Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Måfåtølleiv

  1. Det er ikkje over enno, så vær flittige og bruk listene som Freeride finn fram til oss. Når dette no har nådt fram i køa av nyhende må trykket haldast oppe. Ikkje nokon ferie isyden før dette er avvist og oppgjort. I trua på at dette ikkje kom til å nå opp lova eg å melde meg inn i lokallaget om SP fekk dette opp og fram i media. Får nok for kjeften min ja. Hugs no berre på denne situasjonen neste gong det skal stemmast
  2. Det er svært godt gjort av Bosnes å få dette ut på banen Så skjær det littgale avgårde når NRK (eller er det NTB), skal illustrere. Dei nyttar ein Polititjenestemann som trenar for å vise skyting innan idrettsforbundet Takk i alle fall igjen til dei som gjorde jobben så langt. Vi er ikkje ferdige enno.
  3. Dei beste argumenta og analysene er vel allereie nevnt i denne tråden. Eg meiner at blogginnlegga til Morgonsur og innlegget til den finske representanten Jussi Halla-Aho må gjentakast til nokon høyrer dei: https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... irektivet/ https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... stiftning/ https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... g-i-foten/ https://www.facebook.com/FirearmsUnited ... nref=story Det enormt resurskrevjande i å ha midlertidige løyver er i seg sjølv eit solid motargument.
  4. Kan ut frå eigne erfaringar anbefale ein mail eller telefon til Isbjørn.no. Super service, rask levering, høg kvalitet og moglegheiter for spesialtilpassing. Pris er ikkje høgare enn konkurrerande produkt heller.
  5. Blir så nysgjerrig av slike halvkvedne viser Heilt ukjent for meg. Er det mogleg å overtale deg til å publisere illustrasjonar med vidunderet? Gjerne ein presentasjon av både skytar og ammunisjon? Værsåsnill?
  6. Veit nokon styrken på originalfjøra i 17/19?
  7. Eg er litt redd for å prøve å legge fram det eg trur er rett i trådar der Per-S meiner noko, for utfrå det eg har sett av innlegg frå han ellers, har han ein veldig nøyaktig og omfattande kunnskap om mykje, og eg les innlegga hans med stor respekt for å legge meg mykje av det han seier på minnet. Eg håpar difor eg blir korrigert om eg skriv noko feil. Meininga mi utfrå eiga erfaring er at RA ammoen virkar å vera kraftigare enn den engelske Mk2z. Den svenske og evt. anna har eg ingen erfaring med. Eg spurde for fleire år sidan i ein annan tråd og fekk svar om at RA gjekk bort frå korrosive tennhetter på alle kaliber ila. 1957. Så RA merka 58 og nyare bør vera greit. Andre nasjonalitetar og fabrikkar veit eg heller ikkje mykje sikkert om, men som ei mindre kvalifisert gjetting vil eg tru at ein kan bruke 60-talet og nyare som utgangspunkt for vestlege produkt.
  8. Dei gamle RA-Lotane eg har vore borti frå tidleg 50-åra verkar å ha litt harde tennhetter. Ein rask oppspenning og ny avfyring ser ut til å få det til å smelle. Berre å dra sleiden litt tilbake og sleppe fram att, men ikkje så langt tilbake att det kastar ut. Det virkar på meg som om det ikkje smell av i det heile om ein ikkje spenner oppatt og dreg av på nytt innan 2-3 sek. Har ikkje ellers hatt tilfelle av forseinka tenning eller andre problem, men eg lukar ut skot som ser ut til å ha vore utsett for fukt med irr eller rust. Det virkar ellers som om dette er høvesvis friske ladningar. Om G19 tåler om lag det same som P80/G17 går nok dette mest truleg svært bra. Har akkurat skote meg tom for nokre hundre Mk2 frå 1945, og dei var særs pålitelege, men også her dette med puss. Korrosive hetter som gjekk ut på RA i løpet av -57 betingar som andre nevner grundig puss, gjerne med vatn som nøytaliserer dei korroderande basene som vert danna av hettene. (Årsaken til at eg meiner det er baser som virkar her er at eg meiner å hugse at det er med ei lita syreflaske for puss av AKar, der russerane har nytta korrosive hetter inn i notida.) Ellers er det i dette som mykje anna: Korrigering og ny lærdom på feltet vert motteke med stor takk.
  9. Får meldinga at eg ikkje har tilgjenge til sida, sjølv om eg loggar inn på Facebook. Er informasjonen på ei lukka gruppe? Om du er så venleg å kopiere og sitere frå teksten med ei kjeldetilvising så får alle moglegheit til å lære litt eller vurdere informasjonen Kikka litt i ein gamal DFS instruktørperm, men fann ikkje noko der. Mogleg eg ikkje har same papira som Høgger`n. Speer ladeboka mi frå den gong då, nyttar beteikninga "6,5x55 swedish mauser", og seier at data er felles for Noreg og Sverige, og seier ein skal nytte maksladning 1grs under det oppgjevne for gamle våpen som KJ og M96. Det finst ei målsett tegning av hylsa der som kan skannast om det er av nokon interesse.
  10. Ikkje mykje informasjon å hente i lenker til sider der ikkje alle har tilgjenge. Fy!
  11. Hadde ikkje Politiet ei utgave av US-karabin som i motsetning til forsvaret sine ikkje vart modifiserte, og difor var farlege og upålitelige i ein grad som vil medføre at dei ikkje vil koma i teneste att i nokon versjon nokon gong eller bli vurdert for noko godkjenningsliste i noverande besetning i POD sitt mannsminne? G33/40 er vel eit likare alternativ?
  12. ITAR er USA sitt eksportreglement for ting som kan bli farlege i hendene til terroristar. Det meste av utstyr til våpen. Alt over $100 er definert som farleg uansett.
  13. M67 sin oppsumering stemmer 100% for min del også. Då eg var på kurs, (2001?), skaut mannskap frå HV med AG3 og gjekk i uniform.
  14. Eg har CED XL Rangebag og er svært nøgd med den. Kvaliteten er svært god. Får med det eg treng, men erfaring tilseier at eitkvart ledig holrom vil fyllast, så det er lett å pakke litt meir enn ein strengt teke har bruk for. http://www.oscarmike.no/products/ced-xl-range-bag-black Det har lett for å bli tungt nok å dra på, så eg ville kanskje heller gå for CED sin ryggsekkutgåve om eg skulle velje oppatt. http://www.pvas.no/ipsc-utstyr/skytebag ... gepack-pro Den finst også i ei litt mindre utgåve. Ryggsekk gjev mykje betre ergonomi til å gå rundt ei feltløype ellerandre stader der det er litt forflytting inne i biletet.
  15. Er automatsikringen kombinert med jordfeilbryter? Kan det oppstå ei jordfeil i kretsen eller hovedstraumbrytaren når denne blir kobla frå?
  16. @ATnT: I skytereglementet til NROF finst det eit vedlegg til søknaden til Politiet frå styret i lokallaget der styret går god for personen som søkjer og gjer uttale om det omsøkte våpenet er eigna. Det er også eit skjema som søkjaren skal fylle ut for behandling i styret, (eller skyteutval), som innstiller og fyller ut det fystnemde. Held ellers med NM149 og Erlend Meyer. Eg vurderte ein gong å skyte NROF meisterskapsprogrammet med Ruger Blackhawk. (Dette var medan eg venta på Glocken min). Med litt øving skulle eg nok ha fått til å bytte om tønner ved omlading på den eine øvinga som har innlagt magasinskifte. Langt frå ideelt, men våpenet held kravet til kaliber og kunne nyttast til programmet.Ta det du har og gjer det du kan var vel mottoet. Trur absolutt 686 er innanfor. Eg fekk heldigvis lånt ein P80 på staden.
  17. Velkomen ut på landet og inn på Kammeret. Og tvitvi med jakta
  18. Korleis i all verda får du denne pargrafen til å bli relevant eller ikkje oppfylt ved utandørs drift på grunn, (utmark), der kven som helst har tilgjenge?
  19. Løyvet til avliving med rifle er nok berre ei stadfesting av den siterte paragraf 14. Anatomien drøvtyggarar imellom er nok ganske lik, med eit mogleg atterhald for at vomma til sau og anna bufe er høvesvis større, og moglegvis tek litt meir av plassen i bukhola i høve til andre organ. Det er uansett greit å ikkje halde for langt bak.
  20. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrif ... q=avliving : Det skulle i grunn ikkje vera så uklart, det er forskrift om avliving av dyr som gjeld her. Utanfor kontaktavstand er det dette som gjeld: Det er verdt å merke seg at skotet berre er bedøving. avlivinga skjer når ein blør ut dyret, vanlegvis ved å snitte i halspulsåra. Denne forskrifta gjer ganske utfyllande detaljer om utføring i fleire ulike situasjonar, og eg vil anbefale å lese heile teksten.
  21. Prøver nokre bilete: Innsett i rifla er øvre enden av bakveggen på magasinet akkurat i flukt med botnen i låskassa som sluttstykket glir over. Framveggen er i flukt med underkanten av materampa, med følgjaren i tomt magasin er i høgde med underkanten av kammeret. Det er 30mm frå øvre kanten av bakveggen i magasinet ned til øvre kanten av låsehakket som er i bakkant av magasinsidene. Magasinkroppen er 28mm, magasinsidene er 31mm. Magasinet er omlag 9,5mm breitt ved låsesporet, sjølve sporet som låsehendelen går inn i er 5,littmm i høgderetningen på magasinet. Totallengda på magasinet er om lag 8 cm etter korleis ein måler.
  22. From the album: Rifle

    2 Magasin til Våpensmia Aspirantrifle
  23. From the album: Rifle

    2 Magasin til Våpensmia Aspirantrifle
  24. From the album: Rifle

    Magasin til Våpensmia Aspirantrifle med målestokk
  25. From the album: Rifle

    To magasin for Våpensmia Aspirantrifle
×
×
  • Create New...