Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Om du startar med ein skikkeleg god enkeltstasjonspresse, vil du ha eit godt verktøy til å bruka seinare som eit komplement til ei progressiv presse. Ei Lee-presse fungerar den, men eg vil tilrå den einskilde å kikka litt ekstra på økonomien og vurdera om ikkje ein Co-Ax er oppnåeleg, og så kan ein heller spara litt på andre ting til å byrja med. Co-Ax er ei fantastisk presse å jobba med. Eg har faktisk ei lita Lee C-presse i tillegg som eg brukar til småting som swaging av tennhettelommer og kuleuttrekking. Så ladar eg volum for dei to patronane eg skyt suverent mest av på ein Dillon 550, og mindre kvanta (100-200 patronar) på Co-Ax av patronar eg skyt færre skot med. Eg meiner sjølv at det beste for ein som startar i gamet er å jobba enkeltstasjon. Å setta opp og lada med ei progressiv presse er ein jobb ein ikkje skal kimsa av. Då er det greit å ha basiskunnskapane på plass.
  2. "Neppe" er mitt tips. Må nok vera førebudd på å fila og skava litt. Om ein ikkje har altfor mange tommeltottar burde det gå.
  3. Tru kven som hadde tapt mest - den vanlege arbeidar, som brått ikkje må konkurrera med undermåls arbeidskraft frå Aust-Europa, eller den søkkrike eigaren som ikkje lenger kan tene seg til enno ein luksusyacht?
  4. Norge må ut av EØS. Verre er det ikkje. EU stoppar ikkje før all makt er sentralisert i Brussel og alle personlege fridomar til ein halv milliard europearar er redusert til privilegiar som når som helst kan trekkast attende. Slik sett er dei siste års kriser kanskje til alles fordel, sidan dei til sjuande og sist kan øydeleggja heile unionen.
  5. Eg hatar deg for profilbiletet ditt.
  6. F1 ser kul ut og er småpraktisk når ein bur i eit trangt skyttartårn. Men børsa blir tyngre, verre å skyta med fordi ein får vondare og dårlegare kinnkontakt, skinna må heile tida strammast opp og...ja. Men den ser jækla kul ut.
  7. Eg hugsar frå fyrstegongstenesta mi at dei ekstra lange stakane fekk ein forlengar til kolben. 3-4 cm ekstra hjalp godt. Kaaaaaaaanskje (kanskje) depotgutane har ein slik liggandes...?
  8. Få fyrst ei uttaling frå troppssjefen din om at du er ein likandes og nokon lunde ikkje-sprutgalen kar. Spør så I-off i distriktet ditt om du kan få utlevert tennstempel til våpenet ditt for bruk til baneskyting. Har du flaks kan det til og med vera du får litt ammo og litt sponsing av deltakaravgifta til LS. Kva distrikt er det du har blitt shanghaia til? Du kan truleg reikna med at det kjem inn HK416 i staden for AG-3 om ikkje så altfor lenge. I 02 er utrullinga av HK416 alt godt i gang i F-styrken, om ikkje den til og med er ferdigstilla. Kanskje like greit, mange av AG'ane byrja å bli slitte, og MP5 er ikkje heilt det same som ei skikkeleg rifle. Men eg saknar den no likevel midtvinters når eg skal fomla med den pertentlige "rådyrbørsa" i djup snø, med pitteliten avtrekkarbøyle og ladearm, og optisk sikte som doggar over om eg seier "faen" litt for høgt... PS. Velkommen DS.
  9. Ikkje ionisert, ionisert gass får du berre med stråling som anten tilførar eller fjernar elektronar frå atomet. Denne strålinga kan vera elektromagnetisk, partikkelstråling eller i form av andre atom. Gassen er glødande varm gjennom den eksoterme reaksjonen av nitrogenatom som frigjer seg (eg brukar av og til kalla EOD-folk i Hæren for "Nitrogenatomenes Frigjøringsfront") frå bindingane sine i den nitrerte cellulosen.
  10. Hvis du søker opp denne personen, så er det mye som skurrer. han har x antall konkurrser bak seg. Og er etter mitt skjønn ikke en person en bør handle med. Ikkje overraska.
  11. Hahahahahahahaha priceless
  12. Eg hadde (sjølv) ikkje vald nokon av dei, og heller 1. kjøpt eit badekar med billeg 9mm-ammo og 2. skote alt saman. For all den ammoen kan ein bli skikkeleg god å skyte. Glock 19 er ein utruleg allsidig pistol, min er på god veg til å bli favorittpistolen min (eg er framleis trufast til den gamle røyrtanga enn så lenge). Eg brukar min til production, militær, spesial, NROF-program...<3
  13. Det som derimot ikkje fungerar særskild bra med indregeværet, er om ein skyt det på ein tørr dag. Sporlyssatsen i kula er ufseleg stor, og har ei magisk evne til å starta skogbrann. Innskyting krev òg sin mann, meir spesifikt ein veltrimma Leatherman, for det blir mykje skruing og ein må vera særs nøye med etterstramming av flatspora skruer som så klart er nedslitte og rufsete i sporet.
  14. For den lille kvitfisen på biletet er det ikkje mykje. Derimot finst det ein annan simulatorladning som er mykje større og som blir lada i indregeværet i staden for sluttstykket. Denne simulatorladninga gjer ein ganske kraftig bakblåst og smell både framover og bak og har tilsvarande sikkerheitsavstand. Den er òg eit reint helvete å pussa etter sidan den inneheld store mengder med kvitt inert pulver for å simulera røykskyen frå ein ekte granat. Indregeværsystemet fungerar ganske bra. Særskild ved mengdetrening på røyrlege mål visar det styrka si, sidan store skotmengder både har ein økonomisk og fysiologisk bakside - granatane kostar vel frå rundt 8000 og opp, og etter det 15. eller 20. skotet for dagen blir ein etter kvart ganske så uggen.
  15. Eg meiner nei. Rekylrøyrsla kan likevel godt vera såpass markant at ein ikkje har grunn til å ha mistanke til at det ligg ei kule att i løpet. I tillegg kan skyteformens art vera slik at hurtige skotseriar i praksis gjer det umogleg. XXL har heilt klart eit ansvar her for å selga farleg ammunisjon og burde erstatta pistolen utan så mykje som eit einaste lite "jammen". Dei kan sikkert senda reikning vidare til den italienske produsenten - etter at dei sjølv har gjort opp for seg. Om Statoil solgte bensin med feil oktantal, kan du banna på at dei hadde fått erstatningsansvar når topplokk byrja å gå i lufta.
  16. Eg har testskote Barnaul ein del i HK416. Det blir nokre klikk i ny og ne, men kanskje det har med tennstempelet å gjera - eg har eit nytt på veg og så skal eg testa med det. Presisjonen er overraskande god, og samlar fint på tiaren på 200m. Heilt til dei uforklarlege slengarane kjem, altså. Og dei er uforklarlege - me snakkar om vel utførte skot med god tid, støtta med reim og pute, med heilt stabilt siktebilete i vindstille forhold med gode avtrekk, og likevel flyr kula ut i ein femmer eller enno lenger ut. Hadde det ikkje vore for desse slengarane, som eg tilskriv til ujamn produksjon, hadde Barnaul vore strålande. Eg får sjå koss ny lot artar seg når den kjem i hus. Grei å bruka til korte hald, tross alt.
  17. Jepp! Lot 35132 6,5x55: 8,43g DL 66508 min 37,4 775 m/s max 43,3 880 m/s .308 win: 150grain Sierra min 41,5 766 m/s max 46,4 874 m/s, 168 grSierra min 41,0 753 m/s max 45,7 849 m/s
  18. Eg driv og lagar meg ein ladning med N11 og har litt trangt med plass i hylsa når eg kom dit eg ville, men akkurat så det går. Eg skulle gjerne hatt ein peikepinn på om den lotten eg har no er treig eller rask, før eg handlar meir frå Norma, så eg vil gjerne spørja om dei som har handla N11 i den siste tida kunne ha gjeve meg lotnr. og ein av ladningane på boksen slik at eg får ein indikasjon på kvar landet ligg no for tida! Om loten eg har utvikla ladninga på er raskare enn dei som blir solgt no, går eg nemlig tom for plass, men om den er treigare er eg "redda". Om du ikkje har lyst til å leggja det ut så alle kan sjå det, så send det som PM heller. På førehand tusen takk! <3 <3 <3
  19. Om revolvaren har lett fjør til hane, kan det vera greit å gå for Federal-hetter sidan desse er mjukare. N320 er eit godt krut til å starta med feltladningar til .38Spl på, eg ville ha kikka rundt 5 grains ladevekt. N310 er òg aktuelt og kan gje strålande presisjon, men her er det svært små mengder krut som skal til, så det gjeld å ha tunga rett i munnen for ikkje å få overlading. Eg får hyggeleg presisjon med både 125 grains og 158 grains kuler foran N320 og trivs godt med det. Patronlengde avheng litt av kuletype, er det SWC det er snakk om? 36,5 mm er ganske vanleg OAL i ladetabellar for 125 grains kuler i .38. Pass gjerne på å ha ein bitteliten rullekrymp, det er kjipt når tønna kilar seg. Søk gjerne litt rundt på forumet, det er masse gode tips for .38-lading å finna. Kjapt tillegg: eg blandar hylsar som ein ungkar blandar sokkar.
  20. Stemt! Sjølv om eg må innrømma at eg òg kunne tenkt meg å gje ei ekstrastemme Anna Tatjana Lie, som er ein skamgod thaiboksar og MMA-utøvar. Men first things first!
  21. Har kjøpt alt, og fyrste gongs gjennomblaing i går kveld var oppløftande. Praktverk.
  22. Ein ting er om dei blyar. Ein annan ting er om kulene blir satt i spinn eller ei...eg har ein sørafrikansk Berettaklone med polygonløp som overhodet ikkje likar .356-kaliber støypte kular frå Kulegrossisten. Halvparten eller fleire av dei lagar nøkkelhòl. Med S&B ferdiglada bly blir det betre, men framleis ræva presisjon. Heilmantelammunisjon spyttar den rett og fint.
  23. armygear.com har Magpul magasin. Dei har butikkutsal i Oslo. Likar dei godt i 416'en i alle fall
  24. FjÅkki, BjAnki, FrAnki, KijAppa. TanfÅjiå om ein vil vera fjong. Men: Gutsji og Bresja. Det var det heile. Tre av.
  25. Den der hadde vore ekkelt morosam å ha på Saigaen.
×
×
  • Create New...