Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. @seawolf Gratulerer med ny kniv Eg har som tidligare sagt blitt imponert over kor allsidig den lille "anda" er. Tross beskjeden storleik er den utforma slik at ein klarar seg godt i dei fleste situasjonar. Og eg er ingen ekspert når det gjelder stål og kvalitet - men eg opplever den som svært enkel å slipe
  2. Har vurdert denne sjølv, men etter mange år med trening/vektløfting har eg relativt smal midje, men grove lår, legger og ræv - so passfassong på bukser er håplaust So dersom nokon har prøvd denne, sei gjerne noko om passform også!
  3. Dei blir ikkje merkbart tettare? Dvs at du opplever plagga som klammare og mindre luftig?
  4. Eg har to traumer frå barndommen, som eg merkeleg nok har klart å jobbe meg gjennom. Det eine var å komme siten heim frå skulen, opne utgangsdøra og bli møtt av den grusomme lukta av kokt lettsalta brosme det andre var å komme heim og kjenne den motbydelige lukta av fårikål - herrefred som eg hata det når eg var liten! Men tidene endrer seg, i dag er både fårikål og brosme noko eg har ofte til middag og eg liker det svært godt. Fårikål er i utgangspunktet relativt enkelt, men samtidig har eg lært meg nokre tips undervegs, som eg vil dele. Kanskje har nokon av dykk også gode tips på lager - som kan løfte retten yttligare? Den store feilen eg gjorde i mange år, var at eg brukte for mykje vann. Når eg hadde fylt opp med kjøtt og kål, fylte eg opp med vann og satte på kok. I dag bruker eg mellom 3 og 5 dl vann, i motsetning til litervis tidligare - dette gir meg ein merkbart meir smakfull rett. Men noko eg synes verkeleg løfter denne retten til nye høgder, er å brune kjøttet godt før det går i gryta. Det er so enkelt at kokt kjøtt er godt det, men kokt kjøtt som er bruna først, er mykje bedre - samtidig får ein mykje bedre smak på krafta og farge på retten. Eg drysser også kjøttet med litt finhakka frisk rosmarin når ein bruner det, kan høyres pussig ut, men det setter ein veldig god smak - uten å "ødelegge" retten. Og når eg er ferdig med bruninga, heller eg vannet eg har tenkt å tilsette i gryta over i jernpanna eg har brukt til bruning og koker den ut - då maksimerer ein smaken Utover det, synes eg at mange oppskrifter bommer grovt på koketid. 1 til 1,5 time? Det er alt for lite etter min smak, eg laga det i går og det fekk kose seg i 3,5-4 timer - då blir det verkeleg godt. Eg bruker litt mel for å få ei tjukkare kraft og eg bruker grovkverna pepper, av den enkle grunn at eg hater å tygge i pepperbomber i løpet av måltidet
  5. magnum_mauser

    Fjellduk

    Eg har ein thermo hunter som eg har hatt i mange år. Eg er i utgangspunktet veldig glad i den, eg har f.ex tatt den med meg til fjells på hjortejakt og dersom eg ikkje fekk dyr på morgonøkta, laga eg meg ein liten base og sov i hunteren (liggeunderlag i tillegg) midt på dagen og jakta igjen på kvelden. Eg har i tillegg brukt den som poncho på ein post eg har i eine terrenget mitt, som kun er jaktbar hvis det blåser frå sørvest - og det betyr regn og surt. Men sjølv om eg liker denne godt, er den fortsatt sopass stor og tung (nedpakka) at det er relativt skjelden den blir med meg på jakt, dersom eg ikkje har konkrete planar om å bruke den. Eg veit jerven lanserte nokre mindre utgåver, som eg desverre ikkje har fått sett på enda - og kanskje nokon av dei andre leverandørene også har mindre og lettare versjoner? Eg har forsøkt utgaven uten vattering og den utgår for min del, då eg er ein varmovn av dimensjoner og eg blir kliss blaut i desse etter kort tid. Men hvis dei mindre variantane fortsatt er praktiske i bruk OG merkbart mindre nedpakka, vil eg vurdere ein slik. Eg reknar ikkje med at ein kan ligge i dei små utgavene, at dei er meint for å sitte?
  6. Eg var nede i garasjen og fant fram igjen min Ken Onion edition, sjølv om eg i utgangspunktet hadde gitt den opp. Eg sette på nye band og gjekk i gang med friskt mot. Det som eg gjorde anderledes denne gangen, var at eg etterstreba å være so lett på labben som mogleg. Både press nedover i sporet mot bandet, men også sideveis - eg trur eg har brukt for mykje press begge veier. Og eg trur etter 2 testkniver at eg enda opp med eit relativt brukbart resultat, betydelig betre enn tidligare. Men no har eg chef's choise til kjøkkenknivane mine og eg kjøpte workshap sin PAJ (før eg gav ken onion ein ny sjanse), so no har eg både denne og ein flett ny jigg eg kan bryne meg på ().
  7. Hvis den er like bra som den eg har, ville det forbause meg om du ikkje blir fornøgd Eg har brukt mi lykt til alt fra daglige turer med hundane til ettersøk - og den fungerer heilt topp!
  8. Der var den, 2 stk bestilt - hjertelig takk. Hvis desse fungerer like godt som den eg har frå før - var dette eit kupp
  9. Lykta eg la ut bilete av kosta under 500 kr - det eg finner frå dette merket er vesentlig dyrare og ingen av dei som minner om den eg har.
  10. Eg legger ved bilete av den hodelykta eg har brukt desidert mest dei siste åra. Den er oppladbar, grei levetid på batteri, den er superenkel i bruk, sprer lyset veldig godt samt ein kan konsentrere lyset hvis ein har behov for å sjå langt fram. Eg føretrekker denne forran den svindyre silva'n eg har, på grunn av brukervennlighet. Eg har tidligare sett den solgt under ymse navn, eg trur eg kjøpte min via 123friluft - men dei har den ikkje no lenger, og det står heller ikkje navn på min. Er det nokon som gjenkjenner lykta og veit om butikker som selger tilsvarande?
  11. Dessuten kan det blodet som samlar seg i brysthula være greit å ha som ei nøydløysing til "vask" dersom ein er til fjells og er uheldig og får forureining inni dyret.
  12. det er godt å høyre at eg ikkje er aleine - skjønt no følte eg meg fryktelig gammal og like konservativ som min far Men, eg har tross alt revolusjonert slaktinga heime hjå oss, det måtte berre trugslar om vald til, for å få til endring Det handla om at min far og hans kompiser hadde som fast rutine at ein skulle tømme ei bøtte vann over slaktet som det siste ein gjorde, uavhengig av korleis slaktet såg ut. Den gangen eg fysisk nekta han å gjere det, var der friske tilstander på låven
  13. @tussehaugen interessant innspel. Min slakter ynsnjer at ein skal opne bogane slik at ein eventuelt oppdager blod som ligg mellom hinnene, fordi om ein lot dyret mørne optimalt, kunne ein risikere at dette blodet kunne føre til surning. Når ein trur ein har fasiten, får ein stadig innspel som seier det motsatte
  14. Eg har ikkje den teoretiske kunnskapen kring dette, men eg har gjort meg ein del erfaringer gjennom åra som gjere at eg har laga meg ein teori rundt dette med "blodsprengte" dyr. Og mine erfaringer tilseier at (for ordens skuld so snakkar eg utelukkande om skuddplassering i hjerte/lungeregionen) dersom dyret er roleg i skuddøyeblikket og befinner seg i utmark - vil dyret døy/legge seg betydelig raskare enn om det er skutt på bøen, eller i ein situasjon der dyret er støkka når det blir skutt. Og dersom dyret er roleg før det blir skutt og legger seg raskt etter skot, har eg stort sett alltid fine slakt. Og eg kan desverre gje eksempler på det motsatte Eg har skutt tre dyr solangt i haust, og samtlige dyr oppdaga meg og var stressa før skuddet falt - og det er dei tre styggaste slakta eg nokon gang har håndtert! Den første var ein fjordbukk som såg meg i det eg skulle gjere meg klar for skudd bak ein steingard, han sto og såg i min retning og bjeffa i kanskje 15 minutter før han snudde seg og eg fekk skutt han. Skrått gjennom bogen og kula sto i overgangen mellom bringe skulder, den var ei 160 grns barnes ttsx i 308. Den hadde ein dødskamp som var so heftig at den knakk begge horna og eg måtte avlive den med fangsskudd. Eg legger ved bilete av dyret, og det taler for seg sjølv. Og forleden kveld satt eg på post i eit utmarksbeite og venta på ei kolle med ein svært liten kalv, grunneigar ville ha vekk den lille kalven, og eg skulle ta kolla om eg fekk moglegheit til det. Eg satt meg strategisk til, men når dyra kom, gjekk dei ikkje gjennom beitet slik dei pleier, kolla gjekk rett på meg og stoppa på mellom 2 og 3 meter, den vart ståande å glo på meg, den såg nok at der var noko, men klarte ikkje å sjå kva. Minuttane vart lange, kalven ville aldri stille seg opp og til slutt fekk eg krampe i ein fot og den begynte å riste. Den lille bevegelsen såg kolla og ho begynte å bjeffe på meg, ho trampa til meg og sto ganske lenge og bryska seg - uteuleg at ho ikkje stakk. Omsider stilte kalven seg opp, og den fekk eit reint lungeskudd med rws evelution green i 308 (monolitisk kule, konstruksjon som minner om nosler), den baksa seg avgårde 50 meter og vart liggande å sprelle. Kolla sprang bort til kalven og vart ståande der, og ho fekk seg eit lungeskudd den også, flukt på ca 100 meter og ein heftig dødskamp før ho låg stille. Begge desse slakta såg også heilt forferdelig ut! Blodslag fram i nakken og langt bakover i ribbene. 3 dyr skutt med ulike kuler, der samtlige slakt hadde plenty med blodslag, fellesnevneren er at samtlige dyr var skremt og stressa før dei vart skotne. Eg skaut eit fjorddyr på same plassen i fjor, det såg meg ikkje og kom ruslande forbi meg på 2 meters hold, eg slapp dyret ut på 20 meter før det fekk ei 286 grns nosler partition i bogen, dyra sjangla 2 meter og deisa rett i bakken - der var slaktet veldig fint. Rolige dyr, fine slakt. Skremte/stressa dyr, blodslag - det er hvertfall min subjektive oppfatning og solangt har ikkje eg oppdaga noko som indikerer noko anna. Det blir også sagt at lette kuler i høg fart skaper stygge slakt og blodskutte dyr. Eg har sett slakt som er skutt med slike kaliber og det kan sjå ut som det kan være ein medvirkende årsak til styggeslagkt også. Men heldigvis har eg aldri hatt interessen for "ultraduperduper-magnum" og kuler i 1000m/s +++ - eg føretrekker heller å sende tunge kuler som rusler seint
  15. Eg ser lenger opp at det blir bemerka at jigger ikkje gir jevn og korrekt vinkel - sjølv om produsentane hevder det. Veit du om denne er bedre på dette enn f.ex Lansky?
  16. Eg har ikkje greie på hverken bryner eller stål, men eg har ein kniv i eit stål som er "berykta" for å være hardt, 440-c. Men det raude bryne frå dmt, vil det være tilstrekkelig å kjøpe berre det, eller trenger eg fleire for å få slipt opp eggen 100%? Eg kan ikkje slipe for hand, men om det er å lære seg handsliping som må til for å få jaktknivane skikkelig skarpe - får eg berre kjøpe meg bryner og lære meg det.
  17. For mange år sia hadde eg eit sett frå Lansky, eg rakk desverre ikkje å bruke det mykje, før det forsvant i ein flytteprosess. Men eg synes å ha eit minne til at eg var svært fornøgd med resultatet, eg satt igjen med svært skarpe kniver. Deretter har eg i nokre år kjøpt ymse jaktkniver som har blitt "arkivert" når skjerperen frå Helle ikkje klarer å vedlikeholde eggen - og eg har kjøpt ny kniv. For eit par år sia kjøpte eg ein worksharp Ken Onion, og eg har fult bruksanvisning, sett masse filmer og har forsøkt utallige ganger, men eg blir aldri fornøgd med resultatet! Knivane blir skarpe, men ikkje so skarpe som eg forventer. Deretter kjøpte eg ein chef's choise, fordi forhandleren og fleire andre eg har snakka med, har gitt uttrykk for at denne fungerer veldig bra på både jakt og kokkekniver. Min erfaring med denne sliperen er at europeiske kjøkkenkniver og enkelte jaktkniver blir bra i denne sliperen. Men hvis stålet i kniven er hardt, fungerer denne sliperen dårlig. Eg har f.ex ein LeDuck, som kan brukast til å barbere ein hamster etter ein runde i denne sliperen. Men eg forsøkte å slipe opp ein foldekniv med AUS-8 stål, og eg sto i ein evighet på den grovaste stasjonen før det i heletatt vart antydning til råegg og sluttresultatet vart middelmådig. I tillegg er denne sliperen sær på tjukkelsen og utforming på knivbladet. Eg har ikkje greie på sliping og eg hater sløve kniver - og no er eg lei av å investere i slipere som ikkje fungerer! Eg hugsar ikkje 100%, men eg trur eg var fornøgd med resultatet av den Lansky'en eg hadde, før eg rota den vekk. Eg hadde den utgaven med vanlige steiner og olje, ikkje den med diamantbryner. Det må være brukervennlig for ein som ikkje har kunnskapen eller tid til å lære seg å slipe for hand, og det må være ein sliper som handterer ein litt stutt foldekniv med hardt stål. Er det å investere i ein ny Lansky som er veien å gå? i sofall med vanlige bryner eller diamant?
  18. Løfter denne igjen. Etter at ei svak sjel (meg) var inne her og leste om kniver, vart eg umiddelbart betatt av den lille casstrom mini safari. Eg fant den på nett og bestilte den, men når den omsider kom og eg såg kor liten den var - då vart eg litt betenkt For den var virkelig liten! Men den vart pakka vekk og eg tenkte at vi får sjå til hausten. No har eg vomba og flådd nokre dyr med den, og eg må seie at eg liker den svært godt! Når eg står halvvegs inn i hjorten for å skjære av struperør og matrør, då har eg ønskt at den var ørlite lenger (that's what she said) - men det har gått veldig greit. Totalpakken er so liten at eg merker ikkje at eg har den i beltet, skaftet er godt utforma slik at ein får eit godt og sikkert grep om kniven. Det som gjenstår å sjå, er korleis det blir å slipe den - når den tid kjem.
  19. Eg har ikkje erfaring med dette merket, men eg ser på spesifikasjonene på plagga med membran at dei har spesifikasjoner som tilsvarer ytelse og kvalitet som andre plagg med membran - som er rimligare alternativer til gore tex. Dvs du kan forvente at plagga er litt tettare og "puster" dårligare, samt dei vil ikkje holde regnet ute like lenge som tilsvarande plagg i goretex. Når det gjelder plagg uten membran såg mykje av plagga veldig greie ut, med fornuftige løysinger og fint snitt - eg likte spesielt godt anorakken i fleece. Men samtidig er prisen på dette merket sopass høg at ein kan gå for meir anerkjente merker.
  20. Tau har eg med fordi eg alt for mangen ganger har gløymt å ha med det "obligatoriske" tauet i jaktbuksa til dragning av hjort - det ligger igjen på låven etter sist eg slakta Utover det synes eg det at nokre meter flaggline er greit å ha på generelt grunnlag, hvis f.ex sporlina blir ødlagt. Ellers so har du rett i at det er ikkje so mykje eg har med. Men det er eit bevist valg fordi eg stadig føretrekker ein "minimalistisk" tilnærming til jakta - i den forstand at eg vil ha med meg minst mogleg. Tidligare hadde eg ein dagssekk full av ting eg trudde eg trengte, og alle lommane på jakka fulle i stæsj - men 2/3 deler av det eg hadde med, var ting eg ikkje trengte - men som var kjekt å ha. Det som virkelig er kjekt, er tomme lommer på jakka og ein liten sekk på ryggen med det aller nødvendigste
  21. Eg går alltid med jakka frå ettersøksringen, som er både fargerik og full av reflekser, hunden går også med tilsvarande sele. Eg har ein liten ryggsekk som alltid er med i på jakt og ettersøk, i den har eg: Nokre meter flaggline Ei lita men kraftig hodelykt + ekstra batterier. Reservekniv Kleenex/papir, til å finne blod Desinfiserende våtservietter Ein liten pakke med "høgenergifor" til hunden Litt nøtter og sjokolade Ei lita drikkeflaske Langermet tshirt i ull. Denne sekken er temmelig liten (trur det er 6 liter) men då har eg i tillegg plass til ein 0,5 liters thermos og ein solid matpakke. Eg har også vurdert å legge oppi litt førstehjelpsutstyr, men det har blitt med tanken og blir sikkert ikkke gjort FØR eg ein gang sitter der med kutt i fingeren og angrer på at eg ikkje hadde plaster i sekken
  22. Då er jakta i gang! Eg hadde egentlig ikkje lyst å skyte noko på grunn av været og mangelen på kjøl. Men når unghunden nettopp vart godkjent som ettersøkshund, hadde eg fryktelig lyst å kunne gå eit kontrollert "ettersøk" med den, på eit dyr eg hadde skutt. Dermed tok eg meg ein tur i dag, og tre ungdyr gjekk igjen etter det lysna, fjordbukken eg hadde sett meg ut, ville aldri stille seg opp aleine og til slutt var den komt farlig nærme steingarden og eg måtte derfor skyte den når den sto litt skrått frå meg. Men skuddet satt fint, bukken baksa seg nokre meter og vart deretter liggande å sparke, den låg slik til at eg ikkje fekk skutt på den, før den eventuelt reiste seg. Eg låg derfor klar og sikta på den leeeenge, faktisk so lenge at eg fekk ein telefon om eit ettersøk og fekk vidareformidla det - før eg fant ut at her er det berre å rykke fram. Eg sprang rundt ein stor haug med rundballer for å komme i posisjon og i mellomtida hadde den reist seg og var på vei vekk frå bøen, det vart derfor eit oppfølgingsskudd på løpande dyr med særs høg puls og skotet havna desverre litt langt bak - men dyret gjekk ned i smellen. Men han var langt frå dau og sprella, sparka og baksa so ille at eg enda opp med å springe bort for å deretter avlive den med eit nakkeskot på kloss hold - 3! skot i ein fjordbukk Det første hadde gått inn bogen og hadde gått skrått gjennom bogen og stoppa i skinnet framme i bringa. Skudd nr to hadde vore oppe i ryggen, langt bak - hol i vomba men heldigvis var det lite søl. Skot nr 3, som avslutta det heile gjekk tvers gjennom nakkesøyla. 160 grns barnes ttsx i 308 Den mest seigliva hjorten eg har skote nokon gang, ein guffen opplevelse. Men, unghunden fekk gå eit "søk", og han gjorde alt rett og viste stor interesse på fallet - han ragga og kosa seg. So det er nok ein god investering til neste gang ettersøkstelefonen ringer.
  23. Hvis terrenget er bra, og med det meiner eg at det holder bra med dyr - so er dette ein veldig grei pris. I mitt nærområde so ligger prisen på det nivået du beskriver i områder med relativt lite dyr. Men i bedre terreng betaler dei i snitt 4000 for kalv, 6000 for fjorddyr, 8000 for kolle og 10 000 + for bukk.
  24. Då er du heldig! Her er det julivær, dvs 20 grader, sol og tørt som fa@$. Med nylig godkjent ettersøkshund, hadde det vore veldig greit å få skutt eit dyr eller to på bøen som unghunden kunne få gått "ettersøk" på. Men med temperaturen og manglande tilgang på kjøl - er det utfordrande.
  25. Det er straks 1 september og hjortejakt, men været og temperaturen minner meir om juli! Jaktdresser med ymse membraner og vadmel er berre å gløyme med det første - til meg som er varmblodig blir det alt for varmt. Slik været er, og er meldt framover kan eg like gjerne bruke meir tradisjonelle fritidsklær, som ikkje er vanntette og har godt med lufting. Men sjølv om været er bra og det er relativt varmt er det fortsatt fuktig og vått ute, og frå midten av låra og ned blir ein klissvåt når ein er ute i skog og mark. Eg har impregnering meint for fritidsbukser, eit voksstykke ein skal gni på plagget og deretter varme voksen inn i plagget med ein hårføner - og ein skulle gjere dette fleire ganger på utsatte områder. Eg har gjort dette med ei Härkilla-bukse eg har, som egner seg til jakt i varmt og fint vær. Der eg har påført voks er den blitt mørkare i farge og stoffet er blitt stivare. Men er denne formen for impregnering effektiv? Holder det meg tørr når eg går gjennom fuktig vegitasjon - og hvis det fungerer, holder det meir enn ein tur?
×
×
  • Create New...