Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Eg ser ikkje det som problematisk at f.ex Blaser får produsert klær av andre aktører og selger det under sitt navn. Men når ein betaler dyrt for ein r8, veit ein kva ein får, men det er meir uvisst når ein kjøper plagg, der andre har stått for produksjonen. Derfor starta eg tråden og spurte om andre hadde erfaring eller kunnskap om klea som Blaser selger. Men eg har fått 2 tilbakemeldinger frå folk som har plagg frå Blaser og tilbakemeldingane solangt er positive.
  2. Eg vurderer ei jakke frå Blaser som tiltaler meg. Men er det nokon som har praktisk erfaring med plagg frå Blaser - med tanke på kvalitet? Som eigar av 2 stk Blaser veit eg at dei tar seg godt betalt, men min subjektive meining er at når det kjem til våpena dei produserer, er det verdt prisen. Men eg er litt bekymra for om dei får produsert klær i middels kvalitet og priser dei som om det skulle være premium kvalitet. Dei av dykk som synes Blaser er teit&dyrt, og som heller hopper strikk med tynn stålwire rundt beina framfor å skyte med r 93 trenger ikkje svare eit eller anna oppgulp. Men har du erfaring eller faktisk kunnskap om kvaliteten på plagg frå Blaser, hadde eg satt pris på om du kunne sagt noko om det.
  3. Eg ser etter ein ullgenser med V-hals i fargen grønn eller oliven til jakt. På nett finner eg masse gensere fra f.ex Gant, som kan duge, men den type genser tåler svært lite før dei blir ødlagte. Eg har sålangt berre funne ein som er meint til jakt/friluftsliv, hjå wildforss, men prisen var litt stiv. Andre som har tips til kor eg kan finne ein genser etter mine preferanser?
  4. Då har nyaste blaseren fått ilddåpen sin, og eg er godt fornøyd solangt! Med justerbar kolbe og ny rekylkappe vart den ein draum å skyte med. Vekta stoppa rett i overkant av 4 kilo med ein 2,5-10x50 og ein standard dempar. Noko eg synes er fornuftig vekt på ei allroundrifle i 9.3x62.
  5. Eg eigd temmelig mange zeiss kikkertsikter gjennom åra og har pr i dag 4 stk. Ein gang har eg hatt behov for zeiss sin service og då leverte dei som forventa. Og det er nettopp grunnen til at eg har vore lojal mot Zeiss, dei har rykte på seg for å være uslåelige på service og oppfølging. Men eg kjøpte ein brukt zeiss i vår, som eg ønsker og sende til Zeiss for gjennomgang og overhaling. Eg har sendt dei fleire epostar der eg skriver det som det er, at eg er andre eigar av ein zeiss og eg ønsker at dei går gjennom den - det framgår også at eg sjølvsagt er innstilt på og betale for dette. Men eg har ikkje svar på mailane eg har sendt, og det stusser eg på. Kan det være at dei nekter og ta i eit sikte fordi eg har kjøpt det brukt? Men eg meinar uansett det ville vore forventa service og folkeskikk at dei i det minste svarte på eposten.
  6. Blasermontasjer (orginale) er rett og slett so dyrt at eg blir smått provosert at vi som liker Blaser er smått naive og betaler det kvite i auget for å få det vi er so fornøgd med, har eg innsett for lenge sia. Men når ein orginal montasje snart koster det samme som ein hakemontasje - då er mi grense nådd. Eg har ein gun star montasje, som eg ikkje har noko grunn til å misslike - utover det at treffpunktet endra seg 10 cm etter eg stilte på inngrepet på montasjen. Det skjedde ikkje då eg hadde original montasje, og det var min referanse. Men når eg snakka med ein i bransjen, fekk eg beskjed om at eg kunne forvente treffpunktforandring når eg stramma montasjen, uansett. Men eg skulle være klar over at innomount sine blasermontasjer var av betydelig bedre kvalitet enn gun star sine - og heilt på høgde med Blaser sin montasje. No kostar både innomount og gun star ca 3500,- og orginale det doble - eg snakkar for ordens skyld om hurtigmontasjane. Er det nokon som har praktisk erfaring med både gun star og innomount sine, som kan seie noko om kvaliteten på dei?
  7. Eg har ein rase som er svært omdiskutert og i følge mine erfaringer har eit svært ufortjent dårlig rykte, og det er tysk jaktterrier. Eg har i dag ein hanne på 10 år og ein kvelp på 3 mnd. Eg budde 1 år i ein by med den eine terrieren og ein russisk støver - og det gjekk for vår del heilt knirkefritt. Desse hundane har ei psyke av ein anna verden - i realiteten er min hanne 9 kg, men mentalt er han 9 tonn! Det gir eit stabeist av ein anna verden, men samtidig gir det ein utruleg trygg og snill hund! Eg har hatt ymse hundar gjennom mitt liv og eg har aldri hatt ein snillare og tryggare hund enn terrier'n min! Det finnes ikkje eit fnugg av noko som kan minne om uønska åtferd mot mennesker - unger har dratt han i ørene, løfta han etter halen osv, og det einaste han har gjort er eit lite bjeff tilbake hvis det blir for ille. Og mitt inntrykk etter og ha snakka med ein del andre eigarar av tjt, er at dei fleste har ein opplevelse av at dei er ein glimrande familiehund. Men! skal du ha ein roleg, trygg og snill tjt, so må ein ha ein plan med det ein gjere - ein får tross alt den hunden ein fortjener. Hvis hunden blir understimulert, ein legger opp til mykje leik innandørs - og det eg vil kalle ukonstruktiv leik, som at ein "leikesloss" med hunden. Hvis ein forsterker uønska atferd som at hunden klikker i pissvinkel fordi den ser ei kjøttmeis i eit tre - då får ein eit slitsomt hundehald. Eg har møtt eigarar av tjt som aldri jakter med hunden, eller stimulerer den (konstruktivt) og som synes det er tøft at hunden oppfører seg som ein junkie, rusa på amfetamin og kokain og dermed ønsker å drepe alle dyr den ser - men i slike tilfeller ligger feilen hjå eigaren, hunden er strengt tatt eit offer. Min opplevelse er at ein terrier har so mykje jaktlyst og ståpåvilje at den kan pregast til det meste. Min sprenger rev, jager hjort, går ettersøk, jager mink, aporterer fuggel i vann (har også ved eit tilfelle aportert ein hjort som havna i vann etter den var avliva). Den er ein kortdriver, so den passer perfekt på vestlandet med små terreng og nabovald med utprega hat til andre jegera og spesielt jegera med hund. Han er ein fryd og gå tur med, eg syklar ein del med han, tidligare jogga eg mykje med han - og frua har stått på ski med han. No har hundeeigarar ein tendens til å framsnakke sine eigne rasar og det gjere strengt tatt eg også. Men det er fordi eg oppriktig meinar at som familiehund og allsidig jakthund, er tjt noko ein absolutt bør vurdere. Dei er sta og strie, og det finnes endre raser som er "mildare" og enklare. Men eg tenker at i dei eigenskapane i ein tjt som kan gje oss grå hår, der ligger der også eit potensiale som kan bli svært konstruktivt - berre ein handterer hunden på rett måte.
  8. Eg har jerven hunter, den som er vattert men ikkje den aller varmaste (thermo hunter). Skulle eg kjøpt meg ny, hadde eg fortsatt valgt hunter, men eg trur eg hadde valgt den som heiter mini - då den eg har kunne vore litt mindre og den hadde fortsatt vore funksjonell.
  9. Hvis du har tillgang på ein fjellduk, kombinert med at du skifter til tørre innerplagg når du kjem på post OG har med deg eit underlag å sitte på - då våger eg nesten å garantere deg at du kjem til å kose deg på post og at frysing ikkje blir eit tema! Eg har gått til fjells grytidlig på hjortejakt, lagt meg på ein strategisk utkikkspost, der eg har liggeunderlag og ein fjellduk. Eg har brukt heile dagen på den posten, endatil sove eit par timer midt på dagen under open himmel - og eg var aldri i nærheten av å fryse! Fjellduk + ligge/sitteunderlag = komfort!
  10. Eg har som sagt brukt barnes tsx i 9.3 tidligare og den fungerte veldig bra, eg hadde aldri noko og utsette på den. Men, eg er hjortejeger og jakter i terreng der ein som regel hadde hold frå 100 meter og oppover, og er holdet under 100 meter, er ein heldig. Og det var alltid ein tanke som kverna, og det var "vil eg få optimal ekspansjon på dette holdet". - og det er for min del litt av grunnen til at eg prøver ei ny kule i år. 9.3x62 sender som kjent avgårde tunge kuler i relativt lave hastigheter, det vil derfor ikkje være nødvendig med dei mest solide kulene - i verste fall kan ein oppleve manglande ekspansjon. Hvis ein er elgjeger og dei fleste dyr blir skutt på 50 meter, so hadde eg kanskje brukt både swift og rhino. Men eg ville ikkje ukritisk valgt den hardaste kula på markedet i min 9.3. Og no høyres eg fryktelig gammal og konservativ ut, men eg synes gode og gamle nosler partition fortjener litt framsnakking Jada, kula er eldgammal, den har vore i salg sidan dinosaurene daua - men det var ein revolusjon når den kom, og den er fortsatt ei veldig god kule! Eg har IKKJE erfaring med den i 9.3x62, det vil eg forhåpentligvis få i haust. Men eg har skutt temmelig mykje hjort med den i mindre kaliber og den har fungert perfekt! God presisjon i mine våpen, den krever ikkje høge hastigheter for å fungere fordi fremste delen av kula ekspanderer hurtig og dyra tegner tydelig for treff, bakre del holder sammen og sikrer gjennomskyting. Etter mitt syn ei kule som ordner opp på ein ryddig måte. Det finnes kuler som er bedre hvis ein er livredd for ødlagt kjøtt, men etter og ha skutt og slakta ein god del hjort med den, so meiner eg at ryktet til nosler som "kjøttdeig-kule" er overdrevet.
  11. Eg har tidligere brukt 250 grns tsx på hjort, og var fornøgd med den kula. Men laderommet er ikkje operativt etter vi flytta og jaktdepotet selger nosler partition i 9.3 relativt "billig", so eg kjem til å prøve den i år. Eg er svært spent på korleis slakta blir sjåande ut.
  12. Eg skaut fleire 3 skuddsgrupper frå benk og tendensen var at samlingane sto ørlite til venstre, når eg justerte for den og skaut 3 nye grupper - satt gruppene der dei skulle. Det er jo egentlig flisespikkeri, det er storviltjakt eg driver med og det har null praktisk betydning om eg ser tendenser til at gjennomsnittet av skuddgrupper i benk sitter ørlite til den eine eller andre sida - men noko må ein jo henge seg opp i
  13. Alltid kjekt med ny børse i hus, gratulerer. Ikkje mange dagane sia eg fekk min siste ervervelse i hus og frua seier at børsa får meir merksemd en ho
  14. Eg reiste på bana igjen i dag, no var vinden ikkje ein faktor. Etter å ha skutt litt, enda eg opp med å stille eit knepp tilbake mot høgre og dermed var eg i senter. Eg trur vinden kan ha påvirka det eine kneppet, men at grunnen til at eg opplevde treffpunktforandring i all hovudsak skuldast ny rekylkappe og den justerbare kinnstøtta - rett og slett forandring i rekylopptak.
  15. Eg hadde skutt inn rifla før eg sendte den frå meg. Pipe og sikte låg igjen heime, børsemakeren fekk berre stokken. Eg reiste på bana og skulle kontrollskyte. Eg skaut tre 3-skuddsgrupper og såg at høgden var perfekt, men samtlige grupper satt 4 cm til venstre. Eg skrudde 4 knepp og då satt dei 3 neste gruppene perfekt. Dette er i 9.3x62 og eg skaut 18,5 grams kuler. Det var frisk vind frå høgre i dag, ikkje stiv kuling, men temmelig friskt. Eg lurte på om det var mogleg at vinden kunne gje so stort avvik på 100 meter? Og samlingane var konstante, men vinden varierte jo. Det andre som kan ha påvirka det her, er at den orginale og harde kolbekappa er bytta ut med ei tjukkare og blautare kappe. Det andre er at når eg skaut inn våpenet første gangen, hadde eg ikkje justerbar kolbe, eg vart liggande som ein giraff å strekke hals - no har eg justerbar kolbe og skikkelig kinnkontakt. Kan det være endringer i rekylopptak pga kolbekappen og justerbart kinnstykke som førte til treffpunktforandringa? No er ikkje 4 cm allverden, men i løpet av dei 15 åra eg tilsammen har eigd blasera med zeiss på toppen, har eg aldri opplevd treffpunktforandringer og har heller ikkje måtte justert eit einaste knepp. Derfor klarer eg ikkje heilt å slå meg til ro med det som skjedde i dag
  16. Er dette eit gjenntakande problem? Dette er eir skjefte som er gradert til grade 8, og prisen er i utgangspunktet deretter. Det forbauser meg litt at ein selger eit eksklusivt produkt, halvferdig?
  17. Då kom børsa omsider. Calix'n virker veldig bra, ryddig og pent uten skruer. Den raude kolbekappa synes eg gjorde seg godt på rifla. Han har slitt med finishen, det var svært djupe porer i treverket og han har ikkje klart å fylle alt. Men stokkem er blitt veldig bra og han tilbydde seg å ta tiobake børsa når jakta er over, og fortsette på jobben, til resultatet var 100% - uten meirkostnad for min del. So solangt er eg fornøgd.
  18. M2, liten og kjekk fulltange som eg fekk i gave frå frua og frøkna
  19. Sendte børsa frå meg for å få justerbar kinnstøtte og ny finish på stokken. Jobben skulle ta 4-6 veker, dvs eg skulle hatt rifla tilbake i slutten av mai. Når eg sporer pakken, so seier posten at den skal komme onsdag 2 september- so ein ørliten sprekk på tidsestimat frå børsemaker Frykter han har gnidd og olja so mykje på den, at han kjem til å utvikle traumer. Men det blir kjekt å reise på jakt igjen med ei børse som eg verkeleg gleder meg over å eige, i eit kaliber eg synes er rett og slett supert! Det gledes
  20. Min subjektive meining er at 5 kilo er tungt til eit allroundvåpen. Men eg bur og jakter på vestlandet, jakter lite på dyrka mark og går mykje i fjellet. Hadde eg jakta mykje på bø og vore postjeger på elgjakt, trur eg ikkje eg hadde synes 5 kilo var for mykje. Men eg har våpen som eg synes er i overkant tunge til bevegelig jakt, men har begynt å bære desse i riflesekker, då blir for min del ikkje vekta eit problem lenger. Ein bekjent av meg jakta i mange år i bratte vestlandske fjellsider med ein banemauser med sidemontert kikkert - so det her koker ned til at vi er ein generasjon med pyser
  21. Eg har berre erfaring med eldre drillinger og då er det hakemontasjer som er alternativet. Det blir bra og har fungert 100% for meg - men det er svindyrt! På nyere drillinger kan det være det er tillaga for enklare/billigere montasjer, som svingmontasje osv - men det har ikkje eg erfaring med.
  22. Ein liten digresjon som kan være nyttig å være klar over i forhold til prestasjoner. Før ryggen min gjekk til helvete for eit par år sia, var eg over snittet godt trent. Eg trente primært styrke, med kardio som tillegg for å oppretthalde ein viss kondis i all styrketreninga. Og ein ting eg lærte temmelig raskt den gangen eg begynte å trene, var at tyngste jobben var ikkje vektene som skulle løftast, men all maten som skulle til! Og det er lett for at ein tenker notid når det gjelder mat og fysiske prestasjoner, dvs den dagen ein skal prestere. Ein passer på og få i seg rikelig med gode karbohydrater, sunt fett og litt proteiner til første måltid, gradvis mindre karbohydrater og meir proteiner utover dagen osv. Men eg erfarte at det ein har spist dagen/dagane før, er av minst like stor betydning som det ein spiste til frokost den aktuelle dagen. Hadde eg tatt meg to dagar fri frå trening ei helg og spist det eg hadde lyst på, og ikkje det eg burde, so var det veldig merkbart på treninga på mandagen, til tross for at eg hadde spist det eg skulle spise den dagen eg trente. At det er lurt og ha med seg energirik mat og at ein passer på å få i seg nok væske er utvilsomt lurt. Men det daglige kostholdet er etter min erfaring også av stor betydning hvis ein skal prestere.
  23. Mitt innlegg hadde ingenting med det bidraget som omhandla rensing av vann å gjere! Det var eit tilsvar på eit halvsurt og forgubba tilsvar som var omtrent som dette "kvifor gjere alt so vanskelig, kva er galt med god gammaldags kvikk lunch og nøtter" Eg skal ikkje ta meg den friheita at eg tilegner deg meininger du ikkje har, då forventer eg det samme frå deg.
  24. Eg vart tipsa om bjørnebrød som eg nevnte tidligare i tråden. Eg bakte det og delte det opp i små porsjonsstykker og la i frysen. Når eg får telefonen om eit ettersøk, so plukker eg med meg eit par biter bjørnebrød. Og då har eg nok energi i reserve, hvis søket blir langvarig og fysisk krevjande - so fremt eg passar på at eg også får i meg nok vann undervegs.
×
×
  • Create New...