Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Måfåtølleiv

  1. Her er eit startpunkt: https://www.dfs.no/Skytterlagssider/vik ... rets/oslo/ Dei fleste DFS-lag har utlånsvåpen i .22lr, og no er sesongen for innandørsskyting på 15m. Berre å ta kontakt og møte opp
  2. Finst mange norske forhandlarar og børsemakarar som har papira i orden for å få ting frå USA. Lettvint å spørje slike. Vertebrae hjelpte til dømes meg med nokre litt større deler for ein tid sidan. Andre kan nok og finne på å vera hjelpsame. Eg har opplevd fleire dømer på at butikkar vil ha kunder og er serviceinnstilt.
  3. Intersport Bogstadveien, (i Kirkeveien?) og Norsk Jakt ved Lysaker.
  4. Om erfaring skulle vera eit kriterium for å starte med noko, ville ingen nokon sinne koma i gang med eller finne på noko som helst nytt, (eller i dette høvet gamalt), på korkje eigne eller andre sine vegne. Eg ser det slik at trådstartar no har fått nyte godt av erfaringane og meiningane til andre, og er sett i stand til å gjera eit informert val om å droppe prosjektet eller gå vidare og legge sine eigne erfaringar til og gjere sine vurderingar av det andre har predika.
  5. Her er ei eg synes er pen: http://www.aspeliesvapen.com/317035148/ ... tid=264086 Fins i fleire aktuelle kaliber, men er vel berre 45/70 med flammeherdinga.
  6. Om ikkje Norma DL er å få i .30 har den gått ut. Eg sit vel på om lag 600 .30 i 168grs (trur eg det var) etter innkjøp til jaktfeltbruk som ikkje vart så intensivt som eg hadde tenkt for 15 år sidan. Kan ha skjedd mykje sidan, men den var i alle fall i produksjon då.
  7. Eg er enno av den meining at det ligg fornuftige tankar bak den strategien som er vald av Swenor. Den er heilt sikkert velbalansert ut frå dei rammene som er gjevne og vi ikkje kjenner veldig godt. Medverkande til at folk vel andre våpen kan vera at det er i beste fall 10-20k å spare på ein passeleg brukt eller ny Rimivariant av AR i høve til MR. Tilgjenge kan då vera eit lettvint vikarierande argument å ty til for å forklare at ein ikkje kjøpte det ein hadde informert gjengen om likevel. Så vidt eg veit har ikkje ventetida vore over 4-5 månader for dei mest uheldige. Eit halvt år går fort om ein har litt anna å gjera enn å sitje på ræva. For å sitere Christian S frå ein annan tråd som vart handlande mykje om leveringstid: "Gjorde noko anna medan eg venta". Om marknaden er så stor, er det rart at det ikkje møter meir enn 15 mann til NROF-NM eller 20 til Vårkonkurransen. Er det fordi dei ikkje har fått kjøpt HK? Neppe; er svaret mitt. Dette har vore situasjonen i mange år. Mangelen på nettbutikk har Nicolay forklara med at han på grunnlag av erfaringar frå tidlegare importørar ikkje vil øydelegge marknaden for forhandlarane sine. Eg som bur 4 timars køyring frå næraste forhandlar kan vera litt ueinig , men det er eit argument som inngjev ein viss respekt fordi det syner lojalitet til forhandlarane.
  8. Har berre gode tankar om kundebehandling og service frå Swenor som importør og Norsk Jakt som forhandlarledd. (Stort sett same mann). Det ligg genuin interesse for skyting og våpen i mange former bak, og ei imøtekomande og etter beste evne servicevenleg innstilling i møte med kundane. Slik eg har møtt det i alle fall. Når det gjeld moglegheit for andre til å importere, er det eit eller anna EU-direktiv om paralellimport eller noko slikt som seier at dette er ein god ting for sunn konkurranse og den slags rør. Det er difor ope for den som vil og kan til å finne sine kanalar og ta inn sjølv. Dette vert gjort m.a. av Intersport Bogstadveien, som eg også gjerne handlar med.
  9. Jaktdiopter får mykje skryt av gamlekarane eg har treft på, "Ghostring" blir det vel kalla om ein søkjer på utanlandsk. Det kan fungere å berre ta ut irisblendaren av det gamle banediopteret. Det vil gje eit romsleg siktebilde, eller berre byte ut eller bore opp til ein vesentleg større opning.
  10. Tørrbetong vil vel avgi ein del støv når sekkane har fått hol. Då er vi attende til sekker med pussesand i staden. Eventuelt Leca-kuler. Dei skulle vel vera som det materialet det var lenka til lenger opp, men avgir sikkert noko støv etterkvart som dei blir malne opp. Dei har også begrensa levetid i høve til sand som ikkje blir knust opp på same måten. Sand, (eller Leca), kan også fyllast på kanner og stablast i alle retningar. 20 liters kanner kunne vera greit, men dei blir ein stad ved 32-36 kg/stk. Leca er nok vesentleg lettare. Mindre kanner blir lettare å handtere, men får mange overflater og omlegg som kan gjere at det stoppar dårlegare.
  11. Ruger 10/22 og Remington 597 er vel dei som det finst mest ettermarkedsmagain og den slags til, men om ein ikkje treng 25 skots bananar eller 100 skots tromlar, er det vel fleire med konvensjonelle magasin som er eigna. Marlin er den eg kjem på i farten. Om ein er i bruktmarkedet kan det dukke opp mykje spanande, men då er kanskje deletilgang og reservemagasin ein begrensning. Erma, Brno, Hecler & Koch har vel modellar som er innanfor. På både 10/22 og 597 finst det lange trådar som deler erfaringarar til alle ytterpunkt for båe modellane. Les og bli klok, (eller forvirra). Sjølv har eg 597 som er heilt grei, men kjem vel over på .22lr konvertering på AR-type, (eller MR223), etter kvart. Minimumskravet på 1kg avtrekk er vel ikkje eit problem på nokon av dei aktuelle, med mindre du vil justere ned mot minimum. Moglegheitene for det på dei ulike har eg ikkje erfaring med.
  12. Det er forskjell på "jaktlag" og "grunneigarlag" og det er mange avartar av samrøret mellom desse. Om ein har rett til det eine eller andre er å finne i vedtektene til det aktuelle laget.
  13. Samd med DoctoRoy og Rausheim: Hjå oss er minstearealet 30 daa. Dette er nedfellt i vedtektene til grunneigarlaget.
  14. I vår kommune, (og i dei grannekommunene eg kjenner til), er ikkje OVF sine eigedomar store nok eller godt nok arrondert til at dei på eigen hand kan verke som forvaltningsområde. Dette gjaldt ellers også for ein del Statskog-eigedommar som no er seld til private. Desse eigedomane er med i lokale grunneigarlag som omset jakta på forskjellige vis utfrå sine formål og vedtekter. Gjerne ut frå "marknadsmessige målsettingar". Grunneigarlaga er gjerne i sin tur med i større driftsplanlag som styrer avskytinga på storvilt. I vårt lag er jakta stort sett på femårskontrakter for at jegerane ogå skal ha langsiktige interesser i valda dei disponerer. Skogforvaltninga i kommunen, (skogbrukssjefen/konsulenten), har eit fagleg ansvar i høve driftsplanlaget, og i vårt tilfelle er også oppsynet i den lokale statsallmenninga sterkt involvert i og med dei har utdanning innan viltforvalting og ansvaret for denne i ein stor del av kommunen. OVF sine skogar eksisterer her altså berre som ein deltakar i eit grunneigarlag.
  15. Vestmar PS: http://dssn.no/index.php?doc=klubbliste&region=8 Der er dei.
  16. http://dybde.politiforum.no/skuttpaajobb.html Er ikkje alle i vår leir, (skyttarar), som er heilt trygge heller. Mange tema for diskusjon og læring i enne artikkelen. Kunne vore interessant med enno meir djubdeinfo om hendinga.
  17. I Vestre Slidre kommune har alle(?) grunneigarlaga og fjellstyret for statsallmenninga + eit par grunneigarlag i Nord-Aurdal gått saman om eit felles kort for jakt på smårovvilt. Det kostar så vidt eg hugsar kr. 1,- fordi Statskog ikkje kunne gje fjellstyret løyve til å sette prisen til 0,-. Det er også bra skotpremiar på predatorane.
  18. Eg har prøvd meg så vidt med MR308 med 16,5" løp i standardklassen. Mi erfaring tilseier at 417 eller MR med lengre løp kanskje vil vere ein fordel om det er slik som eg trur at lenger pipe vil gje litt betre rekylkontroll og raskare andreskot. Det ser ut til å vera mogleg å hevde seg på resultatlistene, men det krev trening, og trening med 7,62x51 har ein heilt annan kostnad enn 5,56x45. Majorfaktoren kompenserer ein del for meir tidsbruk, men den faktoren kan oppnåast med snillare patroner som går i ein lettare plattform. Det er nokre som konkurerar med AG-3 og gjer det brukbart i standard. Hugs at avdelinga, FLO, og UD2-1 har ein del å seie om modifisering av onkel Harald sine børser og kva ammunisjon du får lov å nytte i dei. IPSC reglementet seier noko om antrekk det er lov å konkurere i, men ta deg ein tur på banen og prøv innanfor dei rammene du har. Det kan kome til å bli bra
  19. Uansett valg av andre plagg er sydvest tingen til hovudbunad. Hette berre hindrar hovudet og synsfeltet. Rull den innanfor eller skjær den av.
  20. Den svenske ministeren har kjøpt allt pjattet, eller eventuelt har alltid vore ein del av det, og er klar for å ta oss/selja oss ut til stemmekveget: http://www.aftonbladet.se/debatt/article22939837.ab Korleis ligg det an til å gå når ministerane skal stemme? Nokon som har oversikt?
  21. Eg ser poenget og er med på argumenta og eksempelet, og er overbevist om at du har rett.
  22. Der kan du nok ha eit poeng, men lekkasje den vegen vil eg tru at vil vera svært begrensa i og med at det ikkje er høve til å skyte i fleire klasser på eit stevne. Om nokon klasseførde vil gå den vegen, er det vel som at ein rallykjørar tek ein tur på bilcrossbanen i blant: For å slappe av litt, og for litt forandring med litt anna utstyr. Eg er i grunn berre tilhengar av konkurranse når eg gjer det bra sjølv, men eg synes det bør vera lite grann som driv prestasjonane i denne klassa og. Dei som berre blir med for å få sine 30 øvingsskot er nok med likevel. Skal dette rekruttere til konkurransemiljøet i DFS, kan det ikkje vera berre kos.
  23. Der har vel akkurat forbudet mot halvautomatar ei kraftig slagside, eller litt lite luft i ballongen. Halvautomatiske våpen er allereie tilatne om ein kler seg opp i uniformen. Kvifor skal dei vera forbudt om ein møter opp i sivile klede? Er ellers heilt einig i at dette er gode steg framover for DFS. Sjølv om oppslutninga for no er låg om desse klassene, må ein nok etterkvart innsjå at alle skyttarar teller på kjøttvekta, og at ein difor bør søke å ha eit inkluderande og ope organisasjonsliv og utøvarar som driv innan fleire greiner og forbund. Det er då til dømes ganske vanleg med Sauer 200 STR i MAS Open klassa i Dynamisk, så eg trur ikkje det er så lukka på grasrota som det styra på toppen av og til ser ut til å gjera det. Det har du heilt rett i, og av og til er problemet at ein heilt fin regel blir punktert av eit lite gjennomtenkt unntak.
  24. Dette stykket var ein grei påminnar om ting vi i grunn visste frå før. Dette er ein sak som har kome opp med jamne mellomrom, og no i det siste svært aggressivt. (Ironisk at "pasifistar" er så sinte?) Diverre trur eg ikkje argumenta kan nyttast i diskusjonen her i landet, då han baserar seg på sjølvforsvarsargument som her på kammeret og ellers i Noreg er svært lite PK og uglesett. Det han legg fram om "Small Arms Survey", saman med "Morgonsur" sitt blogginnlegg "Om at manipulera en lagstiftning" gjer etter mitt syn eit ganske komplett bilde av elendet.
  25. Det kjennest som om DFS-styret her gjer det mange kanskje har hatt ein mistanke om at ville skje: Dei sel ut halvautomatane for å få fred om sitt eige tradisjonelle. Bryr seg ikkje om skytesporten som heile tapar så lenge ingen rører det dei ser som sitt. No har skyttertinget sjansen til å gjera eit vedtak som inkluderer og integrerer, heller enn forslaget her som ekskluderer, så dei kan jo ta til vettet. DFS treng jo ikkje sjølv vera ervervsgrunnlag for skumle svarte børser, men å la andre delta og oppleva skyteprogrammet med det utstyret dei allereie har må då vera ein god ting?
×
×
  • Create New...