Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Dei lovene er stort sett putta på plass for å sikra at allmue og anna tjafs ikkje gjer opprør med ammunisjonen til El Presidente. Tekniske løysingar funkar ikkje. Hadde dei det, hadde innføringa av låsen for eit par tusan år sidan gjort innbrot til oldhistorie.
  2. "Five exclamation marks, the sure sign of an insane mind." -- Terry Pratchett Gjeld det òg for spørsmålsteikn...?
  3. Dakars tolvsjuen, den kjem berre til å ramla av i neste sving
  4. ahhahahahahahahaha Og så berre for å få litt balanse i det heile:
  5. Ikkje minst vil eg tru dyr blir, eh, lagra i eit rom som er trykksatt og oppvarma.
  6. Har det kome nokon slags form for pressemelding om denne saka, i det minste? Er det nokon som har spurt POD kva som skjer?
  7. Eg tykkjer det er morosamt når dei ikkje skjønar kråkeføtene som diskenspringaren har knota ned, og så prøvar etter beste evne å skriva det av. Til dømes er eg eigar av ein Weatherby "Patriorian" (Patrician) pumpehagle. Folka på våpenkontoret er så søøøøte :3
  8. Det er òg eit spørsmål. Dette er vel minst den tredje eg har sett så langt.
  9. Om halvautovåpen hadde blitt forbode ved sist korsveg når våpenforskrift blei oppdatert, hadde 22.7 2012 vore Noregs svartaste dag sidan 9. april 1940. Eller 22.7.2013, om lauken tok seg ein WoW-pause i mellomtida. Dei fleste som tenkjer over dette litt, kjem til nokon lunde same konklusjon. Det er difor debatten etterpå stort sett ikkje har handla om teknikk og mekanikk, men om ting som katastrofedrill og klima i samfunnsdebatten.
  10. Eller som Bill O'Reilly sa på Fox News ein gong, "Fuck it - we'll do it live!"
  11. "..hæ?! Eg? ANSVAR?! Det er jo DEI som får BETALT for det som skal ta ansvar!"
  12. Rimsopp er knallgod. Sautér raskt i glovarm panne med litt kvit peppar og smør, og ferdig. Folk brukar ikkje plukka den av di at den har ring på stilken, og den kan stå i mengder i kvitmosen innover på furumoene.
  13. S&W rir på "22-klonebølgen", modellar som replikerar ein fullkaliber-pistol i tyngde og "følelse" - sjå tidlegare og noverande modellar frå SIG, til dømes. Dette siste tilskotet til hypen visar seg å vera produsert i Tyskland av Umarex-konsernet (Walther), sidan S&W ville ut på markedet fort og ikkje hadde produksjonskapasitet. Det kan frå tidlege rapportar virka som om kvaliteten er noko betre enn somme andre tilsvarande pistolar. Særskild vil eg nemne sinkbøttesleiden til SIG Mosquito. Tysklandsproduksjonen førar til to ting. Det eine er ein manuell sikring, i motsetning til kva ein kan få i ordinære M&P-modellar. Dette for at dei skal koma seg rundt importrestriksjonane inn til the US of A. Det andre er at den er utstyrt med det same gjenga løpet som Walther P22, og med det er kompatibel med det hendige lyddempar-adapteret som P22 brukar. Now we're cooking with gas. Eg er lei av å dra på røyrtang til feltskyting. Den er ikkje eit feltvåpen, og har aldri vore det. Eg elskar å skyte med GSP'en, fordi den skyt himmelsk bra, men eg har til feltbruk lenge tenkt på å skaffa meg ein MKII/MKIII, slik som Alle Andre I Heile Verda, eller kanskje ein gammal Colt Woodsman eller til og med ein Hi-Standard for å vera sær. Vekselsett er nok ute av diskusjonen sidan militærpistolen min ikkje har noko slikt. Fordelen med denne modellen her, er håndtering som minnar meir om det eg skyt mest med på grunn av det tilsvarande formatet, ut frå koss eg kan sjå. Eg hadde ikkje kjøpt Mosquitoen grunna sleidematerialet, og somme andre eg har prøvd har ikkje passa meg. Ein .22-1911 slik Pedersen har, er kanskje eit alternativ for Selskabsforeningen John Moses Brownings Minde, men ein bonus med denne her er at eg er dempar-klar frå starten av, noko som er ein fordel sidan eg likar å trene med .22 og lyddempar til min og naboane sin glede. Om prisen ikkje er ueffen, vil eg nok ta ein tafsetur. Tippar desse vil koma til Winge i så fall- Rino er vel på ferie fram til utpå hausten. Fram til det: er det nokon andre som har sjekka om desse kan bli aktuelle her på berget? Eg har ikkje tenkt å handla før til neste sesong uansett. Stort godt grep, ikkje altfor tung. Det store spørsmålet blir avtrekket. Om det ikkje er godt nok til felt, og visar seg å vera vanskeleg å få reint utan større investeringar, går eg nok forbi denne. Med ein slik på, blir det livsfarleg å vera tom ølboks bak vedskjulet ein varm sommardag. Lyddempa .22 er for pistolar det ein MG eller ein MR4 er for bilar: liten og lett, og så morosamt at det nesten skulle ha vore forbode.
  14. Eg er låst på .30-06, ja. Har hatt lyst på ein i årevis, og i tillegg lysten på å leike med med ladepresse og Ackleybrotsj. Eg skal ringa og høyra kva som er å få når det nærmar seg.
  15. Takk for tips! Eg har faktisk tenkt å gå for utan omsmidd hevarm. Med andre ord, speiderrifle! Eg har prøvd, og fått lyst. Veit du om han har HVA-mekanismar i .30-06 utan omsmidd hevarm? (Eg likar den rette best, heilt ærleg.) Kva er løpslengda på dei? Eg undrar med tida å køyra ein Ackley-brotsj opp i hekken på den, og då er det greit med litt lengde. Denne siste setninga høyrast ikkje så reint lite homoerotisk ut, men eg klarar ikkje heilt å setta fingeren på kvifor.
  16. Eg vil ha elgmoped. Tråd kjem. Tenkte å basere den på ein mekanisme frå Landrø sine hyller - 800 spenn for heile sulamitten, minus brekkstangstokken som eg uansett ikkje kjem til å trenga. Nokon med betre forslag til kvar eg burde finna ein god, velholdt Mausermekanisme med løp i .30-06? Tips til utplukkinga?
  17. Blir født ein kvart minutt. Pass på limtube og spritflaske når dykk går svangre, jenter.
  18. Skal skanne inn til deg, nema problema. Eg trudde òg at min gjekk høgt heilt til eg kikka litt nærare på teknikken min... har du sjekka sittande stilling med god støtte nede og oppe? Eg fann ut at eg hadde eit for veikt grep og tok i avtrekkaren skeivt, kombinert med hardt avtrekk og litt høg senterlinje gav det greie samlingar, men stort sett rundt klokka ti over halv tre. Kan godt vera du har sinnsvakt mykje meir peil enn meg på pistolskyting, faktisk vil eg seia at det er nesten garantert, så eg skal ikkje legga meg så mykje oppi dette her. Vil tru det er lassevis med gode justerbare sikter som vil passa bra, og at det er ein smal sak for ein flink børsemakar å frese, file og mekke til om det ikkje passar rett inn i svalehalesporet. Send meg ein PM med ein epost-adresse så skal eg skanne heile manualen til deg på jobb i morgon. Eg er ikkje ein spam-bot.
  19. Det meste av lakkfjernarlurium brukar gå bra, men det hendar ein må ta litt ymse i bruk. Når eg skulle gjerna gammal uretan-lakk frå ei søttitals japanskprodusert Weatherby-pumpehagle måtte eg bruka noko metanolbasert (eg tok ein stiv GT før, under og etter for å motvirka forgifting) før det krølla seg og blei mjukt. Eg vaska vekk den mjuke lakken med varmt vatn, det løyste seg som berre det.
  20. Kokt linolje pluss noko anna lurium som shellac eller kvistlakk gjer ei overflate som til forveksling minnar om lakking. Og eit kjapt strøk med ei oljefille i ny og ne er fanken så mykje enklare enn å fylla inn lakksprekkar.
  21. Vektor er eit Pretoria-basert delselskap i Denel, eit digert sør-afrikansk forsvarsindustri-konglomerat. Vektor SP-1 er standard tenestepistol i det sør-afrikanske forsvaret og politiet. Den er òg populær som sjølvforsvarspistol hjå sivile i SA. Med andre ord er det ein pistol som ofte blir brukt i det VJ vel ein gong kalla "sosial samanheng". Mykje. Trettiskotsmagasin er standardutstyr for politifolk på gata i Johanna. Tilfeldigvis er SP-1 til våre meir fredsæla traktar av verda òg ein sportspistol som eg tykkjer har nydelig presisjon, eit tungt men ganske reint enkeltspent avtrekk, bra sikringar, eit overraskande godt skjefte, og solid funksjonssikkerheit til ein ganske snill pris, noko som er grunnen til at eg kjøpte ein for seks-sju år sidan. Eg var fattig student på den tida, og ville ha ein double action-pistol eg kunne bruka til vidt forskjellige ting, inkludert praktisk production-klasse, utan at eg måtte ta kål på ølbudsjettet for fleire månader framover. Me kallar dette på fagspråket for "prioritering". Eg tykkjer sjølv eg fekk eit ganske bra kompromiss. Ølet er drukke og gløymd, anna enn det som ligg rundt magen, men pistolen skyt eg framleis mykje med. Eg har aldri gjort noko med den, og veit ikkje om eg gidd heller. Den funkar. Bra. Veldig bra. Eg har nok av andre ting eg kan problematisera i staden for. Pistolen er ein ulisensiert kopi av Beretta 92FS frå den tida då Sør-Afrika var slemmaste guten i klassen og ikkje fekk kjøpa våpen frå utlandet, med unntak av frå Israel, som då og no handlar med alt og alle så lenge dei får ein tryggleiksgevinst for landet sitt, til dømes i form av sør-afrikansk uran, og frå Finland, som utover i den kalde krigen hadde ein ganske...pragmatisk haldning til ting, noko du helst skal ha, om du bur i same borettslaget som Josef Stalin. Nok om det. Altså, dei fekk tak i nokre Beretta 92-pistolar og rett og slett de- og re-konstruerte dei. Sørafrikanarane er flinke med mekanikk. Til å byrja med gav sør-afrikanarane like mykje faen i opphavsrettar som i menneskerettar, og kopierte Beretta-pistolen skrue for skrue og kalla den Z-88. Seinare kom dei på betre tankar (kva gjeld menneskerettane, altså), så Vektor laga heil i staden for open sleide, vrei litt på avtrekkarbøyla, og kalla den SP-1. Slik vrei dei seg unna Beretta-advokatane, og sidan dei ikkje sel så altfor mange av dei til sivile utanfor Sør-Afrika, har det heller ikkje blitt så mykje ståk. Den er framleis såpass kompatibel med Beretta 92 at du kan kjøpa dei fleste delane og bytta om. Det er ein versjon i .40 S&W, og eit par sportsleggjorte versjonar med trimma SAO-avtrekk og rett avtrekkar (som er fantastisk digg, om du prøvar det). Ein versjon med nedkorta skjefte og løp til offisersbruk er òg laga, i fall marsipanbrøda på skuldra dine er så tunge at det blir reint for mykje for gamle giktbrotne generalbein å måtte bæra ein heil fullstørrelse-pistol attåt...vel, når det er sagt: sleiden er massiv. Eg undrar av og til på om dette er noko av det som gjer den solide funksjonen - meir masse framover er lik meir energi, eller "kladunk"-kraft som eg likar å kalla det, til å overkomma større og mindre mekaniske hindringar, materieoppbygging og liknande. Berre ein teori, men eg har samstundes merka med at Kalasjnikov-våpen og AG-3, som alle har nokon digre stålgjedder til sluttstykker, funkar solid og jamnt. Diskutér, grei ut foran klassen på måndag. Altså, for å oppsummera fjaset mitt så har du kjøpt ein solid, velfungerande og presis pistol til militærfelt og IPSC Production Division. Gje beng i å trimme og mekke på den, sidan den alt funkar bra til desse formåla slik den er. Kjøp heller ein 1911 eller liknande om du vil ha ein racerpistol. Hadde du sikta deg inn på pallplass i NM Felt Militær, hadde du kjøpt deg ein Pardini eller SIG P-210 for lenge sidan. Nokon vil klage på at magasina er for små til IPSC production. 15 skot held bra nok, men eg har tenkt å få kjøpt flush-fit 17-skots magasin frå Mec-Gar ein av desse dagane. 18-skots finst òg, men eg veit ikkje om dei går til production sidan dei endrar originaldimensjonane litt. Gratulerar! Her er bileta av min (ja, eg veit sikringa er av, og ja, eg drit i det.) Elskar du ikkje å bu i eit land der du kan publisera bileta av pistolen din med full serienummer, sidan du uansett har papir frå snuten på at du eig den? Bruksanvisninga kjem på afrikaans og engelsk. Afrikaans er nære nok til norsk til at du skjønar brorparten, og det ser jævlig raft ut med ein afrikaans-språkleg pistolmanual. OG! OG! Neste gong nokon diskuterar afrikansk økonomisk utvikling med deg på fest, kan du spørja dei kva tid dei sist kjøpte eit høgteknologisk, lokalprodusert, afrikansk industriprodukt. "Don't point dat fookken' tentacle! " "Hellau, little guy! It's the sweetey man comin'!" Hopp, Johanna, hopp! http://www.youtube.com/watch?v=bNNfAuMq-M0 Verdas finaste nasjonalsang har dei òg:
  22. Botnlinja er vel uansett at eg ikkje hadde satt i gang med noko slikt utan å ha skikkeleg verkstad. Særskild med boring inn frå sida eller liknande, alt etter kor mykje ein kjem til, måtte ein hatt ein skikkeleg søylebor. Går hetta av inne i kammeret, med alt av lurium som har vore nedi der og transla patronen og trykka ned kula...blir som å hamre på ei røyrbombe. Gurgle. Alt i alt tykkjer eg at ei løysing basert på hydraulikk høyrast mest attraktiv ut, om ein får rigga det til. Mest truleg ville eg sjølv ha forsøkt å øydeleggja patronen, med særskild finesse lagt til det å få vekk tennhette eller krut. Så kan ein sitte og pirke ut resten skånsomt så ein ikkje skadar kammeret.
  23. Om hylsebotnen stikk ut litt frå kammeret, hadde eg prøvd å sage den av med ein baufil til eg kunne brekka den vekk. Då er tennhetta ute av vegen. Så kan ein få resten ut i sitt eige tempo. Berre fjas å seie at folk ikkje skal gje råd. Det er til sjuande og sist han som spør om råd som vel å fylgja det. Det nokon andre har tenkt kan han godt ha tenkt på sjølv, betre då at nokon kan seia frå at dette og dette er ikkje noko lurt. Som i dømet med tennhetter. Alle som har lese denne tråden no, veit at ein ikkje kan drepa tennhetter sånn heilt utan vidare. Kunnskap kjem ikkje før ein veit at ein ikkje veit noko.
  24. Er det løyve, er det lov. Ikkje at eg trur det er mange som hadde fått løyve på denne, i alle høve.
×
×
  • Create New...