Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Fekk nettopp tilsendt eitpar slike frå Leupold, heilt utan kostnad. Er berre å ta kontakt med dei så dei sender deg sikkert nye, dei har framifrå kundeservice.
  2. Dette viser berre at det er heilt umogleg å direkte samanlikne trykkdata frå kuler med heilt ulik samansetning, sjølv om vekta er den same. Tek ein f.eks. utgongspunkt i Lyman sine data, så gjev 53 grains N130 bak 300 grains mantla kule 27400 C.U.P., medan 54 grains N130 bak ei 330 grains blykule gjev 24900 C.U.P. Altså lågare trykk med blykule med større ladning og 30 grains tyngre kule. For andre kuler er biletet annleis. Skulle samanlikninga vere meir plausibel, så måtte kulene som eit minimum ha identisk vekt, dimensjon og bæreflate.
  3. Då trudde du heilt riktig. Ved lik diameter, kulevekt og bæreflate vil ei mantla kule gje høgare trykk enn ei blykule. Ofte er blykuler dimensjonerte litt større enn mantla kuler i same kaliber, og har i tillegg som regel et design som gjev større bæreflate for auka stabilitet. Dette, i tillegg til legering, vil påverke trykket, men eg trur likevel at i dei aller fleste tilfelle så vil ei mantla kule gje høgare trykk enn ei blykule med same vekt.
  4. Eg er ikkje heilt einig i at hardare som regel er betre. Ved lågt trykk opplever ein som regel oftare blying og dårleg presisjon med hardare legeringar enn med mjuke. Ein grei tommelfingerregel for å finne naudsynt hardheit i BHN er v0/100, der v0 er målt i fps. Altså med til dømes ein v0 på 1300-1400 fps bør ein ha ei legering med ein BHN på 13-14.
  5. Humbo

    Bunnmerking NP

    Det ser ut til å vere uhyre korrekt, hylsene har ikkje vore sluttpolért og ein kan sjå fargeskilnaden etter anløpinga tydeleg.
  6. Humbo

    Bunnmerking NP

    Er dette ammunisjon som er tilgjengeleg i dag? Det er godt mogleg at det er snakk om nettopp Norma Trainer, sidan det var ein del slike hylser å finne. Men der var ingen i andre kaliber såvidt eg kunne sjå, kun 30-06. Eg kan ikkje sjå nokon skilnad frå ordinære Normahylser med "Norma" bunnmerking. Ulik bunnmerking, men same fabrikant, er ein kurant måte å skilje hylser på når ein har fleire våpen i same kaliber.
  7. Eg kom over litt tomhylser i 30-06 med bunnmerking "NP 30-06", der eg reknar med NP er Norma Projektilfabrik. Er det nokon som veit noko om kva alder det kan vere på desse hylsene? Dei ser relativt nye ut, så eg ser ikkje for meg at dei er så altfor gamle.
  8. Det kan vere at pressa må kalibrerast/justerast for å indeksere korrekt. Dette er normalt gjort frå fabrikk, men det kan skje at pressa mistar innstillinga, f.eks. om ein plukkar den heilt i delar. Justeringa kan ein gjere vha. eit verkty/die ein får frå Dillon som ein enkelt installerar på lik linje som ein ekspander i krutmålet. Denne dia går gjennom hylsehaldarplata og skal linjere opp med tennhettesystemet. Eg har ein slik liggande ein eller annan plass.
  9. Dette må eg nesten kontestere, eg har problem med å sjå korleis det kan under normale omstende oppstå fordamping frå blykuler under skyting. Den største syndaren vil eg tru er tennmiddelet i tennhettene, C6HN3O8Pb, som med litt rask støkiometri skulle ha ein masseprosent på 46,01% bly. No veit eg ikkje kor mykje av dette stoffet ein finn i ei enkelt tennhette, men etter nokre hundre skot vil eg tru ein finn ein del fordampa bly i luftrommet skyttaren befinn seg i. Alternativet for innandørsskyttarar er å nytte blyfrie tennhetter, men eg er usikker på tilgongen av desse i lausform. Miljøammunisjon vil eg tru for dei fleste er uaktuelt.
  10. Eg var innom Felleskjøpet og såg dei hadde kampanje på ymse Härkilaprodukt. Likte godt ein jaktdress som heitte Tolga, er det nokon som veit om kvar ein evt. kan finne denne i vaksne storleikar? Buksa er ikkje noko problem, men skulle hatt jakke i 4XL eller 5XL. Er usikker på om denne kjem større enn 2XL (58), var iallfall det som var det største dei hadde inne i systemet sitt. Det ser kanskje ut som at denne no er gått ut av sortimentet til Härkila, eg kan iallfall ikkje finne den på Härkila sine sider. Eg tek evt. imot tips på andre Härkilajakker som kjem i vaksne storleikar.
  11. Hornady si ladebok oppgjev for 265 grs FTX 36.9 - 42.8 grs N120 med patronlengde 2.580" og trimlengde 2.065".
  12. Jernia Stryn hadde inne fleire når eg var innom for nokre veker sidan.
  13. Dette kan du faktisk med Redding sine óg.
  14. Vil uansett anbefale å gå til innkjøp av Redding si competition die, av fleire årsaker. Denne set kulene med mindre kast enn samtlige andre settediar eg har prøvd, i tillegg til at justering går leikande lett. Her vert den samanlikna med f.eks. Wilson: http://riflemansjournal.blogspot.no/2009/09/reloading-seating-die-runout.html
  15. Humbo

    Brownells Norge

    Diesett er ikkje underlagt restriksjonar, så dette er uproblematisk. Eg gjer det opptil fleire gongar i mnd sjølv, der eg bestiller og betalar frå Noreg, og oppgjev ein kamerat si adresse som postadresse.
  16. Eg må leggje meg til i rekkja over dei som tykkjer innlegget til omtala våpensmed som både ærleg og tillitsvekkjande. Eg veljer kvalitet framføre kvantitet kvar dag i veka, så at ein våpensmed veljer å nytte den tida det trengs for å få gjort jobben skikkeleg, istaden for å jage ordrane gjennom i ei tid der ting er litt vanskelege, bør rosast.
  17. Somme burde trekkje hovudet ut av ratata og tenkje seg om før knatrar i veg på tastaturet. Eg lurar verkeleg på kva nytte ein har av andre sine erfaringar om ein ikkje kan leggje fram både det positive og det negative. Eg tykkjer på ingen måte at trådstartar var ufin eller uthengande, det må då vere mogleg å uttrykkje misnøye utan å verte skulda for heksejakt og anna. At den omtala børsemakaren er eller har vore sjuk er naturlegvis leitt, men det kostar ikkje mykje å legge ein liten notis på heimesida om uforutsette hinder og dertilhøyrande forseinkingar eller kva det måtte vere.
  18. Eg kjøpte eit våpen der i fjor vår/sommar, sjølve transaksjonen gjekk iallfall rimeleg raskt og smertefritt. Einaste problemet er at våpenkontoret mitt ikkje har motteke gjenparten på våpensøknaden frå seljar endå, har purra på vedkomande men har ikkje skjedd noko meir. Det er vel på tide med ei ny purring tenkjer eg. Børsemakararbeidet kan eg diverre ikkje uttale meg om.
  19. Enklaste er nok å bestille seg ei customblokk frå f.eks. Accurate Molds, Mountain Molds, LBT eller NEI. NEI har ellereie ei 350 grs blokk i 44-kaliber i sortimentet meinar eg.
  20. Humbo

    Marlin 1895 sbl

    Nokon som har lagt merke til våpenvalet til hovudpersonen i denne filmen?
  21. Eg kom over noko eldre krut frå Vihtavuori får den tida dei nytta metallboksar som var så fullt av fin rust at eit RCBS krutmål sat blegg fast etter å ha køyrt gjennom nokre få ladningar. Løysinga var å først ha krutet over på plastboks, for så å køyre trykkluft ned i boksen med ein trykkluftspistol med langt munnstykke. Det tok ikkje lange tida før omtrent alt av rust var blåst ut gjennom toppen, og krutet var like fint.
  22. Large rifle er 0.008", eller rundt 0.2mm, høgare enn Large pistol, i tillegg til dei små hettene. Det går som regel bra å nytte LR og LP om kvarandre, men det kan oppstå problem. Å nytte LR i ein revolvar f.eks. kan føre til at hetta subbar i rekylskjoldet, med dei komplikasjonane det kan medføre. Å nytte LP i hylser berekna for LR har eg ikkje erfaring med.
  23. Humbo

    450 Marlin

    Marlin nyttar no det ein kallar Ballardrifling, som er den tradisjonelle riflingstypen i moderne våpen. Ved nytte av blykuler er det denne som fungerar absolutt best, men det betyr ikkje at det er håplaust for dei andre riflingstypane. 450 Marlin er keisam enkel å få til å gå glitrande med blykuler, mantla kuler og pussing av løp har eg slutta med for lenge sidan. Løpsdiameter for riflene eg har hatt innom har som regel lagt på ~.458, så blykuler med diameter .459-.460 er ein god stad å byrje. Maks patronlengde i Marlin sine bøylerifler er den same for både 45-70 og 450 Marlin, det er mekanismen som begrensar. 64,7mm går fint, men noko særleg lenger enn dette og ein får raskt problem med mating.
×
×
  • Create New...