Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Har opplevd dette sjølv. Kom heim fra jakt og slapp av han som var med meg. Han tok med seg hagla si og då eg kom heim så tok eg med mi hagle inn og satte den på plass i skapet. Nokre dagar etterpå ringde kompisen min og lurde på om eg hadde hagla hans. Han oppdaga at det var feil våpen da han skulle bruke hagla ein dag.
  2. DFS har ein jegerklasse der det ikkje er kaliberbegrrensing! http://www.dfs.no/?module=Articles;acti ... ow;ID=5213" target="_blank
  3. Mitt tips, er at det smeller oftere med skudd i kammeret
  4. Saksefelle kan vere så mangt! Fotsaks er ikkje lovleg i dette landet. Men det er lov å bruke åtesaks ( skal drepe dyret på ein human måte ), men det er eit regelverk som skal fylgjast. Og i det så står det kva ein må gjere når ein bruker slike feller. Fella skal vere merka med navn på eigar/ brukar + ein del til.
  5. Skyttaren som er med han her er også ein utmerka kokk. Her er heimesida hans http://www.laxen.no/ Eit besøk her er å anbefalle. ( Dagens snikreklame)
  6. Forstår eg deg rett så er totalutgifta for elgjakta 1000 kr, med kjøtt! Og det meiner han er for dyrt . Kvota på rådyr er på 30 dyr som alle vert skotne, og som han ikkje får del i sidan han ikkje jakter. Kva med å "betale" ham for denne jakta? Betalinga kan jo vere 1 av rådyra som dere skyter. Det burde vere ei løysing som begge parter kunne leve med.
  7. Tenner ikkje sporlyssatsen med en gang? Hugsar godt ein som prøvde å skyte opp til storviltprøven med sporlys, såg lyset fra kula nesten fra munningen og heile vegen fram til skiva! Gubben vart litt overraska då eg sa at prøven ikkje vart godkjent med ein gang siste skotet var skote sidan han brukte sporlys. Men han innrømde at han hadde skote med det, og godtok avgjersla.
  8. Kjerringa hadde termin rett etter jaktstart ! Men med planlagd keisersnitt så var det ikkje noko problem å flytte fødselen fram nokre dager. Så ungeselskapet er ferdig i god tid til jaktstart
  9. Etter å ha lese inlegga dine i denne tråden, så er eg ikkje mykje lei meg for at det er nesten ingen som deg! Er egentleg nok med ein som er så negativ til jaktformer han ikkje praktiserer sjølv.
  10. Grunneiger bestemmer prisen, men prisen har auka mykje dei siste 10 åra. Og det har skjedd i takt med aukande intresse for hjortejakt. Eg vil påstå at det er den jegeren som er villig til å betale mest som bestemmer prisen! Kvifor nøye seg med dårligare pris en kva " idioten" vil betale. Slik er det med alle ting, den som betaler mest bestemmer kva pris som vert gjeldane for andre og.
  11. Den forandringen kom vel med dei fyrste peilarane og ikkje med Astro'en.
  12. Garmin Astro - ein venn! Men den kan også bli ein fiende, alt etter korleis du brukar den! Sjølv så har eg astro'en i ryggsekken. Men skulle hunden verta borte lenger enn normalt så er det greitt å vete kvar ein finn den. Har opplev at hunden er sett hundre m+ forran meg på jakt for så og forsvinne i heilt opent terreng. Astro'en viste at den var komen 400m bak meg i eit elveleie. Men ein må tåle at hunden er vekke ei stund før ein dreg fram vidunderet. Og lyd på astroen brukar eg ikkje, liker det stilt rundt meg i skogen. Alle hjelpemiddel vi brukar på jakt kan "misbrukast". Det er berre å skru på jaktradioen, skulle tru at det var nokon som hadde symøte slik som det vert skravla på den.
  13. Det skal vere viktige saker som skal opp om ein skal øydelegge jakta med møter! Politikere i Gjerstad vil ikke gå på møter i elgjakta http://www.nationen.no/2010/09/22/polit ... t/6171893/
  14. Kva hensikten er kan variere! Køyrde og lyste hjort sjølv før i tida, og det fordi me var nyfikne på om hjorten kom inn på marka om natta og kor mange dyr som var på marka. Dette skjedde i eit område der ein ikkje jakta om kvelden. Tek meg ein liten tur i skumringen avogtil i skumringen no og. Men lys har eg ikkje brukt på mange år. Kva skal eg då svare på spørjeundersøkelsen din? Ja eg har lyst på hjort. Nei eg lyser ikkje på hjort lenger!
  15. Slik speker eg hjortehjerter: Hjertekammera vert spretta opp og vaska reine for blod. Spekket/ feittet som er utanpå hjartet vert fjerna. Og hjertet reinskåre for blodårer. Gnir hjartet inn med finsalt, legger det i grovsalt som dekker rundt heile hjartet. Ligg i saltet ca.12t. Vert børsta reint for salt og hengt på ein luftig og tørr plass i ca. ei veke. Du kjenner om det er speke eller rått framleis. Nytes sammen med øl eller ein god dram
  16. Du har http://www.sport1kongsberg.no/ som alternativ på Kongsberg. Har handlet der eit par ganger, og handler der sikkert på nytt om dei har noko som eg får lyst på. Har dårlig erfaring med din lokale våpenforetning!
  17. Noko du kan prøve er å kople hunden så fort som mogleg og avbryte jakta for resten av dagen ( eller ta ein pause i nokre timar). Klarer du å få hunden til å kople elglos med at du avslutter jakta så kan den lære av dette. For hunden er all jakt morosam så om du lar den fortsette å jakte etter ein elglos får den gjere det den liker best.
  18. Da eg byggde hus hadde eg ein beagle. Og med hund i huset så var det berre golvbelegg som vart brukt. Har sett alt for mange flotte parkettgolv som er øydelagd av hund. Laminat av god kvalitet er eit alternativ.
  19. Da får ein håpe at advokaten er klok nok til å forklare kva som skjer om det blir rettsak. Som andre skriver så er sjangsen stor for at straffa vert innskjerpa. Og han havner i strafferegisteret med dei ulemper dette medfører. Om eg ikkje hugsar heilt feil, så er det lite sansynleg at han vil få visum til USA, Australia og mogleg nokre andre land som straffedømd. Og med våpen innblanda så ser dei mykje meir alvorleg på det enn om du har mista lappen for å køyre for fort. Hadde det vore meg, så hadde eg betalt bota! Og vore glad for å slippe fra det med eit forelegg sjølv om det er sure pengar å betale.
  20. Eg har også framleis lyst til å sjå desse filmane!
  21. beagle

    Knust kikkert

    Fikk til svar hos mitt forsikringsselskap ( Trygg Vesta som det hette da) at reiseforsikringen dekker alt utenfor hjemmet. Med unntak av arbeisplass, skole/ undervisningssted. En tur på reinsjakt vil for de fleste av oss ikke bli sett på som arbeidsplass eller undervisningssted.
  22. Og her er svaret på mailen som eg sende til NKK: Hei Svarer på denne e-posten, da Linda Bekkelund har ferie. Det er kun den oppgitte mengden blod som skal brukes.(0,3 l) Hilsen EVA PEDERSEN Saksbehandler Aktivitetsavd. Og sidan ikkje alle er inne og leser på Kammeret så reknar eg med at NKK kjem med ein presisering av dette til alle prøvearrangører.
  23. Har sendt mail til NKK med spørsmål om dette. Kopi av mail : På eit diskusjonsforum på nettet ( http://www.kammeret.no ) går det ein diskusjon om kva som er rett tolkning av regelverket for blodsporprøver. Siterer fra regelverket her: Sporet skal være ca, 600 meter langt og legges med ca.0,3 liter blod jevnt fordelt over hele sporet. Sporstart, sårleie og sporslutt markeres med oppspark og ekstra blod. Diskusjonen går på om tolkningen av ekstra blod. Er det her meining at ein skal ha med ekstra blod til dette ( eiga flaske med blod ) eller skal ein bruke " ekstra" mykje av blodet som ein legg sporet med her. Om ein skal ha med ei flaske blod til for bruk berre på sporstart, sårleie og sporslutt, kor mykje skal ein da bruke. Vonar på eit oppklarande svar som vil gje ei lik tolkning av regelverket. Så får me smørje oss med tolmodigheitssalve og vente på svar!
  24. Ein hund som blir trena på blodspor før innjaging kan bruke lenger tid før den starter å jage. Men det er ikkje sikkert. Vert den innjaga fyrst så er det nesten garantert vanskligare å få den til å gå blodspor. Det einaste som hjelper i begge tilfeller er god tid og trening! Ting kan ta tid, men med rett trening så får ein til alt.
  25. Er ikkje sikker på kvar eg las det. Men ein grunneigar bestemmer sjølv kva som er lov på sin eigendom så lenge det ikkje kjem i konflikt med norsk lov. Og det står ingen stad i lovverket at dei ikkje kan utvide bandtvangen på sin eigendom. Her som eg bur er det fleire grunneigarlag som har benytta seg av den retten. Me var velsigna med utvida bandtvang til 15/10 før når kommunen kunne bestemme det på generelt grunnlag. No er det tilogmed 20/8 og deretter fritt om du får løyve til å slippe hunden av grunneigar.
×
×
  • Create New...