Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. Ingen grunn til å kritisere deg for det her. Du vurderer det som trygt å skyte, og ingen andre kan gjere den vurderinga for deg. Klart det er trist når ein kalv vert øydelagt, men det er ikkje verdens undergang. Så hev hovudet ditt, du. Vi får mange opplevingar på jakt, både positive og negative, gjennom eit langt jegerliv. Lykke til vidare som hjortejeger!!
  2. Jepp. Beste råd er å la vere om du ikkje har spesialvektøy
  3. Kjempeflott å sjå at du held dei gamle tradisjonane i hevd, HB. Like kjekt er det å sjå den gamle "høvdingen" i aksjon. Slike personar er verd si vekt i gull
  4. Gratulerer Jämt. Det der var det kjekkaste eg har lest på lenge. Men eg var jo klar over at du måtte lykkast i år. Flotte dyr var det og.
  5. Litt spenning i kvardagen inne i Gloppen http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6816976
  6. Vart ein liten bukk på meg og i helga. Inn i mellom alle regnbygene
  7. Du har god sans for knivar, Muflon. Er ikkje mange som lagar knivar som Tom Bache Wiig og Tor Vistnes. Men dei er kostbare å miste i skogen då.... (Eigen erfaring )
  8. Har aldri merka noko smak på kjøtt av brunstbukk. Men som "Lykkelita" seier, så må du vere nøye med slaktinga. Eg bruker å skjere eit snitt frå brystbeinet på kvar side av buken heilt bak om låra. Då kan du ta tak i spissen og flå bort alt bukskinn utan å vere nær det brune området. Alt av "hyggeutstyret" til bukken forsvinn i samme operasjon. Lukke til med jakt og slakt
  9. Vi tel slik du seier, Finskstøver. Ein bukk med 9 taggar er ein ulik femgreinar. Ein med 12 taggar er ein seksgreinar osv
  10. Må nok seie meg enig med VestlandsJeger her, men det betyr ikkje at eg har tenkt å late vere å smake napalmbomba sau frå Voss Spennande å smake tradisjonsmat frå andre distrikt og. Som Vestlandsjeger seier, så flår og tørkar vi skjeltene, men vi har ikkje tradisjon her ute ved havet å røyke dei. Lurer på om det kan vere eit fenomen frå innlandet for at ein skal vere enda tryggare på at maten vert konservert. Ser mykje av det samme når det gjeld salting og speking og. Den saltholdige sjølufta gjer at vi ikkje saltar maten like mykje som i innlandet. Er dette ei hypotese som kan bekreftast av dokke "innlandsbønder" som driv med dette?
  11. Frå jul og utover Merkel95s må du berre skulde på alt for mykje mat og vere avholdande. Lukke til med morgondagen og tida framover alle hjortejegerar
  12. Ola Gujord, Vågsland våpen, Hansen & Hansen på Vestfossen lagar alle våpen som eg kunne tenkt meg i skapet. Kort Remingtonkasse og shilenpipe. Ja då skulle jo det meste verte perfekt Lykke til
  13. Kva du legg i den "optimale" elgpatron er vanskelig å vite. Sjøl jaktar eg med 250 grs A-frame i 9.3x62. Den er i alle fall god nok for meg. Norma leverer den ferdiglada. Men prisen er nok stiv... Såg Jakt og Friluft hadde den i hylla i sommar, så du kan jo ta ein tur innom der. Ellers er jo både Oryx og Mega safe elgpatroner, då Lykke til uansett val
  14. Førjulspresang til meg sjøl vil eg tru. Her var det mykje kjentfolk.....
  15. Gratulerer både Haavard og Joffar med rein i Knutshø. Håpar vinden snur til helga....
  16. Om montasjen din er lav, så vil du sjå kornet ved lav forstørring.
  17. hjortejeger

    .416 hjelp?

    .416 Taylor er eit flott kaliber til jakt her på berget. Brukar 350 grs kule i nedpressa 458 win.mag-hylser. Med hastighet i underkant av 750 m/s, slår det livsgnisten ut av dei fleste dyr vil eg tru. Samanlikna med dei andre .416-patronene, gjev Tayloren høgare trykk for å oppnå samme hastighet. Dette kan vel kanskje vere drawbacket i Afrika. Men det veit andre meir enn eg om. Om du ladar sjøl, så kan du kjøpe billege 338-hylser. Då vert ikkje patrona så dyr heller. Lykke til uansett val i 416-familien
  18. Ja på Oppdal sin del av Knutshø var det ikkje mykje å gjere seg feit av i helga. Var ein tur i Knutshøene, ein tur i Drotningdalen med vesle Elgsjøtangen og ein tur i store Elgsjøtangen. Der såg eg til saman 0 dyr på tre dagar. Men eg snakka med mange hyggelege jegerar som hadde sett like mykje Så no får flokken i Sletthøa pelle seg nordvestover
  19. Ja det var jo ei vakker forteljing frå jakta, Caine. No pakkar eg inn i bilen og reiser til Knutshø
  20. Ryktene på ei svært hakkete telefonlinje seier at Caine er godt i gong med reinsjakta. oppdatering følger nok etterkvart
  21. Skit jakt alle bukkejegerar!!!
  22. Takk for at du deler ei så sterk hending med oss andre. Det er tøft gjort.
  23. Mine patroner er A-framekule framfor 49 grs MRP-2 i Normahylser. Eg bruker Remingtonhetter. COL: 77 mm Lukke til med bukken
  24. Har brukt 49 grs til A-frame, men det er ingen hissig ladning. Du kan trygt bruke 50-51 og.
  25. hjortejeger

    Vakuumpakker

    Denne frå KBK Jakt og Fritid på Eydehamn fungerer i alle fall http://www.jaktogfritid.no/shopelement.asp?aid=8073&pid=3701
×
×
  • Create New...