Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Med blodfersk jegerprøve så må det mangle mykje på opplæringa om dei ikkje har gått gjennom slike ting på kurset. Det er også ein praktisk del på kurset der slike ting bør vere obligatorisk å ha med. Men på den andre sida så var eg på skytekurs hor NJFF på Flå og der var det ingen kontroll av våpen etter skyting. Standplassledelse var fraværande, du skaut eit par seriar reiste deg opp og gjekk bak på standplass med sluttstykket i bakre posisjon og nokon andre tok plassen din og skaut. Som gamal DFS skytter reagerte eg på det som skjedde.
  2. Magasinet har fleire jaktdresser (Dovrefjell) som er rimelege i pris. Ikkje samme kvalitet som Norrøna men det kan ein ikkje forvente til denne prisen. Har denne dressen sjølv og er godt fornøgd med den. http://www.magasinet.no/display.aspx?me ... rodid=2464" target="_blank Det som er finnt er at du bestiller den størelesen som du trenger i jakke og bukse. Trenger ikkje vere samme nummer
  3. Avslag på våpensøknad betyr at du etter våpenkontoret/lensmann/politi ikkje er skikka til å inneha våpen. Du har heller ikkje lov til å låne våpen av andre.
  4. Har ingen ladedata, men det er den samme kula som NORMA brukte i sin Forbetra elite. Og det er minst like mange tilhenngara av kula som motstander av den. På testskyting med den i 3006 så vrengde kula seg til den innvendige rilla før ekspansjonen stoppa. Restvekt på ca 80% skyteavstand 20m i våte tlf-kataloger. Har brukt kula men du får nesten like billige kuler som er bedre!
  5. Det er eit mykje større problem med alle jegre som ikkje kan noko om våpen i det heile. Du treffer på dei kvar haust på skytebana, må ha hjelp til den minste ting. Kjenner mange som ikkje klarer å stille siktet sitt sjølv, ein som aldri hadde tatt sluttstykket ut. Lista blir lang over elementære ting som mange jegrar må ha hjelp til. Men jorda er framleis rund sjølv for dei
  6. Etter min meining så vart vinen god.
  7. Rabarbravinen vert best om du lager den om våren av dei fyrste stenglane som kjem. Det er mindre av eit eller anna stoff i den som gjer den besk på smak seinare på sommaren. Mange år sidan eg lagde vin sjølv, men etter fritt minne so skjedde det slik: Rabarbra vart kutta i biter og lagd i ein stor balje, slo kokande vatn over saman med sukker. Når tempraturern var komen langt nok ned til ikkje å drepe gjærbakteriane so hadde eg oppi gjæret. Brukte Dr. Heidenreich sitt vingjær av madeiratype. (Oppskrift på vin i pakningsvedlegget). Dekka alt med eit reint stoffstykke for å hindre eventuelle fluger å koma til. Etter ei lita veke vart den avsilt og fyllt på balong. Sukker tilført og balongen satt mørkt i kjellaren. Sukker tilført med ca.0,5kg av gangen så lenge den gjera. Var ofte problem med at gjærlåsen gjekk tom for vatn, så pass på denne. Gjæringa vil ta nokre månader, etterpå skal den stå i minst eit år før den vert skikkeleg god på smak. Vart tilført forskjellige remediar i løpet av prosessen, allt nødvendig var med i gjærpakken. Å lage rabarbravin er ikkje noko seksvekers prosjekt, her er det snakk om langsiktig planlegging og tolmodigheit. ( Havna som regel på 18-19% den vinen eg lagde).
  8. Om kassen ikkje er meir så kvitt deg med den. Om du vil ha att ein annan mauser så er det ingen som nekter deg det!
  9. Her tar du nok feil, har sjølv opplevd at hunden eg hadde gjekk fra spor av skada vilt til å spore friske dyr. Og det var ikkje alltid eg merka det før me hadde gått eit stykke eller såg dyra. Merka det stort sett på hunden at den vart ivrigare og litt meir drag i lina på ferskspor. Kom oss alltid innatt på rett spor og enten fann dyret daudt eller det vart avliva i sårlega. Og eg vil påstå at eg hadde ein rimeleg god jakthund, beagle som vart brukt til jakt, ettersøk og sporprøver.
  10. Med svigerforeldre i Drammensdistriktet så er det ein god unnskyldning for å ta ein tur og besøke dei. (Og for å bli vekke nokre timer ein dag ). Så transport er ikkje noko problem.
  11. Dreiebenk kunne vert fint å ha. Er mange år sida eg dreia noko, men interessa ligg der og plass og tid har eg. Så eg melder meg på, skulle eg vere heldig å bli trekt ut so må ein berre ta turen til Ski og hente den
  12. beagle

    Jaktlag

    Har jakta med litt forskjellige avtaler. I eit lag der eme er 5 stk. og kven som jakter varierer fra år til år, er det fellesjakt i helgane og kjøtet blir delt på dei som er med på jakta den helga. Den som jakter i veka må dele likt med resten av laget, sidan det ikkje er alle som kan jakte på dei dagane. Desse reglane vart etter eit par sesonger med dårlig oppmøte i helgane. Spesielt eit år der ein jeger var med ei helg, prioriterte å jakte i andre felt enn saman med oss. Fungerer greit dette, regningen fra grunneigarlaget skal betalast før jaktstart. Denne dekker fellingsavgift og ettersøkshund, jakta i seg sjølv vert betalt til den grunneigaren som du har avtale å jakte med!
  13. Har du sjekka om det er grader på "pinnen og holet" den skal stå i?
  14. Gode råd skal du høyre på når det gjeld familieplanlegging. Sjølv så planla eg ikkje. Resultat var termin 11/9 . Gjekk klar jakta så vidt det var, keisersnitt er ein fin . Vart bestemt keisersnitt med god margin til jaktstart, etter ønske fra far
  15. Da har vi fått sett bilde av bikkja, flott den. Men kommer det bildet av dattera snart? Sorry, klarde berre ikkje å la den komentaren bli uskriven. Skulle ikkje vere noko problem å få til bikkja sjølv om den er fem år. Ta med deg bikkje og dame og kom deg til skogs! Lykke til med begge
  16. Har liten tro på at det er rev. På bildene det sporstrengen vises så er spora samla to og to, nesten som om dyret har hoppa med samla bein. Alle revespor som eg har sett er enkelt spor og ikkje parvis over lenger avstander.
  17. Vil takke på vegne av kompisen min. Har snakka med han og sendt kontaktinfo til Jeger'n. Når peileren har gjort jobben sin i bratte vestlandslier og blir bytta ut med nyare utstyr vert den gitt bort på nytt. Skulle berre mangle når ein sjølv har fått den.
  18. Eg veit om fleire som ikkje går på skogstur heile året, dei er redd for store rovdyr som kan vere i området. Desse som er redd for å gå i skogen p.g.a. jakt, kvifor er dei det? Har dei blitt skremde av uforsiktige jegrar? Kva har så desse jegrane gjort for å skremme dei? Eg har sjølv opplevd å treffe på ei gamal dame som byrja å rope at eg ikkje skulle skyte ho. Ho kom bak meg eg sat på post, det einaste eg gjorde eg høyrde ho var å snu på hovudet og sjå på ho då eg høyrde ho kom gåande. Om du meiner slike hysteriske folk skal bestemme korleis me skal utøve hobbyen vår så må me alle finne oss ein ny hobby. Strikking skal vistr vere fint
  19. Om det vert opna for jakt i romjula så er det framleis frivilligt for oss som jegrar om me vil jakte eller ikkje!! I haust hadde me sosial jakttur saman med ungar og bedre halvdelar, der jakta ikkje var prioritert. Riflene var med, men eg lada den ikkje. Viktigaste den dagen var å vere ute saman med familiane våre
  20. Ein kompis av meg vil ha god bruk for ein hundepeiler. Han har ein dansk-svensk gårdshund som blir brukt på hjortejakt, men han er litt redd for å slippe den laus. Han er ein ivrig jeger som er i etableringsfasen med stramt budsjett etter kjøp av hus. Med sambuar og 1 barn ( nummer 2 er på veg) seier det seg sjølv at jaktrelaterte innkjøp vert nedprioritert når valet er mellom ein pakke libero til ungen eller noko til jakta. Eg veit at hundepeiler står høgt på ynskjelista hans Peilaren vil sjølvsagt bli gitt vidare til nokon annan om han kjøper seg ein annan når økonomien tilseier det
  21. Du ser forskjel på saltutslag og mugg. Er det salt så er overflata tørr og mykje av saltet kan du koste av med handa. Reknar med du har rikeleg med øl til det hjarta. Trur det er ganske sal. Finn fram kniven og skjer tynne skiver og kos deg med spekematen din
  22. Pinnekjøt skal ikkje steikast Har fått det servert slik ein gang og det er det verste eg har fått servert av pinnekjøt!
  23. Skal du lage pinnekjøt så er utgangspunktet ei tørka side. Med kunn 4 dager tørking så har du ei salta side. Du kan sjølvsagt ha fått den turr, om du har hengt den opp ein stad med høg temperatur og god lufting. Korleis du skal vatne ut er smak og behag. Om eg har forstått deg rett så er det 2,5 dag i salt den har lege. Og med kort hengetid så ville ikkje eg ha vatna ut så lenge. 2t og skift vatnet for så 2 timer til. Du må vurdere kor turt kjøtet er før du legg det i vatten. På salta og turka pinnekjøt (2-3dagar i salt for lam og minimum 14 dager henging) så legg eg kjøtet i vatnet kvelden før.
  24. Eg meiner det er litt dobbelmoral ute og går blant grunneigara som legg ut rundballer til vilt. Fyrst bruker dei rundballen for å lokke til seg dyr, og lærer dei at desse kvite traktoregga betyr mat. I neste omgang så klager dei på at dyra byrjar å ete av rundballane og skal ha skadefelling på dyra Kvar logikken i dette er har ikkje eg funne ut!
×
×
  • Create New...