Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. Kva som er optimalt i di børse må du nesten prøve sjøl. Eg brukte 77 mm i mine børser. Lada dei med samme kruttvekt som diamondline med N-4-krutt. Perfekt til rådyr
  2. Eg har denne kverna her, og kan trygt anbefale den http://jaktogfritid.no/shopelement.asp?aid=8077&pid=3728 Det går mykje kjøt gjennom den kvar haust
  3. Varme tankar til deg og dine no i denne tunge tida
  4. Er nok heller at det kan vere varierande jakttider i dei ulike områda, slik at det i dette tilfellet er ei anna jakttid frå svenskegrensa til og med Vest-agder.
  5. @BRM Kravet til ei 156 grs Oryx er 2200 J/100meter og det klarar du fint med 814 m/s utgangshastighet
  6. Heilt einig i det professor Rognaldsen skriv, og kan legge til følgande: CoreLokt Ultra 140 grs: Liknar på Oryx, men eg opplever den som mindre blaut. God jaktkule til ein fornuftig pris Rhino 140 grs: Svært god jaktkule som diverre er litt vanskeleg å finne i handelen. Ladast som A-Frame
  7. Dette har vore diskutert før, og det er dokumentert at hjort kan få tvillingkalvar. Kan vanskeleg dokumenterast betre enn når du tek to foster ut av ei død kolle. Eit jaktlag på Nordfjordeid opplevde dette. Hugsar det var bilete av dette i avisa.
  8. @Vegara I dei 30 timane som jegerprøven varer, er 9 timar mogeleg å ta som nettstudie http://www.trainingportal.no/kurs/njff/open.html Om du vel å ta desse som nettstudie. Du må då dokumentere for kurshaldar at du har 80% rett svar på testane som ligg til kvar økt
  9. 1. Når du har fullført testen med godkjent resultat kan du skrive ut den sida som syner resultatet 2. Om du avbryt testen, så må du starte den på nytt. Det er vel ikkje noko stort problem. Du får berre meir trening Lukke til med jegerprøven
  10. Eg grillar ein del kilo hjort for året, og det går kjempeflott. Lagar vanlegvis ein olje med gode krydder som eg penslar på. Viltsmaken er så god at ein ikkje må øydelegge den med kraftige marinadar og grilloljar. Synast eg.... Lukke til
  11. Står to annonser i siste Jakt: Sitat Hjortejakt i Sunnfjord, Flora Kommune. 5-8 dyr. Kan oppdeles på flere lag Telefonnummer 924 02 473 Hjortejakt til leie, Sogn og Fjordane Stort terreng med botilbud Telefonnummer 416 11 985
  12. Grattis Hallgeir. Er overhode ikkje misunneleg. Neida.... Måtte berre Knutshøene vere full av rein
  13. Ikkje noko dyr på meg på denne trekninga dessverre. Får håpe på betre lukke på neste trekning
  14. Jepp. Kjøtgrådige grunneigarar. Og dei vert avsindig rasande og Nei, eg er heilt einig med deg. Og eg skulle ønske det vart premiert frå viltmyndighetene og, slik at ein kunne få ein kalv ekstra om ein skaut vekk slike
  15. Det ser heldigvis ut for at hjorten her i mitt nærområde har takla den unormalt snørike vinteren godt. Kollene som beitar kring huset mitt er gode og runde, dvs at dei bér kalv. Fjorkalvane ser bra ut, og alt er flott. Det kjem 20-30 dyr nede på markene kvar kveld, så det lovar godt. No er det berre å få ut slikkesteinar.
  16. Eg har jakta i mange år med 250 grs A-Frame i 9.3x62. Lada til rundt 800m/s i mi S&L, har eg aldri hatt problem med den kula på hjort. Har funne att to kuler i dyr, og begge kan limast rett inn i reklama. Eg har brukt A-Frame på hjort i kaliber frå .260 rem til .416 Taylor, og er kjempefornøgd med den.
  17. For å ta det siste først; CoreLokt er ikkje den beste jaktkula på markedet, kan du seie. Eg brukar den til trening både i 6.5-kaliber og .30-kaliber. Det fine med den er at den er billeg, og heilt grei presisjonsmessig i mine våpen. CLU er ei lodda kule som er av dei betre du får. Jaktar med den i 6.5x55 og .260. Jaktlaget mitt brukar omtrent berre den i .308 og 30-06, ferdiglada. Til rådyrjakt trur eg du kan bruke CoreLokten med godt samvit Lykke til
  18. Tek gjerne ein jobb innen stubbebryting med den ein gong til
  19. Godt nytt år til alle, både skyttarar og jegerar!!
  20. GOD JUL TIL ALLE VEIDARAR OG SKYTTARAR
  21. Lettsalta fisk er nydeleg mat. Det er ikkje tvil om. Vi brukar og vanlegvis tilbehøret som du nevner, Sako, med saltflesk eller bacon attåt. Hjå oss har det alltid vore tradisjon med lettsalta torsk 2.juledag. Men då brukar vi fett frå pinnekjøtet på. Fettet som stivnar i botn på panna vert smelta og ausa over fisk, gulrot og potet. I tillegg brukar vi heimebaka flatbrød attåt. Ynskjer alle ei god jul med mykje god mat rundt om i kongeriket
  22. Jaja, skulle vel vere unødvendig å ønske deg noko god jul
  23. Ikkje berre skal eg sable deg ned, eg skal forklare deg vitsen med adventsjakt. Grunnen er at eg kan ta med nokre vedskier, bacon, ost, tjukke brødskiver og gå meg ein tur opp i fjellsida. Lage meg eit nydeleg måltid, for så å kikke utover jaktområdet mitt. Løfte akkevittglaset og takke for ein flott haust. Alt dette under påskudd om at eg er på jakt.... Så kan madammen pynte til jul i fred Weidemans heil til alle som har hatt lukka med seg på jakt denne hausten
  24. Eg brukar alltid å lage gryte av hjortehjerte siste dagen på jegerprøvekursa. Dei som vil, får smake seg ein firkant rått hjortehjerte..... Dei fleste smakar når eg gjer det først
×
×
  • Create New...