Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Det er bedre å miste ein skank som er butten med snøre enn å ha ein hund som biter over ein spiss ende på ståltråden! Til sporlegging så foretrekker eg ketchupflaske, brukte stav med svamp før men tykkjer eg får bedre spor med flaske. Og ikkje minst vert det mindre søl.
  2. Det vil ta litt tid å trene inn passelig tempo uten å bruke snarvegar som halvstikk. Går hunden av sporet når du holder igjen så stopp heilt. Ikkje slepp hunden framover før du ser den har sporet, etterkvart vil hunden lære at den ikkje får gå sporet viss den går for fort. Kor ofte du skal trene spor er heilt individuelt. Nokre hunder kan gå spor annankvar dag uten problem medan andre har nok med kvar 14 dag. Prøv deg fram, men ver obs på korleis junden arbeider. Vert den lei/ slitenså ta pause nokre dager.
  3. Er desverre ikkje alle kjeder som har det i sitt sortiment. Men dei fleste butikkane kan skaffe det dersom dei ringer og bestiller og ikkje berre bestiller på data. Her eg bur skaffer både Spar og Coop prix matblod i beger.
  4. Sauer 150 sier det går, og med veldig nær kontakt til Jaktdepotet (innehaver/ daglig leder) skal han vite kva dei kan levere.
  5. Har du trekt terrenget ditt ut fra grunneierlaget? Har du stilt din plass disponibel for andre? Er det økonomiske motiv som ligger bak (dyrare for resten av jaktlaget)? Vedtektene for grunneigarlaget oppnar dei for "straff" for ikkje å villja vere med på jaktlaget? Uansett så gjeld reglane for grunneigarlaget berre for den type jakt som er beskrive i vedtektene til laget. Annan jakt kan du utøve på eigen grunn, men ikkje på det "felles" jaktarealet som grunneigarlaget disponerer.
  6. Er enig med jaktlykke i dette. Den som har skadeskutt vil som regel gjere alt for å få avliva dyret. Men det er ikkje alltid at dei er rasjonelle i handling. I områder med tette bestander er det ofte ein ser andre dyr når ein går ettersøk, ein overivrig skyttar kan då skyte feil dyr. I nokre tilfeller har eg hatt med jeger som skyttar. Sjølv om dei får beskjed om ikkje å ha patron i kammeret opplever ein at dei slipper å ta ladegrep når dei skal skyte.
  7. Hei. Det er vanskelig å bedømme så mykje ut fra den videosnutten. Men det virkar som du har eit høgt tempo, noko som du må jobbe med. Eit tips der er å ikkje slippe hunden framover på sporet om farten er høy. Det er no i innleringsfasen du skal få hunden til å gå i passe tempo. Den løkka som du har slått rundt bakparten på hunden er ein uting som eg trudde ikkje vart brukt lenger. Hunden venner seg til ei slik løkke og drar like hardt i lina som uten. Til samanlikning så har me pigghalsbanda som var veldig populære før. Hundane som hadde dei drog like mykje i bandet uansett kva halsband dei gjekk med. Ser ut til at du slipper hunden/ lina på slutten av sporet. På ein sporprøve så er det einsbetydande med takk for i dag. Lykke til med vidare trening
  8. Om du seier kvar i landet du held til så er det til hjelp for dei som kan/ vil hjelpe deg.
  9. Som du sjølv seier Men ved å stikke vil det alltid koma noko blod. Og til mindre blod det er att i dyret til bedre er det!
  10. Moglegheita er der, men på austsida av vatnet er det fleire utleigehytter. Dei fleste er for kortidsutleige. Har hytta båtplast med naust ved vegen? Er det båt der eller må ein halde båt sjølv? Kva er størrelsen på hytta? Kor mange soverom? Kjøkenløysing? Fiskemoglegheit er det i Veitastrondsvatnet. Jakt kan variere noko med kvar den ligg ved Veitastrandsvatnet. Hjortejakta vert enten utleigd eller grunneigarane jakter sjølv. Småviltjakta er meir avhengig av plassering etter vatnet, er ikkje alle plasser det er så enkelt å koma seg opp i terrenget. Men det er nokre smådaler einkelte stader. Grunneigara på den aktuelle staden må kontaktast for jakt. Kor atraktivt det er kan diskuterast! Kjem fra nabobygda så kjennskapet til området er relativt bra.
  11. Å grille på gass er morosamt. Men forskjellen mellom dei ulike merka er stor. Har prøvd ulike merker, både med og uten lavastein. Billige gassgriller er dårlige på korleis varmefordlinga er. Dei kan virke bra i nokre år for så å bli bortimot ubrukelege. Den forrige grillen eg hadde hadde eit felt på midten som var bra. Medan de på kantane var elendigt! Grilling av pølser krevde snuing av pølsa 4 ganger, Berre halve pølsene vart grilla om gangen Nå er det ein trebrenners Weber Spirit som blir brukt. Forskjelen mellom den og dei andre eg har brukt kan samanliknast med forskjelen på ein engangsgrill mot ein god kolgrill. Ristene er emaljerte og kan vaskast eller ein brenn dei reine. Eg brenn dei som regel reine og børster vekk restane med ei messingbørste. Erfaringen tilseier at billig gassgrill ikkje vert kjøpt i framtida.
  12. Det der er berre skrap. Egnar seg ikkje som familieklenodium eingang Er mykje bedre at du gjer den til meg som kan gøyme den vekk i ein mørk krok Den einaste som kan sei noko sikkert om rifla de er ein børsemaker. Om eg var så heldig å få tak i eit slikt våpen hadde eg sjølvsagt ynskt å skyte med det. Og da sjølvsagt i original stand.
  13. Kan vere ei god løysing, men kor gjennomtenkt den er det veit eg ikkje! Sjølv er eg fra Luster kommune i Sogn og fjordane og for oss har det ingen betydning med eit slikt forslag. Eg har sett litt på fakta om hjortevalda i kommunen og her er det eg fann. Med krav om minstearealet x 50 for å koma med på denne ordninga er det ikkje mange i Luster kommune som vil bli berørde. Etter forskrift om jakt i Luster kommune http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?do ... -0426.html" target="_blank er minstearealet hjå oss på 750 dekar. Noko som tilseier at ein lyt ha eit vald på minimum 37500 dekar. No kan kommunen forandre dette med +/- 50%. Alikevel så skal ein passere 18750 dekar. I 2009 var det 4 vald som kunne kome med på ordninga dersom dei gjekk ned med 50%. Men ingen er store nok om ein må halde seg til 750 dekar som minsteareal! Kansje det hadde vore meir realistisk med 30 x minstearealet om eit slikt forslag skulle få nokon effekt!
  14. Var ikkje nokon reddhare som vart losa på!
  15. Lyddemper og ny rekylkappe er bra. Men kan hende du er hjelpen med denne: http://www.midwaynorge.com/apps/eproduc ... mID=254883 Limbsaver Protective Recoil Pad Shield blir ikkje montert på rifla. Rifla kan bevares i orginalstand og du har rekyldemping når du ynskjer det. Eg veit at tilsvarande produkt har blitt brukt med hell ved massetrening med rifler som sparker godt fra seg.
  16. Og kva dei gjer i Sverige er uvesentleg for den Norske bandtvangen!
  17. Kjus Viltslakteri arrangerer tilsvarende kurs. Han vil ha 1800 kr. for kurset, er jo ikkje billig det heller. Men ein sparer 1000 kr mot kurset til hjortesenteret.
  18. Hyggeleg prat og gode vafler. Går sikkert innom ein tur i morgon og.
  19. Skal stå på stand torsdag og fredag. Kom innom på C01-13 for ein prat. Beagle
  20. Søkte opp denne på nettet. Er ikkje det eg vil kalle mobil skytestøtte. Men ein trebent krakk med armstøtte og anlegg til rifla. Så liten og lett som ein to-fot er det vel ikkje men for bruk på skytebana eller ein annan plass der ein driv med litt moro skyting er den sikkert fin.
  21. Kjøpte nevnte vidundermaskin. Virka veldig lovande, men etter å ha forsøkt med fleire forskjellige knivtypar innsåg eg at dette kan betegnes som det dårligaste kjøpet mitt nokon sine Nå står maskina og samler støv i ei eller anna hylle. Kjøpte meg denne: http://www.jula.no/vatslipemaskin-45-w-125651 For bruk på kjøkkenkniver er den god nok. Men for dårlig til større slipejobber.
  22. Dei fleste ville dyr kan trekke over store avstander. No veit me minimumstalet på kor mange bjørna det var i landet i 2010. Men det er vel nokre fleire enn dette. Når ein ser kor store avstander som vert tilbakelagd på kort tid av rovdyra "våre", så er det ikkje tvil om at dagens rovdyrforvaltning er feil. Når rovdyr tek sau på beite, må fellingstilatelsen koma same dag som den har drepe sauen. Ei veke seinare kan dyret ha kryssa halve sør-Norge, og nye rovdyr kan vere komne inn i området.
  23. Det står meir om ulvejakta her: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/arti ... d=10083421" target="_blank
  24. Det eg var ute etter i fyrste innlegg er om størelsen på bota er lik rundt om i landet! Eg er av den oppfatning at det skal koste det samme om ein bryt lova uansett kor ein bur i landet! Om det koster 2000 eller 20000 har ingen betydning, berre det er likt. Er det nokon som veit kor stor bota har vore ellers i landet?
  25. Det eg lurde på er om bota for manglende våpenskap ligger på det nivået alle plasser? Om den er for høg, lav eller passeleg er uvesentleg!
×
×
  • Create New...