/2/2 kan godt vise seg å vere det beste, ja. Fant ein test inne på det amerikanske kuule-forumet der ein kar hadde testa samme eigenskapane eg leiter etter her, men han hadde laga seg til med ein Charpy-testrigg (slagtest) og han kom fram til at 92/4/4 var det seigaste. Men det vil vise seg etter kvart.
  13. Tenkte eg skulle starte ein tråd der eg legg ut resultata frå ei rekke med testar eg har tenkt å gjennomføre for finne den "beste" blylegeringa for bruk i mi 45/70 bøylebørse (Marlin 1895 Guide Gun). Min definisjon av beste: den legeringen som gir påliteleg ekspansjon i alle relevante hastigheter, frå munning til ca 100m, og som beheld tilnærma 100% restvekt. Har tenkt å teste ut ein 3-4 forskjellige legeringer (Bly/Antimon/Tin i prosent): 88/6/6, 92/4/4, 96/2/2 og 16-1 (bly/tin). Blylegeringane vert smelta saman av forskjellige legeringar eg har som eg har testa med PMI. Den ferdige blylegeringen vert så testa for nøyaktighet. Desse resultata vert og vedlagt. Same kuledesignet vert brukt i alle testane. Vekt vil variere med legering. Testoppsettet vert vanndunkar på 10m avstad. Kronografen er plassert på 5m. Fyrste blylegering: 88/6/6 (eksakt samansettning: 86,6/6,4/6,3): Låghastighetstest: Hastigheit: 1228fps/374,3ms Kulevekt: ca 380 gr (det er ca 2 grains variasjon på desse kulene) Restvekt: 379,8 gr Lengde: originalt 24,9mm, etter test 24,1mm Meplat-diameter: originalt 9,65mm, etter test 11mm Penetrasjon: 90-120 cm (kula vart funnen i 4 plastdunk. Desse er 30 cm djupe) Krutt: Lovex D060, 28 gr Mine foreløpige kommentarer: Ser ut som om pulverbelegget held nokon lunde stand? Om andre har betraktningar på dette mottas dei med takk. Det ser ut som om meplat'en er konkav, det er den faktisk ikkje. For lite ekspansjon. Ingen reduksjon i vekt. Mellomhastighetstest: Hastigheit: 1482fps/451,7ms Kulevekt: ca 380 gr (det er ca 2 grains variasjon på desse kulene) Restvekt: 380 gr Lengde: originalt 24,9mm, etter test 22,6mm Meplat-diameter: originalt 9,65mm, etter test 13mm Penetrasjon: 90-120 cm (kula vart funnen i 4 plastdunk. Desse er 30 cm djupe) Krutt: Lovex D060, 35 gr Foreløpige kommentarer: Byrjar å få litt meir ekspansjon her, men framleis litt for lite. Mepla'en er borti mot heilt flat! Artig å sjå slitasjemønsteret, berre slitt på kantane. Kan sjå ut som om pulverlakkeringa byrjar slite litt. Høghastighetstest: Her må eg skaffe meg noko anna krutt. 35 gr. med D060 er maks. Ser at Lyman oppgir bra resultater med Vihtavouri N130
  14. Fleire som er litt møre av kaliberdiskusjon??
  15. Heisan. Har du søkt litt på kammeret? Me har i alle fall ein tråd gåande akkurat no med omtrent det same spørsmålet:
  16. Råtningsprosessen stopper vel omtrent opp om treverket får tørke. Men du tenkjer gjerne på stabilisering av treverket for bruk? Då er det vel plassar du kan levere det inn og få det stabilisert ved hjelp av epoksy. Utan at eg veit kvar dette evt. er.
  17. Klarer rett over 800m/s med mi Winchester M70 i 308win. 41 cm løp. 150 gr. TSX (gammel type). Dette er heller ikkje maksladning..
  18. Høyres ut som ein god ide å skifte løpet. Husquarna 1600 er jo ein klassiker. Ikkje så mykje å bidra med når det gjeld kva modifikasjoner som trengs, men å skifte frå 6,5x55 til 30-06 skulle vel gå bra.
  19. Om du er bekymra ville eg tatt låskassen ut av stokken og tørka opp evt. renningar under låskassen. Dette var ein synt. stokk?
  20. Synes det er betre å gå for syntetiske produkter då billige dunjakker ofte ikkje kan garantere at dunet kjem frå dyrevenlege kjelder
  21. Spørs kva du meiner med «gjer noko». Du kan få litt missfarging av treverket, men stokken vert ikkje ødelagt. Så lenge det er snakk om våpenolje. Andre kjemikalier kan vel kanskje vere meir skadelige, både for tre og syntetiske stokkar.
  22. Her er vel det ein har å forholde seg til: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-03-22-313?q=forskrift utøvelse#KAPITTEL_5 Så til småvilt kan ein bruke alt som har større anslagsenergi en 22lr, og 22lr kan brukes på vilt frå hares størrelse ( men ikkje hare) og nedover. Etter det eg kan lese. Når du ikkje lader sjølv er det vel kanskje 223 Rem som er tingen. Om du vil ha minst mogleg lyd kan 22 Hornet og 22WMR vere gode alternativer. Men då med reduser effektiv skyteavstand. 218 Bee var mest nevnt som ein spøk. Supert kaliber, men veldig sært.
  23. Lade sjølv eller kjøpe ferdig ammo? Ikkje større dyr en gås? 223 Rem er vel det greieste om du ikkje lader sjølv. Om du lader sjølv, og ikkje skal strekke holda så langt over 100 meter kunne jo ein 22 Hornet passe. Eller 218 Bee om du vil ha noko ingen (nesten) andre har
  24. Ikkje sikkert du får så mykje svar.. 9 år gamal tråd! Men infoen om trening til langholdsjakt er vel omtrent den samme no som då
×
×
  • Create New...