Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Ein kjent herremann sa ein gang «i have a dream». Og til tross for at eg er sunnfjording og dermed opplært til at glaset er halvtomt, i beste fall! So velger eg også og håpe på at innan rimelig tid klarer dei å lage ei blyfri kule som oppfører seg i praksis som ei tradisjonell blyholdig kule som til dømes oryx - relativt blaut men holder sammen. Då kan vi som føretrekker kaliber som 9.3x62 og dertil tunge&saktegåande kuler velge kulevekt og hastighet som harmonerer med kaliberet, uten å engste oss for om kula ekspanderer skikkelig dersom holdet strekker seg.
  2. Eg har brukt skytestokker ein del dei siste åra. For min del har eg konkludert med at skytestokker med eit bein utgår for min del, eg klarer ikkje å skyte godt nok med dei - eg trenger å kunne skyte relativt godt inntil 150 meter. Det samme gjelder også skytestokker med 2 bein, det blir for urolig til at eg er komfortabel til å bruke dei. Til postjakt anbefaler eg ein god stokk med 3 bein, men dei er tunge og klumpete, ryggsekk må til for å ha dei med seg. Til bevegelig jakt på rolige dyr bruker eg ein stokk frå Seeland, den har 2 bein som går i bakken, men det går 2 nye bein ut frå dei, slik at ein har støtte både framme og bak. Eg skyter like godt ståande med den stokken, som eg gjere liggende med anlegg.
  3. @Per-S av rein nysgjerrighet, korleis er 340’n å skyte med? Eg har ein 338 win mag med rett klassisk stokk, men vekta er 3,4kg med kikkertsikte. Nydelig å bære i bratte vestlandslier, men eg opplever den som (vrinsk&ufin) på skytebana
  4. Eg har børser tiltenkt spesifikke situasjoner (hundefører, postjakt osv). Men eg har også ei børse som fungerer som ein allround’er. Den rifla bruker eg til alt bortsett frå til rein måneskinnsjakt. På den brukte eg tidligare ein zeiss victory varipoint 2,5-10x50. Men etter eg kjøpte ein Swarovski z3 3-10x42 og fekk testa den opp mot zeiss’n, so konkluderte eg med at skumringsforskjellen var mindre enn eg hadde forventa - og eg opplever den som markant smidigare enn zeiss’n. Derfor vart z3’n dermed satt på den børsa som blir brukt til det aller meste. Eit kikkertsikte av god kvalitet med 42mm linse er ikkje ein (spesialist) til hverken fjell/skogsjakt, eller til jakt i dårlig lys - men den klarer seg godt til det aller meste.
  5. https://www.bygghobby.no/products/varmevest-xxl Der kan du kjøpe den via norsk forhandler. Men du finner den også på wish, eBay og på tilsvarande plasser for ein rimeligare pris. Men vær obs, kjøper du den frå utlandet må du sjekke størrelsen - hjå norsk forhandler er XL faktisk ein XL, men den eg kjøpte frå wish, der måtte eg opp to størrelser.
  6. No har eg fått testa vesten frå heat experience og den billige kinavesten. Eg kan ikkje seie noko om levetid på batteriet til kinavesten, då eg har brukt den få timer i slengen. Men ein ser at den er relativt billig, det er slurva litt med sømmer osv. Men i praksis har den fungert minst like godt som den meir kostbare frå heat experience. Eg har blitt spesielt glad i varmen i kragen på den billige vesten, det er ein høydare når det kjem til komfort.
  7. Eg bur i Sunnfjord og her har hjortestammen vore bra, godt med dyr. Derfor er det mangen som ynskjer å jakte her, noko ein ser igjen i prisane der det selgast jakt - her er gjerne ein gjennomsnittspris på oppunder 10000 kr pr dyr. Og her kjem leigejegera som gjerne har betalt mellom 50000 - 150000 for jakta, dei har betalt blodpris og eg veit at her skytast mykje (mva-hjort) som det blir sagt lokalt. Og eg kan på ein måte forstå at det skjer, dei har betalt for mykje for jakta i utgangspunktet og tar derfor inn so mykje som mogleg og i tillegg kjem dei ikkje herfra, dei har ingen forhold til plassen og driter dermed i forvalting og stammen. mitt intrykk her omkring er at dette er den mest vanlige praksisen av tjuvjakt, folk som har lovlig jakt men som skyter utover kvoten. Vi har også tilfeller av organisert tjuvjakt, der har trenden vert bergensera i varebil som køyrer rundt, stopper og skyter smådyr som blir lempa inn i bilen og so køyrer dei vidare. For ein del år sia var det nokon som kom over slike tjuvjegera og forfulgte dei i bil, fekk stoppa dei og ringte politiet. Polititet kunne ikkje bevise at dei hadde tjuvjakta, saken vart henlagt og dei lokale fekk tilsnakk for å gripe inn på eiga hand.
  8. Eg har eit underlag frå klymit som er tilpassa hengekøye og som er meint til vinterbruk, hugsar ikkje R-verdien i farten. Men då har eg sove godt i opp til -12 og dei gangane det har vert skikkelig kaldt har eg supplert med eit mammut bamse, uten eg veit om det har vert nødvendig. Skal sjekke ut vekta på den fleece-posen og gje ein tilbakemelding.
  9. Eg kjøpte ein billig lakenpose i fleece på wish eller eBay, denne er tjukk som eit fleeceteppe. I ein syntetisk 3-sesongers vart det for varmt med denne i -10. So dersom ein er frostig av seg, er dette ein rimelig måte å oppgradere posen sin til vinterpose. Eg sover mest i hengekøye under open himmel og er derfor ikkje tilhenger av å ha tynnare poser utanpå hovedposen, fordi eg opplever mykje kondens av denne løysinga.
  10. Eg har ein unghund (tjt) som jager sopass bra og lenge på hjort at det hadde vert interessant å la han få jage rådyr. Men eg bur i Sunnfjord og her finnes ikkje rådyr. So er her nokon som har tilgang på rådyrjakt og har plass til ein gjestejeger med hund, send meg gjerne ein pm. Eg stiller ingen garantier for at hunden fungerer, men det han viser solangt indikerer at han kan fungere bra på rådyr. Avstand er ei utfordring og eg er innstilt på at det må køyrast eit stykke, men har du plass so tar du kontakt - so finner eg ut om det er gjennomførbart.
  11. @Ludobenmin subjektive meining er at det er større sprang mellom 3006 og 9.3, enn det er mellom 9.3'n og 416 - som begge er kaliber som sender tunge kuler i moderat hastigheit. 3006'n kunne ein bruke til postjakt, bøjakt og denslags og 9.3'n til skogsjakt, elgjakt m.m Alle storviltjegere er tjent med eit kaliber som lobber avgårde tunge kuler i fornuftig fart
  12. 9.3x62. Det er kanskje ikkje det mest spennande kaliberet, men ei rifle i 9.3 er eit fantastisk instrument på storviltjakt. Eg ladar i utgangspunktet sjølv, men etter vi kjøpte nytt hus har eg enda ikkje surra meg til å lage eit laderom og har derfor brukt fabrikkammunisjon i nokre år. Og med dagens priser på "ferdigrulla", so er det eit av dei få kalibera i "grove" kaliber ein fortsatt får kjøpt ammunisjon til fornuftige priser. Det er dessverre so praktisk med 9.3 at min kjære 416 rigby som eg tidligere hadde glede av å bruke i skogen, dei siste åra stort sett har samla støv
  13. Skinn er tett, varmt og tungt, eit lettare og luftigare alternativ hadde vore greit - ullfilt holder deg tørr i 3-4 timer på jakt med litt ruskevær? Eg tenker ikkje på godt gammaldags plaskregn.
  14. Eg har ein tjt som viser svært lovande tendenser som laushund. Enorm jaktlyst og han henger lett på eit par kilometer, til tross for ung alder og lite erfaring. Eg har eit terreng som er skapt for denne jaktformen, det er innerst i ei bygd og oppover dalen mot toppen på fjellet er det gjenngrodde utmarksbeiter og granfelt, som hjorten bruker som dagleier, etter å ha beita nede i bygda om natta. Og dei gangane eg har slept hunden, har hunden komt inn på dyra den veien dyra har komt inn i dagleiet sitt, dvs hunden blir slept "nedom" dyra og dyra vil oppover dalen og inn på fjellet - so godt som bankers at der kjem dyr om ein poster på toppen. Men vi er 2 stk i det jaktfeltet som jakter, og han andre har ingen erfaring med jakthund, men som dei fleste andre inngrodde sunnfjordinger har han høyrt at ein hund kan tømme eit område for hjort - og det går halve hausten før der kjem dyr igjen. So derfor er han skeptisk og eg får han ikkje med meg på denne jaktformen. Eg har derfor fått bekjente til å være hundefører og so har eg posta aleine. Men er det mogleg å sleppe hunden aleine, og fortsatt få skutt? Eg opplever skjeldent at hjorten turer, min erfaring i det terrenget tilseier at hjorten trekker opp og innover i fjellet. Eg har alltid tenkt det som opplagt å sleppe hunden "bak" hjorten og poste over den, i trekket vidare innover fjellet. Men kva kan eg forvente skjer, dersom eg går inn på fjellet og sender hunden nedover, mot hjorten - vil den fortsatt komme innover fjellet? Den har eit alternativ og det er å trekke nedover mot bygda framfor å komme opp, men då innover ei svært bratt og gjenngrodd fjellside der det kan stå dyr i dagleie - men dei har ikkje mangen moglegheiter til å komme seg vekk derfrå. Eg vil gjerne halde trykket opp, og la hunden få jage so mykje som mogleg. Det beste hadde vert å komt seg inn på eit jaktlag som trenger ein hundefører, men slik det er pr i dag - kan det sjå ut som eg må jakte mest med han aleine. Og då er eg litt usikker på korleis strategi eg skal velge.
  15. Når det gjelder våpen og jaktrelatert utstyr, velger eg vekk det meste som kjem frå USA, både på prinsipielt grunnlag og fordi eg synes det meste som kjem frå Europa er bedre - med nokre unntak. Derfor svalgte eg ein haug med kameler den gangen eg kjøpte meg ein skikkelig cowboyhatt - det blir jo ikkje meir amerikansk og harry enn det Men, til jakt i grisevær er den fantastisk! Hette og caps fungerer det også, men eg føler eg mister kontroll over omgivelsane - eg hverken ser eller høyrer skikkelig. Eg betalte vell rundt 1000 kr for min, smører den med lærfett etter behov og eg trur den kjem til å vare ut min jegerkarriere.
  16. @ladebenken Eg har ei skaljakke frå Härkilla som er veldig kjekk, tynn goretex med litt børsta overflate. Eg kan stikke den ned i ein romslig lomme eller ha den i sekken og ta den på ved behov. Men bakdelen er at den er skjør og tåler lite hard bruk. Eg har fleire jaktkompiser som har slike dresser og eg har sett at dei fleste har lappa og reparert i fleng på sine plagg. Mogleg der finnes denne typen plagg som er sterkare enn andre, men generelt trur eg desse ikkje tåler hard medfart, samanlikna med "tradisjonelle" jaktplagg.
  17. Det kan være at buksa eg refererer til blir for "voldsom" til fjelljakt. Men eg jakter på vestlandet, her er mykje einer og lyng - som gir buksene mykje hard medfart. I tillegg er eg hundefører og ettersøksjeger, slik at både eg og utstyret eg bruker får mykje hard medfart i løpet av eit år. Tidligere sverga eg til Härkilla extreme, den er no komt i forbedra utgave som heiter pro hunter X leather. Den er litt tung, men utover det ei fantastisk bukse, vanvittig slitesterk og ein er godt beskytta mot både fuktighet, einer, kvister og andre ting som kan ødelegge bukser og kutte opp ankler/legger. Den har gode løysninger på lommer og lufting og eg ser på den som ei "stridsvogn". Til hardt bruk er den av det bedre ein får. I tillegg er det 5 års garanti på pro hunter serien.
  18. Dyr nr 2 skutt for unghunden. Han tok ut dyret relativt kjapt etter slepp, uttak 200 meter frå meg, losen gjekk oppover lia og passerte først ein post, men det vart stopp på post nr 2. Han kom relativt raskt på fallet og viste til tider plagsomt stort engasjement over den daude hjorten dyret kom oppover lia i relativt rolig tempo, stoppa og snudde seg etter hjorten - hunden var på fallet etter ca 1 minutt.
  19. Tysk jaktterrier. Og for meg er det veldig uvanlig med ein tysker som ikkke bryter, gamlingen bryter etter 500 meter hvis dyra flyr avgårde og kjem baksporet sitt med ein gang
  20. Eg har ein tysk jaktterrier på 1,5 år, som viser gode tendenser som laushund. Eg har holdt tilbake på jakt, dvs eg har hatt fokus på blodspor og ettersøk til eg har følt at det er skikkelig under kontroll. Men no har eg slept han 3 ganger, første gangen støkka han kolle med kalv ut av eit skogholt, hang på 100 meter og kom tilbake - som forventa av ein unghund uten erfaring. Andre gangen eg slapp han, tok han ut noko eg er temmelig sikker på at er ein enslig kalv som går i området vårt. Eg høyrte aldri los, men såg på gps'n at det gjekk rett opp det brattaste partiet i lia og halvanna kilometer innover fjellet. Det vart stopp på ei stor myr der ei elv deler myra - han liker ikkje å krysse elver. Han surra på i det området akkurat so lenge at eg begynte å gå etter, men so såg eg at han begynte å ta baksporet sitt og eg returnere og møtte han i det han omtrent var tilbake til utgangspunktet. Og det er jo slik det skal være, og slik eg vil ha det. I går slapp eg på nytt, han sendte fleire dyr rett i fanget på meg og eg skaut eit enslig dyr. Han passerte slik at eg ikkje såg han, han begynte ikkje å lose skikkelig før han hadde fulgt på dyra omlag 400 meter frå uttaket, men derfrå var det full los so lenge eg høyrde han. Når han omsider slutta å forfølge dyret so tenkte eg at det var tidlig på dag so han skulle få komme seg tilbake sjølv. Men eg såg på gps'n at han slutta å bevege seg og eg avventa ein time uten han hadde rørt på seg, astroen sa at han sto opp mot eit tre. Det enda opp med at eg gjekk etter og eg hadde ein klump i magen for kva som hadde skjedd. Når eg kom meg dit han var, satt han so kjekt på ein liten haug og såg utover ei myr Kva ville dykk gjort i eit slikt tilfelle? Eg vil absolutt ikkje lære han at det er berre å surre på til han blir henta - men med korte dager blir eg bekymra, når han drar langt avgårde og gps'n seier at han ikkje beveger seg lenger. Og problemstillinga i seg sjølv er ny for min del, for dette er min andre terrier og gamlehunden har aldri fulgt på dyr som har reist ut meir enn 500 meter, og han har bestandig returnert med ein gang han bryter. Eg lurer på om eg har fått ein terrier som trur han er ein beagle
  21. Kolle, kalv og enslig kolle vart sendt rett i fanget på meg av tjt'n min i dag, den enslige kolla vart med heim. Omsider fall og ekstra kjekt med første dyret for unghunden.
  22. Første fall for unghunden, ekstra kjekt at det var eg som fekk skyte for han. Sendte han inn i eit lite skogsholt der det står dyr i dagleie og han sendte 3 av totalt 7 dyr rett i fanget på meg og eg skaut ei einslig kolle. Men det var ikkje losdyret og han fortsatte etter dyra, hang på ein god halvtime med full los innover fjellet. Men når han omsider stoppa, so vart han ståande stand by i over ein time, utan å bevege seg. Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å gå etter hunden, men når han vart ståande i ro so lenge, vart eg engstelig for at det hadde skjedd han noko. Men når eg omsider fant han, satt han so kjekt på ein topp og speida utover - hadde eg vist det, skulle han jaggu fått komt seg heim sjølv!
  23. @jernmannen Eg enda opp med å kjøpe meg ein vest frå heat experience, som kom godt ut på den testen du viser til. Eg fekk prøvd den i helga, der eg blandt anna vart sendt opp på toppen av eit fjell og skulle sitte der på post. Det var styggbratt, so eg var sliten, våt og kald når eg kom opp. Eg skifta til tørr ullbrynje underst, varmevesten, ein tynn syntetisk hettegenser utenpå og deretter anorakken i vadmel. Det var 2 grader og bitande kald austavind på toppen der, fleire av postane lenger nede i lia gjekk heim fordi dei var kalde, eg satt utvilsomt på den kaldaste posten og eg hadde det egentlig veldig komfortabelt. Men den er svært tett og sjølv ved nedstigning vart eg klam - so for min del er dette berre eit plagg til posteringsbruk. Eg gjekk inn på den nettbutikken eg linka til, og bestilte deira vest også, den tenker eg at frua kan få av ungane til jul. Og for nyskjerrighetens skyld gjekk eg på wish og fant ein som ser tilsynelatende identisk ut, som kosta meg 300 kr inkludert frakt - og den bestilte eg til meg sjølv. So det blir spennande å sjå om desse billige vestane som er fulle av varmefelter, til og med i kragen: om dei fungerer like godt, bedre eller dårlige enn den eg kjøpte frå heat experience- time wil sjåw!
  24. @keenhunter på den du kjøpte, var powerbank inkludert, eller måtte du kjøpe den i tillegg? På f.ex wish selgast desse vestane for alt frå 60 kr til 200 kr stk, men det står ikkje konkret om batteri følger med.
  25. No tenkte eg i utgangspunktet generelt, billige "ebayvester" opp mot dei kjente merka. Men legger ved ein link til ein typisk "ebayvest". https://www.bygghobby.no/products/varmevest-large
×
×
  • Create New...