Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Om poenget er å kome seg på jakt for minst mogleg penger vil eg kanskje ikkje anbefale ei børse til 13000,- Men du får mykje for pengane der om ikkje løpet er utskutt.. Dette må vel vere ein knallkjøp: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=231754655
  2. No var linken tenkt som eit døme på kva ein kan finne på Finn, ikkje ein direkte anbefaling. I tillegg må ein vel nevne at det framleis er ein del mausarar og slikt i skogen som faktisk har vore i krigen Skraper på ein trestokk er kun kosmetisk. Og kan verte eit kjekt prosjekt om ein likar slikt. Og kikkartera kan byttast...
  3. Finn.no er din venn her. Har stort sett kjøpt alle børsene mine på Finn. Du kan og få tak i klær, våpenskap, osb. Om du ikkje absolutt skal ha ei spesiell børse, kan du gjere røverkjøp brukt. Så går det vel kanskje an å ta det litt over langs? Jegerprøve, børse og våpenskap må du ha. Eller kanskje du kan låne børse av ein bekjent? Trur det viktigaste og beste du gjer er å ikkje henge deg opp i kva andre har. Eg skyt like godt og har det like moro på skytebanen med min gamle Remington 700 som eg kjøpte for 6000,- som nabokaren med sin Blaser til 150 000,- Og i skogen er det heller ikkje store forskjellen. Kjapt søk på Finn: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=174720644
  4. Dei såg jo absolutt dugandes ut dei kulene der. Får du og litt knudrete overflate? Får ikkje denne glatte lakkerte finishen. Men dei består fint hammartesten.
  5. Har ikkje nokon erfaring med denne kulekonstruksjonen på rype, men trur ikkje det ville vore fyrstevalget mitt. Ville i alle fall vore litt forsiktig med hastigheita. Og velkomme til Kammeret, forresten
  6. Godt tips! Skal sjå etter rundt om kring. Men har vel helst sett desse plastposane som nevnt ovanfor. Har forresten skaffa meg kanner, men ikkje fått testa endå. Finn er din venn Vert Lapua Mega på årets jakt. Så får eg teste meg fram til om TSX'en kan brukast i vinter/vår. Etter det eg har fått med meg skal TTSX'en åpen litt lettare? Men å finne slikt i kaliber 30 er ikkje heilt enkelt for tida..
  7. Acetonmetoden... Er det der du bruker vanleg pulvelakk og løyser denne opp med aceton? Såg ein svenske på youtube som holdt på med noko slikt. Har du nokon erfaring med dette? Har ellers brukt pulverlakk frå Gasolin. Eg syntes det var vanskeleg å få god dekkning. Måtte lakke kulene 2 gonger. Luftfuktighet under 50%. Bruket slike "strykeperler" som buffer. Ikkje sikker på kva materiale dei er. Var tydeleg forskjell på dei då nokon vart dekte mens andre ikkje.
  8. Om dette er bruksområdet så er det vel berre å kjøre på? Om du kan ta den vekk, kan ein vel og montere den tilbake? Men om du berre lader ei og ei patron så høyres det litt rart ut at børsa skal verte så varm at du treng å ta bolten ut for kjølingens del? Bøyer meg av og til fram og bles gjennom løpet for å kjøle, men har aldri tatt ut bolten av den grunn.
  9. Ikkje verst. Ringte lensmannen i Odda i går for å sjekka at dei hadde fått den gamle gode papirlefsa eg sendte for ei stund sidan. Telefonsvararen sa at saksgangen skulle ta mellom 11 og 13 veker. Den huggelege dama eg snakka med nevnte at foreløpig brukte dei meir tid på dei elektroniske søknadane då dei allikevel måtte printe dei ut i tre eksemplarer og behandel dei på gamlemåten... Håper dei får orden på det etter kvart...
  10. Ser EKA har tenkt litt i samme tankar: https://www.magasinet.no/eka-swedblade-g4-kniv-lime?gclid=Cj0KCQjwkIGKBhCxARIsAINMioJqjGhZsZ07-7iiqRqsLX7Lk2S5rOfR0uJw88ttSBlB61fEZv08L5MaAqbXEALw_wcB Ser ut som ein god løysing.
  11. Litt nyskjerrig på denne EKA Swingblade. Korleis er det å få reingjort mekanismen på denne? Foldeknivar er jo ikkje dei lettaste å reingjere. Ser mange i mitt jaktlag som bruker desse. Har og sett nok av gammalt blod og gørr ifb med denne knivtypen. Bruker sjølv berre "fastblad" knivar då eg er meir komfortable med å gjere desse heilt reine.
  12. Mykje info her: http://www.gmdr.com/lever/lowveldata.htm Kan ikkje gå god for desse dataene då eg ikkje har testa dei sjølve. Ellers er Trail Boss og N32C alternativer ein kan prøve.
  13. Heisan. Har laga meg eit system basert lausleg på Kifaru sitt system. Har laga ein holdar for kolben som er festa på høgre side av hoftebeltet. På skulderreima har eg laga meg ein hurtigløysarpatent som gjer at eg kan ha børsa på undersiden av armen, pekande fram og opp. Har prøvd dette på ein standard Ospreysekk i to dagar no, og eg er veldig nøgd. Skal sjå om eg får tatt nokre bilder. Slik ser det ut når det ikkje er i bruk Her er børsa montert. Då er det berre å dra i den raude stroppen.
  14. Takk for svar! Dei såg litt kjipare ut dei som Brownells hadde, ja. Har du prøvd å tilpasse ein av desse stokkane? Funderer på om eg skal prøve å reparere den eg har, men då er eg redd eg må kappe vekk det øyret som er knekt og lime inn nytt treverk.
  15. Dette har nok truleg med svingningar i løpet å gjere. Det er berre 1.5 grain forskjell på maks og min? Ikkje så stor forskjell i fart heller. Trur nok ikkje dette er uvanleg.
  16. Har kjøpt meg 94 AE Big Bore i 356 Winchester. Dette er ei brukt børse kjøpt av våpenbutikk. Fekk beskrevet børsa som stor sett heil og fin (ikkje hatt moglegheiten til å sjekke denne sjølv då butikken er på andre sida av landet). Når eg får den heim, ser eg at bakstokken har vore sprukke og limt. Når eg tar stokken av, ser eg at eit av "øyrene" som er med på å sikre stokken opp mot låskassen og har vore knekt, forsøkt limt men sprukke opp igjen. Så då er spørsmålet; er det nokon som veit om eg kan bruke ein stokk tiltenkt ei vanleg Winchester 94? Ser Brownells har fleire modellar inne. Som eit lite sidespørsmål; løysinga frå våpenbutikken var at dei bestillte ein ny stokk frå Brownells (etter mitt ønske) og så dekke er 400,- av denne kostnaden. Dei tilbaud seg og å heve kjøpet og/eller å sende børsa ned for at våpensmeden deira skulle prøve å lime eksisterande stokk (for ordenhets skyld). Er det urimelig av meg å tenkje at dei skulle ha dekt heile kostnaden av ein ny stokk? T
  17. Heisan. Har leita etter KKC til ei M70, kort låskasse, og det er ikkje enkelt å få tak i. Har sett ein stokk som passa mi børse, men dei skulle ha 6-7000 for den, meiner eg. Har ikkje leita etter GRS-stokkar då eg ikkje er sikker på om eg likar dei
  18. Takk for hjelpa!! Då vert det å bestille litt billig elektronikk frå Kina Dei som har sett saman sjølv, har de montert utstyret i ein boks/kabinett?
  19. Då fekk eg pris på PID og frakt frå USA.. 80 dollar i frakt! Då kjem heime sullamitten med PID, frakt og toll på nærmare 250 dollar. Ser ut som om eg må prøve å koble noko sjølv. Får sjå om eg finn ein "pakke" med lang sonde. Ser greiare ut å montere denne på toppen av potta. Fulgte det med koblingsskjema?
  20. Min erfaring: Kjøpte meg ei brukt eldre Remington 700 med løp i 358 Win og 7mm08 Rem. Fekk børsa billig. Sendte børse med begge løp til Rafdal for montering av løpsmuffe og tilpassing av begge løpene. Fekk gjenga opp begge løp til lyddemper, retta låskasse og cerakota låskasse og to løp. Betalt rett i overkant av 8000,- Då har eg ei børse der låskassa er bra med to løp i to kaliber eg alltid har hatt lyst til. Med moglegheiten for å få nye løp i evt andre kaliber. Og totalprisen på heile sulamitten er mindre en det eg måtte gi for ei ny Tikka T3.
  21. Har laga ein blink av gamle banankassar som eg skjerte i strimler på ein ca 20 cm og stabla opp på kvarandre. Var litt styrete. Men eg såg ein video av ein som laga blink av desse største svarte støypebøttene/karene. Trakka den full med forskjellig plastavfall, presenningsbitar osb. Og så trekte han den med strie. Han hadde og brukt desse store "big bag'ane" ein får jord og singel i som dekke. Fordelen var at ein kunne berre la den stå ute, ingenting som råtna. Om ein bora hol i botnen samla ikkje vatnet seg heller, og den var ganske lett. Her er linken om det skulle vere av interesse:
  22. Godt tips! Kjem alt du treng i ei pakke der? Fekk akkurat kontakt med han karen som lagar og selger desse PID-kontrollarane frå USA. Ikkje fått nokon pris endå, men han hadde ikkje nokon problem med å selg til norge. Skal rapportere tilbake når eg veit korleis det går.
  23. Jo Blakk og lykkeleg?? Hadde håpa på lykkeleg og med litt kronasjer igjen. Ser det er ein kar på eit forum borte i uniten som driv og lagar og selger. Lurte berre på om det var nokon i norge som gjorde det samme. For så mykje penger, kjenner eg skotten i meg gjere opprør og ropar "frå eine skuldra": du kan vel sette deg inn i dette, din slappfisk..
  24. Heisan, og takk for svar. Problemet mitt er at eg ikkje skjønar kva du seier/meiner/skriv. Pådragsorgan, SSR, PWM... Heilt gresk. Kan vel sette meg inn i det, men hadde håpa å sleppe. Betale seg frå problemet, rett og slett.
  25. Lurer på om det er nokon som veit om ein plass ein kan kjøpe nok slikt ferdig? Eller som har lyst til å ta på seg å bygge ein? Er vanligvis ganske praktisk, men straum og slikt er 90% magi og resten banning...
×
×
  • Create New...