Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Hadde eg vert fornuftig "grøss", hadde eg hatt ei sako finnlight i 308, med ein liten demper og ein zeiss 2,5-10x50. Men no er eg heldigvis ikkje det
  2. Guttedrømmen når det gjelder våpen har bestandig vert drilling og dobbeltrifle. Drilling har eg hatt bruksområder til, og har derfor realisert den draumen. Men dobbeltrifle har eg aldri hatt eit skikkeleg bruksområde til, og derfor har det ikkje vert eit tema. Eg jakter primært hjort og har fram til dei seinare år jakta mykje i snaufjell der det som regel blir liggande skyting og hold frå 100 meter og oppover. Men dei seinare åra har eg fått nye jaktområder og jakter derfor mykje i glissen furuskog, smygjakt med skytestokk og hold under 100 meter - og i dag er derfor dobbeltrifle noko eg kan forsvare å vurdere. Dobbeltrifla er kort, hendig, relativt lett og ein har moglegheit til raskt oppfølgingsskudd om nødvendig. Den optimale dobbeltrifla i forhold til ''guttedrømmen'' er ei sideligger, men då skulle den også vert i eit litt grovare kaliber. Skal eg gå for ei slik rifle, blir det eit reint bruksvåpen med eigargleda som bonus - derfor er eg ikkje fastlåst på sideligger. Eg følger med på bruktmarkdedet, men eg ser det er som regel frå 9.3 og oppover som selgast. Eg vil ikkje ha sopass reklylsterke våpen, av den enkle grunn at ein 9.3 har sopass med fråspark at eg må begynnne å tenke meg om når eg skyter - hvis ikkje får eg kikkertsikte i pannebrasken. Eg har både 9.3, 338 og 416 frå før, og handterer desse godt, men reklylen er av ein slik grad at ein må ha det i betraktning når ein skyter og det ønsker eg ikkje i eit slikt våpen - eg vil ha eit ''standard'' kaliber som kan skytast med uten at rekylen er noko som må takast høgde for. Eg har eit alternativ, som er ei Beretta o/u i 3006, der forhandleren skal lodde opp igjen pipene og kan regulere børsa til den ammunisjonen eg tenker å bruke. Og slik eg har forstått det, bør ein tenke at eit kommande blyforbud er ein realitet. Ein kan sjølvsagt hamstre kuler og jakte ''ulovleg'' med desse, men eg invisterer ikkje penger i noko som eg ikkje kan bruke med ''ryggen fri''. Forhandleren meinte dette ikkje skulle bli eit problem, han kunne regulere rifla til ei blyfri jaktkule med avlastningsriller, som f.ex Barnes x - og meinte dette ville bli problemfritt. Kva meiner folket ein bør gjere? Er det feil å tenke dobbeltrifle i dagens samfunn, der vi mest truleg er i slutten av tidsregninga for blyholdige kuler? Og hvis ein tenker at det går bra og ein kan regulere eit våpen for ''framtidens'' kuler og leve greit med det. Er det greit å tenke ei Beretta i 3006, eller bør eg vente/leite litt lenger og forsøke å finne ei rifle frå ein meir annerkjent tysk produsent? Eg har ikkje tenkt å bruke eit statsbudsjett på ei slik rifle, men eg ønsker heller ikkje å kjøpe ei Baikal til 5000.
  3. Eg har ein slik "brystsele" som passer perfekt til min steiner 10x44. Men får ein slike som passe til mindre kikkerter (typ 8x30/32)? Eg tenker på varianten med oppbevaringslomme.
  4. "Spøkelseshjort" er eit snodig fenomen. Reiste til fjells og satt nokre timer på post i eit helv@#$% vær og gjekk nedover igjen i so god tid at eg fekk med meg utmarksbeita før det vart mørkt. Kom nedover og ser eit fjorddyr som går rolig å beiter 180 meter frå meg. Eg kom på ein skogsveg og hadde vegetasjon foran og bak meg og det blåste godt, vegitasjonen bevega seg i vinden so i praksis skulle eg være godt skjult, i tillegg var det ei elv mellom oss som brusa godt - so eg tenkte at "dette blir bankers". Eg gjekk rolig 1 meter fram, slik at eg var heilt i skjul bak eit tre, tok av meg ryggsekken og gjekk ein meter fram og monterte skytestokken og la rifla i anlegg - men kor er dyret? Når eg såg på det sist, beita det roleg og eg gjorde ein ørliten forflytning der eg var kamuflert på alle måter, vinden var perfekt - 30 sekunder etterpå var dyret forsvunne. Eg vart ståande å saumfare beitet med kikkert til det vart mørkt, men såg ikkje snurten av det. Bedre lukke neste gang.
  5. @Skrueråmuttere Nei, det har eg ikkje - eg var ikkje ein gang klar over at det fantes. Kanskje noko eg burde vurdert, eg har plukka fleire flått av meg i løpet av sommeren og slik har det vert i mange år.
  6. @Skaubjønn Vi har flått, i store mengder - eg nappa av over 40 stk som hadde bitt seg fast etter ein lang dag i fjellet i starten av september for nokre år siden. Men hjortelusfluer er ikkje eit tema her rundtomkring, trur eg. Eg trudde eg såg eit par stk ein gang, eg vart bitt av nokre snodige innsekter og fekk steinharde klumper i huden som klødde som besatt i fleire veker.
  7. Smygjakt er den jaktformen eg praktiserer mest i dag, og i dei seinare år har eg jakta i ein del skogsterreng som har gitt meg nye erfaringer, utfordringer, gleder og frustrasjoner. Tenkte å starte ein tråd der eg skriver litt om mine erfaringer, utfordringer og kva utstyr eg føretrekker osv - so håpar eg dykk vil bidra og vi kan skape ein tråd som kan være informativt både for ein fersk jeger og den meir erfarne. Min største utfordring når det gjelder smygjakt, er meg sjølv - og med det meiner eg ein stygg tendens til å bevege meg alt for fort gjennom terrenget. Eg har blitt betydelig betre med åra, men opplever stadig å støkke dyr fordi eg har bevegd meg for fort og har dermed ikkje brukt kikkerten godt nok - og dyra oppdager meg først. I områder der eg er godt kjent, der veit eg ca kor eg har partier der eg kan forflytte meg litt raskare og kor eg virkelig må gire ned og liste meg gjennom terrenget. Men når eg jakter på plasser eg ikkje er godt kjent, er det eigentleg krabbegir som gjelder absolutt heile tida. Det andre elementet som eg opplever som svært viktig, det er kikkerten og kor flink eg er til å bruke den. Min erfaring tilseier at forskjellen på suksess og fiasko på smygjakt, handler om å oppdage dyret før dyret oppdager meg - og skal eg klare det, er det kombinasjonen av å bevege seg sakte nok og det å bruke kikkerten desidert heile tida som gir meg resultater. Det å bruke kikkerten til å saumfare terrenget rundt seg for kvar lille forflytning ein gjere, er lett å seie/tenke. Men i praksis merker eg stadig at kikkerten burde vore meir brukt og eg har stolt for mykje på synet. Henger kikkerten rundt halsen til pynt, er eg i praksis meir på støkkjakt enn smygjakt. Ein liten hendig kikkert som f.ex 8x30/32 synes eg er perfekt til denne typen jaktform. For min del handler det ofte om eit lite dilemma når eg er på smygjakt. Eg har kanskje ein plan om at eg skal smyge til ein gitt plass i terrenget og sitte der på post ein time eller to, før eg går heim. Og eg begynner veldig bra, lister meg fram, meter for meter og etter ein liten time, har eg kanskje bevegd meg 1/3 del av den planlagte ruta og eg har ikkje sett snurten av dyr - og begynner å miste trua/fokus. Då begynner eg å tenke at det her går for seint, eg er ikkje effektiv nok, eg må auke tempoet litt, komme meg lenger inn i terrenget og so blir alt bra, og auker tempoet litt for å komme meg lenger inn i terrenget. 150 meter etterpå ser eg ein bevegelse i augekroken og høyrer eit bjeff og eg ser eit dyr som kaster seg rundt og forsvinner... Når det gjelder vind, so har eg bestandig forsøkt å ha vinden mot meg. Men eg har høyrt om mangen som har jakta med vinden i ryggen, og brukt det til sin fordel. Dei utnytter at hjorten gjerne vil ta ein bue rundt jegeren etter å ha kjent lukta av han. Dei beveger seg slik i terrenget at dei har ein sjanse for å "gå på" dyret når det slår bue rundt jegeren - men dette er ikkje noko eg har testa ut sjølv. Eg har forøvrig ein "wind indicator", ei lita flaske med talkum (eller noko likande), og den bruker eg flittig og synes det er eit kjempegodt hjelpemiddel! Forøvrig trur eg den er magisk, for eg har hatt den i åresvis og den går aldri tom Når det kjem til det å være stille, so er det i praksis heilt umogleg å være heilt lydlaus. Men det er heller ikkje heilt stille i skogen heller, so eg ser det ikkje som krise å lage litt lyd. Knekker eg ein kvist, stopper eg opp eit par minutter før eg går vidare. Men det eg trur er dumt er å fortsette og kanskje knekke eit par kvister til på vegen, då oppfatter hjorten at noko er på veg hvis den høyrer jevnlig knekking som forflytter seg i terrenget og ein kan ha spolert sjansen sin. Ein nydelig, klår og vindstille haustdag er ein nydelig dag å jakte i, men eg opplever at dager med vind og litt regn er det beste, fordi ein får naturleg kamuflasje for lyd. Det kan være lett å tenke at det er vanskelig å jakte i ruskvær fordi ein ikkje høyrer noko og ein har dårligare sikt om det er regn/tåke. Men min konklusjon er at sjølv om mine sanser er redusert under slike forhold, er det uansett ein fordel å ha ruskevær fordi dyra sine sanser også er redusert. Hvis terrenget tillater det, beveger eg meg gjerne i nærheten av ei lita elv eller ein bekk - då er det mykje mindre sjanse for at dyra høyrer meg. Kamuflasje er ikkje noko eg har vektlagt i særlig grad. So lenge eg har på meg klede som er nokonlunde grønne, so er det godt nok. Eg kunne kanskje med fordel brukt noko forran ansiktet, men eg er so varmblodig og svett når eg er ute å går i terrenget at eg velger det som regel bort. Det er mogleg det kan være noko å hente på god kamuflasje, men hjorten ser først og fremst bevegelse og den klarer ein ikkje å kamuflere uansett kor godt ein kler seg. Dette er for ordens skuld ikkje nokon fasit, det er godt mogleg det er veldig lurt å ha fokus på det - men det er mine subjektive tanker rundt det. Eg har lært meg å bruke skytestokk og det synes eg er eit fantastisk hjelpemiddel på smygjakt! Eg bruker den som ein stokk, fordi eg har elendig balanse når eg skal "liste meg" gjennom skogen. Den er glimrande å støtte kikkerten på, slik at ein får eit roligare bilde og ikkje minst det at ein kan skyte uten å måtte leite etter ein plass å ta anlegg, å kunne sette/legge seg ned osv. Eg kan ikkje få understreka kor eit fantastisk hjelpemiddel ein skytestokk er, om ein berre lærer seg å bruke den. Ellers so er det viktig å kle seg i gode klær som ikkje bråker unødvendig mykje og som er gode å gå med. Litt formsydde klede som ikkje er "meir og større en nødvendig". Eg velger vekk den svære jakka/anorakken til fordel for mindre og lettare plagg. Hvis det er nokonlunde opplett og ikkje for varmt er vadmel min favoritt. Eg vil helst ha ein litt minimalistisk tilnærming når eg smyger; minst mulig stæsj, eg putter alt i ein liten ryggsekk, slik at eg slepper fulle lommer som buler, ein liten 8x30 rundt halsen, ein liten ryggsekk på ryggen, skytestokken i venstrehanda og rifla på skuldra - då er eg klar for smygjakt. Her var litt av mine tanker rundt smygjakt, eg håpar dykk vil bidra med dykkars tanker og erfaringer
  8. Lite aktivitet her, håpar det er fordi folket er for opptatt med slakting til å kunne skrive her inne Eg hadde god uttelling første veka i jakta og fekk skutt eit knippe dyr. Men so har det vert litt pause på grunn av laksefiske og deretter hadde eg fleire turer prega av uflaks og dårlige beslutninger - eg gleder meg til den gangen eg omsider lærer å smyge sakte nok! Men forleden kveld klaffa alt og eg fekk ein fin spissbukk, 110 meters hold og blaser'n i 9,3x62 ladd med 286 grns nosler - vart både effektivt og ryddig. Han snudde seg rundt etter smellen og rusla 2 meter tilbake der han kom frå før det var slutt. Ein plass eg har skutt masse hjort, det er ein god post men det er eit umenneskelig slit å få hjorten der ifrå! Dette var om kvelden so frå skuddet smalt var det ein kamp mot klokka for å få hjorten ned til skogsvegen før det vart mørkt. I det eg og hjorten kom snublane ned i skogsvegen og eg vart ståande på kne og albogar og kaste opp, kom bonden køyrande med traktoren. Han spurte meg forsiktig om kva det var med hjortejakt i vårt terreng eg eigentleg fant appelerande Men når eg kom meg bort i bekken og fekk i meg ein liter vann og deretter litt sjokolade og nøtter - var eg klar til resten av jobben. Men alder er oppskrytt! Tidligare kunne eg ha slike kraftanstrengelser og restituere på eit godt måltid og ei god natts søvn. Men no henger ein slik dag i kroppen i fleire dagar
  9. Nokon som veit kva vinkel dei bruker på sine kniver? Safari mini hunter er den spesifikke modellen eg har. Hvis eg hadde vist vinkelen, kunne eg brukt samme vinkel på jigg'en eller worksharp'n og shina den opp framfor å sette ny egg.
  10. Eg kjøpte ein dead sled som har samla støv inntil i kveld. Sjølvsagt har eg aldri pakka den ut og sett på den, før eg sto der i kveld med ein spissbukk skutt langt til fjells og ein time med dagslys igjen. Når dyret låg slik det skulle, synes eg sleden fungerte greit. Men alt for ofte sklidde sleden slik at den vart liggande sideveis og ikkje i bunn med dyret oppå - slik den skal. Er her folk med erfaringer som kan seie noko om korleis ein best fester dyra til desse, slik at dei fungerer optimalt? Skal dyret ligge på sida, eller ryggen? Og skal ein stramme stroppane slik at sleden bretter seg opp og rundt dyret? No skal det seiast at dette var til fjells, terrenget var ulendt og blanding av bratte nedoverbakker og myrer fulle av tuer (desse tuene/knollane vi har plenty av, er skapt av pur ondskap). Og turen vart dertil turbulent - er desse eigentleg skapt for å drage dyr over dyrka mark, skjønner eg at det ikkje fungerer til mitt bruk.
  11. To dårlige bileter tatt i farten i kveld. Men det er inngangsbogen og eit bilete som viser korleis det ser ut innvendig. Fjordbukk skutt i kveld på ca 110 meters hold med min kjære r93 i 9,3x62 med 286 grns nosler partition. Det kjem ikkje godt fram, men eit fint slakt til tross for at det er skutt med ein granat
  12. Mine gamle Härkilla extreme har eg smurt med vanlig lærfett, det har ført til at nubuck'n på beina har helde seg mjukt og det trekker ikkje vann. Men det har også totalt endra utsjånaden på skinnet, det har blitt svart og glatt. Eg har ei nyare pro hunter x der nubuck'n snart trenger litt omsorg, finnes det alternativer som ikkje endrer utsjånaden/kvaliteten på nubuck?
  13. Eg har ein swedteam tracker molltec på 5 liter som er med på all jakt og ettersøk. Grunnen til at eg gidder å ha den med er nettopp fordi den er liten, slik at det ikkje merkast at eg har den på. Og skulderstroppsne er svært tynne slik at det er null problem å skyte med sekken på. Men 5 liter er heilt i nedre grense, eg sliter med å få plass til eit skikkelig klesskift. Ein tilsvarende sekk med litt større plass, mellom 7 og 10 liter, med tynne stropper hadde vore perfekt. Men dei eg har funne har hatt tjukke og "tradisjonelle" skulderstropper. Nokon som har eit tips til ein sekk som kan innfri?
  14. Eg har ørten ryggsekker som har ein ting til felles, dei er unødvendig store til enkle jaktturer. Som igjen har ført til at eg har droppa sekken og gått med jakkelommene mine på spreng med ymse som må være med på jakt - upraktisk og særs irriterande. Løysninga vart ein swedteam tracker molltec 5L. Etter omhyggelig pakking får eg det mest nødvendige ned i den - og den er so liten og praktisk at den blir med på alt frå jakt til ettersøk. Men plassen er utfordrande, 5L er ikkje all verden og klesskift til overkroppen er eit must for meg på all jakt - då termostaten min konstant er for varm og eg blir svett berre av tanken på ein bakke. I alle mine terreng begynner eg turen med å klatre høgdemeter og eg er avhengig av tørre klede på overkroppen når eg er komt opp og skal på post, eller byrje smygjakta. Eg får i dag plass til ein overdel frå devold, eg trur den heiter expedition, i tillegg til ei lita brynje. Eg har forsøkt å få plass til ein 400 gram's ullfroté i tillegg til brynja, noko som hadde vert det ideelle, men det går ikkje - den tar for stor plass. Som mellomplagg, merker eg at eg med fordel kunne hatt noko som varmer litt bedre en devold'n - men har eg andre alternativer? Eg ser enkelte sportsbutikker har nokre særs tynne og tynne fleecegensere som i utgangspunktet ser veldig varme og behagelige ut - og plassmessig trur eg at dei skal være mogleg å knefte ned i den lille sekken.
  15. @Skrueråmuttere det har vell hverken eg eller andre benekta heller? Det som har blitt sagt noko om, er i kor stor grad ekspansjonen av fremre del påvirker eit slakt - der min påstand er at mangen har eit feilaktig inntrykk av at np "sprenger" sund boger. Avslutningsvis kan eg nevne at ein sesong jakta eg konsekvent med noko so horribelt som interlock i 6,5x55 - for å få erfaring om korleis slakt vart sjåande ut etter ei so "simpel" kule - referansen min var oryx og nosler partition. Og etter omlag 10 dyr med den kula, der slakta (hjort) stort sett såg veldig greie ut - so konkluderte eg med at ryktet til denne kula sammstemte ikkje med slakta eg hadde hengande i låven - dei såg hverken verre eller betre ut enn mine referanser. Eg gjekk allikevel vekk frå denne kula, fordi eg ville ha noko som eg var 100% sikker på ville holde sammen og fortsette etter treff i harde bein, marginale vinkler osv. Men med med eit standard bog/lunge, såg det slettes ikkje verre ut enn med nokon av superkulene eg har brukt. Vi har dette som hobby/lidenskap og dyrker interessen vår. Forlengelsen av det blir av vi ender opp som "dramaqueen's" heile gjengen, som overdramatiserer det meste og vi trur alltid at vi må forkaste det gamle, gå for det nyaste - og selvfølgelig er berre det beste godt nok. Eg merker dette på meg sjølv og andre, og trenden er størst når vi kjem til kuler og optikk - men det er ein annan diskusjon
  16. Det var min påstand, og eg står fortsatt for det eg har sagt. Min erfaring tilseier at ved korte hold, ekspanderer fremre del relativt heftig, men ikkje verre enn f.ex ei interlock eller andre "simple" kuler som skal gjennom ein bog i høg hastighet ville gjort. Men sjølv om det blir litt søl, har eg til gode å sjå "eksploderte"/ødlagte boger av nosler. Og når holda strekker seg over 50 meter, ser det stort sett veldig ryddig og greit ut. Poenget mitt er at mennesker som har lite kunnskap og erfaring har ein tendens til å overdramatisere kor ille denne kula faktisk er.
  17. Nei, det vil neppe barna dine tåle Til tross for alle dei miliardane av bilder du har sett, so blir ikkje ein overdrivelse/myte meir sant fordi masse mennesker uten praktisk erfaring eller kunnskap, gjenntar seg i det uendelige.
  18. @znopi eg har ikkje fått dei enda, kjem med tilbakemelding når dei er komt.
  19. Her i huset er bolognes'n min ein høydare, både blandt små og store. Eg har laga denne retten i mange år og har etterkvart justert den til å bli nøyaktig slik vi synes den er best. Den er knallgod som saus til pasta, i lasange og som fyll i pizzasnurrer. Eg legger her ut ei relativt stor oppskrift, fordi eg lager utelukkande ein svær porsjon og so fryser vi ned og har mange middagar på lur. Ingredienser: 1,5 kg hjortekjøttdeig 1,2 kg svinekjøttdeig 300 gram evangerbacon (eller anna godt bacon) 5 løk 7 gulerøtter 7 stilker stangselleri 7 dl rødvin 1,5 liter kjøttkraft 1 glass tomatpuré 2 bokser med hermetiske tomater (helst flådde heile tomater 1/2 glass med finhakka soltørkede tomater Fersk rosmarin 1 ss knuste fenikkelfrø 2 stjerneanis Framgangsmåte: Eg bruner alt kjøttet først, tilsett salt og pepper, slik at du ikkje må krydre deg ihjel på slutten av koketida. Grønnsakane skreller eg og køyrer i foodprosessoren, alternativt hakker du dei sjølv - men denne retten skal stå i ovnen i mange timar, so ikkje hakk det for fint. Finsnitt bacon og finn fram ein stor kjele og fres baconet, tilsett knust fenikkelfrø og finhakka rosmarin. Når fettet på baconet har smelta, tilsetter du grønnsakane og litt salt og lar dei svette i ca 10 minutter før du tilsetter kjøttdeigen og steiker vidare i 5 minutter. Deretter har eg tomatpuré i ei skål, tilsetter ca 1 dl av rødvinen og blander godt, dette heller eg deretter i gryta og lar den surre i 5 minutter til før eg tilsetter resten av rødvinen og lar dette småkoke i ein halvtimes tid. So tilsetter ein kjøttkrafta, finhakka hermetisk tomat og stjerneanis og har på lokk - men la det være ei lita glippe i lokket. Og herfrå kan ein enten fortsette å koke på plata, men eg føretrekker å sette heile gryta i ovnen på 140 grader og lar den stå 2-3 timar å kose seg. Deretter tilsetter eg boksane med hermetiske tomater, knuser dei og blander godt, før gryta får 2-3 nye timer - blir bolognesen for tørr, tilsetter du meir kjøttkraft/buljong undervegs. Den er ganske tyntflytande i starten, men når den er ferdig skal den ha kokt inn til ein ganske tjukk og god saus, den skal ha blitt redusert med ca 1/3. Fjern stjerneanis og smak til med salt/soya og pepper. Det er litt jobb første timen, men deretter lager den seg sjølv. Og det tar totalt frå 6 til 9 timer, men det er absolutt verdt ventinga
  20. @Sølvrev No skal eg ikkje gjere dette om til ein diskusjon for/mot Nosler. Men eg vil først seie at eg personlig har skutt ganske mange hjorter med denne kula, flest i 6,5x55, litt i 3006 og eit knippe i 9.3x62. Og min erfaring har stort sett vert bra, hvis eg har planta kula midt i bogen på 20 meters hold, synes eg inngangsbogen kan ha litt "nosler-tendenser", men aldri i ein slik grad at det har vert eit problem, og eg har tenkt at prisen ein betaler på inngangsbogen er verdt det ein får m.tp skuddteikn og korte fluktstrekninger. Og ein bekjent som har enormt med hjorteløyver, der han skyter det meste sjølv og selger kjøttet, han har skutt fleire hundre dyr med denne kula gjennom åra - og han har gode erfaringer med kula. So for å konkludere litt, so er min erfaring med kula veldig bra og eg har delt erfaringer med ein som har skutt meir hjort enn dei fleste andre berre kan drømme om, og han har heller ingenting å utsette på den. Men med det ufortjente ryktet, meiner eg at svært mangen meiner noko om denne kula og svært få ha brukt den. Og hvis dei har brukt den, so er det som regel i svært liten grad - og ikkje slik at ein har eit grunnlag for å konkludere. Men alle "har høyrt" at nosler er omtrent for ein granat å rekne. Og for ordens skuld, refererer eg ikkje til deg og dine erfaringer/meininger no! Du kan ha skutt 1000 dyr med nosler for det eg veit. Men poenget mitt er at nosler er blitt litt som schæfer :mangen har meininger om rasen, uten å ha hatt ein - men alle kjenner nokon som er blitt bitt av ein.
  21. Ei framifrå kule med eit ufortjent dårlig rykte. Men den faller litt vekk i dagens samfunn, der ein blir sett på med medynk om ein seier at ein bruker f.ex norma oryx - til og med den er utdatert i mange jegere sine auger.
  22. Vi er alle ulike og derfor skal eg ikkje generalisere. Men for MIN del, har hobbyen jakt vore ei laaang resise gjennom mangen ulike rifler, sikter, handkikkerter, ymse tilbehør og ikkje minst bekledning - før eg er der eg er i dag. No veit eg kva eg vil ha, og eg har det aller meste på alle plan - i den kvaliteten og med dei eigenskapane eg ynskjer. Men vegen dit har vore intet anna enn horribelt dyr! Og eg er klar over at mange andre klarer denne hobbyen på eit meir økonomisk nivå, men vær forberedt på at dersom jakt og skyting gir meirsmak - er det sjanser for at det på sikt vil koste masse penger før du er der du vil være. For ordens skuld har eg ikkje overhodet ikkje interesse for utstyr! Det kunne ikkje brydd meg mindre kva spesifikasjoner ting har, eller kor mange ulike moglegheiter og finesser dei ulike dingsane har, det einaste som betyr noko er at det fungerer slik som eg ynskjer og at det er tilnærma optimalt til mitt bruk. Det kan være du klarer deg med det eine våpnet du kjøper brukt, den eine kikkerten og den eine jaktdressen - og i sofall kudos til deg. Men tenker du langsiktige budsjetter, kan denne interessen ha relevant betydning
  23. Eg ser at ein no får kjøpe poleringsband med poleringspasta til ken onion som tilleggsutstyr, nokon som har prøvd det?
  24. Gratulerer med hjort @Sitka. Eg har hatt god uttelling på jakta solangt, 3 korte turer og 3 dyr. No er det siste innspurt på laksefiske og so blir det meir jakt igjen. Ein liten digresjon, som egentlig berre omhandlar følelser og litt tanker rundt det subjektive kring det å jakte kalv. I det jaktfeltet eg jaktar mest, har det vert streng policy i alle år om å ikkje skyte kalvar, dei vi har skutt er som regel kalvar som tilfeldigvis alltid dukkar opp aleine etter at nabovalda har skutt det vi kallar gjeldkolle (kolle som ikkje har kalv). Argumentet for å ikkje skyte kalv (og vaksne koller) er at til tross for relativt god hjortebestand, ligger vi i "utkanten" av det område, og vi opplever området vårt som meir sårbare for uttak av produktive dyr og "stamdyr", i motsetning til områder lenger inne i kommunen, der det tilsynelatende kan sjå ut som det aldri skjer noko med stammen - uansett kva og kor mykje dei skyter. Men som ettersøksjeger blir det til at eg avlivar nokre kalvar, seinast for ei veke sia. Og eg er innleigd som jeger for eit par grunneigarar som ynskjer at eg skal skyte kalv - so derfor har eg dei siste åra slutt nokre kalvar. Fordi eg er opplært frå barnsbein til at kalvar skal gå i fred, pluss at eg dei siste åra har fått eigne barn, noko som på eit eller anna nivå har endra meg - merker eg at det med å skyte kalvar gir meg utelukkande ein ekkel følelse. I frå eit forvaltningsperspektiv har eg i utgangspunktet ikkje ein aversjon mot det å skyte kalv, men kombinasjonen av vranglære frå der eg har jakta i alle år kombinert med det at eigne avleggere har gjort meg om til ei sentimental bleie - gjere til at eg er ukomfortabel med heile greia. Eg sitter litt igjen med ein følelse av å ha tatt eit liv berre for nokre få kilo med kjøtt - og det føles so meiningslaust. Og dette var ikkje eit innlegg meint som kritikk til avskyting av kalv - eller å skape debatt rundt forvaltning, men eg lufta berre litt subjektive følelser rundt det. Er eg aleine om å føle det slik? Isåfall er det berre å gje meg ein skriftlig øyrefik!
  25. @Ruger #1 @amatør Eg elsker i utgangspunktet kvitløk og vi bruker gjerne opp fleire kvitløk i løpet av ei veke - favoritten til meg og øverstkommanderende som kveldsmat er pasta med kvitløk og olivenolje "pasta aglio e olio". Men i fårikål, blir kvitløken veldig framtredande? Og kva mengder brukar dykk? Eg kjenner at eg er litt skuffa over meg sjølv no, som er skeptisk til noko som involverer kvitløk
×
×
  • Create New...