Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Takker for gode råd! Då trur eg det får verte ei konvensjonell GC kule til 356/358 Win. Rekner med eg kan bruke denne uten GC med rolege ladningar og så hive på ein GC om eg skal prøve å lade maks. Har du erfaring med å lage konvensjonelle GC med utstyr frå tildømes Pat Marlin? Berre å finne rette råmaterialet og så sette i gang? Ser at det koster omtrent det samme å bestille eit slikt die-sett som å kjøpe ein påse med GC..
  2. Liten digresjon.. Har berre støypeformer til "plain base" kuler til no. Lurte på om eg skulle halde meg til "plain base" støypeformer og så kjøpe ei/fleire "gas check" dier som kan lage "gas checks" av brusboksar. Er det nokon av dykk som har erfaring med "gas checks" på "plain base" kuler?
  3. https://www.fjellsport.no/produkter/herreklaer/jakker/isolerte-jakker/arc-teryx-atom-sl-hoody-men-s-kinetic.html Bruker sjølv ei slik. Denne kan knøvlast ganske liten og gir godt med varme. Tåler og ein del fukt utan å miste for mykje av isolasjonsevnen. Eller noko slikt? https://www.fjellsport.no/produkter/herreklaer/jakker/vester/rab-cirrus-flex-2-0-vest-black.html
  4. Takk for innspelet. Då trur eg det vert ein ny bestilling frå Accurate. Er på utkikk etter ei støypeform i kal. 35 for bruk i ei 358 Win. Ein eller plass mellom 250 g 300 grains.
  5. Lurer på å kjøpe nokre støypformer frå CBE i Australia, og lurte i den forbinelse på om det er nokon som har erfaringar med deira produkter? Har ei form frå Accurate Molds som eg er godt nøgd med, men greit å prøve litt forskjellig
  6. Det tok ikkje lange tida Ser jo bra ut det. Slepte kulene forma lett?
  7. Etter det eg har forstått så er det ikkje bluetooth i proppana. Teleslynga lagar eit magnetfelt som overfører lyd til proppane. Men det er trådlaus kobling mellom proppane og teleslynga. Trur du må ha teleslynga rundt halsen, eller høgt opp i sekken. Denne må så koblast til radioen. Du kan snakke direkte i radioen, men om du vil ha ein nøkklingsbrytar du kan snakke i, må du ha det i tillegg. Dette er det greit å få samtidig som du bestiller radio. Høyr gjerne med nokon som selger jaktradioar, og som har peiling. Eller snakk med produsenten av dei øyreproppane du velger. Dei har sikkert ein formeining om kva radioar som passat til deira teleslynger.
  8. Om du skal tulle på med støpte blykuler vil eg absolutt anbefale Lyman sin lademanual. Ligg mange ladninger der inne for 30/30
  9. Ser ikkje dei øverste bildene dine. Men fekk ok resultat når eg bakte to gonger. Har berre prøvd ein gong, så har ikkje den heilt store erfaringen. Trur eg hadde for mykje pulver i bøtta fyrste gongen. Kassert nokre kuler som blei heilt kladdete. Så prøvde eg å forvarma nokre kuler. Dei vart nok litt for varme, for her og kladda pulveret. Men når eg byrja med lite pulver og berre lunka kular gjekk det betre. Har og skaffa meg ei større bøtte då ein teori eg har er at jo større fart eg får, jo meir statiske ladning.. Framleis ein teori då eg ikkje har testa det ut endå
  10. Kjenner ikkje så godt til til 6,5x55 eller Lyman, men er det ikkje her du har to typer? Ein Skan-versjon? Har du målt ekspanderknappen? Om denne er slipt ned av tidligare eigar kan det jo vere den er slipt litt for mykje?
  11. Heisan. Velkommen til forumet Eg har akkurat tenkt gjennom samme problemstilling og eg havna på Starkey sine soundscope pro-tect ihunt. Vurderte og Cens sine, men dei vart for dyre for meg, over 8000,- Det er fleire trådar på Kammeret med brukarerfaringar. Skal sjå om eg finn den. Ein ting eg ville tenkt gjennom nøye før eg kjøpre både radio og proppar ( i mitt tilfelle) er at du sjekker opp at koblingen mellom jaktradioen og teleslynga passar saman. Ein av trådane her på Kammeret:
  12. @Vargen Spanande konsept. Har du bilder av kulene? Hadde vore morosamt å sjå korleis dei ser ut. Men tenkjer eg prøver med monolittiske kuler no til å byrje med. Har faktisk ikkje skote ferdigrulla i Marlinbørsa endå. Tenkte eg skulle kjøpe inn dei "beste" patronene som er å få her i norge og teste dei saman med dei beste eg klarer å lage sjølv.
  13. Ja, trur ho skal vere godt egna den kula der. Sånn sett kunne eg jo (sett bort får lovverket) ha brukt ei høglegert kule som ikkje deformerer. Men eg fant ein "sticky" på dette boolit-forumet der ein kar hadde laga seg ein hardhetsmålar og testa mange forskjellige legeringar. Det han kom fram til var at hardhet (hardness) og tøffhet/seighet (ductility) ikkje fulgte kvarandre. Etter ca 4-5% antimon vart ikkje seigheta betre. Pseudo-binary er forresten ordet han bruker på legeringer der det er like mykje antimon som tinn. "Six main observations can be made from these results. First, appropriate heat treatment enhanced the toughness of all alloys tested except 2/13, which even when air-cooled was at the 19 BHN optimum hardness for maximizing toughness. (The toughness enhancement from heat treating the next-highest-antimony low-tin alloy, 2/6, was very small.) Second, an optimum antimony content for maximizing peak toughness seemed to exist at somewhere around 4% antimony for both low-tin and pseudo-binary alloys. Third, every pseudo-binary alloy tested demonstrated substantially (26-29%) greater peak toughness than a low-tin alloy with the same antimony content. Fourth, the pseudo-binary alloys may have been more ductile than the low-tin alloys. Fifth, increasing the antimony content may have decreased the ductility of the alloys. Sixth, each alloy’s ductility may have been decreased by heat treatment. More data would be required to confirm the last three of these points." Heile posten er her: https://castboolits.gunloads.com/showthread.php?40767-Toughness-Of-Lead-tin-antimony-Alloys PS. Kondomkuler er forresten no innlemma i ordforrådet mitt
  14. Etter det eg har lest meg fram til skal hjulvekter ha mellom 2-4 % antimon og litt tinn, 1% eller noko slikt. Så det skulle nok verte ein super blanding det. Har desverre berre nokre kilo med hjulvekter, men har 100 kilo med typebly og mykje reint bly og tinn. Så med litt kalkulering (har testa alt blyet eg her) så trur eg eg skal klare å koke opp noko liknande.
  15. Dette er kula eg har tenkt å jobbe med. Støypeform bestillt fra Accurate Mold. Ca 400gr (variere litt med legering) med så stor naseflate eg kan få til å fungere gjennom Marlinen. Vil tru det er litt "punch" i denne i 450-550 ms Den ladninga i 35 Whelen høyres jo og ganske så giftig ut!
  16. Heilt einig. Men tanken min er at dersom eg bruker mitt testoppsett og finn fram til den legering som held best saman, kan eg teste denne opp mot anerkjente gode "bonda" blykuler og kanskje trekke ein konklusjon om mine kuler er verre eller betre en desse når det gjeld ekspansjon, penetrering og fragmentering i vannkanner med kryssfinerplate framfor. Så mykje meir ventar eg heller ikkje å få ut av prosjektet. Men klarer eg å få omtrent samme prestanda som bonda kuler, tenkjer eg det er tut og kjør. Heilt til blyforbudet kjem
  17. Ikkje i det heile meining bruke vilt som testsubjekt. Men som Olesøn skriv så er det ganske mykje kunnskap ute på verdsveven. Eg byrjar jo og med ei kule som i utgangspunktet har samme diameter som ei ekspander kule i 6,5 (ikkje ein unskyldning for ikkje å ha ekspansjon!) Er heilt enig i at bly i kjøttdeigen ikkje er noko å trakte etter. Litt derfor eg tenkjer å "forske" litt på dette. Då eg har moglegheiten til å teste forskjellige blysammensettningar, hadde eg tenkt å lage meg ein 3-4 forskjellige legeringer og så kjøre dei gjennom samme testoppsett. Det optimale må vere passelig ekspansjon og så nærmt 100% restvekt eg klarer. Finne fram til den seigaste legeringa som fungerer i tiltenkte hastigheter. Dette med testmedium er sjølvsagt eit problem. Men ser for meg at det enklaste er plastkanner med tildømes ei kryssfinerplate på framsida for å simulere bein. Om eg bruker samme oppsette på alle testane, skulle det moglegeins kome litt kunnskap ut av det heile. Legeringane eg har tenkt å prøve er 16/1 (16 deler bly/1 del tinn), Lyman #2 samt ein eller to andre varianter av ternære blyblandinger der forholdet mellom antimon og tinn er likt. 98/1/1 og 95/2,5/2,5. Eller nokon slikt. Forslag tas mot med takk. Hastigheter er jo begrensa av kaliberet, men tenkjer ladningar mellom 400ms og 550ms kan vere aktuelle å teste.
  18. stigamundsen

    Tikka T3

    Løpslengden måles fra fronten på bolten til munning. Lukk bolten og bruk pussestanga.
  19. stigamundsen

    Tikka T3

    Kor mykje mista du i utgangshastigheit? Lest at ein typisk mister ca 5m/s per centimeter. Men det er ofte referert til 308 Win
  20. Lurer litt på kor mange som bruker egenstøpte blykuler til storviltjakt her inne. Kunne veldig gjerne tenkt meg å bruke heimestøpte kuler i 45/70'en og i 356 Winchesteren. Sjølvsagt etter ein god del testing både når det gjelde presisjon, hastigheit og deformasjon. Har utstyr for å teste forskjellige blylegeringer, så har moglegheita til å ha ganske god kontroll på den delen av prosessen. Så då er det berre å finne fram kronografen og ein haug med plastdunker.
  21. stigamundsen

    Tikka T3

    Då er det vel ny demper eller kapping av løp eller ny demper og kapping av løp som er alternativene. Ikkje sikker på kor langt løp du har på Tikkaen din, men du kan truleg kappe det ned ein del. Ville ikkje ha kappa det ned til lovleg minimum, men 50-55 cm skulle sikkert gå greit med tanke på hastighet og ekspansjon av moderne kuler
  22. Om du berre skal vere med for læringens del utan våpen treng du verken storviltprøve eller jegerkurs.
  23. stigamundsen

    Tikka T3

    Heisan. Og velkommen til Kammeret. Det enklaste er vel å skaffe ein ny lyddemper som er kortare og mindre. Ulempen med det er jo at dempinga truleg vert dårligare. Kappe løp og ny demper vil jo flytte tyngdepunktet endå lenger bakover. Kor mykje ein skal/vil kappe av løpet er litt kaliberavhengig. Kva kaliber har du? Ny og tyngre stokk vil og hjelpe. Ein GRS eller KKC stokk (eller liknande) kan kanskje gi deg betre kontroll en fabrikkstokken samstundes som at nokon av modellane og er tyngre en fabrikkstokken. Litt opp til deg kva du meiner er enkle (og billige/dyre) grep.
×
×
  • Create New...