Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. Det enkle er ofte det beste, Bragstad Er heilt einig med deg i det du skriv. Det overordna målet i kommunen her er å auke gjennomsnittsalderen på dyra, og dermed tykkjer eg det er viktig å spare dei gamle kollene, og. I følge Rolf Langvatn produserar kollene kalv til dei vert ganske så gamle. Så spar vaksen bukk og vaksne koller. Skyt kalv og ungdyr. Det beste er om ein kan klare 50/50 % spissbukk/fjorkolle i ungdyrskytinga, og 50/50 % kalv/ungdyr.
  2. Hornelen bestandsplanområde utgjer svært lite av det totale jaktarealet i Kommunen. Det området vart oppretta no i år, så det styrer ikkje tildelingane. Det er ikkje alle som er einige i kor mykje kalv ein skal skyte, men det betyr ikkje at vi ikkje skal skyte kalv
  3. Hjort er nok det viltet i Noreg som det er forska mest på. Rolf Langvatn er nestor på det området. Det går sjølsagt ikkje å forvalte ein viltstamme utan å skyte kalv. Synes berre at det er trist at slike menneske får spalteplass i media. Det er nok av menneske som bit på slikt vås
  4. Det er mange synspunkt på korleis hjorten skal forvaltast: http://www.fjt.no/meninger/2016/10/21/%C3%85-v%C3%A6re-kalvekverkar-var-ei-skam-13678186.ece
  5. Dei åra eg jakta på Røldal, budde eg på Hellevassbu. Brukte Buanuten som utkikkspunkt. Vart nokre dyr på det
  6. Har jakta hjort med 250 grs Rhino i 9.3x62 i mange år. Er berre ein ting å seie; Kjempekule Brukar samme ladedata som til A-Frame med 203-B.
  7. Klarer du å få tak på 140 grs Rhino, så er det, utfrå mi subjektive meining, det beste du får i 6.5x55.
  8. Eg kjøpte churchill til jentungen, og ho er i alle fall godt fornøgd
  9. Eg har jakta hjort i fleire år med 250 grs Rhino lada med Norma 203-B. Den kula vert du garantert fornøgd med til all jakt i Norden. Woodleigh har eg ikkje prøvd i 9.3, men er heit einig med Jerognal i at Oryx gjev mykje griseri. Dei har eg prøvd, og forkasta, i 6.5x55, 308 win, 30-06, 8x57 og 9.3x62 Lukke til, uansett val
  10. Har skote eit bra antall hjort med dei to kuletypane i 9.3x62. Har aldri opplevd at dei ikkje ekspanderer nok. Har funne att to A-frame- og ei Rhinokule. Dei går rett inn i reklamen. Patronene er lada til 800 m/s, og det rekk til mi jakt i alle fall.
  11. Tull og tøys. A-frame er noko av det beste du kan putte inn i 9.3' en din. Ulempa er heftig pris på fabrikklada ammunisjon. Om du tek deg råd til det, kjøp 250 grs swift, og eg garanterer du vert fornøgd. Lykke til
  12. Har jakta hjort i to år no med RWS silver selection 291 grs. Vert nok til at eg kjøper den kula att til neste haust. Likar den kula mykje betre enn oryx. Ellers har eg jakta i mange år med Rhino og A-frame, 250 grs. Ingen hjort som har reist seg opp att og klaga enda
  13. Er ei Trophy Bonded den, og. Den "gamle" typen før plasttuppen
  14. Ville kun brukt den til rein og elg av papp. Mi erfaring er at den held svært dårleg saman, og lage mykje søl i dyret.
  15. De gjer ikkje noko feil om de plasserer nokre slikkesteinar rundt plantefelta. Hjorten ligg ofte i plantefeltet bak skulen, og ved vassverket
  16. Sikkert mange som har kjennskap til Kalvåg gjennom besøk og omtale av Knutholmen. Ta berre kontakt om du vil vite meir
  17. Eg jakta med denne patrona i 9.3x62 sist haust. Den er etter mi meining mykje betre enn Oryx. Om J&F får den inn før jakta, kjem eg til å bruke denne i 6.5x55 denne hausten
  18. Melder meg frivillig som ungdom, Ulf. Hadde vore kjekt å sjå Kvikne sin del av Knutshø, og. Kjempetiltak!!
  19. Snakka med Lesja fjellstyre i dag. Der sa dei at trekkinga på Inatur vert om ca 14 dagar. Så her er det berre å smøre seg med tålmodighet
  20. Det kan kanskje vere noko i det HEK skriv, men erfaringane eg har med oryx i 6.5, .308, 30-06, 8x57 IS og 9.3x62 (286 grs) er at framparten ser ut som etter ein kræsj med toget. Og nei, ingen av kulene har vore bort i kvist på vegen. Om ein likar blaute kuler, så er RWS Evo, woodleigh eller remington CoreLokt ultra mykje betre ut frå mine erfaringar
  21. Spennande. Denne vil eg vere med å bruke. . 260 rem og 9.3x62 hadde då vore kjekt å ha med som kaliber
  22. Då er vi i allefall to som er dumme, Haavard
  23. Det er nok sikkert derfor det er omtrent umulig å få kjøpe hovud frå slakteriet kvar haust Eg er heilt sikker på at du ville likt det om du smakte det. Personleg likar eg best dei som er flådde, salta og tørka. Og nei Kjell Åge; Dei skal ikkje røykast
×
×
  • Create New...