Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    450 Marlin

    450 Marlin er faktisk i familie med 458 Winmag, men problemet er at magnumbeltet på 450 er ein del breiare, og det vert difor vanskeleg å forme hylser frå andre kaliber. Det var nokon tidlegare i veka som snakka om at svenskane hadde inne hylser i 450 Marlin, så det let seg kanskje gjere å skaffe nokre derifrå. Elles er vel håpet at kanskje nokon har inne fabrikkammo i kaliberet? Mtp. tilgong i framtida er det nok tryggare å gå for 45-70. Marlin har slutta produksjonen av rifler i 450 Marlin for lengst, men det ser ut som at kaliberet har fått ein liten fanskare hjå boltskyttarane. Om amerikanarane får augene opp for denne"magnumen" i kort kasse, så kan det kanskje forlenge levetida for denne glimrande patrona. P.d.d. er det diverre kun Hornady som produserar hylser i kaliberet. Elles så er Reloading Intl. eit alternativ, dei har visst orden på dette med eksportløyver og slikt. http://www.reloadinginternational.com/catalog/product_info.php?products_id=2646
  2. No kjem det sjølvsagt an på kva kvantum du opererar med, men ei presse frå Magma Star vil raskt løne seg tidsmessig. Eg vil seie den er mykje kjappare enn alle andre ikkje-motoriserte alternativ på marknaden, og ein har f.eks. kulematar, nase-først-kalibrering og luftmating av feitt, for å nemne nokre av fordelane. Lee sine push-trough-diar fungerar greitt, men er eit treigare alternativ, i tillegg til at ein må drive på med det hersens, klinete alox-greiene. Til pulverlakkering vil derimot Lee fungere bra, men ein må likevel handtere kvar enkelt kule. Prismessig er det lite som kan konkurrere med Lee sitt alternativ. Ca. 2,5 min på 130+ kuler.
  3. Enig, til hylseprep hadde ein slik vore gull, sidan eg helst først køyrer decap og sizing før tromling i steel media. Til lading er eg usikker på om eg hadde stolt 100% på den, det blir litt som å skyte ammo som andre har lada. Ein veit aldri om det har vore ein glipp. No hadde denne autodriven ein del fleire tryggleikstiltak enn f.eks. P/W og Forcht, men eg stolar framleis meir på høgrearmen og augene enn slik automatikk. Men til hylseprep er det lite som kan gå gale.
  4. Å hale lyr nyttar eg venstrehanda til, vert så lett glepptak under ladeprosessen elles.
  5. Med dagens kurs så hamnar den på rundt 20.500 kr (2649 USD) eks. mva, så rundt 27.000 inkl. mva. og frakt må ein nok belage seg på. Med ei fersk 1050 frå Nordby så er vi straks rundt 45.000. Tvilar på dette er noko for private, men mindre ein 1: ikkje gjer anna enn å skyte, 2: har djupe lommar og er seriøst utstyrshore. Skulle absolutt gjerne hatt nokre slike, men sidan ein likevel må sitte vakt og fylle tennhetter og krut, så trur eg heller at eg foretrekk å gje høgrearmen litt trening med å dra i spaken. Dessutan har høgrearmen min innebygd både naudstopp, dwell og hastigheitskontroll.
  6. Olav, det er ingenting å stusse på!
  7. Er der nokon plass for oss som ikkje driv med TV og slikt vi kan sjå dette på internett?
  8. Her var det mykje pent gitt, men når det kjem til linjer og estetikk så er det i mine auge lite som kan måle seg med ein SA av riktig type. Ingenting unødvendig rillrall, berre reint, pent og sexy. Det skadar heller ikkje at våpenet er så tight at det får andre våpen mest til å minne om skranglete leikepistolar frå Brio.
  9. At kråkene er blant verdas smartaste fuglar er det liten tvil om. Hadde ei skyteglugge på låven i den tid det var revehagar i nærleiken. Såg kråkene at ein person gjekk inn, og ingen kom ut att, så kunne du banne på at dei heldt seg vekke. Men gjekk to personar inn under same frakken, og ein gjekk ut att, så kom dei etter kort tid. Så at dei i tillegg kan telje er fascinerande. Ein måtte óg alltid ha eit kostestkaft eller liknande stikkande ut av gluggen slik at dei ikkje reagerte når ein stakk ut løpet.
  10. Uansett om hylsa går i kammeret så er det viktig å heilpresse for å få skikkeleg kulehald, spesielt i eit våpen der ein har kombinasjonen tunge kuler, røyrmagasin og litt rekyl. Det er evt. mogleg å necksize 45-70 vha. ei 45 Colt carbiddie om hylsene er er skotne i våpenet før. Eg er temmeleg sikker på at det ikkje eksisterar carbiddiar i 45-70, å ha carbidinnlegg for ei såpass lang hylse ville raskt kosta skjorta. Dessutan må ein smørje riflehylser uansett om ein nyttar carbiddiar eller ikkje. Grunnen til at carbiddiar for rettvegga hylser er smørjefrie er at carbidinnlegget er ein liten ring nedarst i dia, og friksjonen mot hylsa uansett er minimal.
  11. Humbo

    RCBS Uniflow

    Kontakt RCBS, dei sender deg nok nesten garantert nytt reservoar utan kostnad.
  12. Dette er nokså vanleg praksis i USA og har lite med kor seriøs ein aktør er. Eg har handla med fleire titals personar som kun godtek money orders eller kontantar, som i tillegg er dønn seriøse. Litt bale for ein som befinn seg på ein knaus i Skandinavia, men let seg som regel ordne om ein har bekjente der borte. At Waltz er vanskeleg å få tak i er nok mest fordi han er gamal og sikkert trappar ned.
  13. 625-5 Classic i 45 Colt. Finst det fleire av desse i kongeriket?
  14. Det kan virke kjent, lurar på om det var difor eg fekk ein bekjent i USA til å ta seg av transaksjonen. Syns å hugse at det var enten kontantar eller sjekkar det gjekk i.
  15. Underdimensjonerte tønnehalsar er langt ifrå eit ideelt utgongspunkt, men det er ikkje håplaust. Som evert var inne på så kan det løne seg å forske litt på legeringar og hardheit. For harde kuler saman med trang tønne vil nesten garantert føre til blying. Men blaute kuler, gjerne holbaserte wadcutters, kan vere god medisin i våpen der forhold mellom tønne og løp er feil. Val av krut kan óg vere avgjerande, eg ville gått for hurtige krut for kaliberet i slike tilfelle.
  16. Ang. pris så var den 125 USD pluss 15 USD i frakt (til amerikansk adresse). Dette var i 2012, frakt til Noreg er eg usikker på.
  17. Paco Kelly og D Rock er andre som produserar slike, men Waltz er den einaste som ein nyttar som ei konvensjonell die i ladepresser.
  18. Det stemmer, men den er treig i bruk og har dårleg med justeringsmoglegheiter. Waltz si die er ei heilt anna verd, og er etter mi meining det beste av slike verkty.
  19. Einaste måten, såvidt eg veit, å få tak i denne på er å kontakte Neal Waltz direkte. Er nokre år sidan eg handla med han, men går utifrå at han driv på endå. waltz@sssnet.com
  20. Ja, har ei slik die. Opplevde faktisk betre presisjon med billig .22-ammo etter å ha køyrt den gjennom dia. Har prøvd med både CCI Standard og Top Shot, og begge vart merkbart betre.
  21. Har du sjekka at krutsleiden bevegar seg heilt til endes? Viss ikkje så må du skru krutdia som krutmålet står på lenger ned.
  22. Evt. slå gjennom ei blaut blykule og mål med mikrometer.
  23. Det du kan gjere er å polére krutmålet ditt, du finn rettleiing på korleis du gjer dette på nettet. Noko som óg hjelper, og som eg har på alle mine Dillon krutmål, er ei ekstra returfjær på krutsleiden. Sleiden får då ei bråare returrøyrsle, og ladningane vert jamnare. Så ein siste ting, heng krutkorna i krutmålet? I så fall bør du gå over krutmålet med ein antistatisk klut eller litt grafittpulver o.l., eller evt. jorde pressa di. Grovare krut har som regel litt større avvik enn dei finare, kva krut nyttar du?
  24. Angåande tumbling av skarp ammo, så har dette vore diskutert ad nauseam på dei fleste våpen- og ladeforum rundtomkring. Her er ein som har gått vitskapleg til verks: http://www.ar15.com/forums/t_1_5/989047_Tumble_live_ammo_Tumbler_Oandapos__thruth_EXTREME_edition__200hour_torture_test__UPDATE__fired_rounds_in_OP.html
  25. Humbo

    Hylsetrimmer.

    http://www.dillonprecision.com/#/content/p/9/pid/23636/catid/8/Dillon__039_s_Rapid_Trim_1200B_Case_Trimmer
×
×
  • Create New...