Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Valg av fuglehund er ikkje så enkelt. Det du kan tenke på fyrst er om du skal ha ein stor hund eller liten hund. Når du har funne ut det så tenk over kva type pels du vil ha på den, kort, stri eller langhåra. Er sjølvsagt meir pelsarbeid på ein som er langhåra enn ein med kort pels. Kva type jakt skal den brukast på? Skog, fjellet eller begge deler. Korleis gemyttet er på dei forskjellige rasene er vanskeleg å sei. Alle raser har hunder med bra eller dårlig gemytt. Men einkelte raser har fleire med dårlig enn andre! Reis på utstillinger eller rasetreff og sjå korleis hundane oppfører seg. Jaktpremiering er og ein peikepinn men då må ein vere klar over at einkelte raser ikkje søker så stort som andre på fjellet og vert straffa for det. Men dei held betre kontakt med førar i skogen. Når du har bestemt deg for rase så er jobben å finne ut kva oppdretter som avler på dei kvaliteter som du er ute etter. Lykke til Beagle
  2. Hei. For dei som skal til Dovre i helga fra Bergenskanten. Sognefjellet er oppna, det same er Tindevegen ( Årdal-Turtagrø). Kva som er raskast må de vurdere sjølv! Snakkast på Dovre. Beagle
  3. Var ment med humoristisk undertone.... Har hatt både Beagle og Munster selv jeg:-) /D Er nødvendig å ha humoren med seg når ein driv med hund. Har ein hund på 2 år som eg ikkje har fått trena slik eg vill p.g.a ryggproblemer. Men ein må gjere det bste ut av det
  4. Sognefjellet var ope før 1/5 men med nattstenging. Siste veka har det vore ope uten nattstenging om eg ikkje tek heilt feil. Skal undersøke nermere og legge ut status her. Beagle
  5. Fei nic? Hadde beagle før og bruker samme nic'et som på sluttstykket. Bytter ikkje nic om eg bytter hund.
  6. Hei, Pakker bil med hund,unge og kjerring ein eller annan gang på fredag. Med retning Dovre over sognefjellet. Var der for 2 år sida uten hund kjempemoro. Me får snakke saman der. Beagle
  7. Hei er det nokon som skal på rasetreffet for Münsterënder? Om det er det så hadde det vært hyggeleg med ein prat. Beagle
  8. Har brukt Exspot før men bruker halsband i år. Svigerfar min kjøper dei på apotek i Sverige. Betalte 150 for mitt. Ser ut til at det virker bra.
  9. For oss uinnvidde i bruk av sporleggersko: Går du kunn ut med skoa eller bruker du blod i tillegg? Sidan du seier at det kun er eit spor hunden må forholde seg til så går eg utfra at det er uten blod. For brukar du blod så har du meir enn eit spor. Det som du seier du kan gjere med sko på er det nokon grunn til at du ikkje kan gjere det på eit blodspor?
  10. For å ta det heilt grunnleggande: Det er mange vegar som fører til rom! Og det er mange måter å trene ein ettersøks/sporhund. Sjølv så er eg tillhengar av å starte med korte blodspor for så og øke lengde og alder. Er av den oppfatning at ein ikkje skal bruke for mykje blod eller for kort mellom dråpane på eit nybyrjarspor, ca 50cm på fyrste spor og deretter med 1 meter. Ein trena hund skal ein variere både alder og lengde på sporet det er og ein fordel å variere blodmengda. Kjenner fleire som trenar hundane sine berre på spor etter folk til å byrja med gjerne med godbitar i. Da kan dei få trene fleire spor på kort tid og det er ikkje nødvendig med planlegging av treninga i så stor grad. Dei legg att pinnar og andre ting som hnden skal finne på sporet. Er vel det same som på sporet til brukshund. Dette gjer dei og etter at dei har starta med blod. Dømde ein hund som var trena som søkshund, Hadde aldri gått blodspor men førar ville prøve for moro. Var spornøye og gjekk nesten heile sporet før den rauk ut på ferskspor. Men den var trena til å gå fort ( skal finne folk fortast mogleg) så tempo vart alt for høgt. Men ho var sprek ho som eigde hunden så det var ikkje ho bremsa. Tren med andre, gå prøver. Spør dei som går bak kva dei legg merke til og kva dei meiner du må trene meir på. Har du moglegheit så vær sporlegger på prøver, du lærer utruleg mykje av det. Til sist så hugs på at du ikkje kan lere hunden din til å gå spor! Det kan den, du skal lære å lese hunden. Korleis den oppfører seg når den går av sporet, om det er på ferskspor eller berre at den mister det. Hunden gjer forskjellige signal alt ettersom kva den jobber med.
  11. Det er ikkje så sikkert at fellingstillatelsen kjem så fort. Sist så venta dei til dei var sikkre på at bjørnen hadde forlate området. Men skulle tilatelsen koma så kjenner eg mange som er klare til innsats.
  12. Er ikkje sikker på kva bil det er! Solgte den gamle den7/5! Kjøper ein ny på frredag den 9/5. Mest sansynleg så vert det ein Mitsubishi Outlander.
  13. Er ute etter eit fast hundebur. Vil ha med plater eit stykke opp på siden for å unngå alt håret i bilen. Er det andre enn trønderburet som lager bura slik? Er det eventuelt nokon i Drammen's distriktet som forhandler slike bur?
  14. 1 I utgangspunktet ikkje men du kan oppleve at hunden er litt seinare med å byrje å jage. 2 Trene, trene og trene. For å unngå at hunden lager lyd når du går spor så skal du aldri tilate dette når den går i band, om det er luftetur eller blodspor betyr ingen ting. 3 Ville ha fokusert mest på dresur i starten. Start med sportrening når hunden er 5-6mnd. Korte enkle spor til å byrje med. Øk lengde og alder etterkvart. Tykkjer hunden det er moro så kan du trene 1-2 ganger i veka men normalt er 1 gang i veka.
  15. Det er mange som tillegsforer med selolje. Kvar du får dette veit eg ikkje men vert brukt av mange som er missfornøgd med pelsen. Og det uansett kva for ein brukar.
  16. Og ikkje minst slitesterke, hadde ei slik i buret til beagle`n i 5 år og den var like fin, blir nå brukt til min KLM.
  17. I ettersøksringen som eg var med i var reglane slik at me ikkje skulle ha private avtaler i tilegg. Slik var det i nabokomunane og. Men om det ikkje står noko om det i vedtektene till ringen så skulle det ikkje vere noko problem.
×
×
  • Create New...