Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Pang-pang: kvifor spørja om kvifor (vi som tykkjer ulven har sin naturlege plass i norsk fauna) vil ha ulv, og samtidig be om at visse argument ikkje blir brukt? Og kva vil du oppnå med ein slik diskusjon- du og dine likesinna som vikarierer for vårherre har jo rett uansett kva andre måtte meina. Etter å ha sett ein del av argumentasjonen til ulvemotstandarane her inne, som eg ofte syns verkar å verka prega av machosyndrom og wein god del mangel på kunnskap om natur og økosystem, byrjar eg faktisk å synast det er moro med ulv. Den gjer dykk tydelegvis skremde og redde, og det morar meg. At den tek hund ein gang i blant er trist, og eg forstår frustrasjonen til dei som mister eit dyr dei er glade i. Men det legitimerer ikkje eit kravo m å ikkje ha ulv i norsk fauna. mvh Lindu
  2. Når reven tek lam skjer det ofte at den bit av og dreg avgarde med hovudet. Eg vil tru sannsynet for rev er størst, men ein veit jo aldri. Lindu
  3. Heilt samd med Rino. Eg har ei kjensle av at å posta (ærlege) innlegg/spørsmål ofte medfører den reinaste "spissrotgangen" her inne. Eg toler det godt, men eg vil tru einskilde yngre knapt tør å opna munnen her etter å ha fått passet påskrive. Når eg så les ein kommentar (frå eit styremedlem?) i Nohjs eller kva det heiter, om "flotte mennesker", byrjar ei sterk kjensle av eit autoritært, sneversynt og fordomsfullt forum å melda seg. Eg melder meg i alle høve ikkje inn der, men vil heller utretta noko i NJFF som trass (all kritikk her inne) er ein demokratisk organisasjon der ein ikkje treng å ha særinteresser*for å delta. *(Med det meiner eg reversering av blysaka, totalt reaksjonær og lite miljøretta kampanje, iherdug ulvemotstand og sterke innslag av politiske synspunkt a la Frp. Dette er sjølvsagt lovleg å meina, men eg si med inntrykk av at einskilde her har fått meir øyresus enn dei har godt av. Men no kjem det vel ein ny runde der eg får så øyrene flagrar for å ha "feil" synspunkt i høve den "rette lære"). Framleis god kveld, Lindu
  4. Ja, og eg er heilt usamd med deg. Kvifor vil du "ha vekk" ulven frå heile Norge? Er du redd for å gå ut? Synes slike utsegner er svært lite saklege, og igjen- forumet her er diverre "spekka" med den slags kommentarer når det gjelv ulv og rovdyr generelt. Noko som gjer at eg i alle høve ikkje vil assosierast med forumet under fullt namn. Kanskje det er på tide å oppretta eit eige forum "Mot alle former for rovdyr i Norge"? Mvh Lindu
  5. Tek poenget ditt Langlo, og unnskylder meg dersom eg med dette lagar raudnakkar av alle som er i mot eller tvilsame til ulv. Eg kan godt forstå det. Men eg tykkjer det er vel mange med nick/meiningar som går einsidig på at "en død ulv er en god ulv", og slikt tykkjer eg er heilt sakeslaust og burde vera moderert vekk for å halda debattane på eit sakleg spor. mvh Lindu
  6. At ulven tek hundar er sjølvsagt leit og trist. Men som vanleg går debatten alt for langt, dette forumet må tydelegvis trekkja til seg alskens rovdyrmotstandarar som flogepapir. Eg trur vegen å gå er å halda hundane i band i ulveområde, og la visynet råda med omsyn til mangfald i naturen. Norge har få ulvar, men dess større motsand mot desse dyra samanlikna med andre land med mykje meir ulv. I alle fall kan det verka slik når ein ser sume innlegg her (og undertekstar til nicka, eg undrast kvifor moderatorane er så tolsame ovanfor dette?) Lindu
  7. Hadde ei 22-250 remington for nokre år sidan, som eg skaut hare, rev og rådyr med. Eg tykte det var eit strålande kaliber, null rekyl og flat kulebane så det heldt. (Bytte inn børsa grunna ujamn presisjon, billeg remington får ta skulda for det). Lånte og ei remington vls med tung pipe, her samla skota i innertieren på 200 meterskive, heilt fenomenalt å skyta med! Med 50-55 grains standard Honady blyspisskuler var effekten svært god på rådyr. Kula gjekk anten gjennom eller stod i skinnet på utgangssida, så traff eg, så datt dyra fort. Eit tilfelle med hare på kort hald med heilmantel, der kula truleg velta og skotskaden var maksimal. Men truleg uflaks som gjorde det, ser at andre her har god røynsle på småviltet med dette kaliberet. Mvh Lindu
  8. Takk for mange gode innspel. Tråden vart starta for å få synspunkt på kva som er reellt mogleg- og forsvarleg. I så måte har eg fått mange gode svar. Ein ting er i alle høve sikkert- vismut og stål er utelukka- og hagla vert ladd med Remington High Density nr US BB til rev og rådyr etter dette! mvh Lindu
  9. Slapp av, den siste kommentaren var ein ironisk spøk
  10. Måneskinsjakt og anna jakt i mørket må vera bra. Med god optikk og naturlege lyskjelder er dette stort sett ikkje noko problem. Skot ein er usikker på lyt ein halda tilbake uansett dag eller natt. Spanande er det og når ein kjem bort og ser etter kor stort viltet er og om det er bukk, kolle eller kalv, det er jo ikkje alltid lett å sjå når skotet smell
  11. Eg meiner at kravet bør forenklast. Teoretiske utrekningar om at tung kule er betre enn lett blir litt akademisk nårskilnaden er frå 9 til 10 gram. Då spelar kulekonstruksjonen større rolle. Det greiaste hadde vore minimum 9 gram og 2200 Joule på 100 meter. Det hadde endåtil gått an å hugsa for dei fleste. I dag vert det unødig komplisert med 2 vekt- og enegigrenser. Eg meiner vidare at det bør veras greit å akseptera 9 gram som lågaste kulevekt. Då veit ein at ein har nok masse til å drepa større dyr effektivt med ei god nok jaktkule. Har sjølv prøvd 9,1 gram på elgen i haust, og kan ikkje seia eg merka nokon skilnad i effekt eller inntrenging i høve tyngre kuler som til dømes 11,7 og 13 gram. (Eg nytta då Accubond 9,1 gram). Mvh Lindu
  12. Eg tykkjer ikkje noko om å blanda inn namngjevne skyttarar i dette forumet. Som andre her seier, dei beste har kanskje ikkje så veldig lyst å bli "promotert" i eit debattforum der alle typar innslag og meiningar rår fritt. Lindu
  13. Denne tråden er blitt heilt på jordet. Eg kan godt forstå at sume er irriterte og uroa over ulvens herjingar i elgstamma. Spesielt når det reduserer stamma og kvotane blir mindre. Men når det kjem inn bilete at "det er vel slik vi vil ha det", der daud ulvblir framvist, og andre kan ha undertekst med "en død ulv er en god ulv", så syns eg moderatorar bør gripqa inn ovanfor slikt idioti og totalt respektlause innlegg. Både i høve jaktetikk, lovverk, sunn fornuft og allkunne. Mvh Lindu
  14. Einig med Per-S i at tinn og sink er dårlege alternativ. Men dei øvrige har så vidt eg veit ikkje spesielt negative verknader. Å argumentera med at bly alltid har eksistert er ikkje noko godt argument for å bruka det på jakt så lenge det er stor sjanse for uheldige biverknader. Danna helsing, Lindu
  15. Slik eg ser det, er argumenta mot blyhagl : - generelt er bly eit giftig materiale, og det er uvisse om korleis det påverkar økosystemet. Til dømes om kongeørn og andre artar øvst i næringskjeda kan eller blir blyforgifta ve å eta blyhagl frå påskote vilt. I Sverige er det gjort granskingar på temaet meed bly frå storvilt. Uansett bør ein nytta føre var prinsippet og la vera å nytta bly så lenge det ikkje er dokumentert at det ikkje er skadeleg. Og det heile starta med at våtmarksfugl vart blyforgifta og kreperte, og så kom stålhagla på marknaden med påfølgjande blyforbod i våtmark/ på visse artar. Det er truleg heller ikkje sunt at menneske et i seg blyhagl, og det gjer ein jo før eller seinare i løpet av eit jegerliv med småvilt på menyen som er skote med bly. - det er utvikla nye hagltypar som er like effektive og til dels betre enn bly. Kvifor då gjera dette til ei stor sak og tvihalda på bly ? - det er generelt viktig å skapa eit best mogleg omdømme for jegrane som interessegruppe. Motstanden mot jakt er stor i mange krinsar, og det vil vera mykje betre om vi går føre med endringsvilje og gjev slepp på blyhagla. På den måten viser vi at vi tek ansvar i høve uavklara/ avklara spørsmål kring bruk av bly og konsekvensane av det. - og til slutt: å skyta med hevi shot og andre av dei beste, nye patronene er rett og slett moro- god drep og effekt på alle hald! Mvh Lindu
  16. Hei, ser at XXL har mange stilige sikte frå Nikon. Alt frå rimelige fieldmaster til ulike og til dels avanserte Monarch sikte. Er det nokon som har røynsle og tilrådingar? Mvh Lindu
  17. Vyrde "villreinjeger"- du har heller ikkje fått med deg at eg hadde lest den andre tråden og posta innlegg der- før eg kom inn på den skjøre underskriftstråden din. Grunnen til at eg posta der og var at eg synes haldingane du framstår med er så ubegripelig dumme og negative at eg vil bruka kvart høve eg får til å kommentera dei, og underbyggja det med argument som eg vonar vil visa at det har vore kasta bort mykje skulepengar der du vaks opp og. Mvh Lindu
  18. Kven står bak denne underskriftskampanjen? Dette må i alle fall vera misbruk av forumet, i beste fall på linje med å krevja at heimebrent bør bli lovleg att. Ropar høgt om at moderator (Hansen dlux m.fl.) kjem og stengjer tråden. mvh Lindu
  19. Takk Roadmaster. Får håpe denne meldinga når fram før delux'n kjem med sensursaksa igjen. mvh Lindu PS- moderator(ar): eg har ikkje tid til å leite opp alle trådar om alle emne, men les gjerne gjennom "aktive tråder" og skriv eller spør dersom eg føler trong for det.
  20. Hei. I denne saka er eg heilt usamd med dei som tykkjer det er bra å diskutera blyet på nytt. Vi har jo betre haglalternativ i dag (high density, tungsten osb.). Dessutan kan det neppe vera bra i det lange eller korte løp å eta blyhagl. Korkje for menneske eller dyr (rovfugl/-dyr i øvre del av næringskjeda). Mykje betre om ein får meir lempelege reglar for bruk av lykt/nattjakt slik førre innlegg nemner, slik at det går an å jakta lengre om kvelden uten å bli straffa for det. Dette er mykje meir relevant å få ei endring og forbetring på. Mvh Lindu
  21. Brukte den i 300 win mag for nokre år sidan. Virka godt, spesielt egna til lange hald på 300-400 m og deromkring. Øydela sjølvsagt litt, og gjennomskyting var meir unnntak enn vanleg. Viltet som var skote var hjort og elg. Har vel felt ca 20-25 storvilt med denne kombinasjonen, mest 11,7 gram som er den klart beste kula, og litt med 10,1 (no 9,7) men som blir for lett for 300 win mag (separasjon/ dårleg inntrengning). Mvh Lindu
  22. Hei, er det nokon som har tips til kva hagl og patroner som er eigna til rådyrjakt der halda gjerne kjem opp i 40-50 meter? Eg vil tru at hevi-shot/high density i nr 2 eller BB (US) er eigna, med full trangboring sjølvsagt. Eller kanskje endå grovare? Vil gjerne ha synspunkt eller pm frå folk med praktisk røynsle, og ikkje noko synsing om kva som er lange/akseptable hald. På førehand takk. mvh Lindu
  23. Nimrod: eg tykkjer ikkje du skyt på for lange avstander- dette må då vera forsvarleg for ein trena skyttar. Eg har sjølv vore med etter elg i Finnmark nokre gonger, det blei gjerne skothald på godt over 300 meter rett som det var. Og elgane datt. Men til saka: 2 dyr er ubrukeleg som grunnlagsmateriale. Skal ein ha viltet i bakken, meiner eg ikkje vegen å gå er med endå hardare kuler. Då heller lodda som heldt godt nok saman, men som gjev god (og truleg betre) effekt enn dei hardaste kulene. Tenkjer då på Accubond, Woodleigh og Oryx. mvh Linduvarri
  24. Hei, har nokon prøvd desse kalibra på hjort og elg? (Evnt i utlandet eller for å avliva skadde dyr eller i andre samanhenger der det berre har blitt slik). Vil tru at med god skotplassering og tung nok kule så vil desse kalibra vera effektive. Tydelegvis er det liten skilnad på 375 H&H og 6,5 x 55, eg vil tru at skilnaden heller ikkje er så stor ned til eit lite kaliber om ein treff godt (bak bogen)? Mvh Lindu
×
×
  • Create New...