Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Eg såg ein film der eg med forbehold trur at det var desse kulene som vart brukt. Eg trur intensjonen med filmen var reklame, men det fungerte mot sin hensikt for min del... Dei var i Afrika og skaut dyr og viste ivrig fram kor fint vingene hadde gått gjennom mellomgolvet og inn i vomba på slakta ved lunge/hjerteskudd på dyr som sto med breisida til... Siden vingene ikkje lenger roterte, hadde dei tross alt laga fine og reine hol i vomba på dyra
  2. Eg har kjøpt inn eit knippe med 220 grns fox til min 9.3x62. Presisjonen er framifrå, men eg har ikkje forsøkt desse kulene på hjort enda. Enkelte skryter uhemma av desse kulene, andre "har høyrt" om tilfeller med manglande ekspansjon.
  3. Kor finner du desse på tilbud?
  4. Løfter denne ganle tråden. Eg lokker litt rev innemellom, eg har skutt ein del rev på lokk - men føler fortsatt at det heile er litt tilfeldig. Av og til framstår det som enkelt, reven kjem etter 3 minutter og stopper fint opp på 50 meter og gir meg god tid til å skyte eit velplassert skudd. Andre ganger opplever eg økt etter økt, uten å ajå snurten av rev - sjølv om forhold og alt tilseier at det er gode odds. Men når det gjelder fløyter, so har eg hatt mest suksess med muse og fuglelyder, eg har ein gammal musepip (migthy mouse) som fungerer veldig bra til begge deler. Ellers har eg ørten fløyter liggande, eg har bla: twisted psyko, tysk kaninskrik, revehylsa og pc2. Men felles for dei fleste fløytene og kanskje spesielt dei uten membran, som den tyske kaninskik-fløyta og pc2 - er at eg får problemer med dei etter få minutter med lokking. Eg opplever at det kjem litt slev inn i fløytene og dermed blir det berre tull. Dette skjer også i dei opne fløytene med membran, men desse fungerer tross alt. Er det eg som slever for mykje? Andre som kjenner seg igjen i dette? Og eg er open for innspel på andre fløyter, gjerne fløyter som er relativt enkle i bruk. Eg vurderte å kjøpe meg ein elektrisk lokk, det ville gjort livet betydelig lettare, men dei brukarerfaringane eg fekk frå folk som hadde prøvd desse, var i beste fall lunkne.
  5. Eg brukte 6,5x55 på hjortejakt nokre år og skaut ein del hjorter med dette kaliberet. Eg gjekk over til 308 og 9.3 fordi eg ønska meir skuddreaksjon og kortare utras, men eg jakta mykje på dyrka mark på dei tider og opplever at hjorten er ekstra på vakt og dermed ekstra hardskutt når den beiter på dyrka mark, nærme mennesker. Dette førte til utras på 100 - 200 meter og forsvant hjorten ut av bøen på natta, måtte eg gjerne ha hund for å finne dei igjen. Men, eg brukte norma forbedra elite, orxy og nosler partition. Og i 6,5x55 med skuddavstander på mellom 60 og 150 meter var det mindre forskjell i kvalitet på slaktet når eg brukte elite og oryx enn kva eg i utgangspunktet hadde trudd. Men hadde eg skutt dyr på mellom 10 og 60 meter, so hadde nok slakta skutt med oryx sett betraktelig bedre ut. Men min opplevelse er at nosler er utvilsomt den kula som gir best skuddteikn og kortast utras av dei kulene eg har prøvd. No har denne kula eksistert sia dinosaurane daua, folk synes den er kjedelig og alle har ei skrekkhistorie om kor ille eit slakt dei såg var, etter det var skutt med Nosler. Men eg meiner at den har eit ufortjent rykte når det gjelder stygge slakt. Vil du ha ei kule som gjere jobben på ein skikkelig måte, er det aldri feil å velge Nosler eller andre kuler som fungerer etter samme prinsipp.
  6. Hei og takk for svar, det er cdc eg har kjøpt ja, eg var nede og sjekka og det er nok cdc eg har, 160 grns kule produsert av Barnes. Eg såg også på utgangshastighet og dei oppgir den til 820m/s ved munning og ut til 300 meter skulle den holde godt over 600 m/s. Hastigheten i mi korte pipe er nok ein del lavare enn oppgitt av produsent, men eg har lest ein plass at nedre ekspansjonsgrense for barnes ttsx er ca 550m/s. Og då vil eg tru at eg skal ha tilstrekkeøig hastighet til å oppnå ekspansjon ut til f.ex 200 meter.
  7. Gammal tråd, men har folk gjort seg fleire erfaringer? Denne ammunisjonen var på salg i vinter og eg kjøpte 4 pakker i 308. Eg rakk berre å skyte ein hjort med desse og det var ein vaksen bukk. Eg skaut den på 80 meter og skaut høgt so den gjekk ned i smellen, den fekk deretter eit skot til i nakken og då var det slutt - slike treff gir svært lite informasjon om korleis kulene fungerer i viltet. Men eg undrer meg litt over valg av kulevekt. Dette er ei messingkule, og hvis eg ikkje hugsar heilt feil so er det Barnes? Den eg kjøpte var enten 160 grns eller 165 grns, eg hugsar ikkje i farta, og eg har 45 cm pipe i min 308, so hastigheten er ikkje allverdens. Ville ikkje 150 grns vore eit meir fornuftig valg av kulevekt i 308 for å sikre hastighet og ekspansjon? Mogleg eg er unødig bekymra, men la oss sei at ein må skyte på 200 meter på eit ettersøk, 308 med 45 cm pipe og ei solid messingkule på 160 grains som går relativt seint - vil ein få ekspansjon?
  8. Eg vart "frelst" på skytestokker etter eg vant ein (firefoter) frå seeland, som gir støtte både framme og bak. Eg skyter like godt med denne, som eg gjere liggande med anlegg og eg opplever den som både rask, enkel og lydlaus å montere til skudd. Men bakdelen med denne slik eg opplever den, so fungerer den best til rolige skuddsituasjoner, då eg opplever den som knotete på f.ex ein post der hjorten kjem gåande forbi og ein må endre siktepunkt. Eg synes også den er litt knotete til smygjakt i skogsterreng, den er stor, tar ein del plass utslått osv. Derfor kjøpte eg i går ein primos trigger stick gen 3. Det er ein trefoter der ein berre får anlegg på framskjeftet, men eg skaut betre enn forventa, eg lufta 9.3'n på skytebana i dag og satte 3 skudd innafor snusboksen på både sittande og ståande skyting. Eg opplever den som litt knotete å montere, men samtidig opplever eg at eg er meir mobil, dvs at eg kan flytte treffpunktet raskare og enklare her. Men med tanke på kor tung den er og kor keitete det er å få den klar til skudd, so vil denne for min del passe bedre til bruk på post. So då gjennstår det å finne ein optimal stokk til smygjakt i skogen, kanskje det blir ein tilsvarande som primos'n, med med 1 fot? Eg trur biltema hadde slike for salg tidligare, sikkert elendig kvalitet men verdt eit forsøk?
  9. Løfter denne tråden igjen. Det var salg på fox før jul og eg kjøpte 3 pakker 220 grns til 9.3x62 for å prøve. 220 grns er relativt lett, eg har brukt 286 grns i blykuler og 250 grns tsx tidligare, eg ser både for og bakdeler med ei sopass lett kule i 9.3. Etter ein tur på skytebana so kan eg hvertfall fastslå at presisjonen er meget god! Men eg har høyrt litt ymse om desse kulene, frå dei som skryter uhemma til dei som vistnok har opplevd manglande ekspansjon, avknekte vinger osv. Men felles for dei som har gitt meg tilbakemeldinger er at dei enten selger desse kulene, eller so selger dei andre kuler Er her nokon som har skutt litt med desse kulene og gjerne 220 grns i 9.3 som kan dele erfaringer?
  10. Korleis er pusteegenskapane i desse buksene? Spurt frå ein varmblodig vestlending som svetter i tshirt om vinteren.
  11. Eg hadde spist nøttesmør som barn eit par ganger, som tilbehør til fisk men smakte det ikkje igjen før mange år etterpå, då eg vart inspirert til å lage det og heller litt over eggerøre, sammen med eit par dråper sherryeddik - og der insåg eg at det var ein gedigen tabbe å la noko so fantastisk som nøttesmør gå i gløymeboka. Deretter har eg brukt det som saus på ymse kjøtt og fisk, med stort hell. Eg har brukt det i både kjeks og boller, der det har løfta oppskriftene mange hakk og ikkje minst har det vore på grensa til perverst godt å bruke nøttesmør i staden for klårna smør når eg har laga bearnaise - det blir godt det! Er det andre som er like glad i nøttesmør som meg og kan dele erfaringer der det blir brukt som eit tilbehør eller som ingrediens i ei oppskrift? Ps: Eg synes bearnaise'n min er kjempegod, men eg synes den mangler litt "sting". Eg lager kvitvinsreduksjon av kvitvin, kvitvinseddik, estragoneddik, litt vann, sjalottløk, pepperkorn og lauberblad. Og når sausen er ferdig smaker eg den til med salt, pepper og sitron. Men eg synes alikevell den skulle hatt meir meir syrlig punch og eg føler ikkje at eg kjem dit eg ønsker om eg går berserk med sitronen heller. Eg såg eit tv program om ein kjent biff restaurant som var kjent for sin bèarnaise, og dei laga reduksjonen 6 mnd i forveien og lot den "modne" for å få den perfekte smaken. Kanskje det er noko sånt som må til? Eller er her nokon som har eit godt tips for å løfte nivået på bèarnaise'n?
  12. Sjå etter diverse hybrid modeller, det kan vere det du ser etter. Eg er sjølv på leit etter det samme som du, men eg hater syntetisk stoff, og dei hybridbuksene eg har prøvd som har passa, har desverre hatt syntetisk stoff og ikkje bomull. Men google Härkila, eg bestilte ei bukse fra nevnte produsent som eg måtte returnere på grunn av dårlig passform (eg har svært grove lår&legger). Det var ei bukse i grov bommul, men frå midten av låra og ned var den kledd med skinn. Det hadde vore den ultimate jaktbuksa for meg som raskt blir svett og som hater goretex. Trur det var ei tilbudsbukse eg kjøpte via brunst.no
  13. Eg har to beanie's som eg er veldig glad i, aclima sin tynne som blir brukt tidleg på hausten og ei frå bryje med netting innerst som tar over når den tynne frå aclima blir for kald. Denne typen luer sitter tett og har ikkje den brettekanten nederst, som eg ikkje kan fordra! Eg er ute etter tilsvarande, som er enda litt tjukkare og varmare enn den eg har frå Brynje, gjerne i fargen grønn eller oliven. Nokon som har tips til ei lue som er verdt å sjekke ut?
  14. Etter skuffelsen ved Härkila metso active, so bestilte eg ein anorakk i vadmel frå Noréns I malung. Denne fekk eg sydd på mål og etter eigne spesifikasjoner, som forsterkning i skinn på albogane, revepels på hetta m.m og den kom på 3500 nok inkludert frakt og toll. Det har skjedd ein feil ein eller anna plass, for sjølv om det vart tatt mål, so viste det seg at armane var for korte. Men det var ei melding til Noréns og so fekk eg beskjed om å returnere den, so skulle dei ordne dette. Men generelt er eg veldig fornøgd med den og den virker gjennomført og kvaliteten er 100%. Eg var/er litt spent på kengurulommen som sitter på nedre del av magen på denne, og eg er vant til ein større lomme som sitter i øvre del av magen. Men når eg er på jakt og har etuiet til handkikkerten på brystet, so har eg ikkje tilgang på den lommen lenger - so det er nok ein fordel med plasseringa i nedre del. Og skulle eg bestilt ein til, so ville eg hatt ekstra glidelåser under armane - sjølv med vadmel kan ein aldri få nok ventilasjon. Men generelt virker dette som gjennomtenkte og gode produkt, og dei som lager dei er veldig hjelpsomme og greie. Dei har side på fb der ein kan komme i kontakt med dei
  15. Eg har ein pakke med kyllingfilet liggande i kjøleskapet som gjekk ut på dato i romjula. Pakken er begynt å blåse seg opp, so eg vil tru at der er plenty med lukt. Men eg observerer at det er kjøtt frå vilt folk føretrekker når dei egner fellene sine med åte som ikkje er søtt, er det eit poeng å egne mårfellene med halvråtten kyllingfilet?
  16. Eg ser det finnes div tripods der ein får montert fast rifla, noko som eg vil tru vil være svært praktisk på lokkejakt på rev. Eg har berre funne ein type for salg, og den er norskprodusert og koster med alt ein trenger omtrent det samme som ein tikka t3 - dermed utgår den for mitt vedkommende. Men er der andre og litt rimeligare alternativer, der ein får festa/klemt fast børsa, som ikkje koster 6000 kr +++?
  17. Eg har for tiden ikkje tilgang til kvern, min lokale slakter som kverner hjorten til meg, derfor blir det enklaste å kjøpe medister Men takk for innspel
  18. Eg bruker å spe hjortekjøttdeigen med kjøttdeig for å få meir fett i den, då eg synes kjøttkakane blir litt tørre når eg berre brukar rein hjortekjøttdeig. Det var ein eller anna som tipsa meg om å bruke medisterdeig for å spe med, det skulle vistnok bli veldig godt. So når eg såg ein stabel med medisterdeig på tilbud i dag tidlig, so vart dette rette anledningen for å prøve. Men andre som har gjort dette og har eit ca blandingsforhold å anbefale? Eg tenker å begynne med 1,5 kg kjøttdeig av hjort og 800 gram medisterdeig. Ellers må dykk gjerne dele oppskrifter på viltkjøttkaker også! Eit lite tips eg synes er godt, er å erstatte saltet med soyasaus.
  19. Har brulk vadmel nokre år, og blir stadig meir glad i vadmel og dens egenskaper. Eg har bukse frå pfanner som fungerer bra, tross litt lite gjennomtenkte løysinger på spesielt lommer. Jakka eg hadde frå før var frå Alaska elk og den er ikkje det beste ein får, og den hadde eit irritasjonsmoment- den mangla hette! Eg kjøpte derfor ei ny jakke i håp om bedre kvalitet, eg valgte ei Härkila metso active. Eg har og hatt hatt mykje klær frå dei og har vore godt fornøgd med det meste, men denne jakka vart eg skuffa over. Dårlige løysninger som borrelås i håndledd og krage samt hetta på jakka var unødvendig klumpete og dårlig tilpassa. Og materiale i jakka er utblanda, fritt frå hukommelsen er det ca 50% vadmel og resten er eit eller anna ekkelt nylonstoff. Og det merka eg i pusteegenskaper i jakka, eg opplevde denne som merkbart tettare og klammare enn andre vadmelsplagg eg har. So det var eit realt bomkjøp for min del.
  20. Som ettersøksjeger der raske skudd er ein nødvendighet, har hvertfall eg profitert på og få montert justerbar kolbekam slik at eg har god kontakt- eg er raskare på målet og skyter bedre. Har aldri opplevd andre ulemper enn at det er meir tungvint å pusse børsa, fordi eg må av med den justerbare kolben for å få ut sluttstykke - det slepper eg heldigvis med calix.
  21. Baserer det seg utelukkende på mobildekning eller går det også på gps signal? Eg har vore med og brukt det ein gang og då fekk vi problemer fordi det var dårlig mobildekning, og det er det også på fleire av dei plassane der eg har hatt bruk for navigasjonshjelp.
  22. Nei, eg tenker på ei pil som viser meg retningen eg skal gå og antall meter til målet. Enkelte kart, som norgeskartet friluftsliv viser via ein strek på kartet frå der du er til der du skal, men der er ingen pil som viser ein kva konkret retning ein skal gå. På min apper der ei pil, men hadde eg fulgt den, hadde røde kors måtte hente meg kvar gang eg var på jakt
  23. har ein eigedomsgrenser og ein enkel og funksjonibel navigasjonsfunksjon på den? Slik at ein kan legge inn ei rute ein ønsker og gå inne i eit jaktterreng og deretter berre følge ei pil frå punkt til punkt?
×
×
  • Create New...