Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Fiocchi er greie hylser, har ikkje erfaring med dei i 44 Magnum men i mange andre kaliber. Eg hadde definitivt foretrukke Starline av dei to, Fiocchi har ein tendens til å ha eksentriske tennhol bl.a. Dette er ikkje noko stort problem i pistolkaliber, men i rifle har det større betydning. Gratis hylser er dei beste hylsene, så får du tak i det er saken grei. Står valet mellom å kjøpe Fiocchi fabrikkammunisjon eller Starline hylser og så lade dei, så hadde eg definitivt gått for Starline.
  2. Kor mange gongar lada du om Starline-hylsene før dei fekk synleg skade?
  3. Hornady har óg fabrikknye hylser som eg veit, mogleg andre óg. Kva fabrikat meinar du evt. er betre?
  4. Det er aldri feil å kjøpe Starline, truleg dei beste og blant dei billegaste hylsene på marknaden i dag.
  5. Co-ax er ei flott presse og har fleire gode løysingar, men den har óg nokre ulemper som trekkjer kraftig ned, iallfall til mitt bruk. Den er ueigna til kaldpressing av kuler f.eks, eg stolar ikkje på at låsesystemet er solidt nok til det. Skal ein kalibrere kuler med Lee sine diar, så er óg dette meir styrete å få til på Co-ax, det same med tennhetteisetjing v.h.a. ram priming units. Eg veit óg at mange har hatt problem med mikrometerdiar og lange magumpatroner, men har ikkje opplevd dette sidan eg ikkje ladar dei lengste magnumane sjølv. Co-ax kan vere eit ergonomisk mareritt ifht. opne O-presser, som f.eks. Redding Big Boss etc. Alt må skje rett framanfrå, og dette kan vere knotete og en må konstant endre kroppsposisjon for å få fortgang i sakene. Pressa er heller ikkje spesielt godt egna for oss med litt større nevar. Hylsehaldarsystemet kan óg vere litt svakt, og det kan bøye seg om ein er uheldig med smøringa av hylsehalsane. Opninga for brukte tennhetter er fiksa i den siste versjonen av pressa, men for B-4 og tidlegare kan dette vere eit problem. Elles så har den mange positive sider, som ellereie nemnt tidlegare i tråden.
  6. Ein kamerat kjøpte den første av desse som kom inn til landet, Søilen hadde ikkje problem med å få tak i den. Så eg ville starta der. Eg veit iallfall at det er selt minst to av desse i Noreg.
  7. https://no.norsegear.com/aimpoint-micro-t-2-2moa-39mm-spacer-lrp-mount
  8. Koparbelagde kuler må ikkje forvekslast med mantla kuler. Dei ser kanskje temmelig like ut, men der sluttar óg likskapen. Koparbelegget er som regel veldig tynt, og bidreg lite til eigenskapane til kula, anna enn å vere ei barriere mellom bly og løp. Å legge kopar på blykuler involverar som regel fleire typar syrer, cyanidløysingar etc., og er som regel ikkje noko ein hobbyist gjev seg ut på. Då er det betre å evt. teste ut pulverlakk som nemnt over, som gjev omtrent same resultatet. Eller evt. ta steget heilt ut og byrje med kaldpressing.
  9. Ja, kan lett seie meg einig her, enten Keith eller WFN og tilsvarande. Som eit utgongspunkt, 50/50 Pb/hjulvekter, bråkjølt, burde gje ei passe hard kule som ikkje splintrar.
  10. Det høyrest ut som at du treng ei tung og god blykule.
  11. https://www.brownells.no/A-FRAME-REVOLVER-BULLETS-44-Cal-429-280gr-Hollow-Point-50-Box-SWIFT-BULLET-CO-44-Caliber-429-430-Hollow-Point-HP-749016283 https://www.brownells.no/A-FRAME-REVOLVER-BULLETS-44-Cal-429-300gr-Hollow-Point-50-Box-SWIFT-BULLET-CO-44-Caliber-429-430-Hollow-Point-HP-749016284 Dette er vel noko av det mest "premium" som er å oppdrive til handvåpen, og med dertilhøyrande pris.
  12. Med Vihtavuori trur eg det vert vanskeleg, men der er litt betre utval med amerikanske krut. F.eks;
  13. Humbo

    Dillon 650

    På Dillon og ved lading av flaskehylser så skrur ein krutdia langt nok ned til at ein får full vandring på krutsleiden. Lenger er ikkje naudsynt.
  14. For dei som har dreve med heimelading ei stund, så er det ikkje noko nytt at utstøtaren kan sitte i expanderdia, spesielt på eldre diesett. Eg har diesett frå både RCBS og Pacific (Hornady) som har denne løysinga. Desse diesetta er truleg minst 30 år gamle, men om slike framleis vert produserte skal eg ikkje uttale meg om.
  15. Så ein produsent som ikkje står på lista, men som absolutt bør vere der; Freedom Arms = SweNor Import.
  16. Humbo

    Kuleisetter die

    Det kan eg vere einig i, eg trur ikkje eg hadde brydd meg med comp-diar i handvåpenkaliber ved bruk av einstasjonspresse.
  17. Humbo

    Kuleisetter die

    Eg trur kulevalet har mykje å seie her. Eg skal ikkje påstå at ammunisjonen blir så merkbart mykje betre presisjonsmessig, men ved bruk av blykuler er det ein stor fordel at kulene blir sett beint. Spesielt ved bruk av kulematar, som eg har på dei fleste pressene mine, i kombinasjon med Hitek/bly så kan det bli litt kvalme når kulene ikkje sit heilt beint i hylsa når ein kjem til settedia. Eg nyttar mykje Hitek og svært lite mantla kuler, og belegget skavast relativt lett av om kula ikkje entrar hylsa beint. Ein slepp óg unna med mindre utviding av hylsemunningen ved bruk av Redding comp-diar.
  18. Humbo

    Kuleisetter die

    Eg ladar til dei fleste nokonlunde vanlege pistol- og revolvarkaliber, unntatt .41 og .475. Eg ladar óg ein del riflekaliber, og nyttar óg som regel Redding Comp-diar her.
  19. Humbo

    Kuleisetter die

    Det høyrest ut som at du hadde diekroppen skrudd for langt ned. Ikkje skru den så langt ned, og skru heller settestammen lenger ned. Du kan justere stammen uavhengig av mikrometeret gjennom eit sekskanthol på toppen av dia om du ikkje kjem langt nok ned ved å skru på mikrometeret. Har slike diar i dei fleste kaliber eg ladar, som er byrja å bli ein del, og desse diane er overlegne.
  20. Ikkje uventa, RCBS har truleg den beste kundeservicen i bransjen.
  21. RCBS har delen du leitar etter, og sender sikkert ny gratis. Sjekk side 16 her; http://rcbs.com/RCBS/media/RCBSMedia/PDFs/Parts/Parts_Book.pdf 3 1-90203 Primer Feed, Large Right Half 3 1-90205 Primer Feed, Small Right Half 4 1-90204 Primer Feed, Large Left Half 4 1-90206 Primer Feed, Small Left Half
  22. Kva fabrikat er diesettet?
  23. Det absolutt billigaste er å bygge seg ein, er ikkje store investeringa som skal til. Eg vil anbefale å kjøpe Auber framfør Mypin etc, Auber ser til å halde lenger og er generelt sett ein betre PID. Å sette saman ein er teknisk temmelig enkelt, der eksisterar óg ymse tutorials på nett. Ang. fiks ferdig PID-kontroller så har eg sett dei for sal, men eg hugsar ikkje kvar.
  24. @spindrift: Takk for det. Dette var faktisk flatnose-versjonen av holspisskula som vist over. Legeringa var forholdsvis hard, tilnærma hardball 92-6-2. Eg nyttar no litt mjukare legering, men herdar kulene i staden for å få opp BHN noko. Då har dei hardheita til ei legering rikare på antimon, men dei metallurgiske eigenskapane til ei legering med lågare Sb-innhald.
×
×
  • Create New...