Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Ja, det er eingongsskotne hylser, nokre 2. gong. Eg har sjølvsagt ikkje prøvd utan pressing, men har heilt sikkert klussa det til med for mykje stramming av dia. Diesettet er korrekt og det same som kaliberet: 270wsm. Takk for tipsa så langt.
  2. Hei, hylsene utan kule går like tregt. Har vore svært nøye på total patronlengde og total hylselengde, så problemet ligg ikkje her, men truleg feil med pressinga. Nye hylser med og utan kule glir lett inn og skaper ikkje problem, med same patronlengde/kule som dei omladde. Mvh Lindu
  3. Takk for svar. Får prøva å skyta hylsene ein gong, og så lada og passa på at seaterdia ikkje er for langt nede, og testa om hylsene då kamrar greit. Uansett har eg drilla hylsene ned til standard lengde, men i og med at det er "buler" i overgangen hylse/hals, tyder det gjerne på for mykje pressing og dermed ufasong på hylsene. Skal ta linjaltest etterpå. Mvh Lindu
  4. Hei, har pressa hylsene endå meir, men framleis er ein del nokså trege å kamra. Sjølv etter eit par ekstra omdriingar på dia. Det blir merke bak på hylsene etter sluttstykket når eg lukkar dette. Verkar som om dei er tjukke bak (?), og det er ujamn overflate i overgangen hylse/hals på nokre av dei. Kan eg likevel ha pressa for mykje, eller ladd for hardt på forrige ladning? (Det var ingen trykkteikn, og hylsene gjekk lett ut att a våpenet etter skyting). Er det for ordens skuld farleg å skyta desse hylsene på nytt? Eg vil tru nei. Tek igjen gjerne mot forslag til kva eg skal gjera. Har lada ulike kaliber i mange år, men første gongen er får "trøbbel" av dette slaget. mvh Lindu
  5. Takk for svar. Sende meg gjerne PM, slik at eg forstår i detalj kva eg skal gjera (det var ikkje så uforståeleg, eg vil berre vera sikker på at eg veit kva eg gjer). Reknar med at det standard diesettet eg har heilpresser hylsene? Og går dei trangt no, lyt eg altså prøva å skru dia meir inn om eg forstår rett, og så prøva att. Men det vert igjen større belastning/slitasje på hylsene å gjera det slik, enn å kun neck-siza, slik eg oppfattar ein kan gjera 3-4 gonger mellom kvar heilpressing og slik oppnå mindre slitasje og lettare ladejobb. mvh Lindu
  6. Hei, oppdaga nett at eg ikkje fekk alle patronene til å kamra etter omlading. Kaliber 270wsm. Sjekka dia, og eg hadde skrudd den inn vel 1/3 mot 1/4-til maks 1/3 som det står i ladeanvisninga. Lee dier. Skrudde så litt ut, og dei neste hylsene kamra ok, sjølv om nokre var vel trege. Spørsmålet er om eg kan ha pressa hylsene litt for mykje (eller for lite). Eg klarte ikkje sjå skilnad målt mot hylser som kamra greitt. Alle hylsene blei drilla ned til normal lengde før eg ladde dei. Tek gjerne i mot tips- det er litt bale med patroner som er trege å få inn i kammeret! Mvh Lindu
  7. Ok, takk for svar. Spør då eg har god røynsle med Accubond 9,1 gram på elg, men då i endå høgare fart (930-950 m/sek i 270wsm). Har rett nok ikkje skote i dei grøvste beina, men funne kuler igjen i skinnet på utg sida eller hatt gjennomskot. Dei kulene eg fann var heilt ok. mvh Lindu
  8. Hei Hebbe. Du skriv at Nosler Accubond ofte går i oppløysing i dei store elgane. Har du mange episodar der dette har skjedd? Det er ellers sikkert sant det du seier, at Oryx er ei god allround kule i 6,5! mvh Lindu
  9. Har brukt 180 grains Accubond ein del i 300 win mag, (+ mykje anna), ingenting slår Accubond'en. Har skote elg på lange hald, hjort på korte, og det er rett at den ikkje ekspanderer for mykje, men den gjev maksimal inntrenging, god effekt og er alltid "sikker". Alternativet til ei frisk ladning med Accubond er 220 grains Woodleigh, men denne har eg kun testa i is så langt. mvh Lindu
  10. Eies: eg prøver å halda ein sakleg tone her. Har du ikkje anna å koma med, så la ver å skriva, eller konsentrere deg om "off-topic!" mvh Lindu
  11. Har vore ein del turr i terrenget, og enno ikkje funne daud hjort. Tvert i mot, har funne mange stader der hjorten har overvintra på relativt få kvadratmeter, og klart seg rimeleg bra. Det er funne nokre daude dyr i kommunen, men mest kalvar og dyr som har ramla utfor. Likevel ser det ut til at dei fleste dyra har klart seg bra! Har sett mykje beitespor på tre der barken er skrella av, ofte har hjorten halde seg i eit område på nokre få hundre meter eller mindre i omkrins. Korleis er tilhøva andre stader? mvh Lindu
  12. 270wsm. Norma sine ladedata, ca 1 grain under maksladning. Har frå før målt 925 m/s med std. hette og 59 grains N-204, som var ein av dei tre ladningane eg brukte. Nosleg Accubond, bc 0,496. Men no med magnumhetter, og då dårlegare hastigheit, heilt "ned" til 890 m/sek. 60 cm løp. Det same galt for 8,4 gram Accutip med 61 grains N-204 og 0,7 grains under maksladning. 925-30 m/sek mot oppgjeve 950-1000 i ladedataene. Med startladning 58 grains og maks 61,7 grains. Får prøva litt til og sjå om det blir med draum eller verkelegheit å få 950 m/sek. eller høgare. Lindu
  13. Nytt våpen, skote maks 100 skot. Remington xcr. Vil tru at skarpt lys frå snøen, der kronografen stor rett oppå snø, gjerne gav eit litt misvisande bilete. skal prøva på nytt under andre tilhøve, og også bruka andre våpen der eg har målt farten frå før og veit at den stemmer med kaliber /kule/ladning.
  14. Hei, var ute og testa kronografen i helga. gode lystilhøve på snø, skaut på 12-15 m avstand. Modellen er ein 10 år gamal Chrony, raud farge. Men farten på kulene var svært låg i høve ladedata, ca 70 m/sek under på alle kulene og ladningane. Målte 890-930 m/sek der det skulle ha vore 950-60. Og 927-30 der det skulle vore 1000. Eg lurar på om det kan vera at batteriet er dårleg, eller om det kan vera noko anna gale. Skilnaden på farten på kulene varierte og med opptil 40 meter i sekundet, og det med ladningar der kruttet var vegd på elektronisk vekt for kvar ladning, nøyaktig. Nokon som har ei forklaring- kanskje ny kronograf må til? Har tidlegare vore ute for det same, men då har det vore dårlege lystilhøve og mange skot med "error". mvh Lindu
  15. Takk for mange svar og fin diskusjon. Som nokre nevner er det vel ingen som direkte rapporter om (store) problem med 6,5. At dyr i einskilde fall spring langt hender med andre kaliber og. Eg ser i alle fall ingen grunn til å ikkje tilrå 6,5 som eit dugandes storviltkaliber for førstegangsjegerar- også på elg! Og - reint ballistisk er eg og samd med Villreinjegeren i at 6,5 gjerne er eit betre kaliber enn .308 (grunna betre tverrsnittsbelstning og i alle fall teoretisk gjennomtrengingsevne)- sjølv om begge heilt sikkert er dugande i praksis! Mvh Lindu
  16. Einig, har testa ein del Oryx ladd til ca 760 m sek i 260 rem, og kulene var ikkje så blaute. Gjekk gjennom 6-7-8 katalogar, og eg meiner kuler som ekspanderer er betre enn kuler som nesten ikkje gjer det. Har og brukt oryx på nokre få rådyr i 260'en med godt resultat. Det vil seia god effekt og moderat kjøtskade. mvh Lindu
  17. Som jegerprøveinstruktør får eg ofte spørsmål om kva kaliber nye jegerar bør kjøpa. Til hjortejakt er eg ikkje redd for å tilrå 6,5 i ulike varianter (mest 6,5x55 for dei som ikkje ladar sjølv). Men når spørsmålet om ei all-round rifle kjem, der elgjakt og er aktuelt, er eg liksom ikkje heilt sikker på om eg kan tilrå 6,5 mm. Ser at mange her har skote MYKJE elg med kaliberet, men hugsar og einskilde kommentarer om kuler som stoppar i bogbladet på elgen. Har sjølv kun skote ein eøg med .260 rem, den sprang 100 meter med ei 10.1 gram Oryx gjennom eine bogen. Kula stod i skinnet på utgangssida. Sjølvsagt kan eg tilrå 308 eller 30-06, men grunnen til at eg heldt ein knapp på 6,5'en er at den er meir behageleg å skyta (godt) med for nye jegerar. Og med 10,1 grams kule kan eg liksom ikkje sjå for meg at den ikkje dug på elgen, men så var det den vesle tvilen då... Tips, råd og erfaringar? mvh Lindu
  18. Hei, vi er en familie som vurderer å skaffa oss ein Beagle. Som kombinert familie- og jakthund. Hunden vil bli trena til sporhund og brukt mykje på hjort (+ litt rådyr). Me ha hatt ulike raser før,flat-coated retriever,dachs og no mellomschnauser. Er det nokon som har røynsle med denne rasen, og som kan tilråda kva oppdretterar eg kan kontakta? På førehand takk. mvh Lindu
  19. Hei, kjøpte nett desse to fløytene. Så på vedlagte dvd, mn så vidt eg oppfatta var det pee-wee som vart brukt der (Fangstbua). Std fløyta gjev grovare lyd. Pee Wee verkar enkel (?) å få til hareskrik og rådyrkjelyd med. Spørsmål: - kor langt inne skal strikken vera på std fløyta? - Er denne, atså Crit'r Call std., best eigna til hareskrik, eller også rådyrbjeff? Kan sjølvsagt ringja til Fangstbua og spørja, men akkurat no var dett litt meir lettvindt å spørja nokon av dykk som har brukt desse fløytene om råd. På førehand takk. God påske Mvh Lindu
  20. Kva med .260 Remington? (Eller 6,5/.308 som det og heiter, eller 6,5 Panther). Då får du 6,5 i eit ikkje fullt så kjedeleg (?) kaliber som 6,5x55. Og som i praksis har like god yting som 6,5x55'en. 6,5 gram kuler kan ladast til 900 meter/sek, og du får flat kulebane og nesten ikkje rekyl. Om du vil bruka den til større vilt, er kuler på 10,1 gram heller ikkje noko problem. Faktisk så gjev desse betre fart og meir energi enn 55'en. (Ref: Norma sine ladetabeller på nettet). Lukke til mvh Lindu
  21. Har lada 300 win mag med mange ulike kuler, mest lodda i 180 grains. Har og brukt Lapua Mega 12 gram, og den virka veldig bra på rein og hjort med lite kjøtskader og god effekt. At ein MÅ bruke premiumkuler i dette kaliberet vil eg påstå er, om ikkje tull, så i alle fall overdrive. Sjølv kjem eg sikkert til å lada lette kuler på 150-165 grains i kaliberet framover- til og med av typen Ballistic Tip. Til bruk på rein og hjort. Eller Nosler Accubond, men då og i lett utgåve for flat kulebane, høg fart og maks effekt i viltet. Mvh Lindu
  22. Hei, her i kommunen er viltnemnda blitt "avskaffa", og forvaltninga av hjorteviltet er i praksis overlete til teknisk etat. Og blir der ivareteke av ein person med skogbruk som fagomåde. Dette har igjen ført til eit "einmannsvelde", der avgjerdene som blir tekne kan bli nokså omdiskuterte. Spesielt kring fornying av bestandsplanar for hjort, der me er mange som synes at fleire avgjerder er tufta på privat synsing om eg kan seia det slik. Eg vil gjerne ha tilbakemeldingar frå dykk som har velfungerande viltnemnder, med argument som kan nyttast for å få reetablert ei viltnemnd i min kommune. På førehand takk. Så vidt eg veit er kommunen lovpålagt å ha eit forvaltningsorgan for vilt, og då er det neppe godt nok å la ein mann bestmma alt i praksis? Mvh Lindu
  23. Hei, Core-Lokt av standard typen har aldri fått særs god omtale av "superkuleentusiastane". Eg har skote hjort med kula i 7x57R med 140 grains kule. Finns neppe meir effektiv kule, og gjennomskyting var heilt grei på middels store dyr. Litt øydelagt kjøt kanskje, men kula er betre enn mange vil ha det til. Eg har og testa den i katalogar, og i 7mm og 6,5/308 gjev den fin inntrenging. I 300 win mag er inntrenginga dårlegare (4 kat.), men eg trur neppe korkje hjort eller elg ville overlevd noko slikt. Har og sett den i bruk på rådyr, med knall og fall og gjennomskyting med moderat kjøtøydeleggjing. Dette var med 6,5/308 og 140 grains kule. Mvh Lindu
  24. Takk. Er det nokon som klarer å hjelpa meg med ladedata for 300 win mag og? Mvh Lindu
  25. Kva med .270 wsm? Har hatt ei slik rifle i eit år, og den er KNALLBRA! Super presisjon, liten rekyl og suveren effekt på elg og hjort! Mvh Lindu
×
×
  • Create New...