Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Måfåtølleiv

  1. Interessant Er det mogleg å få ei opplisting av komponentane i bygget? Utfyllande opplysningar med kjelder til meir sjeldsynte deler vore og artig? Framskjeftet til dømes? Om det ikkje fører til mykje spetakkel og bryderi er det og interessant for oss som prøver lære av andre å vite litt om kvifor du har gjort som du har, og bagrunn for valet av enkeltkomponentar. Lykke til på KDS.
  2. Østliens var enno i utvalget til DFS-butikken sist eg såg etter, (månads tid sidan). Klipsa kan vera litt skarpe i kantane og lette å rispe seg opp på når det går fort for seg, men dei tek litt mindre plass, og det finst tasker som passar godt. Østliens har eg ikkje prøvd sjølv, men Per-S har nok eit godt poeng i det med lading med rifla ved aksla. Det kan nok la seg gjera å øve inn eit tilsvarande grep for klipsa som for ladaren, der ein dreg ned patronene med fingrane istadenfor å dytte dei ned med tommelen. Klipsa er raskare å bli kvitt, då dei sprett ut av sporet når ein skyv fram sluttstykket, mens eg trur hurtigladaren vil bli øydelagd ved å gjere det same. (Eg går ut frå at den og må plasserast i sporet for ladeklipset i bakre låskassebru.)
  3. Hjarteleg til lykke med tittelen NORGESMEISTER, medalje og premie! Det gjeld både slemmo og dei andre vinnarane. Vi andre får vel bite i det sure eplet og vurdere å gå til ytterlegheiter, (treningsmessig). Eit år til neste gong bør vel ikkje vera ubenytta om vi skal gjera nokon rangen stridig. No finst det i alle fall eit sett med stål på Revhiholen, så sjå opp for GPK neste gong vi treffast.
  4. Eg har nytta min KV M59 i 7,62x51 NATO til MAS i eit par Vinterboltstemner, og har ikkje opplevd feil med matinga på den. Eg prøver å få til litt bestemte/kontante ladegrep, men ellers ikkje noko særskilt. Kva som skil magasin og mating i denne frå M67 er eg takksam om andre kan gjere greie for, men om mitt eks er representativt kunne det kanskje vera eit godt alternativ som utgangspunkt for prosjektet. Eg meiner ellers at den er god som gull rett utav eska. Ellers er NM149 å få i sivil utgåve, den har laust boksmagasin og kan sikkert gjere det bra med eit diopter, eller som inspirasjon for prosjektet? Mykje rart og fint gjort med k98 på over 100 år
  5. Takk for at du tok oss ned på jorda att Det er eit spørsmål som er relevant. Det i alle fall eg har gått ut frå er at det ikkje er så vanleg å organisere eit lag for å jakte småvilt, sjølv om det er både mogleg og kan vera formålstenleg. Jakt på småvilt er også billigare, og med ei "prøv og feil" tilnærming gjev det ikkje så store konsekvensar å feile litt. Om ein feilar i jakt på storvilt forliser ein gjerne ein del kroner og kastar bort mykje tid. Eit ry som dårlege eller useriøse jegerar kan føre til at ein ikkje får att tilgjenge til jaktterreng. Det står etter mi meining i det heile meir på spel ved storviltjakt. Skogkurs.no (Skogbrukets kursinstitutt), er gode greier.
  6. Spenstig gjort å dra i gang slik heilt ut av det blå Om eg hugsar rett, er det ikkje veldig mykje i jegerprøvekurset om organisert jakt på storvilt, så vegen fram til suksess kan bli krokete nok om alle på laget er like ferske. Eit jaktlederkurs er nok ikkje dumt, då det nok tek for seg litt om både organiseringa av jakta, og byråkratiet bak med innsending av rapportar og prøver. Dei fleste har vel fått dette inn smått om senn ved å "gå i lære" i eit etablert lag med samla erfaring på fleire hundre år på godt og vondt. I tillegg til NJFF er det vel og nokre kommersielle aktørar ein kan ha nytte av om ein har råd til å betale. Bladet "Vi menn" har vel årlege kurs i storviltjakt. Det finst terreng som blir leigde ut til lag med tilbod om guide eller jaktleiar, enkelte av desse kostar ikkje mykje meir enn å leie eit anna vald, og kan vere ein god veg inn for ulærde. Det er alt i alt slik at det er lettast og sannsynlegvis mest smertefritt å lære gjennom å ta del i erfaringane til andre i praksis.
  7. Er opptjent fordel, (som i "trening"), synonymt med "urettferdig fordel"? Eg har ein mistanke om det, for når eg samanliknar mine tider frå Steel Challenge-debuten min i NM-prematchen sist laurdag med det på klippet og etterfylgjande kommentar, ser eg for meg at eg dett minst 2 plassar innan resultatlista er klar på sundag. Møtte med nyinnkjøpt børse, innskote mot ringskive kvelden før. Men moro var det lell Og ikkje så reint lite slitsamt, to divisjonar var i alle fall nok for meg på ein dag. Det var i grunn hardt arbeid å ha fullt fokus gjennom kvar stage, med ganske lite venting mellom kvar. Attåt at det var moro, er eg ganske fonøyd med at eg greide meg med ein inngangsbillett på 3000,- for ei ny salongrifle med raudpunkt som i grunn ikkje var begrensinga på resultatet mitt for dagen. Ikkje meir enn mange brukar på eitt par skistavar. (Børse som også går i NROF-miniatyrprogrammet.) Nevnte eg at det var artig?
  8. Forstår eg det rett når støypinga av stokken ikkje foregår lagvis, men at du heller ein miks av glassfibertrådar og epoxy ned i forma, og deretter pussar/freser/formar naudsynte justeringar før du legg eit siste lag av glassfiberduk med epoxy? Interessant å sjå forskjellige framgangsmåtar, då eg ikkje har fantasi til å kome på slikt sjølv Kva nyttar du som sleppmiddel i forma? Nyttar du noko fyllstoff i deler av stokken? Det såg ut som ein veldig grei prosess, kva er det hemmelege trikset?
  9. Sjekk Finn.no, sportskyting, pistol i dag. Treskjefte til salgs. Lettare å tilpasse enn det originale?
  10. Supplerar aps med å seie at teorien er i hovudsak regelverket til IPSC som det er lenka til frå DSSN.no eller du finn på ISPC.com. Det blir gått gjennom noko, men det må lesast mykje. Det finst vel norsk oversetjing, men den originale på engelsk har førerang.
  11. Skrytet om dette firmaet tiltredes! Fort og greit svar og sending begge gongene eg har handla der i vinter. Mail med avklaring same dag om det var noko som ikkje var på lager eller uklart i ordren. Til og med i helga! (Svar på sundag kveld var mykje meir enn forventa, og reint til å bli bortskjemt av.) Det finst nok andre som er nesten like greie, men dei får få sitt i andre trådar.
  12. Her er ein god tråd med eit par gode lenkar som illustrerar kvifor ein ikkje nyttar mjukt konstruksjonsstål, og kva som dug. Her er det og sagt noko om tjukkleik. viewtopic.php?f=53&t=107765&p=1098116&hilit=450+550#p1098116 Stålmåla vi skyt på skal setast opp så dei hallar mot skyttaren. Det aukar sjansen for at rikosjettar og spruten frå kula som går i oppløysing går i bakken. Det er også best om du får til oppheng eller støtte slik at treffsida på plata er glatt. Opphengskjettingar og skruar er mjuke, dei vil kunne lage splintar i uførutseielege retningar om ein råkar dei. Stort sett vil kulene fragmenterast fint på anstendige hald. Det er minimumsavstander til stålmål i alle greiner eg veit av, utan at eg i farten tek jobben med å finne eksempel.
  13. Dette er ein prosess laget vårt var igjennom tidleg på 90-tallet, og det gjekk endå 20 år før det kom inn eit breitt samansett styre der alle interesser er representert. Gamle synder og nag kjem enno opp til overflata i heite augneblinkar. Prosessen med jordskifteretten var likevel heilt naudsynt for å få til gode vedtekter. Etter enno eit par opprydningar i andre lag ser eg ein tendens til at etter eit par rettsmøter blir det noko trøyttleik i prosessen, og det kan lett gå litt for fort og bli vel runde formuleringar for å få igjennom dei siste kompromissa. Ei anna erfaring er at dei som møter med advokatar er dei som er mest desperate, og står i fare for å miste eit eller fleire urettmessige privilegium. I jordskifteretten skal alle interessentar som har noko dei vil ha fram høyrast, og advokatrepresentasjon gjer nok ingen store fortrinn. Forhåpentlegvis er domaren og meddomarane stødige og erfarne folk som dreg det heile vel i land. Våre vedtekter seier at avstemninga på årsmøtet er pr. hovud, om ikkje nokon av dei frammøtte krev avstemming etter andel. Ellers er det kritiske punktet når styret som blir oppnemnt av retten skal skiftast ut, sørg for gode folk i valgkomiteen, og vær heilt 200% sikre på at dei som blir valde inn i styret greier jobben. Prøv å gjennomskode storkjeftane som vil ha posisjonar og verv for å fjeske med "fiffen". Det er mange fesbikkjer i verda. Feilsteg eller likesæle her fører snøgt dei dårlege gamle dagar attende. Laget vårt er ellers stort nok til at det er delt inn i tre felt: To er høvesvis store og attraktive, og blir leigde ut på anbod. Det tredje er litt mindre og ligg meir kring innmarka. Dette er forbehalde dei i laget so er interessert i jakt, og fokus er å ta ut dyr som er til skade eller går for nære hus og veg. Alt i alt fører dette til at det er både moglegheiter for jakt og brukbare utbetalingar slik at dei fleste er nøgde. All mogleg lukke til med det de skal igjennom. Hald motet oppe, og slepp ikkje guarden ned etter rettsaka. Dei neste omgangane med val er som sagt svært viktige.
  14. Har ikkje prøvd den sjølv, men har tru på konseptet. Eg er drilla inn på AG og kjem til å slite lenge før eg finn den jæ*** armen på AR-typene kvar gong eg treng han. Den sit altfor nære kroppen i utgangspunktet, og kjem enno nærare skrotten eller trynet når ein må bruke han. Den sidemonterte får ting litt ut frå skrotten og inn i arbeidssona for hendene. Eit godt steg fram for ergonomien meiner eg. Var vel på veg ein italiensk formel-1 AR med noko liknande plassering. Store hjerner tenkjer likt, så det kan ha noko for seg.
  15. Det er farleg å gje råd; nokon kan kome til å følgje dei. Om det er ein Toyota blant rifler du er ute etter, får du valuta for pengane med Brno/CZ, det finst betre presisjon,(men ikkje mykje), det er sikkert noko som er penare, billegare eller dyrare, men dettet er velprøvd av mange, og gjer god valuta for pengane. Modell 2, 452,453 har ikkje moglegheit for enkelt pipe/kaliberskift som eg trur finst på modell 455. Optikk: Det at mange må ha kjempekikkertane med 50 og større lysopning, gjer at det finst ein del av det mindre for ein god penge. Dei store er klumpete på rifla og i skogen. Sjølv har eg dyraste kikkerten på elgveltaren, den kosta meg vel 2500,- for 20 år sidan og har ikkje svikta meg enno. Ellers rundt 1000,- lappen på andre børser, og det virkar enno etter fleire års misbruk. Så sjå på budsjettet ditt meir enn på kva andre har, gå gjerne for eit merke som har vore i salg nokre år. Europeisk eller ikkje dei aller billigaste modellane av amerikanske. På ei randtenningsrifle vil eg påstå det meste er gjort med 3-9x40. Sjå litt på kva M67 har skrive om kikkertar og parallakse. Eg har ikkje heilt skjønt det, men trur han kan noko om det.
  16. Det var leit at det ikkje var ei meir positiv oppleving av skytinga fyrste gongen. Som det er sagt i mange trådar med nybyrjarproblem: DFS og .22lr er ein god stad å starte. For å ta tak i det du har og gjere det du kan: Gøym unna 30-06 ei lita stund. Det er anvendeleg og godt utstyr og kaliber, (kanskje litt for stor minsteforstørring på kikerten, du vil få inn berre ein ubestemmeleg plass på pelsen til elgen i denne på mange aktuelle hald i elgskogen), men .223 er greiare å lære med, (og billegare). Ta av tofoten for no. Du treng færrast mogleg variablar for å finne ut kva som er feil. Tofot gjev minst fire meir enn du har med berre stokken. Bruk sandsekkar eller noko anna som underlag for handa som du legg stokken i til innskyting. Få med nokon til å hjelpe deg med innskytinga av børsa. Då får du utelukka børsa som feilkjelde. Ei generell undersøkjing av ein kompetent person er ikkje av vegen. Få nokon som har litt trening til å instruere deg om skytestillinga. Det finst på dei fleste banar nokon som kan. Standplassleiar er ein god stad å spørje om du ikkje er kjend med nokon sjølv. Liggande stilling til å byrje med. Bruk støtte under handa på framskjeftet som før nevnt, og begynn med å lære inn sikte, pust og avtrekksteknikk. Når du har fått litt instruksjon, kan dette med fordel trenast på utan ammunisjon i stova heime. Sentertenningsgevær som .223 og 30-06 tek i regelen ikkje skade av "klikk" og tørrtrening. Det er mange faktorar som spelar inn på god skyting. Lær inn og øv så få som mogleg om gongen. Når du synest du meistrar noko; skyt så mange skot til som du har råd til før du går til neste steg. Det å skyte krev like mykje trening som fiolin eller pianospel, men det læt mykje betre å øve
  17. Sluttar meg til det Pava sa. .22lr for trening og .22WM for jakt. .17HMR er mykje omtala og har fine tal bak seg, men gjer ikkje noko som ikkje .22WM klarer med tyngre kule og betre omsetning av energi i målet. Gjerne mindre øydelegging av kjøt med tyngre kule og legre fart i matvilt. Med .223 blir det meir fart og smell, fint til mykje, men det gjev ma. større krav til bakgrunn og meir å tenkje på, klarer berre rådyr som ikkje dei små gjer. Grunnlaget for å bli ein god skyttar ligg i mengdetrening, og det gjer ein godt og billigast med .22lr. Det er mykje god erfaring å hente i predatorjakt der .22WM er ypperleg, og mykje god mat i skogsfuglar og hare der same patron er veleigna. .22WM gjev akkurat den auken i rekkevidde ein saknar med .22lr på due, kråke og anna lettskremt. CZ eller Sako kan ikkje bli feil etter mi meining. Det er alltid å få tak i noko tyngre den dagen du treng det.
  18. Her er litt testing av temaet i .223. Ikkje så heilt ulike dei to patronene vel. http://rifleshooter.com/2014/04/223-rem ... nds-rifle/
  19. Saksa frå tråden om diverse rundskriv, posta av AGR416, 07 Jan 2015, 02:23 Ellers hellar eg mot å vera einig med Hassel; nok mykje som ikkje er godkjent fordi ingen har prøvd. Legg til for eigen rekning at årsaken til at det blir søkt om få godkjenningar er nok at det ikkje er tilstrekkeleg lønnsamt, eller manglande entusiasme, dvs. pris vege opp mot om det som alt er tilgjengeleg er "godt nok".
  20. Havesykja tok meg og eg bestilte den før omtala;"http://shop.pacifictoolandgauge.com/index.php?main_page=product_info&cPath=308_4_90_95&products_id=3110&zenid=2mnfp1e7jgo3d38obsordaqm82". Gebyret for å søkje om eksportløyve var $100. Trur ikkje eg slepp frå krav om "An International Import Certificate, that you need to apply for from your Government Authority," ved å syne til at delene ikkje har restriksjonar på import i Noreg, så om nokon har erfaring med å skaffe eit slikt dokument vore det fint med tips. Dei andre krava var kurante å imøtekome. ITAR løyvet ser ut til å kunne gjerast gjeldande for seinare transaksjonar på tilsvarande deler om ein ikkje begrensar seg til berre ein del eller eit for lite beløp i søknaden, så om det er fleire med lyster bør det kunne gjerast noko til ein legre pris sidan, (eller om andre allereie har slikt løyve?)
  21. Her var det ein hønngammal tråd som ikkje gav meg noko svar på det eg lurer på, men tittelen er innertier: Eg fall i freisting og bestilte denne til min Remington 700 i .223: "http://shop.pacifictoolandgauge.com/index.php?main_page=product_info&cPath=308_4_90_95&products_id=3110&zenid=2mnfp1e7jgo3d38obsordaqm82" . Dette er tydelegvis ein ITAR ting, og eg lurer på om nokon har skaffa seg slikt løyve for handel frå PTG,(og då nødvendigvis denne delen), og kan ta det inn for meg eller har eit svar på korleis ein skaffar seg ein "International Import Certificate" for deler det ikkje eksisterer restriksjonar på import på. Denne måtte vera frå ein "Government Authority". Dei andre krava var igrunn ikkje så vanskelege å stette, sjølv om 100$ gebyr var nok. Eksportløyvet gjeld så vidare i inntil 4 år, og til eg har fått fylt oppmed eit antal deler eller ein sum eg set sjølv i søknaden, så om andre er interessert i å "låne løyvet" sidan kan vel det ordne seg. Eg har verkeleg god tru på dette underbeslaget i høve til mange andre eg har sett på, og er ganske gira på å gjennomføre handelen. Prisen for det fyrste kjem vel på om lag det same som for HS Precision sitt frå Brownells. Edit: Var kanskje feil å omtale 700 i ein hagle-tråd, men det gjeld i alle fall import frå USA og ITAR-reglar. Om det er mitt innlegg som blir feil og bør flyttast eller om tråden bør hevast til eit meir generelt nivå er vel ein sak for moderator?
  22. Det kan vera at nokon har liggande noko som er bytt ut. Det er svært kurant å byte BDL underbeslag med ettermarknads-underbeslag for td. AI magasin, så det ligg nok ein del BDL i kassene for deler til overs i kring. Det finst og andre løysingar med andre lause magasin. Ein kikk i "Remington 700"-tråden her på kammeret kan gje inspirasjon og mange lenker til produsentar og forhandlarar. . Brownells.no har ein del fint i katalogen. Lett å søkje fram etter våpenmerke.
  23. Har ein gryande plan om nytt underbeslag til min 700 ADL i .223. Eg høyrde eit kritisk ymt om matinga frå AI-magasin i dette kaliberet. Har nokon fyrstehands erfaringar med dette? Ellers var det noko svært fristande her: http://shop.pacifictoolandgauge.com/ind ... ts_id=3106.
  24. Takk for to gode og oppklarande innspel. Skjønar eg rett er grunnen til at det er loweren som må godkjennast at det er der sikringsfløya/omstillaren sit, og det er den som ikkje "enkelt skal kunne gjerast om til heilautomatisk funksjon". Det opna moglegheitene vesentleg, og det blir då eitt spørsmål om kostnad mellom eitt custombygg og HK416. Hmm.... Interessante lenkar der... Oppklaringa om tilsagnsmoglegheitene frå berørte partar var, i den grad eg på nokon måte var uroleg, beroligande. Det var den kvalitetsikringa eg ikkje var klar over at eksisterte. Takk igjen!
×
×
  • Create New...