Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Hei, eg har ei bøtte med roten makrell i vatn hengjande 20-30 meter frå saksa i eit tre, dette luktar STERKT og eg vil tru det dreg reven mot fangstplassen. Brukar og å hogga/skjera opp små lokkebitar av fisk som eg strør rundt saksa (oppkomet). Elles takk til Vestmann for detaljert og god tråd! Lindu
  2. Har ikkje målt friflukt, men skal gjera det. 9,1 gram kulene er Accubond, og 9,7gram kulene Ball.Tip. Lindu
  3. Kva med å prøva 140 grains Accubond? Eg har nytta 160 grains tidlegare, men har felt for få rådyr til å seia at dette er den beste kula. På hjort var den i alle fall god. Men eg vil tru at 140 grains i litt større fart vil gje endå betre effekt- og dug i eit nok på elg og. Med høg BC og fart på 820 m/sek vil 9,1 grams kula truleg halda storviltkravet. Mi røynsle med Accubond er god effekt, moderat kjøtskade og veldig god inntrenging. Ei anna god kule eg har skote nokre rådyr med er 9,1 gram Woodleigh, den verka fint og rådyra sprang ikkje langt. Mvh Lindu
  4. Hei, har brukt Remington og Norma hylser litt hip som happ. Meiner dei med for høgt trykk var Remington, men skal sjekka restbehaldninga. Lindu
  5. Målte kun fart med 204, den var 925 m/sek, med std hetter fra Federal. Reknar med eg får større fart med magnumhetter og at det gjerne er det beste å lada med. Det einaste eg har tenkt meg fram til er at hylsene kan ha vore 1/10 mm for lange (eg drilla dei ikkje etter 1. skot) og at det kan ha medført høgt trykk. Våpenet er ei Rem 700 xcr. Lindu
  6. Eg skulle ynskja du hadde rett, men trur ikkje dialog hjelper her. Ulvemotstand er nærast ein nedarva fobi (til liks med slangerfobi, edeerkopp-,kalustro- osb), og har ofte grunne i mangel på rasjonell kunnskap. I Norge har vi vore utan ulv så lenge at vi ikkje har eit naturleg høve til den. Frykta og hatet vert difor- diverre- sterkare enn om me hadde hatt ulv som ein naturleg del av faunaen over tid. Og mange jegrar tyr tydeleg til "motstand mot ulv", det er berre å lesa litt på dette forumet for å skjæøna at i mange kretsar er dette den einaste rette lære. Mvh Lindu
  7. Hei, eg har ladd .270wsm med norma 204 og 9,1 gram kuler utan problem, har då lagt meg litt under maks i Norma sin tabell. Men då eg brukte MRP og 9,7 gram kuler, fekk eg brått ttreg hevearm og tydeleg merke etter utdragaren på hylsa. Reduserte så til startladning 8Norma sine ladedata), og det gjekk "greit". Men framleis merke på hylsa. Har nokon ei forklaring på dette? Hylsene var skotne ein gong og løengda meiner eg var under maks. Løysinga er sjølvsagt å bruka N204 vidare (og N160 på lettare kuler, noko som og gjekk heilt fint), men eg sussa litt på at MRP gav overtrykk. Mvh Lindu
  8. Les det er 45 år sidan sist lovlege ulvejakt gjekk føre i Sverige. Med 12000 mann og 25 felde ulvar + ein del skadeskotne vil eg vona svenskane feirer hemningslaust den makelause jakta i minst 45 år før dei gjev løyve til ein ny runde. Dette er rett og slett makabert , og gjev assosiasjoner til det meiningslause "helikopteruttaket" i Norge for ein del år tilbake. Lindu
  9. Kva med ein Nikon Monarch? Kjøpte nett ein Nikon Fieldmaster på tilbud hjå xxl (3-9x40), og denne har super optikk! Begge typane er rimelege samanlikna med Zeiss. Har sjølv brukt Leupold vari x-1 3-9x40 på jaktfelt før, og det verka godt. I alle fall vann eg fleire stevne enn eg fortende! mvh Lindu
  10. Erik D: tipp i veg. Kupong får du i butikken
  11. At balansepunktet eller utgangspunktet for å halda balansen er langt til eine sida i dette tilfellet. Eg vonar mange av standpunkta her inne ikkje er representative for "den norske jeger og frluftsmann", i så fall skjønar eg godt at radikale pro-ulv og mot-all-jakt aukar i omfang. Mykje av det som kjem inn her er ubegripeleg dumt, og viser mangel på kunnskap, eller i alle fall liten vilje til å forfekta anna enn at "rovdyra må vekk og så er det litt macho-tøft å skyta på dei i tillegg". Lindu
  12. Bra tråd dette. Som mangeårig jegerinstruktør og storviltjeger har eg aldri skjøna dei aksepterte pg predikerte "makshalda" på rådyr og elg (80 og 150 meter i nyaste jegerprøvebøker). Etter å ha praktiser "langhaldsskyting" på storvilt sjølv på temmeleg lange hald ser eg ikkje noko problem med dette. det avhenger av utstyr, situasjonen og ikkjem inst dugleiken til den som skyt. Slik sett går det ikkje an å ha ei kategorisk maksgrense, eller kalla noko for meir eller mindre forsvarleg. Eg tykkjer nok likevel at mange gjer dette til ei unødig komplisert "sportsgrein", der mengden av detaljert fysikkteori, kulebanekompensering, "spotting" og anna får meg til å dra litt på smilebandet i blant. Det er ikkje kritikk til trådstartar. Men temaet langhaldsskyting minner av og til om keiserens nye klær her inne. Ein klarer seg godt med eit standard kaliber, -gevær og -ammunisjon til hald på både 300 meter og lengre. Så lenge ein har trening nok og kjenner våpen og kulebane i praksis. mvh Lindu
  13. Erik D: dette siste innlegget ditt karakteriserer eg som tøv frå ende til annan. Å definera xxxxxxxx som fanatikarar må bety aksepunktet ditt mildast talt er noko skeivt. Igjen blir ulvedebatten ein tråd for..ja..best eg ikkje seier det eg oppriktig meiner, for då kjem dei (objektive..) moderatorane og gjev meg øyrefik Lindu
  14. Har redigert innlegget vekk sjølv, fekk kjeft av ein av moderatorane (som var personleg mot ulv , liksom eg ikkje har skjøna det). Lindu Og; underteksten min er også rein ironi, for dei som ikkje har skjøna det.
  15. Flott! Har allereie tinga kombinert and og kråkelokk hjå Brunst . Lindu
  16. Hei, såg ein artig film som kom med "Jeger", nordisk lokkejakt. Mellom anna på kråker med nordic crow fløyte trur eg. Prøvde leita på nett, men fann innkje denne fløyta i sal. Veit nokon om det går an å få kjøpt slike? Fantastisk lyd og kjempemoro å sjå på! Mvh Lindu
  17. Innlegget er slettet av Kjell Olav
  18. Solheimen: vi har lokal bestandsplan og gjer i grunnen slik me sjølv ynskjer. Var ein av dei første som laga dette då nye reglar om storvald/bestandsplaner kom for vel 10 år sidan. Vi var tidleg ute med å definera storvaldet vårt for å unngå å bli "slukt" av andre og bli nikkedokker i eige vald. Det slapp vi heldigvis. Eg ser ingen problem med å definera 50% kalv/ungdyr, det har me i dag. Men me har og sagt ca 25% kalv av dette, og det vil truleg blir redusert noko (men likevel valfritt om nokre jegrar vil/ kjem til å skyta kalv). Mvh Lindu PS. Takk for komplimentet , tykkjer og at du innimellom er ein av dei meir kunnskapsrike her inne.
  19. Med mindre ein lyt redusera stamma, og der nyttar aktiv kalveskyting som eit bestandsregulerande middel, er det unødvendig å skyta kalv. Teoretiske utrekningar om kva dyr som et minst/mest gras per kilo kjøt er ikkje spesielt interessant. Det bør ikkje vera forbode å skyta kalv, men er samd med trådstartar i at kalveskyting ikkje er noko ein bør vera pålagt. Og dermed bør kalveandelen gå kraftig ned. Å sjå bilete av 10-15 kilo tunge kalvar tidleg i september med kvite prikkar vekkjer avsky. Kven er stolt av slike "trofebilete"?. Det bli omtrent som å slakta lamma til påske, sjølv om nokre har tradisjon for det og. Problemet (i Bergen?) med tildeling av einslege hodyr kan løysast med sunn fornuft sjølv om tildelinga er tullete. Seier ikkje meir om det. Kan ein i lokale bestandsplanar få innført til dømes 50% kalv/ungdyr og så velja kun uttak av 1,5 åringar må det vera optmalt etter mitt syn. Dei einaste kalvane som er gilde å skyta er elg, men her og står 1,5 åringar monnaleg høgare i kurs. I alle høve hjå underteikna etter snart 35 år med storviltjakt i ulike fasongar. mvh Lindu
  20. Einig med trådstartar. Kan ein la vera å skyta kalv, spesielt tidleg i jakta, vil eg heller ha færre løyver og vera nøgd med det. Sparer ein koller med kalv blir det desto fleire 1,5 åringar og ein kan ha eit høgt uttak av desse. Annleis der ein har altfor mykje hjort, då kan det vera vegen å å med frie kalveløyver a la Kvinnherad til neste år. Men spesielt moro er det ikkje å skyta kalv (med kvite prikkar tidleg i jakta), og alle veit at dette er dyr som kunne blitt dobbelt så store om 1 år. Mvh Lindu
  21. Kjempeforslag frå Kvinnherrad kommunestyre! Både med å gje fri kalvekvote og hindra utvida jakt. Den som ikkje klarer skyta kvoten på 2 månader har ikkje noko på jakt å gjera etter mitt syn. I alle høve ikkje når der er flust med hjort! Lindu
  22. Eg er ikkje provosert over dei som jaktar på korte hald. Det einaste må vera med pil og boge (i USA) kanskje, eg synes det blir tullete å skru klokka fleire hundre år tilbake. Men det er det sikkert ulike meiningar om, og det er ok. At nokre kan skyta vilt på lengre hald har eg ingen problem med. Så lenge dei sjølv meistrar det. Om avstanden er 2-3 eller 400 meter får vera opp til jegeren. Med eller utan pålogga nett og ballistikktabell:) Mvh Lindu
  23. Testa nett Remington High Density 12/76 med US BB (4.8mm). Med halv choke sat det 15 hagl i sirkelen på ein villreinfigur på 40 meter, og hol store som små erter i skiva. Gjer nok susen på større småvilt som rev og rådyr og blir mitt klare favorittval til slik jakt anten halda er korte eller lange! mvh Lindu
  24. Litt av problemet med at hjortestamma er blitt litt større enn for nokre år sidan, er at det i sum vert skotne for mange store bukkar og vaksne koller. Diverre er mange hjortejegrar her vestpå opptekne av "the bigger the better", og små dyr får ofte den merkelege "skrapdyr"omtalen som eg aldri heilt har forstått. Viltmyndigheitene gjev større og større kvotar, og sjølv om mange har gode bestandsplaner ser eg at mange skyt 4-5 godt vaksne bukkar av eit uttak på 10-12 dyr. Det hadde vore betre å hatt fri kvote på kalv og evnt halvtannaåringar, og så sterkt avgrensa uttak av eldre ho og hanndyr, skulle ein få ei stamme som ikkje var for stor, og som hadde innslag av mange store og eldre dyr. Men det blir det slagsmål av. mvh Lindu
  25. Eg har tidlegare skote noko hjort med 9,3 x 62, med 18,5 g Mega, 16,2 g Barnes X og 15 gram Vulcan. Kan ikkje seia at kjøtøydeleggingane var særs negative. Sjølv om eg har sett hjort med 15 grams Oryx som var rimeleg blodslegen, så har dei fleste skota vore heilt ok, og med god effekt og mykje blodspor (gjennomskyting med utgangshol som ei 5 krone). På avstander opp til 150-200 meter spelar "krum" kulebane liten rolle, så lenge ein skyt inn med eit høveleg overslag på 100 meter (til dømes 5-6 cm). På slike vanlege hald er 9,3 x 62 eit av dei beste kalibra etter mitt syn. I haust skaut ein kamerat av meg hjort med 21,1 grams Oryx i nitreen, utan at eg kan seia at effekten var betre enn med lettare kuler. Men gjennomskyting og blodspor så det heldt, og ikkje noko særs kjøtskade å tala om. Og ikkje minst- han synes det er gildt å bruka! Først på lange hald på 200m + er flattskytande "normal" og magnumkalibre betre, men det blir då ei annan soge. Mvh Lindu
×
×
  • Create New...