Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. For ein med liten erfaring med speking.. Hvis eg vil prøve tilsvarande med eit kjøttstykke på 2 kilo, so dobler ein mengden med salt&sukker men følger ellers oppskrifta nokonlunde?
  2. Det eg var litt spent på, om ein ville merke forskjell i praksis. Det blir å prøve partitioni 9.3 til hausten - blir det fryktelig mykje søl av den, bruker eg den kula til ettersøk og finner ei anna kule til jakt
  3. Eg har sett fleire slakt skutt med sprenglada ttsx i 3006, det såg ikkke bra ut (som dei fleste slakt skutt med kuler blåst ut i høg hastighet). Min personlige meining basert på min erfaring er at høg fart på kula aldri er ein god ting m.tp effekt eller kvalitet på slakt, aldri! Ein må vite at ein har nok hastighet til å oppnå skikkelig presisjon og ekspansjon ut til eit vist hold (eg veit f.ex at med mine kuler i min 9.3x62 har eg ekspansjon ut til hvertfall 250 meter og det er godt nok for meg). At hastighet er "the shit" på ei jaktkule til vilt ein har tenkt å ha på middagsbordet - det er med all tenkelig respekt til dei som trur det motsatte, tull!
  4. Tsx er den første oppgraderte versjonen av barnes, med riller. Ttsx er ein yttligare oppgradert versjon, med spiss og boat tail fpr bedre BC, hvis eg hugsar rett. Og so meinar eg å ha lest at ttsx ekspanderer litt raskare.
  5. Den er no sendt til myhrs for justerbar kolbekam og dei skal legge ny finish på skjeftet. Både gleder og gruer meg til å sjå resultatet
  6. Eg har ei Pfanner loden som eg er veldig glad i til smygjakt. Eg har aldri brukt den på sommerstid, men eg hadde innbilt meg at sjølv om vadmel/ull puster og er luftig - so hadde det blitt for varmt. Men det stemmer kanskje ikkje? Korleis opplever du vadmel i forhold til slitestyrke? Buksa kjøpte eg i haust, so eg har berre brukt den ein sesong. Men eg har ei jakke eg har hatt nokon år, og den har eg brukt på ettersøk. Og etter å ha kjempa seg gjennom eit par granfelt - begynner den å bli temmelig lodden
  7. At den gir meir søl i .30 kaliber skyldast kanskje nettopp det at der er deleveggen lenger bak og ein har meir splitring og søl. Fritt frå hukommelsen so meiner eg å hugse at fra 338 og oppover so kunne ein forvente ca 20% høgare restvekt på kulene. Men det blir spennande å prøve til hausten - eg vågar å være forsiktig optimist
  8. Den duger, men ikkje utmerket god lufting er eit nødvendig omde for min del, og eg har til gode å finne jeans med lufting
  9. Det er akkurat so avansert/vanskelig som du vil ha det Hvis du har ei bukse som er robust, med god lufting og passform,, so er den like dugande på sommar, haust og vinter - forskjellen blir kva du velger å ha under. Eg trenger ikkje ei bukse til kva årstid, men ei som innfrir mine krav - so vil den hjelpe meg heile året.. Har du tips, må du gjerne dele, det! hadde vore konstruktivt.
  10. Nosler partition er jo som kjent ein gammal traver. Enkelte sverger til den, enkelte synes den er utdatert og andre meiner den ikkje duger til matvilt, fordi den lager eit forferdelig søl. Eg har noko erfaring med denne kula, eg brukte den i 6,5x55. Eg var i utgangspunktet veldig fornøgd med den, eg fekk etterlengta skuddteikn og kortare utras spesielt på dyra eg skaut på dyrka mark - og alltid gjennomskyting. Men det er klart, inngangsbogen som er skutt med partition, den kan gje ein litt grå hår når ein slakter - men det er prisen ein betaler for å få sopass gode skuddtegn i dyra. Men på 338 og oppover har dei flytta deleveggen lenger fram, slik at ein har mindre fragmantering og meir penetrering, argumentasjonen til Nosler er at ein då har ei bedre kule til stort og farlig vilt. Men har kammerfolket testa denne kula på vårt storvilt? I utgangspunktet liker eg godt tanken på ei partition "light". For mitt vedkommande er det 9.3x62, og eg kan leve med litt mindre "eksplosjon", då det ikkje er nødvendig for å få skuddteikn med 9.3 - og forhåpentligvis blir det mindre sukking og arbeid under slakting. Men spørsmålet blir jo om ein merker noko i praksis på sølet partition lager, på kulene der deleveggen er flytta lenger fram?
  11. Begge tips skal sjåast nærmare på! Er det nokon som har prøvd pfanner si ettersøksbukse? Den er sopass kostbar at det hadde vore greit å høyrt andre sine brukererfaringer før ein eventuelt vurderer den.
  12. Snuser rundt etter ei ny bukse til når eg er hundefører eller går ettersøk. Etter litt prøving og feiling so er min subjektive erfaring at membranklær ikkje er egna til mitt bruk. Eg er varmblodig og blir svært lett varm, sjølv ved lav aktivitet. Og eg har til gode å finne plagg med f.ex gore tex med god nok ventilasjon til at det fungerer optimalt til meg, eg blir klam og våt okke som - so fullblods membranbukse utgår. Ei bukse uten nokon form for membran kan til nøden fungere, men det er ikkje optimalt då ein spesielt på ettersøk ofte ender opp med å gå gjennom ymse høg lyng, einer osv - so ein vil raskt bli klissvåt oppetter beina. Det eg har sett litt på pg som eg trur kan være verdt å prøve, er ymse hybridbukser. Desse er i utgangspunktet utem membran, men har det i nedre del av bein og gjerne i setet - noko som i utgangspunktet er nok til mitt bruk. Men dei buksene eg har sett på, har hatt eit for tynt og skjørt stoff utover dei forsterka områda - gjerne av ein sånn kvalitet som ein finner på fritidsbukser meint til rolige turer på merka sti - eg ser etter ei bukse som er robust, den må være laga i eit sopass bestandig stoff at ein kan gå gjennom einer uten at ein flerrer sund låra på buksa - og mannen under buksa vil gjerne ha litt beskyttelse mot skarpe kvister osv. Og der må være moglegheit for ventilasjon! Og det siste er passform. Som hundefører er ein litt romslig passform eit pluss, for maksimal bevegelighet. Men eg har sopass grove lår og legger at det er ofte utfordrande for meg å finne bukser som passer bra. So,, hybrid (helst) og ikkje i eit for tynt og pinglete stoff, men ei robust bukse som tåler å bli brukt og som gir litt beskyttelse til mannen som bruker den. Romslig snitt og moglegheit for lufting. Nokon tips som passer mine kriterier?
  13. Eg har sett bilder av ein slags sele med ein presenning/sekk som ein har hjorten i, og so drar ein det etter seg. Eg har vore med å dratt hjort liggande på ein tom kraftfôr-sekk, og det vart betydelig lettare å dra. Eg er ofte på jakt aleine og eg har eit kvalmande antall timer der eg har slepa og kjempa med hjorter aleine, kun hjelp av ei flaggline og ein kjepp til å holde i. Eg har tru på at prinsippet med å ha dyret oppi ein glatt sekk/presenning kan hjelpe, dei eg har sett avbilda har ikkje sett ut som noko heimelaga, men eg har ikkje lykkast å finne andre ting en seler til å dra vilt med - ikkje den sekken. Nokon som veit kva dette er og kor ein eventuelt får kjøpt det?
  14. Eg har litt erfaring med denne kula. Konstruert slik at den i praksis skal fungere som ein Nosler partition, dvs fremre del fragmenterer og bakre del sørger for gjennomskyting. Går vanvittig godt i mi børse og har oppført seg som forventa - eg har vore veldig fornøgd.
  15. Har sendt fleire mail til nevnte butikk for å kjøpe varer dei selger, null svar...
  16. Eg skulle også ha meg eit allroundsikte og eg sto mellom ein 1,5-6x42 av god kvalitet eller ein 2,5-10x50 og eg gjekk for sistnevnte, ein zeiss varipoint med asv for min del. Den med 42 objektiv blir noko lettare og smekrare, men eg skyter dei fleste hjortar tidlig om morgonen eller seint om kvelden, so eg prioriterte skumringsegenskapane framfor størrelse/vekt - og som hjortejeger er det fornuftig. Den er ikkje det råaste ein får til skumring, men det er heller ikkje intensjonen når ein velger ein "allrounder" Du har valgt eit sikte med greie proporsjoner, det kunne vore mindre og lettare, men det er likevell innafor. Du har det du trenger til dårlig lys og du har muligheten til å dra forstørrelsen opp hvis du f.ex skal skyte på litt dryge hold ein dag - eg trur du blir veldig fornøgd
  17. Eg har det skapet der. Med 6 langvåpen, litt ammo til kvart våpen - so er det akuratt passe fult. Eg er godt fornøgd med dette skåpet med det antall våpen eg har - men eg har eit mindre skap i tillegg til ammo og papirer
  18. Eg har funne ein, som også tilbyr jakt i Norge. Men er det nokon som veit om andre som tilbyr jakt på rådyr i Sverige? Gjerne innanfor 2 timer frå grensa. Og er det samme praksis i Sverige som i Norge, med bukkejakt først?
  19. Då er børsa omsider her! Eg er godt fornøgd og vi skal nok bli gode venner Men treverket trenger desverre litt omsorg, det forbauser meg at sopass kostbarevåpen og pent treverk ikkje er skikkelig behandla med porefyller. So der er ein jobb som skal gjerast. I tillegg fekk eg hakeslepp når eg skulle klargjere siktet for innskyting og opna ASV'n, forrige eigar har mest truleg vridd på tårnet uten å løfte det først - begge stålpinnane som står inni der var kraftig bøgde. Dermed har siktet fått seg ein sopass kraftig påkjenning at eg ville ha det testa og reparert - og det der ut som selgar tar ansvar og skal sende det til Zeiss.
  20. Eg fant eit skrujern som faktisk passa til slutt og no er varipoint'n montert
  21. Endelig er den her! Den har fått pipe i 9.3x62 og eg har satt ein a-tec hertz på den. Eg er for tiden i heimekarantene, men når den er over, er det å komme seg på den lokale våpensjappa og få montert på varipoint'n som er innkjøpt til børsa Ein smule plagsomt at montasjen var so stram at eg ikkje får den på pipa, og eg har heller ikkje verktøy som passer skruane
  22. Utsolgt/tomme og har ikkje svart på henvendelse om dei kan skaffe.
×
×
  • Create New...