Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Ikkje prøvd denne enno, men ladd opp med 64 grains MRP (igjen tilrådd ladning frå woodleigh). Men har tidlegare prøvd 14,2 grams kula (RN) frå woodleigh i magnumen, fekk glimrande presisjon og fenomenal sopp/inntrenging med denne. Av ein eller annan grunn brukte eg desse skota på prøveskyting og gav vekk resten, så eg fekk ikkje prøvd dei på vilt. No er 14,2 grams ladd opp i 30-06 med 53 grains MRP, og dei skal og testast. Dersom 15,6 grammarane vert for tunge/ustabile i 300 magnumen, er 14,2 grams kula den eg i så fall vil nytta der og. Men først skal det testast om ikkje 15,6 grams kula gjer susen
  2. 9,3 x 66 Sako (om eg hugsar navnet rett). Har alltid likt 9,3'en, og her får ein både i pose og sekk med tung kule og flattskytande kaliber. Det kjem vel ein gong Lindu
  3. Så kom fyrste nedturen, var og prøvde presisjonen på 180 grains i 270wsm'en i dag. Kulene blei for lange til at rifla klarte stabilisera dei, fekk 3-skotsamling på 100 meter på vel 40 cm (!) med avlange hol i skiva. Rifla er ei Rem 700 xcr og eg meiner riflestigninga er oppgjeven til 1:10 på Remington.com. Så her lyt eg berre innsjå at 150 grains kule er maks vekt. Får elles kanonpresisjon med 100-130-140 og 150 grains kuler i børsa, så her vart det rett og slett for tung/lang kule. Det einaste eg ville nytta denne kombinasjonen til, måtte vera lisensjakt på ulv i Agder (sorry, kunne ikkje dy meg, men skal halda fred med ulvejegrane frametter) Neste prosjekt blir 240 grains i 300 win mag, vonar det lukkast betre med å få presisjon i Browningen. Mvh Lindu
  4. Eg skjønar ikkje heilt kvifor det skal jaktast "mann av huse" på denne ulven. Agder har truleg verdas dårlegaste elgstamme, og om den blir desimert av ulv må det kunna bli god medisin for å få stamma i orden att. Men eg skjønar at rovvilt som ulv gjev mange her på forumet ein slags "macho-status" å skriva negatívt om. Og aller gildast blir det om dei kan jakta på slikt vilt, og attpåtil lovleg. For så å skryta av det her på forumet. Kvifor ikkje reisa til Canada der ein kan leggja ned haugevis av slikt vilt, det må vel vera lettare´enn å jakta på ein einsleg ulv her i landet? mvh Lindu
  5. Då var første kula så vidt testa. 270wsm med 180 grain og 55,5 grains MRP bak. Ingen teikn på overtrykk. Fekk 56 grains som tilrådd maksladning frå Woodleigh og la meg for ordens skuld 0,5 grain lågare. Dette skal gje rundt 800 m/sek. Skaut i is for å testa ekspansjon på 60 meters avstand. Det lova godt, frontdiameter på 18x15millimeter, lengde 15 millimeter og restvekt 10,3 gram av opprinnelege 11,7 på den kula eg fann att. Det vart berre med to skot, då issvullen vart sundskoten og skyteskivene flagra til dunders. Eg skal leggje ut bilete og litt meir systematiskedata når presisjon, fart, samt andre kaliber er prøveskotne med tunge woodleigh kuler. Dersom nokon har interesse av det då, utanom meg sjølv Mvh Lindu
  6. Endeleg kom pakka eg venta på: 4 ulike sortar med Woodleigh Weldcore som no skal ladast og testast. Har så vidt byrja ladinga, ferdig med 6,5x55 og 30-06. Sjølv om jaktpressa ofte skriv at supertunge kuler for kaliberet er gått av moten, er eg usamd. I alle fall når målet er gode, lodda kuler med maksimal vekt for å sikra god djupverknad og stor ekspansjon. Og fine slakt for den saks skuld. Mange "superkuler" med lettare vekt (140-180 grains) går etter mi meining ikkje alltid djupt nok i viltet. Og ja, eg har forkasta Ballistic Tip teorien på elg - optimale skot rett bak bogen er lett å få til bak tastaturet, men verre i skogen . Kulene skal testast i 6,5x55 (10,4 gram), .270wsm (11,7 gram), 30-06 (14,2 gram) og 300 win mag (15,5 gram). Eg kjem tilbake med testresultat av kulebane, fart, presisjon og inntrenging når dette er klart. Truleg ikkje før det har blitt litt mildare i veret og kjekkare å skyta. God helg til alle Lindu PS; vedlagt sitat frå nokre jegerar over there som har nytta nokre kombinasjonar av tunge woodleigh og 30-06/.300wby: ----------- 240 grains Jack Renaud of Allen Park, MI Date posted: 5/30/2009 Used this bullet on a Moose and it blew right through both shoulders. Hand loads are just above 2400fps. and the bullet was recovered and maintained 94% of its weight and opened up to just shy of double its original diameter. Its a heavy for caliber bullet but hits like a wrecking ball. Test shots went through 6 phone books and left a hole I could put my fist through. Awesome bullet. Mike Price of Picayune, MS Date posted: 6/30/2007 I bought these to provide my 30-06 with a heavy bullet that would open up at 30-06 velocities and at the same time hold together and penetrate deep or go all the way through. I was able to reach velocities of just over 2400fps which was amazing and with no excessive pressures. So I tried it in my 300WBY and was able to reach with MRP 2764fps and even though these bullets were designed for the 30-06 when I hit the test media they also held together and were extremely accurate. You talk about put a large hog down in his tracks. This bullet is like Thor's Hammer! Great bullet and quality is amazing. ------------- 220 grains Bob Faucett of Houston, TX Date posted: 1/13/2004 I used this bullet in Sept. 2002 for a plains game hunt in the Limpopo Province of South Africa. This is bushveld country where the shots are usually fairly close (50 to 150 yards). My .30-06 load was 52.0 grs of IMR-4350 in W-W cases with WLR primers (Ruger M77 MkII rifle). Chronographed average velocity of 2460 fps for 10 shots. With a 150 yard zero this load shoots plenty flat out to 200 yards or so. 3 shot groups in my rifle run around 1.0 to 1.5 inches at 100 yards. I took five animals on the trip; Impala, Warthog, Steenbok, Bushbuck and Red Hartebeest. Bullet performance with the Woodleigh was great. All animals didn’t move far after being hit. Complete penetration even on the Hartebeest and Warthog. Even my PH was impressed with the way my .30-06 “hammered” the Hartebeest. I will definitely use this bullet again.
  7. Einig med 202 outback. Loale forvaltningsplanar med høve til overføring av dyr/flytting av kvote/tilleggsdyr og "skrapdyr" medfører ein ting: alt for stor avskyting generelt. Me har sett brubkart med hjort, men fleire kring oss slit med å få flyt kvoten. Sjølv om "alle" støtt snakkar om at det er så mykje hjort. Spesielt dei som sit heime i sofaen. Trur nok toppen er nådd mange stader. Tida vil vise. mvh Lindu
  8. Kjem slike forslag gjennom, så stiller eg klokka 4 timar tilbake kl 9 om kvelden, og fire timar fram kl 1 om natta
  9. Kva med å påleggja fulgen i sitja i ro på bakken til jegeren er nær nok til å skyta sikkert? Det vil sikkert verka like bra som å prøva å tvinga jegrane til enno meir pålagt dill-dall. Det er nok i så måte med 30 skot + storviltprøve for dei som jaktar det. At det finns mange som ikkje kan korkje handsama våpenet eller skyta godt nok, eller for den saks skuld bruka god nok ammo til den jakta dei driv og prøva våpenet, er diverre heilt rett. Eg har heller ikkje svar på kva som må til, kanskje gjenteken, massiv info (også frå NJFF som i grunnen er flinke til slikt) er vegen å gå. Om ein skal unngå meir tvang, og dermed få kvalmen over nok slikt frå før til å gå over i regulære brekningar. Mvh Lindu
  10. Takk for svar. Ladninga på 43 grains tok eg frå ladeboka, ligg som nemnd midt mellom min og maks for 156 grains kule.
  11. Ja, det var ein bukkekalv (utan gevir for ordens skuld) som var i følgje med kolla.
  12. Skaut ein på Voss i '95, 30.oktober, som me vog til ein stad mellom 42 og 43 kilo. Elles har dei største ut i jakta stoppa på rundt 34-36 kg. mvh Lindu
  13. Hei, finn ladedata for 10,1 gram i Ladeboka, siste utgåve, og for 10,0 gram hjå Vihtavuori. Så eg reknar med dette er ok. Har tenkt å lada 10,4 gram Woodleigh med 43 grains N-160, som er midt på tabellen i Ladeboka for 10,1 gram Oryx. Men meiner å ha lest (Lien, "Jakt") at N-160 er eit litt rasktbrennande krutt til tunge kuler i 6,5 mm. Men bør ikkje det gå bra likevel, så lenge presisjonen og trykket er bra/forsvarleg? Grunnen til at eg spør er sjølvsagt at eg har N-160 ståande. Elles hadde eg kjøpt (meir) MRP. mvh Lindu
  14. Hei, vanskeleg å gje noko sikker fasit på spørsmålet ditt. Eg trur eit eller anna har gått gale her, sjølv med heilmantel ville dyret hatt vanskar med 3 kilometer og så "friskemeldt" rett til fjells. Men kanskje kula har ekspandert for dårleg og/eller vinkla i dyret? Har sjølv skote hjort med Nosler partition 9,1 gram, Nosler Accubond 9,1 gram, Lapua Mega 10,1 gram og Vulcan 10,1 gram i 6,5 millimeter (.260 Rem, men den er i praksis lik 6,5x55). Alle verka bra, kan ikkje seia at nokre var korkje dårlegare eller betre enn dei andre. Eg heldt vel mest ein knapp på dei tyngste, føler meg sikrare då med omsyn til gjennomskyting/ inntrenging. Fluktstrekningane har variert frå 0-50 meter med treff i vitale organ frå ulike vinklar. Andre har nytta 9,1 gram forbetra Elite med Hornady kule, god verknad men dels forferdelege slakt. Hadde sjølv i påskyting på ei elgkufor mange år sidan, med mykje grubling om kva som hadde gått gale, om kula ikkje ekspanderte, om kaliberet var feil og så vidare. Elgen fann me aldri. Men sjølv er eg komen til at eg truleg nappa, og skotet vart for dårleg. Ein kalv som først vart skoten datt relativt fort, og kule som vart attfunnen hadde perfekt ekspansjon og verknad (Vulcan 11,7 gram). Kva kule/ammo nytta du forresten? Uansett, sjekk våpen og ekspansjon på kulene i våte katalogar, finn evnt ein ny ammo du og børsa likar, og gje aldri opp! Mvh Lindu.
  15. Veit ikkje, har kun fått oppgjeve 54 grains Hodgdon H4831SC frå Woodleigh fabrikken i Australia som "an excellent load for 240 grain Woodleigh in 30-06". mvh Lindu
  16. Nei, eg har ikkje prøvd enno. Mogleg eg legg startladninga på 53 grains MRP. Rifla er ei Remington 700XCR. mvh Lindu
  17. Samme hastigheit og ikkje for mykje trykk. Men ser at 53-54 grains MRP bør vera ei trygg ladning med nok fart. Takk for hjelpa. Lindu
  18. Hei igjen. Det eg meiner er å samanlikna med MRP. = kor mange grains MRP skal eg nytta for å få tilsvarande landing som 54 grains Hodgdon H4831SC ? Kaliber er 30-06 og kule er 240 grains woodleigh Weldcore. mvh Lindu
  19. Hei, kan nokon hjelpa meg med å finna tilsvarande vekt som dette kruttet i MRP? På førehand takk:-) 54 grains Hodgdon H4831SC Mvh Lindu
  20. Kaliberet er lovleg etter dagens reglar. Det er nok å tilrå at du nyttar ekspanderande kuler. Min kjenskap til kaliberet i praktisk jakt er på ryper, då med heilmantel. Verknaden og presisjonen var god på alle hald til over 100 meter. Eg vil sjå den tiuren som overlever eit godt treff med dette kaliberet og eigna kule. Lukke til. mvh Lindu
  21. Hei, eg vil gjerne spørja om råd og konkrete ladedata til desse kalibera/ kulene- frå folk som har prøvd det. På førehand takk Har søkt i tidlegare trådar, men spør igjen då det ikkje var mykje data å gå ut frå. Ladedata eg inn på nettet frå Norma og Vihtav. har heller ikkje data for dei aller tyngste kulene). Kaliber kule 6,5x55 10,4 gram/160 grains Woodleigh Weldcore pp 270wsm 11,7 gram /180 grains Woodleigh Weldcore pp 30-06 14,2 gram/220 grains Woodleigh Weldcore (her finn eg data frå krutprodusentane) 30-06 15,5 gram /240 grains Woodleigh Weldcore 300win mag : samme kuler som for 30-06 På førehand takk. Mvh Lindu
  22. Ser at det kan vera ei utfordring, ja, Mauser 68. Og at ein burde samarbeida meir over valdgrensene. Men alle kan ikkje skyta like mykje hjort, meiner no eg, sjølv om dei skogkledde areala er like. Blir spanande å sjå i Vossetraktene i år, om fellinga er like høg som i fjor på vel 600 dyr om eg hugsar rett. Det skal vera kring 1500-2000 dyr att etter jakta for å skapa ein slik tilvekst. Og så mykje hjort trur eg ikkje det er på Voss eingong. Som og har gode og dårlege vald, som dei fleste andre kommuner. Ha ein fin kveld. Lindu
  23. 510 Whisper: eg skyt nok min del vilt, men eg er sikkert ikkje flinkare enn andre som orkar halda på litt. Mauser 68: eg er ikkje samd i at kvotane på død og liv må skytast. Spesielt ikkje om der ikkje er dyr i terrenget før nærare jul. Det fleste jegerar veit nok med seg sjølve at kvotane dei flesta stader er for høge. Det finns sjølvsagt unntak. Sjølv med "retta" avskytingsplanar vert det felt for mange store og vaksne dyr. Difor aukar menga mindre hjort, som sume yndar å definera som skrapdyr for igjen å få auka kvoten. Og kjem med mindre gode argument som at det ikkje er nok mat, og at det er grunnen til at hjorten vert mindre i storleik. mvh Lindu
  24. Hei, tek gjerne i mot historiar og tips frå kammerfolk som har nytta ein av desse kombinasjonane på jakt! På førehand takk - skotverknad? - type dyr? - avstand? mvh Lindu
×
×
  • Create New...