Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Jaktrettshaver er vel den personen som det aktuelle jaktfeltet står registrert på hos kommunen. Leiger du jakt så må ein gå ut fra at det er utleigar som er jaktrettshaver. Etter det eg lærde i kommunalforvaltning så skal ordet "bør" når det står i ei forskrift eller lov tolkast som "skal". Reknar med han visste kva han snakka om han me hadde som lærar, var utdanna jurist etter det dei sa. 02800 er eit fint telefonnummer som er bemanna døgnet rundt. Ring til dei og gje beskjed om ettersøk med lys og få det protokollførd. Når du har gjort det så har du allt ditt på det tørre. Ein SMS til jaktrettshaver er kansje greit nok, men det er ikkje alltid meldingar kjem fram.
  2. Det er fort du lærer deg kva veg hjorten går, og i snø så vil ein og som regel sjå avtrykk av biklauvene som er bak på hjortefoten.
  3. Klauvene smalnar i ein ende og det er i den rettninga dyret går. Men ein hjort i fart spriker med klauene for å få større bereflate. Her er ein link til ei side som viser forskjellen på spora. http://www2.sns.dk/udgivelser/2005/87-7 ... /kap10.htm" target="_blank
  4. Det vert snakka mykje om hunden og kva den gjer eller ikkje gjer. Kva som er bra å gjere og kva som er mindre bra/øydeleggande for hunden. Men det er ingen som har nemd den viktigaste faktoren for at eit ettersøk skal gå bra, hunden skal bli god på ettersøk uansett forhold. Hunden er avhengig av ein førar som klarer å lese hunden sin, ser når den har tap, når den går over på ferskspor, trur på hunden når den vil gå gjennom krattet og ikkje rundt det. På sporprøver er det allt for ofte førar som øydelegg for hunden når det går galt. Eit ettersøk vert utført av ein ekvipasje der førar veit kva hunden gjer på, og som kan hjelpe hunden der det er problem. Hjelp kan vere så enkelt som å roe ned, ta seg ein 5minutt når det trengs. Ved tap kunne gå tilbake og prøve på nytt fra ein plass der ein er sikker på at det skada dyret har gått. Hundar er unike individ slik som me mennesker er. Innlæring som passer for eit individ er ikkje sikkert er det rette for alle andre individ. Det vert sagt at det er mange vegar som fører til Rom! Og målet må uansett korleis ein trener hunden at den skal kunn e gjere den jobben som den vert satt til!
  5. Nå snakker du litt mot deg sjølv. Når du er redd for at hunden skal bli propell på skotplassen når du trener ved å spore inn på eit fall. Kor mange spor vil den hunden takle på eit reelt ettersøk før den blir propell? Kva gjer du for å roe hunden ned slik at den kan gjere jobben sin? Eller ringer du etter ny hund og seier at hunden min vart heilt prøpell i dag så dette er ikkje me godt nok trena til? Ein "passeleg" motivert hund på kunstig blodspor kan det koke over for på fyrste ettersøk. Då er det tross alt betre å vite korleis du får roa hunden ned før du går ettersøket enn å gå ut med ein som er propell. For å få den erfaringen så er det viktig kunnskap å spore inn på eit eller fleire fall.
  6. Kan vere mange grunnar til at hunden ikkje vil gå ferskspor. Utan å vite noko meir om hunden er det umogleg å sei noko sikkert. Mogleg grunn kan vere at hunden har blitt sparka av ein hjort medan den var liten, fått skrekken for desse farlege dura. Ein hund med svak psyke kan bli skremd av lukta som er i sporet. Eller den har blitt tilsnakka hardt for å gå ut på ferskspor under trening... Stor moglegheit for at dette kan bli betre med å ha hunden med på jakt og spore inn på så mange skotne dyr som mogleg. Det er berre mange timar i skogen som hjelper! De er så heldige/ uheldige at det er mykje hjort på Kaupanger store deler av året og gode moglegheiter til å trene på ferskspor.
  7. Det er vel ikkje alle forslag som er like gjennomtenkt. Men i utgangspunktet så er det nok med dyra i tankane alle ideeane er komne. Ein får no i det minste håpe det.
  8. Har brukt jaktdress fra Dovrefjell i nokre år no. Ikkje samme kvaliteten som Härkila, Norønna og andre i den prisklassen. Men til ein komfirmant som du må rekne med veks ein del meir så er det eit alternativ eg hadde sett på. http://www.magasinet.no/display.aspx?menuid=-5020
  9. Det som er like viktig som type maskin er størrelsen på maskina. Blir maskina så stor at den må stues vekk på eit kott eller anna rom så kjem den fram berre når du har større jobber på gang. Braun kjøkkenmaskina til kjerringa (fra tidlegare ekteskap, eg hadde ikkje kjøpt den) er grei nok men mangler kjøtkvern. Moderen sin Elektrolux Assistent har mindre med tillegsutstyr men den har kjøtkvern. Var missfornøgd med den i fleire år, måtte fjerne sener og hinner før maling . Men da ho kjøpte ny kniv og hullplate så går det unda med malinga, fjerner berre dei største senane. Kva utstyr har de fra før på kjøkkenet? "Treng" de mykje nytt eller er det som er der fra før godt nok. Har sjølv lurt på ei ny kjøkkenmaskin, men sidan me har det meste ( mangler eiga kjøttkvern) så vert det ikkje kjøpt noko før eit eller anna vert øydelagd.
  10. Er du sikker på at det er våpenkontoret i Drammen som er trege? Ved kjøp av våpen på JD har eg sjølv opplevd å vente over eit halvt år før JD leverte inn papira. Det opplyste våpenkontoret da eg etterlyste våpenkortet fra dei. Og merkeleg nok har eg større tiltru til det dei seier enn til det som vert opplyst fra JD.
  11. Ser at du har snakka med sjefen sjølv! Har handla min del hos JD og med blanda erfaring. Ved kjøp av hagle som hadde funksjonsfeil (tull med sikringen) så gjekk det smertefritt. Vart ikkje reparert men fekk ny hagle, meir enn ein kunne forvente. Men med andre ting har det vore verre. Eg kjøper ikkje noko meir fra den butikken, dei har ingenting der som eg ikkje kan få kjøpt på andre plasser.
  12. Hamstre utanlandsk ost? kunne ikkje falle meg inn. Det som eg et av det har eg råd til å kjøpe når eg vil ha det. Mange klager over dårlig norsk ost med lite smak. Det skal eg vere enig i, men kva er grunnen til at den er slik? Kor mange veit kva krav som er til produksjon av ost i Norge? Gjennom lover og reglar har mattilsynet regulert korleis du kan lage ost. Mange oster er avhengig av bakteriar som ein øydelegg her i landet når mjølka vert pasteurisert, noko som er krav om å gjere. Produsentar av kvit geitost har eit fritak fra den regelen, ellers kunne dei ikkje ha produsert den type ost. Grunnen til at all mjølk skal pasteuriserast er at ein del av bakteriane som vert øydelagde er direkte farlige om ein ikkje er nøyen nok i produksjonen sin. Er ingen spøk å bli matforgifta! Trenden blant folk flest er at dei vil ha ostar som ikkje er sterke på smak. Me kan bruke brunosten som eksempel på det. Folkebrunosten "Gudbrandsdalsost G35" som er ein mild ost av smak. Her er det om å gjere å produsere enda mildare brunostar eller med meir søtsmak sagt på ein annan måte. Nei takke seg til Ekte geitost, Tine sin er brukbar men den er også litt mild i smaken etter min meining. Besøk bondens marked og smak på dei forskjellige ostane som kjem fra små produsentar. Mange gode ostar, ikkje av dei billegaste men verdt pengane som dei kostar. Skal du ha billeg ost så må du kjøpe masseproduserte ostar fra Tine og Synøve Finden.
  13. Jegerferdigheiter kva er det? Kjenner fleire som samler allt i 9 eller betre uansett skytestilling på bana. Vert dei nokon bra jeger av den grunnen? For eit par av dei så koker det over når dei ser dyr og skytinga står ikkje i stil til kva dei presenterer på bana.
  14. Dei er ikkje vekke dei er berre flytta inn på facebook! Der er dei og kritiserer alle som ikkje har skote rett bukk etter deira meining. https://www.facebook.com/#!/groups/2374703227/" target="_blank" target="_blank
  15. Ja, det er det. Har sjølv gått fra ein uten lys til ein med lys. Raudprikken er mykje lettare å sjå i mørket enn korset som vart svart. Begge to tysk kvalitetsoptikk.
  16. Den fjæra holder lenge om du ikkje er uheldig. Er like fin på min A-bolt som er kjøpt ca.1990
  17. Venstre er eit lite parti som er profilert som miljøparti. Og det som me kan håpe på er at dei større partia ( Ap, H, Frp) no torer å ta opp saka på nytt, dei treng ikkje gøyme seg bak at dei er eit miljøparti lenger.
  18. http://www.nationen.no/2012/09/16/polit ... g/7661519/ Klarer dei å få fleirtal for forslaget?
  19. Fikk kappa min a-bolt til 47cm. Har berre god erfaring med den etter kapping og montering av demper. Kva utslag dette har på farten har eg ikkje undersøkt. Det som eg veit er at kulene fremdeles når fram til dyret og gjer jobben sin.
  20. Du har egentlig ei dårlig sak dersom du ikkje kan dokumentere påstanden din. Det blir ord mot ord. Når det var så dårlig så burde du ha kontakta utleiger og bedt han komme på plassen for å sjå på elendigheita før du reiste heim.
  21. Har ikkje endra seg over natta, men same kor mange ganger det vert sagt så er det ikkje gjeldane for alle kuler og kaliber. Høg restvekt på kule i stor fart kan gje like mykje blodslege kjøt som ein får fra ei konvensjonell kule.
  22. 1. Det er du som tilater eller nekter hunden å lose i band. Det er fullt mogleg å nekte hunden å lose ved å snakke til den når den gjer det. Du snakker vel til hunden når den gøyr inne eller er i band heime? Det er mange som har drivande hunder som er tause når dei går i band, lause så går losen og er musikk i øyrene på den som høyrer på 2. Grunnen til tapet er nesten garantert på grunn av farten. Under trening av hunden er det du som bestemmer kor fort den får gå, og som roer ned farten når det går for fort. Om nødvendig sett deg ned og ro hunden ned. På trening så har du all verdens tid til å forme hunden sitt arbeid slik du vil ha det. 3. Hunden kan vere litt treg til å lose i starten, men det skal ikkje vere noko problem.
  23. Men så er det vel mest sau på vestlandet og Om me manglar ulven så har me ein større lystmordar her. Jerv
  24. Og tiner mykje raskere når du skal bruke den!
  25. Det er mange ting som har påpvirkning på levetida til eit løp. Kvaliteten kan variere fra løp til løp. Ammoen som vert brukt kan påvirke levetida, harde ladninger vil gje meir slitasje. Vedlikehold av løpet har litt og sei. I min gamle KV-mauser bytte eg løp etter 14000 skot då eg meinte det samla for dårleg. Men det vart ikkje noko merkbart betre skyting med nytt løp
×
×
  • Create New...