Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Dersom ein har løyve på ku/kolle og kalv, er det mest praktisk å skyta ku/kolle først. Tenkjer då på elg og hjort. MEN- ein må ha oversikt nok til å vita at kalven kan skytast og ikkje stikk seg vekk. På rådyr bør ein nok skyta kje først, avdi dei spring vekk uansett om ein skyt råa først eller ikkje. Rein er ei sak for seg, det veit alle som har jakta på det. Ventar no på refrenget frå "moralens" vaktarar God helg, Lindu
  2. Då var reinsjakta over for i år. Kvelden før siste jaktdag fekk eg melding frå ein kamerat om at det var skote og sett dyr på vårt terreng. Me sala opp tidleg neste morgon, som var siste jaktdag. Og var heldige og kom på dyra kl 7.30. Ca klokka ti på 8 hadde me skote 8 dyr, og det vart ei gild avslutning på jakta Under 11 månader til neste jakt! Mvh Lindu
  3. Eg har og kontakta DN om dette. Og svaret eg fekk vart eg ikkje spesielt klokare av. Argumentasjonen for 2700 J for kuler mellom 9 og 10 gram var at det før premiumkulene kom, måtte meir energi til for å få ei (dårleg) kule til å trengja djupt nok inn i storviltet, og at ein difor hadde haldt på dette kravet. Dette tykkjer eg personleg er nokså tullete, då ei dårleg kule med høg fart som regel trengjer dårlegare inn i viltet enn om farten er lågare. Eg bad om at ei revidering av kravet burde medføra ei minste kulevekt og ei minste enregigrense, noko vedkomande for så vidt var samd i. Og skulle leggja seg på minnet til neste revisjon, utan at han var klar på når dette kom til å skje. mvh Lindu
  4. Ja, fram med fiskesnøret, bra innlegg! I kveld skal eg på hjortejakt, tek då med teleskopstanga og mark, og 1000 meter snøre. Skyt eg tilfeldigvis hjort på lengre hald enn det "pc-brigaden" meiner eg har lov til, set eg meg ned ved næraste elv og slepp ut så mykje snøre som det går an. Og sveivar så inn mens eg nærmar meg fallplassen, skyt eit skot i lufta på 50 meters hald, og vips, så har eg alibi for å ikkje ha utført brotsverk av dei heilt store dimensjonane. Og så skal eg skunda meg heim til ein kasse med øl og denne tråden, for den vil nok ingen ende ta Lindu
  5. Eg meiner og at ein ikkje kan trekkja ei absolutt grense, då dette varierer med skyttar, ver og kor stort viltet er, og korleis det står. Men det undrar meg kor mange som brukar tid og energi på å definera absolutte makshald med og utan bot. Dette trur eg må vera dårlege skyttarar som misunner andre å kunna jakta og skyta på lange hald. mvh Lindu
  6. I dag vart det endeleg klaff, ein fin ungbukk på meg og ein fin bukk i mellomklassen på jaktkameraten. 60 m hald og 270wsm= rett i bakken Mvh Lindu.
  7. Hei, har ei "riflestropp", men finn ikkje ut kor eg får kjøpt desse. Det eg er på jakt etter, er ei gummiert reim som blir festa til overarmen og fungerer som reim under jakta. (blir som to løkkjer med ei kort stropp mellom, dei som kjenner reima veit kva eg snakkar om). Men- kven sel desse reimene, eg finn ikkje det på nettet? Eg har lova ein kjenning å undersøkja. På forhånd takk. Lindu
  8. Nei, eg lyt lada opp skot først . Men brukar her N-140 39,5 grains og den er oppgjeven med 906 m/sek i Vihtav. sin taball med maksladning 39,9 grans. Med 47,5 cm pipe. Sjølv har eg 66 cm, så eg reknar med at kronografen gjerne ligg på 900+ når eg kjem så langt. Med den farten og innskyting på 175 m vil kula gå +1 på 50, +3 på 100 og -3 på 200 sånn cirka om eg hugsar rett. Med andre ord kan ein halda rett på reven til 200 m. mvh Lindu
  9. Då får eg prøva å få tak i DNA via ekskrement eller på annan måte. Til og med Langvatn må kunna ta feil i blant (til liks med meg sjølv ).
  10. Eg får ta det opp med norsk hjortesenter og høyra kva dei seier. Lyt vel skyta alle tre og ta DNA prøve skal eg bli trudd på dette
  11. Ballistic Tip er i alle fall ei kule med god presisjon + at den er rimeleg. Har sjølv brukt denne på bever og litt rådyr med god effekt. Den ekspanderer kraftig, men har ikkje opplevd mantel/kjerneseparasjon sjølv om kula blir svært kort og det er lite bly att. På beveren sat den anten på utgangssida eller gjekk gjennom. Md lite hol i skinnet på begge sider. Har sjølv handla denne på xxl til jakt på rev og rådyr. Mvh Lindu
  12. Nei, det er ikkje avkrefta. Så vidt eg hugsar er det tvillingfødsel for kvar 10000 hjort som vert fødd, mogleg det finns andre tal. Freda grunna viktig avlsdyr. Lindu
  13. Hei, litt interessant at det er sett ei hjortekolle med tvillingkalvar i jaktvaldet. Dyra har vore sett fleire gonger, og det er ikkje tvil om at begge kalvane, som er jamstore, følgjer same kolla. Er det nokon som har liknande observasjoner? Diskusjonen går no på om desse hjortane bør fredast til hausten. mvh Lindu
  14. Jau, Accubond kom i 140 grains i 6,5 mm i fjor. (Eller kanskje i 2008). Har sjølv kjøpt den hjå Hjemmelading.no og ladd i .260 Rem. Til tråden: Remington xcr i 270 wsm, Remington VLS i .260 Rem eller Browning A Bolt i 300 win mag. Favoritten er no 270wsm'en med 9,1 gram....nettopp: Accubond! mvh Lindu
  15. Hei, nokon som veit kvar det går an å få tak i kort på Hardangervidda? mvh Lindu
  16. Hei, har nokon ladedata for denne kombinasjonen? Ser at Woodleigh tilrår å starta 5% under normale ladedata (går ut frå at det er 5% under maks.). Har ein kamerat som vil prøva denne ladninga, og eg har sagt han bør vera litt varsam med å lada for hardt. Og- har nokon testa denne kula i 6,5 x 55 på storvilt? Sjølv har eg kun prøvd den på våt Telenor, og der var den bra Mvh Lindu
  17. Har hatt kaiberet ein sesong og er utruleg nøgd. Knallbra presisjon, grei rekyl og ikkje minst enormt god effekt på jakt (hjort og elg). Har ladd med ulike kuler frå 6,5 gram (65 grains VV N-160 gjev 1055 m/sek!) til 9,7 gram, alt går i same holet. Innskoten på 220 m går 9,1 grams kuler ladd med N-204 5-6 cm over på hundre meter, 2-3 cm over på 200 meter og 15 cm under på 300 meter. Du får den og med Norma jaktmatch til ein overkommeleg pris på XXL. Kan tilrådast. mvh Lindu
  18. Eg er i alle fall einig! Bortsett frå det med ulv då . Ser at tråden mangla ein setning, men blei minst like bra utan. Takk for engasjementet så langt. Og- å trekkja Smit'h & Wesson'en når grizzlyen står framfor ein, må vera ei ubeskriveleg kjensle. Eller storoksen i krattet. God helg!
  19. Kven har ikkje drøymt om å jakta elg og bjørn med revolvar på stutt hald- eller ha gunner'n som ein ekstra reserve om rifla kiler seg og rå stoppkraft er det einaste som dug? Mvh Lindu
  20. Hei, er det nokon som har brukt denne kula på rådyr og rev i 6,5 mm? Har så vidt nytta kula i .260 på rådyr og bever, med godt resultat. V0 kring 900 m/sek og gild presisjon som med alle Nosler kuler. Vurderer å lada opp til vinterens revejakt med denne og, då kan eg bruka same kule til jakfelt og all småviltjakt opp til og med rådyr. mvh Lindu
  21. Sorry, innlegget mitt for eit par dagar sidan var sjølvsagt retta til Fossdal, ikkje Solheimen . Hugsen byrjar bli litt skral i blant, sikkert rekylskade etter for mange magnumskot . Lindu
  22. Hei Solheimen, kor mykje lengre sprang eigentleg dyra med å gå ned til 6,5? Kan det ha vore at de brukte unødig harde kuler som Swift? mvh Lindu
  23. Eg trur og Vulcan er ei veldig bra og undervurdert kule (= gått av moten). Har sjølv brukt den i 300 win mag og skote mange hjort med 13 gram. Ein kamerat har alltid brukt den i 11,7 gram på elg og kjem neppe til å byta. mvh Lindu
  24. Ja, ja, angrar på at eg starta tråden. Om de meiner spørsmålet har "feil vinkling" eller skal fortelja meg at heilmantel er best, så var det ikkje det eg trengte å få vita. Var berre nyskjerrig på om nokre hadde røynsle over tid som kunne seia noko om dette. Puh!
  25. Hei, litt uvanleg spørsmål frå denne kanten, (men ting kan jo sjåast frå fleire sider ), men : - kva kule/kaliber har du fått dei finaste slakta med, uavhengig av kaliber? For min del har Lapua Mega, Woodleigh Weldcore og til dels Nosler Accubond vore gode i så måte, kaliber 300 win mag. Det same kan seiast om Mega 10,1 gram og 10,1 g Oryx i .260 Rem. Dette gjeld uansett om viltet har vore elg, rein, rådyr eller hjort. Dei styggaste slakta eg har sett har vore med Hornady Interlock (i Elite), uansett kaliber. Har sett mange hjortar felt av andre i jaktlaget med dednne kulai ymse std. kaliber, og resultatet er fullt på høgde med det verste eg sjølv har prestert med 300 win. Samt ein hjort eg sjølv skaut med Remington Core-Lokt 9,7 gram i 7x57R. God 17. mai! Lindu
×
×
  • Create New...