Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. hjortejeger

    Jämt sin elg 1

    From the album: Jakt

  2. Så var denne jakthelga over, og resultatet vart ein ny spissbukk. Fin størrelse på den var det og. Har ikkje hatt den på vekta, men den er i alle fall like stor som den eg skaut 1. helga. Hadde ei flott oppleving i dag der eg kom heilt inn på ein stor åttetaggar som låg i dagleiet sitt midt i ei bjørkeli. Den låg på ei hylle og hadde full kontroll over lia under seg, men ikkje på meg som kom inn på den bakfra med vinden i ansiktet. Rundt dagleiet var det mykje feiemerker på bjørkene, og brunstlukta reiv i nasa lenge før eg såg den. Den er eit godt avlsdyr, så den fekk gå. Om berre andre klarer å holde att, så får vi ein kjempebukk til i terrenget vårt
  3. hjortejeger

    8taggar 20.09

    From the album: Jakt

  4. hjortejeger

    8taggar 20.09

    From the album: Jakt

  5. Lite jakt hos oss i helga. Dårleg ver og lite jegerar Men eg jakta litt på morgonen i dag, og fekk skote ein kalv på 18 kg. Den kom ruslande aleine opp langs ei elv som renn gjennom bygda her. Slike småkalvar er det berre greitt å få vekk
  6. Dette var trist å lese, Pål Erik. Som vanleg står du fram som ein mann som fortjener stor respekt. Skulle gjerne teke deg i handa og gjeve deg ein solid klapp på skuldra!!
  7. Her ute ved havet brukar det som oftast å starte rundt 10. oktober, men i år trur eg nok det vil starte før. Bukkane vi skaut i helga lukta skikkeleg brunst, og det var berre "småbukkar" i forhold til andre vi såg. Så eg trur brølinga er i gang i løpet av neste veke, i alle fall om det vert litt kaldare i veret. Spennande vert det uansett
  8. Då var helg nummer to ferdig, og 5 nye hjortar har forlatt denne jord i terrenget vårt. Laurdag vart det 4 dyr. Eg fekk meg to 8-taggarar. Ein på 95 kg og ein på 97. I tillegg vart det ei kolle og ein kalv på ein annan jeger. I dag skaut svogeren min ein 10-taggar på 103 kg. Så det kryp oppover med fellingar. 16 av 31 dyr, på 4 drev, må vi vere fornøgde med
  9. hjortejeger

    Birte med 6 taggar

    From the album: Jakt

  10. Eg har ei Schultz & Larsen Mod 97 DL, med løp i 9.3x62. Perfekt til hjorten
  11. Jau, takk for det. Flott dag i fjellet og god mat og drikke. Dagen i dag vart ikke fullt så god, men vi fekk då ein spissbukk og ein kalv. Madammen fekk skote dyr i dag og, så då er eg fornøgd. Alt i alt er eg uansett fornøgd med 11 dyr første to dagane.
  12. Bra start på hjortejakta her hos oss. Vi 9 dyr i dag, og såg svært mange i terrenget. Skaut meg ein sekstaggar og ein spissbukk, og madammen ei fjorkolle. Så i kveld vert det steikt hjortehjerte og ein akkevitt til kvelds
  13. Innfinn deg med sekk på Hjerkinn klokka 6 i morra tidleg, så skal du få vere med
  14. hjortejeger

    260. rem

    Har ikkje praktisk erfaring med bruk av kaliberet til småviltjakt, men brukar det både på rein og hjort. Er godt fornøgd med kaliberet, eg. Utvalget av ferdiglada skot er ikkje så stort, så det er nok ein fordel om du ladar sjøl. 100-120 grs heilmantelkuler med passeleg dose Norma 4 gjev god presisjon i mi Remington mod. seven. Lykke til
  15. Madammen har både ein lav Meindlstøvel og høg Crispi Hunter i str 39. Ho er godt fornøgd med begge. Vil tru at du får begge til rundt 2000.-
  16. Du kan vel gå fleire vegar, men turen via Reinheim gjennom Leirpullskardet tek vel ca 5 timar. Nord for Snøhetta kan du gå på ca 4 timar og sør for Snøhetta gjennom Storstyggsvånadalen går det 6 timar. Så då er det alt etter vindretning og reinsplassering. Lykke til der inne
  17. Så vart det reinsjakt på meg i år likevel. Simle og kalv på Kongsvoll/Drivstua vest. Kunne ikkje klaffa betre det sidan madammen fekk simle og kalv på Oppdal bygdealmenning. Så her er det berre å forberede seg på tunge bører.
  18. Til rev og sel er den vel grei nok, men til hjorten trur eg Flo´en har betre patroner. Mi erfaring med Elite, både gammal og ny, er at den øydelegg litt for mykje kjøt. Kula splintar litt mykje etter mi meining
  19. Sjølv om ein på filmen ser at dyret blør friskt, så er eg enig med dei som meiner at det bør setjast eit nakkeskot i elgen. Mulig det er flisespikkeri blandt andre jegerar her på forumet, men eg lærer alle mine jegerprøveelevar at ein skal gå inn og avlive dyret bakfra. Ein treng ikkje stresse dyret unødig ved å stå rett framføre dei
  20. Har du målt diameteren på dei to A-Framekulene? Eg har skote 6 hjort med den kula i mi .416Taylor, men med gjennomskyting på alle. Kan trygt bifalle det med kjøttødeleggelse med A-Frame og. Kaliber og kule kan trygt anbefalast på hjortejakt
  21. Villreinen 2008 har eg og fått for lenge sidan. Var ein flott fotomontasje av Nordre Knutshø der og
  22. Eg har brukt kula i kaliber .30, og skaut to hjortar. Kula velta i begge dyra og laga eit forferdelig rot inne i dyra. Kula vert nok aldri brukt meir av meg
  23. Snakka med ei dame på Inatur. Manuelt behandla betyr, i følge henne, at ein står så langt nede på ventelista at det ikkje er sjanse for å få tildelt noko. Så der forsvann sjansen for fleire av dei eg jaktar saman med for i år.
  24. Venteliste over heile fjøla for meg og. Men jakt vert det uansett sidan madammen fekk jakt på Oppdal, og han som var sherpa for meg i fjor fekk i Dalsida aust. Gratulerer alle som hadde flaks i år....
×
×
  • Create New...