Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Heisan Har samme demparen. Denne kjøpte eg for seg og fekk montert av børsesmed. Måtte kjøpe verktøyet for seg sjølv. Om du ikkje har gjort opp for deg, går det jo an å prøve på ein liten forhandling.
  2. Er det eg krysser fingrane for! Får snappe opp ein boks eller to med hylser, tenkjer eg. Har du lada mykje 356 Win. tidligare?
  3. Håper det berre er lagt ved feil bilde. Og så håper eg det er greit å handle med våpenkort på eit anna kaliber samt utlånspapirene frå våpenbutikken... Om ikkje går, er det vel ein 12-14 veker før eg har korrekt våpenkort...
  4. Har analysert innholdet i ei "smelte" eg lagde av ei bøtte med hjulvekter eg fekk hjå eit dekkfirma. 97,6%bly og 2,4% antimon. Dette var mange forskjellige typar hjulvekter. Ville nok tilsatt ein prosent eller to med tinn. Men om ein ender opp på ca 2,5% tinn, 2,5% antimon og resten bly, trur eg du skal ha ei god blanding.
  5. Ja, det har du heilt rett i... Kan ikkje skjønne kvifor eg ikkje har fått med meg det. Håper berre det er lagt inn feil bilde, for det der er ikkje ei 356 Winchester hylse Skal ikkje vere magnumbelte på dei. Men takk for tipset!
  6. Spørsmål som dukka opp etter kjøp av Winchester 94 i 356 Win. Har leita ei stund på nette i kveld og ser at hylser kan vere eit problem. Hjemmelading.no har inne hylser i 307 Win som skulle vere lette å presse om. Så spørsmålet: er det noko problem å handle hylser i eit kaliber ein ikkje har våpenkort på? Veit at ein må framvise våpenkort for å handle hjå Hjemmelading, men må det vere samsvar mellom kort og kva ein handler?
  7. Då har gruppepresset gjort sitt. Har handla meg bøylebørse nr. 2. Winchester 94 i 356 win. Har ei Marlin 1895 Guide Gun i 45/70 frå før. Tenkjer eg då er godt dekka for skogsjakt etter hjorten. Så var det berre å prøve å få tak i nokre hylser...
  8. Hadde samme problemet når eg demonterte min her forleden. Fekk den akkurat like langt ut som på bildet. Satt som pokker. Eg tok og la den i lunka såpevatn. Verka som om soten bløytte seg litt opp då. Men det var framleis skikkeleg trangt, både ut og inn
  9. Om du slit med å lukke bolten kan det vere forskjeller i dimensjon på hylsene. Var det berre ei patron som var vanskelig å lukke bolten bak? Og det var den som gjekk av? Kan det vere ei tennhette som ikkje har vore skikkeleg på plass? Du seier at eit av skota gjekk av når du lukka bolten? Trur ikke eg ville skote med denne børsa før ein kompetent børsemaker har sett på den. Dette skal jo absolutt ikke skje. Kva børse er det du har? Om du har hatt eit skot som har gått av utan at du har rørt avtrekket, ville eg ikkje brukt hverken børsa eller ammunisjonen på jakt før eg fant ut kvifor.
  10. Eg har gått over til å bruke dobbelt høyrselvern på skytebanen. Hadde eit par opplevingar der eg sat i benken og når eg kraup skikkeleg ned på børsa løfta øyreklokka seg, og eg fekk meg eit par "smellar" av nabokaren. Har gått greit med berre klokker når alle skyt med lyddempar, men så kjem det ein tulling med ei Marlin Guide Gun i 45/70 og ei kortløpa Winchester M70 i 450 Marlin... Eg har fått meg time hjå nokon i Bergen som tar avstøypingar. Bergen Audio. Ikkje vore der endå så kan ikkje seie noko om korleis dei er.
  11. Takk for svar! Skal brukast på hjortejakt. Enig i at eg må få målt litt hastigheitar før eg tar dei med meg ut i skogen. Har kjøpeammunisjon så eg har strengt tatt ikkje behov for å jakte med desse Barnes-kulene. Få sjå om eg kan få målt nokon hastigheter. Nokon andre som har pønska på samme problemstilling?
  12. Lurer på om det er nokon som har erfaring med bruk av desse i 30 kaliber. Fekk kjøpt to pakkar av desse billig. Tenkte eg skulle bruke dei i ei kortløpa (42cm) børse i 308 Win. Skuddhold vert mest truleg under 100m, men kan teoretisk verte nermare 150. Det eg har byrja lure på er korleis ekspansjonen er med desse kulene i litt låge hastigheiter. Ser det er litt snakk rundt om kring om at desse er litt treige til å opne i forhold til den nyare TTSX. Har ikkje fått målt hastigheita på nokon av ladningane. Vert å legge seg eit par grains under makslading då det er her eg finn beste presisjonen; 35-40mm treskotssamlingar (ikkje heilt ferdig med "pusslinga" endå) Alle innspel mottas med takk.
  13. Hei. Det finnes kikkertmontasjar som er laga for at ein skal kunne sikte med venstre auge sjølv om ein er høgrehendt. Om du ikkje har skote så mykje før, skulle det heller ikkje vere noko problem, trur eg, å byrje å skyte links (med børsa i venstre skulder/venstrehendt). Utvalget av børser i links utførelse er nok litt mindre, men eg trur du kan gjere nokre gode bruktkjøp. Trener litt på links-skyting sjølv av og til. Greit å ha gjort det når hjorten kjem heilt «feil» veg på post Så det skulle gå. Lykke til vidare. Kjekk sport dette her.
  14. Takker for ideene. Må sjekke ut kva som finns av skjerefjøler i plast i området. Gjennbrukstasjonane er nok gullfruver for dei som jobbar der. Men her i Bergen får du ikkje ta med deg noko som helst.
  15. Skal forlenge ein syntetstokk. Har tidligare brukt kryssfiner på ein trestokk er jobba litt på. Lakke denne raud. Vart ganske snasent. Men no er det snakk om syntet, og då vil eg ikkje ha noko som kan trekke vatn og svelle opp. Er det nokon som har nokre forslag til alternative materialer? Irriterer gnitalusa i meg å bruke 100-vis av kroner på å kjøpe noko som er laga for formålet men som allikevel må tilpassast stokken.
  16. Nei, det har eg desverre ikkje. Verkar som om det var mykje ombygging av forskjellige rifler på denne tida. Ho har jo fått seg ein «top lever» og... Artig klenodium
  17. Høyres ut som det er ekspandknappen som «heng» igjen når du drar den ut av hylsemunningen. Har du prøvd å smøre hylsehalsane innvendig? Også greit å teste hylsene i eige våpen. Om bolten lukkar seg utan motstand på ei hylse har du pressa nok. Det eg gjer for å stille inn dia er å byrje litt forsiktig. Ikkje skru så langt som anbefalt og test i tiltenkt børse. Når bolten lukker seg utan motstand, gir eg meg.
  18. Kan sjå ut som ein «pin fire» mekanisme. Er det eit lite «hakk» i bakkant av løpet? GB og Tower kan jo peke mot england..
  19. Samme erfaring eg har! Har hatt sprayflaska ståande no ei veke eller to. Samlar seg på botnen, men er ikkje vanskeleg å riste opp igjen.
  20. Eg har brukt denne forgasserveska. Eg kjøpte noko seig/fast lanolin. Sleit veldig med å løyse den opp. Brukte varmt vatn og då gjekk det seg til. Har berre prøvd å presse hylser ein gong. Gjekk greit det.
  21. Då har eg lert litt i kveld og. Får myse litt i ladebøkene og finne ut kva som gir best hastigheit med dei lettare kulene eg lurer på å bruke. Takker for svar!
  22. Eg vil vel tru at det er forskjellige krutt som gir best hastigheiter med lette kontra tunge kuler. Og då er det kanskje forskjell på korte og lange løp?
  23. Har spekulert på dette ei stund; kva er det beste kruttet å bruke for å få god fart på lettere (for kaliber) kuler i korte løp. Mine eksempel er ei børse i 308 Win kappa til 40 cm. Bruksområdet er skogsjakt etter hjort og tanken var å bruke litt tyngre kuler i roleg hastigheit. Har og ei kortløpa Remington i 358 Win med same dilemma. Då det no kanskje er endringar på trappene så eg har byrja tenkje litt nytt. I den anledning lurer eg på om det er andre som har tankar, synspunkt eller erfaringar ( rein kunnskap er jo heller ikkje å forakte, sjølv om dette sjølvsagt vil øydelegge diskusjonen).
  24. Kva om ein spenner dei forsiktig opp i ei skrumaskin og så kjører dei i grønnsåpe/zalovatn? Få litt hjelp av sentripetalkrafta Ikkje prøvd det sjølv...
×
×
  • Create New...