Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjortejeger

  1. Vi kallar det og ribbe her hjå oss. Men snakkar ein med desse "austaføringadne", så trur dei at ein då snakkar om gris.
  2. Set du panna med ribbe og kraft kaldt, så stivnar ribbefettet. Det er berre å bryte i bitar, smelte på svak varme i ei panne og ause over ferdigrenska fisk og potetet. Det skal du berre prøve MrMju
  3. Eg saltar og tørker kjøtet mitt sjøl, og saltar det på min måte. Dvs passeleg Eg vatnar difor kjøtet berre 2-3 timar før eg dampar det. Kjøt som er kjøpt i butikk, anbefaler eg å vatne over natta. Framgangsmåte blir då som følger: Skjer opp pinnekjøtet Legg pinnekjøtet i ein stamp med vatn, og vatn det ut Legg bjørkepinnar eller damperist i ei stor panne. Fyll på vatn til til det dekkar pinnane, eller står oppunder rista. Legg kjøtet lagvis oppover i panna. Kok opp, og la kjøtet dampe til det nesten slepp beinet. 2 1/2 - 4 timar alt etter alder på dyret. Pass på at det ikkje kokar tørt. Eg brukar ikkje å ha det i steikeomnen, men veit at det vert gjort. Legg då det ferdigdampa kjøtet i ei langpanne og set det under grillen i steikeomnen til det får ei brun overflate Servér kjøtet med det du likar av tilbehør. Lukke til, og god jul
  4. På julafta vert det urøykt pinnekjøt her i gården. Heimelaga dampepølse, mandelpotet, kålrabistappe og surkål attåt. I glasa vert det Mack juleøl av det mørke slaget og Gammel Oppland, sjølvsagt. 1. juledag er det hjortesteik med ein god skysaus og heimedyrka poteter og grønnsaker. Vin: Desderi Superiore Barbera d`Asti 2004 Dessert vert riskrem med saus av frosne jordbær køyrd i matmølle 2. juledag er det lettsalta lange med heimedyrka poteter, grønnsaker og ribbefett. Vin: Ricotier Chinon 2006 Utover i jula held det fram med lutefisk, smalahove, kveite og kalkun På nyttårsafta er det på nytt pinnekjøt Så det er ei matorgie utan like God jul til alle
  5. Jepp. Brokji fekk seg eit par solide rifter på rumpe og lår. Og det gjorde i grunnen eg og Men ein god brunstbukk skal vere litt lurvete i pelsen no så seint i jakta
  6. Æsj... Heilstokk... Det var det jeg tenkte også..... Skulle klart å leve med den eg, sjølv om det er Sauer. Nydeleg stokk. Etter ein rutsjetur nedover eit berg i går, så gir juleønsket mitt seg sjøl; Ei ny jaktbukse. Så julenissekjerring. Eg vil ha ei ny Norrøna Finnskogenbukse
  7. I dag datt det som mest sannsynleg vert det siste dyret for meg i år. Hadde meg ein tur opp i fjellsida for å kikke litt. Gjekk meg fram på ein flott spissbukk. Det kan jo vere ei flott avslutning på hjortejakta i år. Har vore ein flott haust med mange store opplevingar. Drivjakt etter hjort er spennande nok det, men slik jakt som i dag der ein går og lusker i fjellsida og går seg fram på dyr som står, er toppen av all jakt. Eg er ydmyk og glad for at eg kan drive hobbyen min på slike premisser. Så til alle som har hatt uttelling på jakta i haust vil eg seie som guttungen på 4 sa då eg kom nedatt i dag; Weidemans heil
  8. hjortejeger

    Spissbukk i desember

    From the album: Jakt

  9. Har ikkje høyrt brøling i det siste, men torsdag morgon låg ein fin 10-taggar daud på ei mark i eit nabovald. Heilt tydeleg eit resultat av kamp. Vil tru at dei store bukkane no er rimeleg utmatta etter mykje brøling og jaging etter koller
  10. Var ute ein tur i fullmånen i natt. Mykje koller men ingen bukkar. Har ikkje lyst å skyte fleire koller på innmarka i år
  11. Då eg kjøpte kverna mi hjå KBK, sa dei at ein berre skulle skrue låseringen inntil. Ikkje bruke makt i det heile. Hinner og sener har aldri vore noko problem med mi kvern i alle fall. Det einaste eg kunne tenkt meg forandra, er at fóringane er av bronse i staden for plast. Men det er nok flisespikkeri. Kverna er i alle fall utruleg god til mitt bruk
  12. Eg ville ikkje brukt fløyte i spekepølser, nei. Pølser som skal spekast treng ein egentlig ikkje væske i. Går berre lenger tid å få dei tørre. Men eg bruker cognac og rødvin i for smaken sin del i mine spekepølser Når det gjeld prøvesmaking av pølser og øl. så reiser eg stort sett gjennom Voss på veg sørover kvar sommar. Så kanskje ein skulle legge seg inn på Fleicher ei natt om dei er ferdig med etterslokkinga
  13. Det er ein italiensk Tre Spade, ja. Kjøpt hjå naboen til svigermor mi på Saltrød ved Arendal. Kostar ca 3800,- Eg brukar berre pølsekanona til å stappe pølser med. Der er det berre å fylle inn 25 kg kjøtdeig og sveive til det er slutt på tarmen. Kverna arbeider like fort som du putter opp i, og pølsestapparen er effektiv. Så om ein er ein gjeng ei helg, så kan ein lage fleire hundrede kilo pølser. Men då må du ha juleølet ferdig
  14. hjortejeger

    pølsekurs

    From the album: Hobby

  15. hjortejeger

    pølsekurs

    From the album: Hobby

  16. hjortejeger

    pølsekurs

    From the album: Hobby

  17. hjortejeger

    pølsekurs

    From the album: Hobby

  18. hjortejeger

    pølsekurs

    From the album: Hobby

  19. Skal ikkje motseie deg på om den er verd pengane, og at pølsemaking er minst like godt skildra i den gamle boka til husstellærarinna. Men han spurde etter ein link til boka Vart spurd her for ein månad sidan av ein dameklubb om det var mogeleg å få eit lite kurs i pølselaging. Så då var det berre å pakke kvern og pølsekanon og møte fram. Omlag 50 kjøt vart oppmalt. Kvar dame/mann hadde med seg 3 kg hjortekjøt. Sau, svin, krydder og litt å spe med hadde eg med meg. Alle fekk male opp det kjøtet som dei skulle nytte til pølsene, og då kunne jo eg halde litt morro med dei andre damene medan ein venta Litt demonstrering av korleis ein brukar pølsestapparen Dermed var ein klar til å prøve sjøl Alle bytte på å sveive og fylle i tarmar, slik at alle fekk prøve heile prossessen med skjering av kjøt, maling, blanding av kjøt med krydder for hand og stapping av eigne pølser Kvelden vart utruleg vellukka, og nytt pølsekurs er på trappene etter nyttår. Då skal vi lage spekepølser
  20. http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2769784
  21. hjortejeger

    Rifle til mor

    Kjøpte ei Schultz & Larsen Mod 97 DL i 6.5x55 til madammen for fleire år sidan. Kappa stokken 2 cm, og voila, alt vart perfekt. På den står det ein Schmidt & Bender 3-12x42, og den kombinasjonen fungerer kjempeflott til hjorten i alle fall. Som andre har skrive tidlegare, så er ikkje 6,5 eit must for at damene skal skyte godt. Eg sette inn eit 30-06 løp, og dama skyt like godt ho. Har sett damer skyte godt med 8 mm Rem.mag og 340 wby, så trening med våpenet er nok nøkkelen til sukkess. Eg bruker å ha med mange ulike våpen i ulike kaliber på skyteøkta til jegerprøven, og dei fleste finn eit våpen dei kunne trivast med.
  22. Gull med ein poengsum som skulle vere i grenseland for at min misunnelse går over i beundring
  23. Om du har ei rifle i kaliber 6,5x55, kan du bruke sluttstykket til alle standardkalibera som rifla vert levert i frå .22-250-9,3x62 Magnumkalibera må ha eige sluttstykke http://www.schultzlarsen.com/z_barrels.htm
  24. Dette er herlig folkens Gratulerer Hallgeir med ein kjempeflott poengsum på geviret ditt
  25. Har du eksempel på slike ting, slegga? Hadde vore litt greitt å vite meir om korleis eg skal ordlegge meg som instruktør utan å verte oppfatta som ein som snakkar tull. Har til denne dag aldri møtt ein jegerprøvekandidat som ikkje har vore interessert i å få vite meir om synet mitt på jakt, våpen og ammunisjon. Men kanskje det berre er tøv det eg fortel
×
×
  • Create New...