Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Har du brukt dette ammunisjonen tidligare? Kamrar dei andre patronen med litt motstand? Kva merke var ammunisjonen? Om alle dei andre kamra, må det vere nokon med dimensjonane på akkurat denne patrona. Skaut du opp heile pakken? Kan du samanlikne lengden på den som ikkje kamra med andre frå samme pakke?
  2. Det høyres ut som om du eigentleg har kontroll, sjølv om du kanskje har litt fliser i sokkane Hadde noko tilsvarande problem med nokre hylser i 450 Marlin. Den kamrar mot eit "magnumbelte". Her måtte eg til med tre lag med tape før eg fekk motstand i bolten. Målte dette til 0,16mm trur eg. Litt mykje, men ikkje så mykje å gjere med det. Får berre sjå kor lenge hylsene varer.
  3. Du har lada og formskutt hylsene ein gong? Eller er det heilt nye hylser? Byrja å lure litt på kvifor det var forskjell på dei etter formskyting. Men no er ikkje 0,002 så mykje. Kanskje det er materialforskjeller som utgjer forskjellen? Har ikkje måleverktøy for slikt (er på ynskjelista). Eg bruker kammeret og tape i "rompa"-metoden.
  4. Har litt samme problemet som trådstartar. Har eit gammalt pussesett med 4-delt pussestang i stål. Problemet med denne er at den har ein tendens til å ville skru seg opp, og då vert stanga slarkete noko som gjer at den byrjar "subbe" bort i løpet. Trur det kan verte vanskeleg å få ei stang til alt frå 22 til 458 (mitt behov). Det eg har gjort med 22'en er å lage meg ei snor med ei løkke midt på. Tre denne gjennom løpet, og bruke pusseklutar. Ikkje ein permanent løysing då eg sikkert skulle hatt nokre messingbørstar, samt at snora kan slipe på munningen om ein ikkje er forsiktig. Eg ser for meg to stenger. Ei for kal. 17-22 og ei frå 260-458. Eg er heller ikkje så redd for å bruke messingbørstar. Eg kan ikkje sjå at dei skal kunne slite så mykje på ei riflepipe. I alle fall med mitt bruk. Eg er vel tilhengar av å pusse etter behov. Eg ser over børsa etter bruk. Har eg vore på skytebanen, drar eg ei LETT olja fille over alle utvendige ståloverflater. Har eg vore i skogen drar eg samme filla over ståloverflater. Drar og ofte ei pussefille gjennom løpet samt tørker av fukt. Spesielt mellom løp og trestokk. Pussing gjer eg maks eit par gonger i året (skyt maks 200-400 per børse). Kan ikkje sjå nokon god grunn til å pusse børsa før funksjonen/presisjonen er påverka.
  5. Om plata er overherda er det ikkje så rart at du ikkje ser merker etter kulene. Då er plate meir en hard nok, men sprø. Men om du ikkje har skote med kanon ville eg høyrd med dei du har kjøpt den av og sett om du kan få ein erstattning.
  6. Har ikkje erfaring sjølv. Kva har du skote med? Kan jo vere at det er noko med herdinga, kanskje for hard og sprø?
  7. Aha.. Men nå må eg innrømme at Google-fu'en min er litt dårlig i dag Har prøvd å søke opp heimesida/info men får berre opp masse vas om noko 375 H&H-greier osb Så om nokon har nokre tips?
  8. Mykje spanande arbeid gjort her! Driv og pønsker på treningsladninger til 358 Win. Har kjøpt meg ei støypeform som slepper 160 grains kuler. I den forbindelse lurere eg på kvar du kjøpte denne lademanualen til H&H kuler?
  9. Ikkje sikkert det. Eg har akkurat samme "mønsteret" nederst på hylsene min når eg presser 308 win. Forsåvidt også når eg presser 45/70. Har du ein "kuleuttrekkar"? Då kan du jo prøve å trekke ut ei kule og sjå om hylsa kamrar (eller evt. bruke ei tang)
  10. Eit par tankar... Har du målt hylselengden? Og om dei kamrar med COL 70,0 og ikkje 71,0 så er det vel kanskje kula og dens form /evt. manglande "free bore" (beklager engelsken) som lagar trøbbel?
  11. Takk for svar Det kan jo vere ei løysing. Skal eksperimentere litt med nokre støypte kuler eg har med vid meplat. Trur eg har litt å gå på når det gjeld magasinlengden.
  12. Lurte på om det er nokon som har nokon tankar rundt ein observasjon eg har gjort... Lada mine fyrste skot til ein Winchester M70 i 450 Marlin. Når eg testa desse i børsa, måtte eg ha tre lag med vanleg kontortape før eg kjente det i bolten. Dette er jo ei rettvegga hylse som «head spacer» på beltet. På 308’en har stillt inn diene slik at patrona kamrar lett uten tape, og så merker eg det med eit lag tape. Er dette farleg mykje «head space»? Etter det eg kan tenkje meg fram til er ikkje noko eg kan gjere for å fikse dette? Håper nokon har nokre tankar. ps Tre lag med tape er 0,16mm
  13. S&B 147 gr i 308 Win. Skulle lade noko litt redusert ammunisjon til jentungen. Viser seg at fyrste ladninga eg prøvde samle tre skot på 15-20mm. Har brukt denne til all trening i år. Må stille litt mellom denne og Lapua Mega 180 gr. eg bruker på jakt, men ikkje mange kneppene.
  14. Tilbake til det fyrste spørsmålet ditt.. Stort sett alt som vert produsert av våpen no for tida er «bra». Kva som er best for deg er vel ein balansegang mellom budsjett, bruksområde og personlege preferanser. Kan du bruke 10000,- eller 30000,-? Skal du gå 500 meter til ein post eller 3 mil etter reinsdyr.? Er det hovedsakeleg ei banebørse eller ei jaktbørse? Eg går ein del som drivar i tett hjorteterreng og har funne ut at eg liker korte lette børser. Ikkje dei enklaste å skyte godt med, men avstandane vert aldri over 100 meter, stort sett under 50. Eg bruker ei Winchester M70 i 308. Nedkappa til 42 cm med lyddempar og ein liten 1,5-5 Leupold. Passar til mitt bruk.
  15. Skyt du 300-400 skudd i året, noko som er mykje meir en den gjennomsnittlege jeger har du børse i minst 10 år før du treng bytte løp. Om løpet held 3-4000 skudd. Og når løpet er utskutt avhenger av kva kriterier du har for presisjon. For dei som skyt ut eit løp på eit år er nok kravet til presisjon høge...
  16. Sjeka kjapt 3 utgåva av Vihtavuori sin manual samt siste utgåva av Lee Modern reloading. Fant ikkje ladningar med N570. Har du sjekka Vihtavuori si heimeside?
  17. Smurte blykuler. 158 grain er vekta. Kva Hull nr. 1,26 betyr veit eg ikkje. N-110 kan vere eit Vihtavouri-krutt. Kan sjå ut som om det er kuler i kaliber 357 eller der omkring. Dersom du får målt nøyaktig diameter, er det heilt sikkert nokon som har lyst på desse.
  18. Har du testa dette med hardheitsmålar? No bruker eg kanskje denne "Lead Alloy Calculatoren" frå Cast Boolits litt ukritisk, men der oppgir dei 40/1 (2,44% tinn og resten bly) til Brinell 8 og 10/1 (9,09% tinn og resten bly) til Brinell 12. Det kan vere du mister litt hardheit over tid med denne blandinga. Det skal eg ikkje uttale meg om før eg evt får testa det sjølv. Du finn kalkulatoren her om det skulle vere interresant: https://castboolits.gunloads.com/showthread.php?105952-Lead-alloy-calculators
  19. Det er vel fleire legeringselementer som er med på å øke hardheten på legeringer. Antimon er vel den viktigste, men som du seier er arsen effektiv. Kobber skal og ha ein fordelaktig effekt. Om det er sløsing å ha meir en 2% tinn kjem vel an på formålet. Lyman #2 legeringen er jo 5% antimon, 5% tinn og resten bly. Dette er/har vore ein mykje brukt blanding Så er det jo forskjell på hardheit og seigheit/sprøheit. Legeringar med like mykje tinn som antimon skal vere seige. Så om ekspansjon er målet, er kanskje ein slik legering nokon å prøve. Men om du går for 5% eller 2,5% av tinn eller antimon kjem vel an på hastigheit du vil oppnå, om du bruker gas check eller ikkje og om du pulverlakkerer.
  20. Litt usikker på det. Ganske fersk i støypefaget. Men om du pulverlakkerer er det ikkje vits å bråkjøle frå støypetanga. Men å bråkjøle etter pulverlakkering kan ha ein effekt. Kva erfaringar har du med pulverlakkering? Skal til å pulverlakkere kuler til 45/70 og 358 Winchester. Bruker du gas checks? Tenkte eg skulle holde meg under 600m/s i begge kaliber, og hadde tenkt å prøve utan fyrst
  21. Kva er det du skal støype til? Håndvåpen eller rifle? Det er vel hastigheita du vil oppnå som er ein av dei viktigaste faktorane når det gjeld å velge optimal legering. Du har jo fleire av desse mykje brukte reine tinnlegeringane, 30:1, 20:1, 15:1 osb. Dette er i utgangspunktet bly/tinn-legeringar. Om du har litt antimon i blandinga trur eg du framleis skulle få ein grei legering. Bruker ein "Lead Alloy Calculator" er fant på Cast Boolits- forumet. 5% tinn, 0,5% antimon og resten reint bly gir ein teoretisk hardhet på 11 Brinell.
  22. Ja, jobber med NDT i nordsjøen. Har ikkje målt Brinell ifb med testinga mi. Dei verdiane eg oppgir i fyrste posten er teoretiske verdiar. Dei apparata eg har brukt tidligare er ikkje egna til å teste slike små bitar. Er avhengig av litt meir masse i testobjektet for å få korrekte avleisingar. Dette er små apparat tiltenkt bruk i felt.
  23. Har desverre ikkje tilgang på hardheitstestar her ute i sjøen. Men, ja, det hadde vore veldig kjekt å ho moglegheita. Har lurt litt på dette sette til Lee. Men det er utsolgt frå Brownells og det tek vel litt tid før dei får det inn igjen
  24. Resultatet frå legeringen frå Nagant 762: Legering 1: Fe (jern) 27,5%. Sb (antimon) 20,4%. Sn (tinn) 14,25%. Pd (palladium) 13,8%. Ag (sølv) 11,7%. Cd (kadmium) 8,3%. Zn (sink) 2,7%. Pb (bly) 1,2%
  25. Resultata frå legeringane frå Tailgunner: Legering 1: Sn (tinn) 50,6%. Pb (bly) 40,5. Sb (antimon) 5,4%. Cu (kobber) 3,2%. Fe (jern) 0,2%. Bi (vismut) 0,2%. Zr (zirkonium) 0,019% Det er i tillegg registrert yttrium, jern sink, titan, vanadium, crom og mangan i veldig små mengder (mindre en 0,01%) Legering 2: Pb (bly) 98,9%. Sn (tinn) 0,44%. Sb (antimon) 0,25%. Det er i tillegg registrert vanadium, kobber, vismut, yttrium, jern, nikkel og titan i veldig små mengder (mindre en 0,01%
×
×
  • Create New...