Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. Vert tur dit i år. Madammen fekk simle og kalv der. Jakta sjøl i Knutshø i fjor, og gleder med til å vere sherpa for henne i Snøhetta i år. Men ein må jo håpe at det vert eit kort på meg sjøl på statsallmenningne. Vart berre venteliste på statsskog
  2. Knutshø finn du som Kongsvoll og Drivstua øst og Hjerkinn øst. Eg jakta der i fjor. Flott terreng i knutshø
  3. Går nok på kokkevis det her Bruk 2 pakkar fløte du, resten etter kor godt du likar smaken av urter. Lykke til
  4. Til alle dyktige rypejegerar på forumet. Skogssopp-suppe med rypebryst Oppskrift til 4 personar 2 ryper fersk skogssopp etter smak (Eg bruker kantarell) fløyte vatn Lag ein kvast av persille, løpestikke og stangselleri Ein kopp blåbær margarin til steiking salt & pepar Skjer ut brystfilétane. Legg rypeskroga i ei panne og slå på vatn til dei vert dekka. Legg i urtekvasten, og kok opp. La det så trekke i ca. ein time. Ta ut skroga. Sil krafta. Tilsett fløte, og kok til suppa vert så tjukk som du ønsker. Brun rypebrysta i ei panne, og pakk dei inn i alu.folie så dei held seg lune. Fres soppen i samme panna, og ha den opp i suppa. Skjer filétane i passe store stykker og legg dei i suppa. Tilsett blåbæra til slutt, og varm opp. Salt og pepper etter smak. Server med rista brød og godt smør
  5. Her er ein alternativ bruk av ein hjortesadel, eller anna vilt for den saks skuld HJORTESADEL (6 pers) Hjortesadel på ca. 3 kg Salt Pepper 5 dl. Seterrømme Saus: 3 ss smør 4 ss mjøl 6 dl. melk 3 dl. fløte 4-5 skiver geitost salt og pepper sky frå steikinga Tilbehør: 500 g. selskapsgulrøtter 2 pk. dypfryste erter 1 glas sølvløk 1 boks heile asparges 500 g fersk champgnion 1 boks hermetiske pærer 1 glas rognebær- eller ripsgele Salt og pepper gnis godt inn langs begge sider av sadelen. Smør seterrømmen på begge sider av midtbeinet i ca. 1 cm tykkelse . Ta eit stykke alu.folie – så stort at heile sadelen kan pakkast inn, og pakk folien godt saman så ingenting renn ut under steikinga. Forvarm ovnen til 200` C, set inn kjøtet, og la det stå i ovnen i 1-1,5 time. (Kjøtet vert då rosa ved beinet) Smelt smøret i ein kjele ved middels varme, ha i mjøl og spe med melk. La det koke i 5 min. Tilset fløte, geitost og steikesky og rør rundt. Smak til med salt og pepper. La kjøtet kvile 15 min. før du skjer filetane laus frå beinet. Legg kjøtet tilbake på beinet, og pynt serveringsfatet med gulrøtter og pærer. Serverast med nypoteter og resten av tilbehøret.
  6. Brukar mi .260 til både rein og hjort, og ser ingen skilnad på dyra som vert skote med den kontra 55 ´en. Rifla er ein mod. seven, den er lett å bere, og det er derfor den er med på jakt. Er godt fornøgd med både 6.5x55 og .260 til rein og hjort
  7. Eg bruker å skjere vekk bukskinnet når eg slaktar "heime". Det med å skjere vekk baller, har nok med gammal overtru å gjere. Vert ikkje lukt eller smak av at dei sit fast til det skal flåast. Men eg synest ikkje det er noko stas å stå og flå med nasa opp i all den "godlukta" som er på bukkane i oktober månad
×
×
  • Create New...