Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Trender går i bølgedaler. No har det vert ein trend i snart 20 år at sikta blir større, og større, og større! Ein 2,5-10x50 blir av mange sett på som eit minimum hvis ein skal jakte i andre forhold enn blå himmel midt på dagen. Eg har ein draum (sagt passe dramatisk) om at jegerstanden ein dag blir lei av å sette overdimensjonerte kikkertsikter på alt av børser - og at vi går inn i ein ny epoke, der smidige og estetisk vakre kikkertsikter med 42 mm linser (og mindre) florerer
  2. Hjort som skal selgast, skal hvertfall her i området skytast med blyfrie jaktkuler. Til 308 og 338 har eg velprøvde alternativer (rws og barnes). Men i 9,3'n kjøpte eg inn nokre pakker med 220 grns Fox for å prøve, og etter litt uhøgtidlige tester i vannkanner med plankebiter mellom i vinter, so vart eg litt betenkt. 338 med barnes 225 grns hadde i den testen ein tilnærma perfekt ekspansjon, kula kunne blitt brukt til reklame for barnes. Men fox kula i 9,3 ekspanderte ikkje so mykje som eg ville forvente, det er ei 220 grns kule og testen var på ca 10 meters hold - so plenty med hastighet. Eg har høyrt rykter om variabel ekspansjon med desse kulene, men rykter er eingang rykter. Eg snakka med ein som er tilknytta bransjen og fox, som sa at desse kulene ekspanderer best i bløtvev og derfor var hans erfaring etter å ha skutt ein haug med villsvin at kulene oppførte seg perfekt til praktisk bruk. Men testen eg gjorde, var nok til at eg vart litt "fundersam". Er her nokon som har brukt fox sine kuler til jakt som kan seie litt om erfaringer? Legger ved bileter som viser forskjellen mellom fox i 9,3 (til høgre) og barnes i 338
  3. Dei siste åra har eg hatt ein nesten "magisk" evne til å skyte av det vi lokalt kaller "vålende", som er den delen av spiserøret som går gjennom brysthula på hjorten - omtrent uansett kor eg setter skuddet i bogen, so klarer eg på ein eller anna måte å treffe det . Ufattelig plagsomt då ein i utgangspunktet har skutt eit velplassert skudd, men når ein opner mellomgolvet, so er blodet som ligger der prega av fine grønne sjatteringer og ein får eit lite hint av ei velkjent "parfyme" . Men når det gjelder plassering av skudd, so forsøker eg å plassere skuddet litt opp og litt bak - det har gitt meg ønska resultat med tanke på korte utras og fine slakt (sett vekk frå det pokkers vålende).
  4. Fekk forleden igjen godbørsa frå børsemakeren. Det har vore ein laaaang prosess og eg er usikker på om vi er i mål det er ein r93 lux med stokk i grade 8 som eg kjøpte ny for 1,5 år sia. Kjempeflott treverk, men når eg fekk den so var det mykje porer i treverket. Eg sendte den derfor avgårde for å få justerbar kolbe, porefylling og ny oljefinish, ein jobb som skulle ta 5 veker, men det vart 4 mnd! Han kom aldri i mål med porefylling, det vart aldri heilt 100%. Når omsider børsa kom tilbake brukte eg den nokre veker på jakt, men etter ein dag i regnvær såg skjeftet ut som gammal rekved - skjeftet var blitt flekkete og enkelte partier var nesten blitt kvite - finishen hadde "bløra". Dermed vart børsa sendt tilbake og den har vert hjå børsemakeren i 10 mnd! Nye runder med porefylling og olje og han avslutta med å legge eit lag voks på den - men han var fortsatt ikkje sikker på korleis skjeftet ser ut etter ein dag ute i regn. Teorien til børsemakeren var at det har skjedd ein reaksjon mellom den oljen som Blaser har brukt på skjeftet i utgangspunktet og den oljen han har brukt. Hvis dette stemmer og skjeftet "bobler" ved neste regnværsdag, blir alternativet å fjerne all olje som er på skjeftet, slik at ein er nede på "frisk ved" og legge finish på nytt - noko eg frykter er både tidkrevjande og kostbart.
  5. Med ein hørsel som ikkje er bedre enn den trenger å være, samt eg stadig oftare reiser på jakt uten lyddemper, er beskyttelse av hørsel på jakt svært aktuelt for min del. Eg har i mange år hatt aktive hørselvern tiltenkt jakt, og har på sett og vis vert fornøgd med dei. Men utfordringa mi er av at ein eller anna grunn, får eg vanvittig vondt i "brusken" i øyra av å gå med øyreklokker over tid. I tillegg er eg varmblodig og svetter mykje, so klokkene står som regel på hodet og so må eg ta dei på øyra når eg skal skyte. Klokkene eg har i dag er "aktive" og gjenngir lyd og retning i ein sopass god kvalitet at eg synes dei fungerer godt nok til praktisk jakt - desse er over 10 år gamle, so eg rekner med at kvalitet på lyden på dagens ørepropper er minst like bra? Og eg kobler jaktradioen til mine klokker med ledning, men eg har fått med meg at hvertfall ein av øreproppane som selges i dag kan koblast trådlaust opp mot jaktradio - men finnes der propper som kan koblast til radio med ledning? Eg såg eit bilde av ein kar som hadde propper i øyra som hang sammen med kabel rundt nakken hans, og det kunne sjå ut som der var kobla til jaktradio? Hadde vert ein fordel om eg slapp å investere i ny jaktradio også, hvis eg kan unngå det. Kva finnes og kva anbefalast? Prisen er mindre viktig, hvis eg først skal investere so bør det være so bra som mogleg.
  6. Tipset fungerer kjempebra! Spesielt kverna mi frå bodum er heilt håplaus på det der. Men eit par dråper vann på skaftet på ei skei som eg rører rundt i bønnene før eg kverner - og problemet er vekke. Ellers koser eg meg glugg med aeropress og den nye kverna frå wilfa. Eg har forsøkt mange forskjellige tilnærminger med aeropress'n og til daglig er det finmalt kaffe, 14 gram og 200 gram vann som blir brukt. Men eg må desverre vedgå at eg prøvde ei oppskrift som vant ein konkurranse for nokre år sia, eg var negativ i utgangspunktet- men den er blitt fast rutine som første kopp om morgonen. 35!! gram kaffe, kverna mellom filter og presskanne i kverningsgrad, aeropress'n opp ned og heller på 150 gram vann som holder 85 grader og rører godt i 30 sekunder. Etter 1 minutt snur eg og presser, tilsetter deretter 160 gram varmt vann. Ei vanvittig mengde kaffe, men det blir ein solid og god kaffe med sterk og god smak, uten snev av bitterhet - eg har brukt medium brente bønner av heilt grei kvalitet til denne oppskrifta.
  7. @Jeffery Eg ser du nevner svensk kaffe, i min pure ungdom var vi ein gjeng som vart invitert til Sverige på jakt. På dei tider viste eg ikkje om noko anna enn sur Frielekaffe, vi hadde reist langt og kom fram seint på kveld og stupte i seng. Påfølgende morgon våkna vi til dekka frokostbord og det vart eit måltid prega av kultursjokk Eg gløymer aldri smaken av kruttsterk svensk kaffe - I kombinasjon med ein traust sunnfjording med reisemage Ein anna ting som slo meg er at svensker har eit litt anderledes forhold til sild! Det var omtrent ikkje mogleg å finne noko mat på det bordet som ikkje smakte sild
  8. @slemmonår ein brygger i bialetti, då ender ein opp med ein liten lungo? Dvs ein liten sterk kopp kaffe som er ein mellomting av espresso og vanlig kaffe? Eg er veldig glad I espresso og leikte litt med tanken på å kunne lage skikkelig espresso heime. Men etter litt undersøkelse fant eg ut at det vart både kostbart og tidkrevende. Eg gav opp espressoen, eg kan lage det med kapselmaskina eller kjøpe det når eg er på cafe
  9. Eg har over tid blitt over gjennomsnittet glad i kaffe, tidligare var det kvantitet som var i fokus og kvaliteten var ikkje som nøye - kaffi var kaffi. Heime gjekk det i filterkaffi og på tur var det kokekaffi og det var lagt minimalt med innsats i brygginga. Det som opna min horisont angåande kaffi var når vi kjøpte oss kapselmaskin, då var det litt mer spennande å prøve ulike kaffier og eg vart meir bevist på kor forskjellig kaffi smaker. Ei lang historie kort, so har eg gått frå traust ferdigmalt kommersiell kaffe, til å kjøpe gode bønner frå eit lokalt brenneri som eg kverner sjølv. Bryggemetode er fortsatt moccamasteren hvis eg får myke besøk, men presskanne og aeropress er det eg synes er kjekkast å bruke - og som lager den beste kaffien. Og eg har lært nytteverdien av nøyaktighet! Øverstkommanderende for heimen ser dumt på meg når eg veger opp både bønner og vann når eg lager meg kaffi - før ho sjølv lager seg ein kopp med pulverkaffe som ho blander ut 50/50 med melk Nylig har eg gått til innkjøp av ein aeropress, og sålangt er eg veldig fornøgd med denne og trur vi skal bli gode venner. Aeropress er genialt hvis ein skal brygge seg ein god kaffikopp heime og ein har ein praktisk brygger når ein er på tur. Og ein har uendelig med muligheter med ein aeropress! Eg har solangt holdt meg til 3 ulike metoder som har fungert godt for meg. Eg bruker i dag ei wilfa svart aroma kvern, eg angrer på at eg gjekk veien via to dårligere kverner før eg kjøpte denne - billig er dyrt når det fungerer dårlig og ein ender opp med å kjøpe nytt. Eg var veldig usikker på om eg skulle kjøpe wilfa svart aroma eller wilfa uniform når eg oppgraderte, eg gjekk for wilfa svart og solangt er min opplevelse at det er ei svært god kvern til den prisen, det eg ikkje liker ved denne kverna eg boksen kaffien blir kverna opp i, det blir lett søl når ein heller fra den. Uniform er nok utvilsomt ei bedre kvern, men eg har ikkje nok kunnskap om kaffi og brygging til å kunne dra nytte av forskjellen. Bønnene eg kjøper er frå sognefjorden kaffebrenneri og metodene eg bruker er presskanne og aeropress. Eg har brukt YouTube og James Hoffman som mentor når eg leiter etter kunnskap. Folkens, del gjerne erfaringer om alt frå bryggemetoder, til bønner og utstyr- kvantitet fungerer for deg? Kanskje kan denne tråden inspirere ein eller anna til å kjøpe seg ei kvern og utforske noko som for meg er blitt ein liten hobby
  10. Dette er kanskje ein liten avsporing, då dette ikkje er ein typisk jaktkniv - men eg vil anbefale alle å ta ein titt på outdoor edge sin Le Duck. Pussig navn og utsjånad på denne kniven, det var min lokale pusher som "tvinga" den på meg og sverga på at eg kom til å elske den og bli avhengig av å ha den med meg. "Sludder og pølsevev" var mitt tilsvar og eg konkuderte med at det var vekkasta kroner. Men desverre fekk eg feil og skjeggulf på den lokale våpensjappa fekk rett! Dette er ein sokalla neck knife og er du hardcore bushcraft, bruker du snora som følger med og har den rundt halsen. Men eg har brukt klippset på slira og festa den i beltet, på bukseselen eller på sekken. Og etter å ha hatt denne kniven ei stund, føler eg meg naken utendørs! Til tross for navn og utsjånad, er dette ein utrulig praktisk og kjekk liten kniv! Skaftet er utforma slik at ein har godt grep, kontroll og kan bruke makt om nødvendig- og kniven har eit stål som gjere den svært sympatisk å slipe - einaste bakdel er at den ruster, so ikkje kom heim med klissvåt kniv og legg den i ei skuff. Eg har den alltid med meg på fisketur, som backup på jakt, på friluftsliv og igrunn alt som skjer utandørs - fantastisk liten allrounder til ein grei pris.
  11. @lilleulv Ja, som eg nevnte i første innlegget mitt so registrerer eg at mindre sikter av anerkjente merker forsvinner like fort som dei blir lagt ut - eg følte at eg hadde vunne i lotto då eg kom over ein flett ny z3 3-10x42. Der er absolutt eit marked for litt meir reelle allroundere, men forhandlere pusher litt "rake rør", men som regel er det 50mm og 56 mm kikkerter, svære og tunge med forstørring som begynner på x5.
  12. Eg hevder ikkje at ein f.ex 3-12x56 ikkje er bedre enn f.ex 1,5-6x42. Men det eg prøver å belyse er at mitt inntrykk er at svært mange i dag trur at ein MÅ ha 50 mm eller 56 mm linse for å i heile tatt ha ein sjans i dårlig lys - og det meiner eg er feil.
  13. Det er synes er litt interessant er at det er blitt ein etablert sannhet at ein MÅ ha minimum 56 mm linse om ein skal jakte i dårlig lys og det meiner eg er feil, eg kan nevne eit lite eksempel som kan illustrere kva eg meiner: Ein eg har jakta mykje med, han kjøpte ein Swarovski habicht 1,5-5x42 med tysk nr 1 for sikkert 25 år sia. Denne kikkerten har han brukt til absolutt all jakt fram til for få år sia, då hadde mannen passert 50 og synet hans krevde betre optikk. Men i løpet av desse 25 åra, har nok denne mannen skutt langt over 100 hjort på dyrka mark - og dei aller fleste i måneskinn. Entusiaster og ihuga jegere har gjerne spesifiserte våpen til ulik jaktform, eg er ein av dei. Men svært mange kjøper seg ei rifle dei tenker skal duge til alt. Og fordi dei har høyrt samme leksa om og om igjen, so ser eg at majoriteten av desse jegerane velger å sette eit sikte med 50 eller aller helst 56mm linse på - fordi dei trur at det er nødvendig dersom dei skal ut på jakt i dårlig lys. No er den jevne jaktbørse blitt eit våpen med lyddemper, svær kikkert og tofot - "alle" skal jo ha det. Ein har då i praksis ikkje eit allround våpen, slik intensjonen gjerne var - men ein bø-rigg som er alt anna enn kjekk å ta med seg i skogen og på fjellet.
  14. Det synes eg også og har demper på dei fleste pipene eg har. Men i haust jakta eg ein del med ei smekker og lett rifle uten demper og med eit lite kikkertsikte - og du verden so kjekt å gå til fjells med den riggen! Men av ein eller anna grunn so har for min del dette med demper blitt ein etablert nødvendighet, og etter å ha dratt rundt på dei i over 15 år, var det herlig å igjen oppdage kor godt det var å jakte uten demper av og til!
  15. Denne tråden er ikkje meint som kritikk til nokon eller nokons valg. Men eg har helde på med jakt sia slutten av 90 talet og det har vore fundamentale endringar i utstyret vi jegerar brukar, og soleis ei spennande reise å vere med på. Den største endringa som eg ser i mine miljø er optikken - kvaliteten og proposjonane på optikken ein invisterer i. Når eg var ung og lovande, so var eg ein var dei første i området som hadde ein 3-12x56 med lys - og dette var ''the shit'' til skumring og måneskinnsjakt. Men som gode vestlendinger, passa dei øvrige jegerane på og kritisere valget mitt og mykje av det gjekk på storleik og vekt - kven ville drasse på eit slikt monster av eit kikkertsikte? på dei tider var normen alt frå tasco (den modellen som kom etter dorull med tråd gjennom, tyske kikkerter som s&b 1,5-6x42 og ein og anna ''galning'' som hadde kjøpt ein tuba av eit sikte med 56 mm linse - men dette var børser som aldri var til fjells på grunn av størrelse og vekt Og kva har skjedd på desse åra? Eg kan ta eit praktisk eksempel som viser kva standard som gjelder hjå meg i dag; ein bekjent av meg reiste avgårde for å hjelpe ein grunneiger under måneskinnsjakta i november sist haust. Når vi snakka om det, so sa han ''han spurte om eg kunne hjelpe han, for han har berre ein sånn Kahles 2,5-10x50, so han har ikkje utstyr til å jakte i måneskinn. Han her har sjølvsagt ein zeiss med 72 mm linse og yttligare hjelpemidler om det er svarte natta. For relativt få år sia var ein 1,5-6x42 vanlig og ein 3-12x56 for dei som jakta svært mykje om natta. I dag er ein kikkert med 56 mm linse ansett for å være eit minimum, helst 72mm eller termisk optikk. Og i tillegg ser eg ein trend om at alle må ha sikter med moglegheit for å kunne skru opp på minimum 20 gangers forstørring til skyting på laaaangt hold - dette både til blink og jakt. Og vidare når ein kjem til handkikkerter, so har eg eit inntrykk av at skal ein ha ein kikkert til jakt, so begynner ein på 7x42 som minste alternativet til allround bruk - hvis ein har tenkt å bruke den litt i skumring. For mitt vedkommande her på vestlandet, so er hjortebestanden stadig i vekst og vi som jegere må vere effektive og stadig skyte meir og meir dyr for å halde bestanden under kontroll. Men det betyr fortsatt ikkje at ein MÅ ha ein 56mm kikkert for å kunne skyte hjort i måneskinnet - men det er uansett blitt ei etablert sanning. Men eg registerer at trenden om ''overdimensjonering'' av optikk, den virker til å gjelde for heile landet - ta berre ein titt på kva som er for salg av brukte sikter og kikkerter? Det bugner over av stor og lyssterk optikk med forstørrelse nok til å kunnne sjå ballane på ein hjort på 800 meter. Dei små og smidige sikta og kikkertane er det langt mellom - men merkelig nok forsvinnner desse fort. Kvifor er det blitt slik at vi trur at vi må sette ein 3-12x56 på rifla vår, hvis vi skal jakte i dårlig lys? Eg gjekk sjølv i samme ''fella'', men har etterkvart erfart og skjønt at dersom ein har sikter og kikkerter av god optisk kvalitet, klarer ein seg fint med mindre, lettare og smidigare sikter og kikkerter. Og du verden so mykje kjekkare det er å henge ein 8x30 rundt halsen og ei smekker rifle uten lyddemper med ein ''liten'' kikkert med 42 mm linse over skuldra når ein skal på jakt! Når det gjelder trender har dei ein tendens til å svinge veldig, og hvis det er tilfelle i vår verden - ser eg fram til at minimalistisk optikk blir ein greie - for slik det er i dag, undervurderer vi eigenskapane til både handkikkerter og kikkertsikter og bruker overdimensjonert utstyr - og kanskje er det litt av grunnen til at mangen her rundtom ikkje gidder å gå til fjells lenger?
  16. Eg har alltid sett på ein 2,5-10x50 som eit godt kompromiss som allrounder, og har ein slik sjølv (zeiss varipoint). Men eg kjøpte ein Swarovski z3 3-10x42 i vinter og etter å ha testa den litt i skumringen so har vell eg konkludert med at sia eg ikkje jakter i måneskinn i stor grad, so vil denne vere eit like godt valg som allrounder fordi den er merkbart mindre og lettare. Og hvis ein legger meir penger i potten og går for noko som swarovski z8i 1 7-13 3x42 eller meoptaen du nevner, då vil ein etter mitt syn ha ein svært god allrounder, når jakt på svarte natta ikkje er ein problemstilling.
  17. Eg trur eg er blitt pysete på mine "gamle" dager. For eg kom over ei flett ny pipe med opne sikter til mine gode gamle r93'er, men denne pipa var i 338 (win mag). Og min subjektive opplevelse er at den pipa i lux stokken og med ein svarowski z3 3-10x42 so blir rifla rett og slett for lett i forhold til kaliberet (eg husker ikkje vekta på ståande fot, men ca 3,5 kg med kikkert). Det går heilt fint å skyte med den, spesielt på bana under kontrollerte forhold, men eg må vere veldig obs på korleis eg monterer rifla når eg skal skyte, eg må halde godt og være selektiv på skytestillinger - hvis ikkje får eg kikkertsiktet i panna slik at det knaker i kraniet. Eg må rett og slett behandle den som ein heftig "magnum" og i det øyeblikket rekylen er sopass kraftig, snevrer det inn bruksområdet mitt betydelig. Ei lett 338 blir for meg noko eg bruker av og til, men for heftig og upraktisk til at den blir prioritert når eg skal på jakt.
  18. Liten digresjon her, men eg har pr i dag 3 kikkerter av god kvalitet som eg er veldig fornøgd med. Eg har bevist dratt dei med meg og samanlikna dei for å gjere meg opp ei meining om bruksområdet til dei ulike kikkertane, og for min del handler dette mest om bruksområdet til ein kikkert med nevnte proporsjoner, framfor akkurat det merket/modellen. Den første og minste er ein Steiner wildlife xp 8x24 - dette er ein utrulig kjekk kikkert å ha, eg har den med i bilen, når eg går tur med bikkja osv - den er so liten og hendig at den blir alltid med. Og til jakt vil denne fungere heilt greit til smygjakt på dagtid- men dette er også utan tvil ein "snever" kikkert med klare avgrensingar fordi den krever godt lys og den er so lett at det er krevjande å sjå godt i den - men utrulig kjekk å ha i lomma og den blir alltid med. Den neste er ein Blaser Primus 8x30. Ein går litt opp i størrelse, men ein merker stor forskjell på godt og vondt. Her blir den med ein gang so pass stor at det frister ikkje å henge denne rundt halsen for morro skyld, slik som med ein 8x24. Men denne er i tillegg betydelig enklare å holde stabil på grunn av storleik og vekt, samtidig klarer den seg overraskende godt i dårlig lys - den er overlegen ein 8x24 når det skumrer. Til slutt har eg ein Steiner discovery 10x44 som er eit råskinn av ein kikkert (for mine auger), so til de grader skarp og klår, ein fargegjengivelse som er rå og generelt er dette for meg ein veldig god kikkert. Men eg opplever den også som både stor og tung, og dersom eg ikkje skal opp i høgden å spotte etter dyr ein heil dag, blir det til at eg prioriterer 8x30 forran denne fordi den er so mykje meir hendig. Eg jakter i skumring og dagtid. Eg trenger ein kikkert som duger i dårlig lys, men ikkje i ein slik grad at eg ein gang ville vurdert å ha eit beist av ein 8x56 hengande rundt halsen. Det som har overraska meg etter å ha brukt ein 8x30 ein haust, var at eg klarte meg overraskende godt i skumring med den! Eg har tidligare alltid sett på ein typisk 8x42 som ein allrounder og trudd at det var mitt opplagte førstevalg. Og eg har anbefalt dette formatet til andre. Men etter å ha forsøkt litt forskjellig so trur eg at dersom ein ikkje er ein utprega bø-jeger som primært jakter i skumring, so vil ein ha eit vell so bra utbytte av ein 8x30 med gode linser, som ein 8x42. Kanskje ein i tillegg får ein kikkert som er so hendig at ein gidder å ta den med seg ut døra utenom jakta.
  19. Eg har i dag Raufoss premium 16 og er veldig godt fornøgd med det, anbefaler deg å ta ein titt på det også.
  20. Eg sprakk som ein gammal dong og ein casstrom mini safari er på vei i posten Eg føretrekker små kniver og det blir spennande og sjå om denne fungerer til hjort, eller om den blir for liten. Eg slår forøvrig eit slag for ein fantastisk kniv absolutt alle burde ha, om ein er jeger, fisker eller friluftslivsmann, og det er ein Le duck frå outdoor edge - den kniven er svært avhengighetsskapende.
  21. @Sitka Eg har gjennom karrieren min som hjortejeger heilt bevisst brukt ulike kuler, for å opparbeide meg mest mogleg praktisk erfaring. Eg har brukt tradisjonelle blykuler som interlock, eg har brukt kuler med lodda kjerne som f.ex swift & oryx og monolitiske som barnes x. I tillegg har eg jobba som ettersøksjeger og har sett ymse, for å seie det slik. Og min erfaring tilseier at når ein snakker om hjort, sjølv med 6,5x55 og hornady interlock, so gjorde kula jobben uansett vinkel og ved treff i grove bein/knoker. Ved sistnevnte so kan treff i grove bein stoppe kula men då har den i tillegg gjort so mykje "ugang" at dyret ligger på plassen. Eg brukte bevisst 6,5x55 og interlock som eksempel, fordi dette er eit kaliber som gjerne blir omtalt som marginalt og interlock blir ofte omtalt som ubrukelig på storviltjakt. Vi liker å problematisere det meste, og stiller kanskje av og til unødvendige krav til kulene og kalibera vi bruker - men det handler i større grad om ein forlengelse av ein hobby/lidenskap. Stol på kula du bruker, hvis du sender den i rett retning, vil den gjere jobben
  22. Det var eg som ikkje duger til googling, sjå vekk frå spørsmålet
  23. @stigamundsen denne kniven appellerte til meg, men når eg googla den fekk eg opp at den ikkje produseres lenger og einaste norske butikk som har hatt den i nettbutikken var wildforss - som er utsolgt. Stemmer det, eller er det eg som suger.på googling?
  24. Eg har zeiss compact point på hundefører-børsa og micro aimpoint på 416 rigby'n. Supre sikter til sitt bruk, eg holder ein knapp på aimpoint fordi den har mindre og skarpare prikk, samt konstruksjonen på zeiss'n og andre tilsvarande tilseier at ein kan få problemer dersom det kjem dråper inn på linsa.
  25. Eg har slutta med måneskinnsjakt og dermed jakter i skumringa om morgonen/kvelden og i dagslys. Derfor trenger eg eit sikte som er ok i dårlig lys, men ikkje det ypperste. Eg såg tidligare på min zeiss varipoint 2,5-10x50 som det perfekte allround siktet til mitt bruk, og på sett og vis er det fortsatt til mitt bruk temmelig bra til det meste, men ulempen er at det er stort og tungt (relativt). Klarte å klore til meg ein flett ny Swarovski z3 3-10x42 i vinter og har testa det so smått om kveldane i skumringa, og eg må vedgå at det siktet klarer seg betre enn eg hadde forventa, i tillegg blir dette smekker optikk samanlikna med varipoint'n. Eg trur jaggu eg skulle klart meg lenge med z3'n som einaste sikte også, kanskje eg hadde vore minst like fornøyd som med 2,5-10x50'n.
×
×
  • Create New...