Jump to content

Eidfjording

Members
  • Posts

    58
  • Joined

  • Last visited

Eidfjording's Achievements

Contributor

Contributor (5/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Tenkte ein del på det då eg sat på åta i natt. Eg har bardunert jaktbua mi ei høgspentmast, og berre nokre meter over bua heng 66kV. Har sjekka på nettet ang. magnetfelt rundt linjefasane, og bua mi burde etter det som står vore plassert minst 20m vekk frå linjene for å kome under kravet på 0,4 mikrotesla. Nokon som veit korleis eg kan løyse dette problemet? Og om det i heile tatt er vits i å gjere noko med, sidan eg berre søv der 2-3 dagar i veka. Har lest ein del om faradays bur, og det kunne jo kanskje vore ein ide og dekka bua med hønsenetting i forsøk på å skape eit sånt bur? Håpar på svar.
  2. Har ei BRNO ZKW 465 22 Hornet som eg lurar på om eg skal få brotsja opp til 22K Hornet. Ser det har vore diskutert tidlegare på forumet, men vart ikkje så veldig mykje klokare. Akkurat 22K Hornet finn eg lite om så blir nok ein del dumme spørsmål: - Er det slik at ein må skyteforme Hornet hylser om til K Hornet? - Finn ein ladedata i ladeboka til 22K Hornet? - Vinn ein mykje hastigheit ved å brotsje opp til K Hornet? - Er K Hornet eit kaliber som er kresen på valg av krutt og kuler? (Eg ladar sjølv) Nygjenga løp
  3. Kan du legge ved link?
  4. No er jaktbua straks ferdig. Åte ligg på rundt 60-70m. Eg har bestemt meg for å bruke kunstig lys og lurar difor på kva slags lyskastar som passar best av desse to: - http://www.jula.no/lyskaster-led-ip65-800-lm-427597 - http://www.jula.no/lyskaster-led-ip44-2400-lm-427599 Dersom nokon veit om andre ljoskastarar som egnar seg så skrik ut.
  5. Skal lade 22 Hornet i nærmaste framtid. Men er ingen butikkar som har tomhylser på lager!! Er det nokon som har ein minste aning om kvar eg kan finne tomhylser i 22 hornet?? Hjemmelading var tomme Midwaynorge var tomme Jaktogfriluft var tomme Og xxl har ikkje ..
  6. Treng tips til ljoskilde på åtet mitt. Åtet ligg 60-75m ifrå bua mi, og eg treng ein ljoskastar som kan gje brukande skyteljos. Kikarten på børsa mi er ein Zeiss classic 3-12x56. Tips?
  7. Hei. Har ein original Cz 452 Varmintstokk som eg ikkje har bruk for lenger. Kor stor verdi trur de denne stokken har? Stokken er strøken, men ein klarar så vidt å skimte noko riper i den. 1 år gamal og nesten ikkje brukt.
  8. Det er vel helst berre 2-3 av børsene som ligg på denne tråden som ser veldig "tactical" ut. Kvifor upraktisk??
  9. Flotte våpen! Ein skulle no tru at det var nokon her inne på kammeret som hadde ein gamal BRNO stokk å avsjå til deg Glenn_G
  10. Det er godt å vite at me har lysare tider i vente, og meir tid til skyting! Så du får ta kameraet ditt med deg og vise oss presisjon og ammotesting Flott børse!!
  11. Kom igjen folkens! FYLL TRÅDEN MED BILETE
  12. Ser at det er fleire som har prøvd å få til ein tråd der folk kan leggje inn bilete av børsene sine osv. Virkar ikkje heilt som at det er den heilt store interessa. Men eg prøvar likegodt eg og. Dette er ein tråd der folk kan leggje inn bilete av: - Børsene sine - Samlingane sine - Jakt med børsene deira - Prosjekt dei har hatt med børsene sine - Forskjellige typar ammunisjon som går godt i børsene sine - Skytetreningar For å få denne tråden litt i gang, kan eg likegodt leggje inn nokre bilete av salongen min. Kjøpte børsa sommaren 2010, bestilte ein Leupold VX-L 2.5-10x50 frå Statane, som eigentleg skulle på ein BRNO 22Hornet, men som av ein eller anna grunn havna på salongen. Deretter kjøpte eg ein A-tec Cmm-4 dempar, og fekk søskenbarnet mitt til å kappe og gjenge løpet for meg, så takk til han. Leitte lenge etter ein type ammunisjon som gjekk bra i børsa. Alt av remington gjekk mildt sagt rævdårleg, og CCI var i allefall ikkje noko å skryte av. Til slutt enda eg opp på Eley, fyrst Club (som gjekk heilt akseptabelt), etter ei stund fant eg Eley Sport Biathlon, som gjekk veldig veldig veldig tilfredstillande. Til holspiss brukte eg Eley Xtra Hollow, som og gjekk bra, men ikkje fullt så bra som Sport Biathlon. Er derfor og på utkikk etter ein slags "whisperizer" av eit eller anna slag, om nokon har tilgjengeleg. Bestilte etter ei stund stokk frå Boyd's. Stokken var god å halde i, men er ikkje heilt nøgd med utsjånaden, litt for mykje "american-style". Likar best trestokkar som ikkje er alt for originale. Kjem til å legge ut bilete av børsa slik den var før eg byrja å forandre på den. Må berre komme meg heim fyrst Testing av ammo i sommar. På denne blinken var børsa innskoten på 50m På 60 meter datt kula 2.2cm På 70 meter datt kula 6.3cm På 80 meter datt kula 11.5cm
  13. Eg meiner å hukse eg kappa løpet 7-8 cm. Børsa vart for det fyrste mykje tøffare, og lettare å ha med å gjere, ikkje framtung i det heile tatt. Dersom du skal på jakt med børsa, er Eley Subsonic Hollow Extra ein god patron. Samla nesten like bra som Eley Sport Biatlon, Hollow Extra er dyr, men ein bruker jo ikkje så mykje av jaktammunisjonen. Eg har skote store måsar med denne ammunisjonen og dei dett i smellen. Eley HSE oppe til høgre.
  14. Børsa mi, som er ein 452 varmint med kappa pipe og dempar, samlar svært tilfredstillande med Eley Biathlon Sport. Litt stiv pris, men likevel. Har akkuratt kjøpt 1000 SK standard, så gledar meg til å teste ut den nye ammunisjonen.
×
×
  • Create New...