Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Sidan tråden allerede har blitt vinkla til kva som er ekte jakt så vil eg dele nokre tanker med kammerfolket. Menneskja er skrudd saman på fleire forskjellig måter (heldigvis, er nok med ein av meg!), og me har ulike krav for at me skal vere fornøgde med livet vårt. Med det i tankane så vert eg forundra over att mange meiner at det er berre den måten dei sjølv jakter på som er ekte og "høgverdig" jakt Sjølv så har eg stort sett drive med smygjakt eller drivjakt på hjorten. På drivjakta skal eg erleg inrømme at eg med tida tykkjer det er meir moro å gå enn å sitje. Noko posteringsjakt morgon og kveld har det blitt, alt etter kva terreng ein har jakta i. Skyte hjort på innmark har eg ikkje hatt moglegheit til å gjere før i år, og våre litt negativ til den jakta! I år jakter eg i eit nytt terreng og den 10.9 gjekk eg ut og byrja å smyge etter skogkanten på innmark. Gjekk ein halv time før eg var komen dit eg skulle og får sjå tre dyr beite på marka. Var alt for langt hold, skulle mådde eg halvere avstanden. Brukte 5minutt på dette og kom meg i posisjon. Skaut 1 dyr som gjekk rett ned, dei to andre sprang mot skogkanten. Eit av dei stoppa opp og stod fint til for skot, og ned gjekk det i smellen. Kunne ha skote tredje dyret om eg hadde vore litt meir på hogget men var godt fornøgd med dagen. Seinare i haust prøvde eg nattjakt, fekk ikkje skote noko men hadde dyr på marka. Holdet var for langt for meg som fersk nattjeger. Følelsen av å skyte hjort på innmark mot dei som eg har skote i skogen var lik. Men det var mykje meir spennande å snike seg inn på dyra på innmarka enn dei som datt i skogen i haust. Noko som sikkert kjem av at eg viste nøyaktig kvar dei gjekk. Ekte jakt er den jakta som gjev den einskilde jeger den beste opplevelsen opplevelsen, og det må vere opp til kvar enkel å avgjere sjølv.
  2. Er det ikkje litt feil å sei at du må skyte eit dyr sidan du har fått løyve? Du kan skyte når du har løyve, men du må ikkje. Av og til (egentlig litt for ofte) så må ein godta at ein ikkje fikk skyte det dyret som ein har fått tildelt. Sjølv så har me hatt stang ut på jakta i år, og mangler fleire dyr for å fylle kvoten. Men slik er det, og det godtar me utan problem. Klarer du å skyte dyret så er det fint!
  3. beagle

    Dyrespor

    Er det spor etter fugl du har sett? Kan kansje minne om ei stjerne, med ei tå bakover og dei andre ut til sida og framover.
  4. Foring av vilt er lov som del av planlagd foring og ikkje som tiltak for auka jaktutbytte. Har dei byrja å fore skal dei for resten av vinteren, og ikkje berre i jakta. Gamaldags? Nei, fornuftig er eit betre ord.
  5. Gratulerer Stor eller liten? Korleis var jakta?
  6. Den får du fort i fleisen når du kommer deg i skogen Meien du seriøst at ein som jakter med boge ikkje vil lære seg kva begrensningar han har med boge som våpen? Eg reknar med at for å jakte med boge så må du på samme måte som riflejeger bestå ein årleg skyteprøve.
  7. Bogejakt er vel for dei spesielt intereserte. Og dei vil setje seg inn i kva begrensning som er på slik jakt. Heldivis så har me ein annan jaktkultur enn kva som er vanleg mange andre stader. Sjølv så har eg sete og sett på filmar om villsvinjakt, og sett mykje bra og noko mindre bra skyting. Slik vil det alltid vere, og lysta på villsvinjakt har berre blitt større.
  8. Skepsisen til lyddemper har eg full forstelse for at enkelte har. Det er ikkje mange år sidan at ein av landets mest profilerte våpenforhandler i eit intervju utalte var uroa over alle lyddemparane som vart seld til vestlandet. Han såg egentlig ikkje nødvendigheita av dei! Han brukte det ikkje på elgrifla si den gangen og da hadde ingen bruk for det. For dei som lurer på kven det var som sa dette så var det ein av sjefane i dette firmaet: http://landro.no/
  9. Om dommaren må spy er ikkje det same som at han er full! Sjølv så har eg hatt spysjuka fleire ganger utan at det skuldast at eg er full eller var full dagen før. Ein annan ting er det om det luktar gamal moro av vedkommande. Men det er ikkje blitt fortalt noko om enda, og då tviler eg på at det har lukta av ham.
  10. Konstant firhjulstrekk Drar hunden for hardt i bandet så er det ein trening som må til. Ikkje slipp hunden framover i sporet dersom den drar hardt!
  11. Hunden vert og veldig spornøyen når du trener blodspor først ( egen erfaring). På fersksportrening så snakker du til hunden om den gir lyd fra seg. Ikkje lov å lose når den går i band, ver konsekvent på dette fra dag 1. Stopp opp og vent når hunden gir lyd. Belønning for å være stille er å få gå sporet. Da vil du få ein hund som er stille på sportrening/ ettersøk. Kan gå lenger tid før losen løsner, men det vil den etter en stund! Tren den som ettersøkshund først er min anbefalling.
  12. KnutH Eg har ingen kjennskap til elghunder. Men det som er normalt for alle hunderaser er variasjon i utviklinga til det enkelte individet. Nokre vert superhundar tidleg, medan andre treng lenger tid. For nokre år sidan vart ein unghund omplassert p.g.a. at den ikkje visste nok lovandes takter på jakt for sin prøvebevisste eigar. Den var etter hans meining ubrukeleg! Den nye eigaren brukte 2-3 år med trening, og fekk ein veldig god jakthund som og vann jaktprøver. Dette var ein fuglehund. Har du tid til å trene hunden så vil nok hunden bli god, og etter det eg forstår så er det berre å få søket lenger ut som er målet. Det kjem når hunden vert sikrare på seg sjølv.
  13. Du kan kjøpe ferdige ladesett fra dei fleste våpenforetninger. Hjemmeladning har mykje bra utstyr ( http://www.hjemmelading.no/produkter/12 ... 1213188015). På den sida vil du finne det meste som du har bruk for og ein god del som du klarer deg utan. Kor mykje ei patron tilsvarande Norma jaktmatch kjem på er avhengig av pris på komponenter. Men med Sierra MK i 150gr kule så halverer du prisen.
  14. Det står ingenting i ditt inlegg om at dei skyter og lar haren ligge att! Om det er tilfelle så har den personen ingenting på jakt og gjere. Matvilt som blir skutt tar man vare på og utnytter sjølv eller lar andre få det som spiser det! Hensikten til mange er vel å få aksept for at ein skyt det viltet som ein har lov til der ein jakter uten å risikere at ein "gal" hundeeigar som jakter på naboterenget skal blande seg inn i det. Det er ein del hundeeigara som skal påtvinge andre sin jaktform og "høge jaktmoral" som det einaste rette! Trur jaggu eg skal ta meg ein tur på jakt i morgon og sjå om kleineren min finn noko jaktbart vilt i terrenget!
  15. Kva er gale med å skyte hare når du er på fuglejakt? Er du sikker på at dei ikkje bruker haren til mat? Eller er du opphengt i at hare berre skal skytast om den har blitt jaga rundt av ei harabikkje i fleire timer fyrst? Vitsen med å skyte hare både må og skal vere moglegheita til eit bedre måltid. Eg kan snu spørsmålet. Kva er vitsen med å slippe harebikkja om du ikkje har som mål å skyte haren? Ekstreme dyrevernera vil kalle det for dyreplaging!
  16. Mange meininger om dette ser eg. Eg hadde ikkje hatt problem med å skyte eit dyr, hare eller hjort om eg fekk sjangsen sjølv om eg høyrer ein los. Grunnen til dette er at eg veit ikkje om det er losdyret som kjem og eg prøver å utnytte dei skotsjangsane som eg får i jakta. Berre kall meg kjøtsvolten eller ivrig etter å få blod på hendene. Det eg lurer på i dette hylekoret av eigara av drivande hunder er kor kjøtsvoltne dei er! Kor ofte er det ikkje at ein les eller ser film av eller om velykka jakt der det ikkje er losdyret som vert skote men eit anna dyr enn losdyret. Eg har til dags dato ikkje sett nokon av desse jegrane la vere å skyte på desse dyra! Når dei meiner losen har vart lenge nok så skyt dei så for som dei har moglegheit på rette typen dyr. Og det forstår eg, dei er på jakt. Men dei ikkje berre forventar, men forlanger at eg ikkje skal skyte om det same dyret kjem i mitt jaktterreng. Forstå det den som kan!!
  17. kim-a Om eg forstår deg rett så jakter du i eit område der det ikkje har vore utskifting. Det vil sei at det er felles grunn (sameige) menn du som "grunneigar" eig skogen som veks på den. Du har og beiterett til x-antal dyr o.s.v. Normalt så får ein tildelt løyver etter det arealet som ein "eig" i slike skoger også. Men som du skriv så har det vore missnøye med dette før og ein har fått dom for korleis det skal tildelast løyver fra jordskifteretten. Der skylda til kvart gards og bruksnummer er brukt som grunnlag. Denne dommen er avgjerande for kor mange løyver ein får tildelt. For å få forandra dette så må det ei utskifting til i sameiga. Her vil ein også bruke skylden som rettesnor for kor mykje ein vil få etter at jordskifte er avgjort. Men det er ikkje berre skylden aleine som er rettningsgjevande, det vert og teke hensyn til andre faktorer. Forenkla så skal ein ut fra skylden ha igjenn like stor verdi om ein har like stor skyld. For å få til dette så vil ikkje arealet vere det samme for ulike markslag. Skrinn jord krev større areal enn høgproduktiv jord for å ha like stor årleg avkastning.
  18. Beagle kan vere seine i utvikling. Den eg hadde var veldig sein før den byrja å jage. Dette trur eg skuldast at eg fyrst trente den opp til ettersøkshund og brukte den som bandhund på hjortejakt. Når eg gjekk ferskspor med den fekk den ikkje lov til å lage lyd i bandet. Prøvde den på hare da den var 2 år jagde hare etter spora å dømme, men det kom ikkje ein lyd fra den. Reiste og slapp den i harehegn, og fekk ein liten los der. Fekk tilbud om å vere med på rådyrjakt da den var 3 år, og vilken musikk var det ikkje i skogen. Losen gjekk og dyr blei felt for den. Vart etterkvart ein rein rådyrhund som ikkje fekk jage hare, og på hjorten så ville den ikkje lose. Losen og jaginga starta seint men vart god da den kom
  19. Er den nye boltdesignen eg tenkte på. Kva som er kromma på det justerbare avtrekkaren veit eg ikkje. Men det er mogleg å justere på A-bolt I sitt avtrekk. Som allt anna fra USA så er sikkerheita til dei grader prioritert. Avtrekket på mitt våæpen var så hardt at eg hadde problem med å skyte godt. Ein liten justering og avtrekket vart godt etteer min meining.
  20. Forskjellen på A-bolt 1 og 2 kunne vore moro å visst. Eg har lagd merke til at sluttstykket på mitt våpen har ei annan utforming enn på seinare modeller. Mitt sluttstykke har langsgåande striper/ spor. På yare våpen ser det ut til at det er ei slett blank flate. Når vart stokken forbedra?
  21. Har brukt unversalmatte fra Helly Hansen i mange år. Den første kjøpte eg i 1995-96, den er like fin i dag. Brukt i hundebur til 1 beagle, 1 svart elghund og til ein kleiner munsterländer. Mattene er laga av kraftig armert gummi "tunelduk" og er lette å halde reine. http://produkter.felleskjopet.no/trade/ ... 54847/921/
  22. Ein kan få aure som er brunfarga/ mørk heile året. Alt etter kvar ein fiskar. Ein brun/ mørk eller rettare sagt ein farga aure om hausten signaliserer at den er gytemoden og kvaliteten på den er ikkje på topp.
  23. Adresse til Munsterlenderklubben kjem her: http://www.munsterlender.org/cm/public/ ... 453&_exp=0 Der finn du kontaktinnfo til distriktskontakt i Trøndelag. Her på Forummet så er det fleire med KM som eg veit om.
  24. Det er godt me har nokre hedenske skikkar som fungerer heilt utmerka! Uansett kva ein gjer så må/ bør alle slakt ha daglig tilsyn for å halde kontroll med korleis ting utvikler seg.
  25. Har ofte sett slik møkk etter sau.
×
×
  • Create New...