Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Måfåtølleiv

  1. From the album: Rifle

    Magasinbrønn og magasinlås på Våpensmia Aspirantrifle. Berre stokken skil denne rifla frå rekrutt og skiskyttarutgåva.
  2. Eg kan diverre ikkje seie at eg har slike magasin, eller er sikker på om dette kan løysast, men: Utløysarhendelen eller fjøra som held magasinet på plass om ein vil, ser utifrå det vesle vi ser på bileta ut til å likne veldig på tilsvarande del på Våpensmia si rekrutt/aspirant/skiskyttarrifle, der hendelen/fjøra ganske enkelt går inn i eit hakk i bakkant av magasinet og låser dette. Når det i tillegg vert nemnt i denne tråden at det er nytta eit ombygd Brno/CZ-magasin som erstatning i denne Husqarnamodellen, og det i en annan tråd for ei tid sidan vart framsett ein påstand om at Våpensmia sine modellar er basert på ein brasiliansk Brno/CZ-kopi, lurer eg på om eit tal omtrentleg lik 2 tre gonger kan ende opp med å bli omtrentleg lik 6. Eller sagt på ein annan måte: Eg ville ta meg bryet med å prøve eit magasin frå Våpensmia for å sjå om det kan passe direkte, eller med minimal tilpassing. Det burde finnast ei slik Våpensmia-rifle ein stad i nærleiken av ei Husqarna 1622, eller kanskje det er mogleg å få lånt frå Dokka for å få eit definitivt svar her. Heilt sikkert er det i alle fall at det er å få kjøpt for pengar om nokon vil ta ein liten risk. I værste fall kan eg vel få til nokre strategiske mål, eller til nød bilete av magasina om det er av interesse.
  3. Her er eit par nyttige lenker: http://www.dssn.no/download/Regelverk_S ... e_DSSN.pdf" target="_blank https://steelchallenge.com/media/stage-diagrams.html" target="_blank Eitt skot per mål er fasit. Det er ikkje tid til å bomme mykje om du skal gjere det bra. Det er så vidt eg hugsar 5 gjennomskytingar med ny kommando imellom på kvar stage, så det er (litt) tid til å fylle opp/etterfylle eller bytte magasin, men det er ikkje gale å ha tørrtrena på dette før ein møter opp på banen. Om ein har omladingsløysingarsom er litt tungvinte, kan ein hjelpar vere god å ha til å halde ammo eller fylle det eine reservemagasinet du har, eller anna adm. medan du skyt. Knot fører til at ein stressar og øydelegg flyten på stagen for seg sjølv. Dei 4 beste gjennomføringane teller i samanlagttida som er score for ein stage. Gløyme ei skive, (eller bom), gjev tillegg. Den som har beste tida samanlagt for alle stagane vinn.
  4. Døma syner at skit skjer når folk fomlar med våpen kvar dei no råkar å ha for ærend. Å ha meir enn eit lag med tryggleik kan umogleg vera feil. Det er veldig lett for mange å lære inn feil haldningar og handgrep. Kanskje fordi dei lærer for mykje av tøffe filmar, og høyrer for lite på røynde og gode standplassleiarar. Er vi inne på at innlæring av standplassrutiner er for dårleg og lite einsarta?
  5. Problemet er vel at peikevinkelen er det einaste laget på tryggleikslauken her. Om det var eit lag til som sa fingeren vekk frå avtrekkaren til du er på målet, ville tryggingslauken vore dobbelt så tjukk. (Og innkompetent fomling ville vore mindre farleg)
  6. Ikkje for å vera spydig, dømmande eller kritisk, berre reint nysgjerrig og uvitande på skyteteknikken: Kvifor gir det ein fordel å stramme avtrekket inn i trykkpunktet før siktet er på skiva. Er det at haldetida vert mindre? Gir det ein så stor fordel at det er verdt risikoen for eit for tidleg avgjeve skot, også for ein som ikkje hevdar seg i toppen? For å vera kritisk: Gjev det ikkje ein uhøvesvis auke i risiko å lære inn dette hjå lite rutinerte skytterar, som kanskje ikkje er godt kjende med sine avtrekk?
  7. Mykje som kunne seiast her, men det vesentlegaste er vel at ein sjeldan gong er ille nok for den stakkaren som står der med eit uvelkome hol i ein eller annan kroppsdel. Gale om ein gjer det på seg sjølv, men verre for samvit, skytesporten og den som får holet om ein gjer det med ein annan. Reglement som oppfordrar til potensielt farleg ukultur kan umogleg vera rett?
  8. Eg sluttar meg til denne undringa med spørsmål om ein referanse til regelverket. Eg hugsar frå tryggleikskurset eg deltok på i -94(?), at hylster på bane var fy-fy. Grunnen vart oppgjeven til å vera at våpenet skulle leggast på bordet på ein måte som synleggjorde for alle at det var tomt, det er ikkje noko behov for å bære med seg våpenet, og at skytinga ikkje skulle gje eit bilde av at utøvarane var "våpendesperadoar". Eg kan ikkje hugse at det vart sagt noko om heimel i regelverket, sjølv om det kanskje finst? Eg synes ellers at praksis med å legge våpenet ope på bordet er ein fin ting, og den lettar arbeidet for standplassleiar med visitering mellom seriar. Det at meir enn ein person har verifisert at våpenet er tomt, er eit godt lag tryggleik, og ein vesentleg del av den totale tryggleiken for oss alle. Eg set stor pris på å drive skytesport i mange disiplinar der fellesnevnaren er at tryggleiken er ein naturleg del av trening og konkurranse, og kjenner meg aller tryggast mellom skyttarar som har vesentleg meir enn 30 skot i året som treningsgrunnlag.
  9. Grovstille som jonasten skriv er ein god start. Om du då fortset med å skyte på ei pappskive, (t.d. ei 100m DFS-skive) på om lag 30 meters hald med ein jordvoll bak, skulle det vera håp om å finne retningen. 30m innskyting tilsvarar omlag 0 på 100m, og 12cm under på 200m. Kortare hald gjev deg betre feilmarginar, og jord eller grusvoll rett bak gjer at ein ser nedslaget om ein mot formoding skulle vera utanfor.
  10. Eg har blitt fortalt at det med heimel i UD2-1 tryggleiksbestemmingar for forsvaret er strengt forbudt å nytte ammunisjon som ikkje er utlevert gjennom FLO-systemet i militære våpen. Altså: Du vil få store problem om noko går gale og du har nytta feil ammo. Det er vel like stor moglegheit for at ting går gale med korrekt ammo, men då har du ditt på det tørre. Moglegheitene for ammo gjennom NROF er etter mi erfaring svært begrensa men litt er det å få, og tilgang via HV ser ut til å variere voldsomt med kva distrikt ein sorterer under og sjefar i alle lag sine haldningar til skyting. MEN: Allikevel: PRØV! (Men hald deg unna sjølvkjøpt).
  11. Er i grunnen enig med Chiefen om halvauto: Eit våpen der neste skot berre er ei lita meir eller mindre kontrollert rørsle unna etter at det fyrste er avfyra er ikkje eit godt val for nokon som skal lære seg å skyte. Spesielt ikkje for ungar. Tryggleik og sikker handtering må vera med i opplæringa heilt frå starten. Dei økonomiske betraktingane rundt Anschutz og Sauer stemmer og, så om pengane ikkje er begrensinga i saka, er valet som alltid lettare.
  12. Eg kan heilhjarta anbefale Våpensmia sin aspirantmodell. http://www.vapensmia.no/Shop/Product/AS ... E-VS/13501 Stokken kan justerast i lengde med innleggsplater, og pistolgrepet er lite nok til ungar ned i 6-7 års alder, med moglegheiter til å justere posisjonen til avtrekkaren. Når ungane blir litt større, kan stokken bytast ut med rekruttmodellen; http://www.vapensmia.no/Shop/Product/RE ... -004/13500 , då mekanisme og pipe er like. Eg meiner diopteret er ein fordel avdi det er lett å lære og presist. Raudpunkt er og lett, men gjev ingen foståing av siktet og det å stille opp ting på linje. Kikkert er vanskeleg å lære opp på, for sjølv om ein forklarer det, har ein ingen måte å kontrollere det at barnet verkeleg har rett avstand mellom auget og kikkerten. Når du spør om det er rett, seier dei det er bra uansett for å kunne gå vidare til den morosame biten med det same. Sjølv kom eg over ei brukt Rekruttrifle, og kjøpte ein ny aspirantstokk til omlag 3000,- , så har eg rifle til ungane i mange år. Eg meiner denne er god nok til at dei ikkje går lei grunna for dårleg reiskap. Er du heldig, kan du koma over ei Anschutz 64 aspirantmodell eller ei Izmash skiskyttarrifle i rekruttstorleik, men rekruttstorleik er enno for stor for ein unge på 7. Det finst rikeleg med brukte enkeltskots miniatyrrifler å få kjøpt billeg, men problemet ligg i at sjølv om ein kappar stokken, er pistolgrepet for stort og avtanden mellom grepet og avtrekkaren for lang for små fingrar. Mi vurdering av desse var at sjølv om presisjonen er fantastisk, vil ombygging til magasinmating og å lage eller kjøpe ny stokk gje ein totalpris lik eller over ei fint brukt utgave av dei andre eg har nevnt. Eldstejenta på 10 har skote ein del med både skiskyttarrifler, aspirantrifla og CZ452 med kikkert. Her er det ho sa med stort smil og openberr entusiasme etter å ha tømt eitt 25 skot magasin frå Remington 597 med raudpunkt i skiva (eller umiddelbar nærleik): "Denne var då berre heilt genial!!! " Konklusjonen min er: Det mest pedagogiske er ikkje støtt det artigaste.
  13. Eg la merkje til at du seier du nytta line på hunden din, og eg vil på vegne av beitedyr og vilt rette ein stor takk til deg for det Fuglen i Valdres er iallefall ikkje i Vestre Slidre. Fjellstyret skriv på heimesida si at det skal gåast taksering no i august, og at det ut frå resultatet av denne skal det i slutten av månaden takast ei avgjerd om det blir jakt i det heile i år. http://www.vestre-slidre-fjellstyre.no/ ... sten-2015/ I motsetnad til dei føregåande åra var det litt spel i liene i vår, men den kalde sumaren har nok gjort det av med det meste av årskullet. Mykje rovdyr etter fleire gode gnagarår og enkelte sin lemfeldige omgang med bandtvangsreglar hjelp nok heller ikkje. Fuglebestandene i statsalmenninga i Vestre Slidre må vera eit skuleeksempel på overbeskatting over årtier. Det at allmenninga er høvesvis lita, med eit voldsomt aktivitetsnivå med press frå ei massiv hytteutbygging på alle kantar som nyttar statsallmenninga som friareal saman med eit alt for høgt kortsal og dermed jaktpress vil føre til at hønsefuglane går mot utrydding innan få år. Vestre Slidre Statsallmening er definitivt ikkje staden for utbytterik jakt på fugl.
  14. Hmmm. Kva vil dette få å seie for aronderinga av terrenget? Ei slik separering må vel også godkjennast av viltforvaltninga i kommunen? Er ikkje sikkert det går gjennom berre fordi nokre er kjenner seg snurte etter å ha tapt ein rettsak. Eg er redd dette heller ikkje er over før den feite dama har sunge. Fortsatt lukke til.
  15. Om vi reint hypotetisk seier at Hassel si tolking er rett, og at våpen kun kan nyttast til omsøkt formål, må vi og ta det vidare: Det medfører at våpenet kun kan nyttast innan det forbundet og til det programmet/klassen som er oppgive i søknaden, slik at våpen erverva med grunnlag til dømes i NROF ikkje kan nyttast i DSSN utan å få dette særskilt godkjent? Om det skulle vera slik at bruksområde er begrensa av det ein har skrive i søknaden, (noko eg ikkje umidelbart kan overtalast til å gå med på,) måtte vel "Det aktverdige formålet" vore spesifisert på våpenkortet som er beviset på at ein lovleg eig eit skytevåpen. Slik det er på mine er ikkje eingong konkurranse eller jakt påført?
  16. Det artige med denne tråden var at den ganske umiddelbart vart overteke og sabla ned av godt nøgde kundar
  17. Siste taler tiltredes. Puss.
  18. Rånesmak hjå tamsvin er etter det eg veit genetisk betinga, slik at ikkje alle råner har det. Eg reknar med at det er slik hjå villsvin og.
  19. Utan å vera nokon stor kjennar, vil eg seie karen har godt lag med hamaren!(?) Sluttar meg til Propell i spørsmålet om korleis eigenskapane til eggen vert? Det vore interessant a vite kva dei med kunnskap om slikt her på Kammeret meiner om materialvalet? Er det brukbart, og korleis reagerer det på varmen og bearbeidinga? Må det herdast eller anløpast spesielt etterpå? Det er tydelegvis kule frå eit nokså stort lager, er det mogleg å nytte heile lager av ein mindre dimensjon? Ville det då gje eit slags damaskmønster? Har høyrt det blir smidd knivar av gamle sagkjeder. Gjev det same effekt? Blir det brukandes, eller ser det berre fint ut? Vis oss gjerne meir! Og også ferdige produkt!
  20. Har ikkje inntrykk av at det er vanleg med slinger i valsen der. Er ikkje sååå lenge sidan denne tråden vart dregen i gang: viewtopic.php?f=35&t=112791&hilit=oscarmike.no Eit høvisk forsøk på personleg kontakt kan vera tingen
  21. Har enno originalstokken på min eigen, men kom i skade for å halde i ein med Hogue stokk og framtre for ei tid sidan. Det var likandes greier! Gummien er ikkje så kald som plasten, gjer betre grep, og har om lag same mål som originalen. Ikkje avskrekkande pris, og trur den finst å få frå Brownells.no
  22. Her er noko frå ebay: http://www.ebay.com/itm/Vector-Optics-4 ... 19e96e385e Ellers er det mogleg Våpensmia sin til NM149 er 14x1, eller om du spør og betalar dei pengar for det, lagar dei nok ein med rett gjenger.
  23. Tusen takk Det var ein grei og konsis gjennomgang!
  24. Det finst fleire stempeldrivne utgåver og ombyggingssett. M.a. Stag Arms. Fleire stempeldrivne toppar kan kombinerast med allereie godkjente lowers. Det har ellers i andre trådar vore nevnt noko om at rekylen i ei stempelrifle er annleis enn direkte gassdrivne, at dei direkte drivne skal ha ein fordel og difor blir foretrekt av toppskyttarane.
  25. Så vidt eg veit gjeld kravet om matchpoeng og aktivitet berre for erverv og for å behalde våpenet med DSSN som erversgrunnlag. Eg kan ikkje sjå nokon formell avgrensing i LOVLIGE bruksområde for eit våpen ein alt har uansett kva som står i våpenkortet. Det angjevne er vel å rekne for eit primært bruksområde. Eit våpen som er lovlig til jakt kan nyttast til det, sjølv om den er erverva til trening/konkurranse.Heller ikkje gjer reglane til DSSN noko avgrensing på deltaking i rifledivisjonane med lånt eller anna eige våpen før karantenekravet er innfridd.
×
×
  • Create New...