Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Måfåtølleiv

  1. At det vart gjort om til forskrift gjorde vel også prosessen med godkjenning meir langdryg. Det er vel forskjell på ei forskrift som må avgjerast av statsråd og retningslinjer som kjem frå POD. (Om eg hugsar barnelærdomen om kven som avgjer kva rett?) Er vel og eit tveegga sverd at dette i så fall har vort lyfta opp frå høgt byråkratnivå til politisk.
  2. Med slikt gebyr er det vel ikkje så rart at det er begrensa med valfridom. Det er vel og med på å drive opp prisen i ein begrensa marknad. Synd, det er då lite som skil modellane i 10/15 familiane, så i ei verd som heng på greip ville godkjenning av ei vera det same som godkjenning av alle. DSSN sin godkjenning er førbiletleg: "AR10/AR15:alle merker og kloner". I ein større marknad ville vel produsentane gjort sitt for å få gjennom noko. Her er den nyaste lista eg fann via link frå NOJS.no: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2011-09-09-930" target="_blank Mykje brukbart i den lista, men det er ikkje alt eg finn i nettsidene til forhandlarane, så då blir det tynt. Det er i rettferdas namn ein del hjå forhandlarane som ikkje er på lista, så eit eller anna her er ikkje oppdatert.
  3. Denne tråden ser ut til å ha lege nede lenge, men eg vil prøve å blåse liv i han med spørsmål om nokon har ei lenke til ein nyleg oppdatert versjon av "godkjente halvautomatiske våpen til konkurranse og trening". Dei versjonane eg finn er fleire år gamle og ser ikkje veldig oppdaterte ut. Emnet dukkar opp i samband med at eg vil anskaffe ein AR-10 eller 15 type, helst med stempelsystem. (til NROF og DSSN -program). HK ligg litt høgt i pris, men det ser ut til å vera mykje fint som blir laga i amerika men eg finn ikkje alt på den gamle POD-lista. Eksempel er S&W M&P 10, Ruger SR762, Stag i 7,62 mf.
  4. Eg er ikkje sentralt plassert i nokon av desse forbunda, men eg er medlem og deltek innanfor begge forbunda. Eg kan berre seie korleis eg har oppfatta reglane. Det eg veit er at enkelte lokalavdelingar i NROF har gjeve nivå 3 opplæring til støttemedlemmer. Det eg trur er at det vil bli ei avklaring på dette slik at det blir ein einheitleg politikk i forbundet. Vidare meiner eg det ved opprettinga av det noverande nivåsystemet var meininga at nivå 3 skulle vera kompatibelt med DSSN, men i praksis er ikkje dette berre enkelt: DSS er ein sport som er nøygd til å legge vekt på det sportslege aspektet, og skilje seg klart frå "paramilitære", "taktiske", og andre ikkje etande ord på den politiske menyen. NROF skal virke for å halde oppe kompetansen hjå medlemmene, og skytinga der skal vera meir stridsretta. Det er også her ein del politikk inne i biletet som ikkje gjer det enklare. NROF sine medlemmer skal vera i korrekt uniform når dei benyttar utlånte våpen i arrangement. I DSS kan det dispenserast frå forbudet mot kamo og "tactical", og krava til hylsterplassering mm. i samband med bekledning for deltakarar med militær eller politi bakgrunn. Desse dispensasjonane gjeld etter det eg har fått opplyst fast tilsette eller stadig tenestegjerande. Deltakarane skal då konkurrere med det utstyret dei nyttar dagleg.("Train as you fight"). HV personell kan til nød koma innom denne kategorien, men NROF medlemmer som ikkje er aktive i forsvaret kjem i utgangspunktet ikkje innom etter det eg har funne ut. Konklusjonen er å kle seg og konkurere slik det sømer seg innanfor kvart forbund. Det finst mange alternativ for å konkurere i DSSN som gjer utbytte etter det ein legg inn av innsats. Eg har stort utbytte både sportsleg, sosialt og personleg av såpass lågterskel inngang som ein umodda NM59 mauser i Manual action standard inntil karantenetida er forbi. Ta det du har og gjer det du kan ut av det til du finn ut at dette er noko for deg. Det er mange nesten nye AR der ute til salgs grunna skiftande interesser.
  5. Forsvarsbrukt.no har ein svensk modell frå 30-tallet som rommar 4 klips. Skal prøvast på Vinterbolten den 14.
  6. Har sett noko slike varer på "Forsvarsbrukt.no", innbiller meg at det var både brunt og svart der sist eg såg. Fann ellers ein artikkel om KV Colt i ei spesialutgåve av "Guns & Ammo" frå 2011, det såg ut til at ein stor del av desse vart kjøpt opp av ein eller annan amerikansk samlargrossist og befinn seg over there. Sikkert noko politisk korrekt om ikkje å omsetje desse innanlands eller noko.
  7. Mange takk for eit godt tips, artikelen i lenka var svært informativ om den amerikanske produksjonen.
  8. Kan nokon seie noko generelt om kor lenge korrosive tennhetter vart nytta i ammunisjonsproduksjon i vestlege land? Kva for rådgjerder bør ein ta etter skyting med ammunisjon av denne typen? Har til dømes fått tak i noko 9mm av amerikansk krigsproduksjon(44årg. 9mm ball Mk2z), er dette skytegreier eller noko som samlarar går av skaftet for? Av dei mest vanleg tilgjengelege kalibra, (militære frå 1900 talet)er det noko som ikkje bør skytast grunna samlarverdi eller tryggleik eller andre moment? (Eg har skjønt at forskjellar i mantel kan føre til auka løpslitasje.)
×
×
  • Create New...