Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Ja, kven veit, kanskje dei er ute etter oss alle i hop uansett kva me meiner ?
  2. Samd med Mork og Arcticwinter, dette må i sum vera sløsing med sammfunnet sine pengar. Greit at SNO folka både kan og gjer jobben dei er sett til, men når flinke naturfolk blir sett til å ta ut jerv frå hi til skyhøge kostnader, tufta på ei teoretisert skrivebordsforvaltning, er noko gale. Det måtte då ha vore billegare og meir fornuftig å meldt frå til aktuelle jegerar i nærleiken om kvar jervane som var "utanfor grensa" held seg.Skjønar godt de er irriterte. mvh Lindu
  3. Hei, ser at ein moderator tok mot til seg og stengde ein tråd om ulv. Men er det så gale at folk diskuterer dette då? Når ein jegerprøveinstruktør legg ut link til eit opprop for svensk ulvejakt, ja, då tykkjer eg det er bra at nokre reagerer. Men linken til oppropet kan stå- stillteiande akseptert av dei som styrer forumet. På meg verkar det som alt er lov (les både innlegg av og ikkje minst undertekstar hjå mange brukarar) når det gjeld å visa motstand, dumheit og antipati mot rovdyr. Men med ein gong dei som ikkje likar dette ropar ut, kanskje også vel høgt og dumt frå den sida i blant, så er det CLOSE DOWN. Ha ein stillteiande kveld, fri for ulvehyl mvh Lindu
  4. God reklame for å få opinionen i mot hiuttak som vart vist i filmen. Slik sett eit bra program. Ha ein bedøvandes kveld Mvh Lindu
  5. Linduvarri

    260rem

    123 grains kule- 36 grain N-140 gjev god presisjon. Har ikkje målt farten, men den bør liggja kring 800 m sek (ref ladeboka). Mvh Lindu
  6. Jacobsen84: kva fløyter brukar du? Mvh Lindu
  7. Hei, ser Sako har kome med "Deerhead" i 10,1 gram. Einaste kaliberet eg finn den i, er kal. .260 Rem (bra ). På bildet på heimesida til Sako ser den ut som Oryx. Kan det stemma? mvh Lindu
  8. Hei, har høyrt at tysk jaktterrier er omtrent direkte manne- (og dyre-)vond, og at dei ser på seg sjølv som nr 2 etter eigaren. Og dermed rangerer over alle andre skapningar (det er vel i så fall berre tyskarane som kan avla opp noko slikt ). Men, de som har tj, er rasen råd å få til som ein kombinert famile-jakthund? Der det blir nok jakt . Korleis er rasen å få til å gå etter skadd vilt/ blodspor? Eg har ikkje teke meg tid til å lesa heilte tråden, difor spør eg gjerne om noko som andre har spurt om før. mvh Lindu
  9. Slikt er vel typisk her på forumet: einkvan prøver ulikt utstyr, og seier si ærlege meining om kva han tykkjer er best. Så startar hylekortet her (eller det blir tidd ihjel), dersom den kikkerten/kula/børsa han likte ikkje er av "rett" merke eller bryt med den uskrivne jungellova om kva som er best blant besserwissarane. God helg, Lindu
  10. Samd med deg 202 Outback- det er ikkje like mykje hjort over alt. Slike tragedier som denne ville truleg ha skjedd også om kvotane vart dobla (kanskje med litt færre dyr samla, men likevel). Årsaka er vel meir at mykje hjort samlar seg der det no har vore hard vinter/ vanskelege tilhøve over lang tid. Og det vert lite mat på alle dei som er samla der. Sjølv om det strauk med ein del hjort i fjor vinter, fann eg mange plassar der hjort hadde klart seg, i opp til 1,5 meter høg snø. Desse var ikkje uroa, og hadde klart seg med å beita på alt som var innan eit lite område. Eg fann fleire slike "overvintringsplassar" i vårløysinga kring påske i fjor. Trist å sjå at så mange dyr osm her svelt uansett. mvh Lindu
  11. Hei, muligdet er spurt om dette før. Men kort: eg tykkjer det er enklare å få god (hare-)lyd i Pee Wee fløyta enn i standard crit'r call. Får det til i den største og, men lyden er veldig kraftig og noko grovare enn i Pee Wee' en. Gjer eg då noko feil? Hasr sett på dvd med T O Dæhli og prøver å etterlikna denne. Men ikkje alltid lett å hugsa når ein kjem ut i felt. mvh Lindu
  12. Hei, Heile Finnmarkslova er ei underleg affære slik eg ser det. I praksis er det innført apartheid-regime i Norge, der samane har mykje meir påverknad enn før. Og det får konsekvens for oss ikkje-samar, sjølv om normenn busett i Finnmark i teorien har like rettar med samane. Nokre vil sjølvsagt meina det er bra. Men eg er usamd. Eg meiner det er ei gjennomsyra haldning hjå dei fleste samiske talsmenn (Sametingspresident og -representantar) at under parolen "urfolk" og "rettigheter" finns det ingen grenser for kva dei meiner er sitt og har rett til å bruka/jakta på. At dette og gjev utslag i direkte tullete påfunn som detaljregulert "jakttrykk per km2" i eit område så stort som Finnmark er, overraskar meg ikkje. Norske stortingspolitikarar kan ikkje ha brydd seg eller visst kva dei sette i gong med å oppretta Fefo og Finnmarkslova. Naboar i Troms er no utestengde frå storviltjakt på statsgrunn, slik Finnmark opprinneleg var. Og alle andre "søringar". Mange normenn eg kjenner er rasande på Fefo, avdi styremodellen har gjeve alt for stort innpass til samiske krav og rettigheiter, noko som vil diskriminera normenn i Finnmark. Kva dette endar med, er ikkje godt å seia. Men eg tippar Fefo er over om 15-20 år, etter at dei har stelt i stand så mykje tull og uheldig forvaltning at folk flest i Finnmark grip inn og får endra styresettet. God småviltjakt:-) mvh Linduvarri
  13. Hei, går det an (som ei naudløysing) å nytta large rifle magnum hetter i kal. 260 Remington? (6,5/308). XXL var tomme for std large rifle hetter, og eg har l.r.magnumhetter som eg tenkte å putta i nokre treningsskot til 260'en. Og bruka moderat/startladning med 36 grains N-140 krut til 123 grains Lapua Scenar. Går dette bra? Meiner det er sagt at Norma i blant nyttar magnumhetter i std. ammo for å få høg fart, men dette er berre noko eg hugsar utan å kunna dokumentera det. Mvh Lindu
  14. Hei, meiner staten kjøpte store eigedomar (frå Borregård?) i haust. Er det nokre som veit om dette gjev seg utslag i fleire jaktfelt som ein kan søkja på- allereie til våren? Mvh Lindu
  15. Kjøpte nett ein Norma tofot med vogge på xxl til kr 985. Har ikkje prøvd den enno, men rifla vart utruleg stabil på kjøkkenbordet! . Nokon som har prøvd denne? I tillegg til den supre støtta dette gjve på liggjande/sitjande skyting (sitjande bak ei tuve, med anlegg på ryggsekk eler liknande, beina er for korte til sitjande skyting utan ekstra underlag), fekk eg nett den ekstra tyngda på ein snau halvkilo som gjer børsa meir roleg å halda på ståande skyting. Trur dette blir bra- lettare å plassera gode jaktskot med høg puls på vanlege jakthald med denne. Skal testa treffpunkt med og utan tofot, men innbiller meg at dette ikje blir noko stort problem. Tofoten endrar ikkje press mot løpet på noko vis slik eg kan sjå. Men skal sjølvsagt sjekka i praksis og. Mvh Lindu
  16. Endeleg ein vitug debatt kring ulveproblematikken sett i ein større samanheng! God helg, mvh Lindu
  17. Har brukt 270wsm i eit par år og er veldig nøgd, både med presisjon, rekyl og effekt på jakt. Rett og slett moro. Og- den er super på reinsdyr, sjølv om halda er innanfor normalen, dvs under 200 meter. Det einaste eg har hatt litt problem med, er pressing av hylsene, der det lett anten blir for mykje eller for lite og hylsene går tregt i kammeret. Trur eg har fått "kurert" dette problemet no. Samt at eit par skot gav overtrykk, sjølv med ladning innanfor oppgjevne maksladningar (Norma, MRP, 150 grains kule). Medå redusera ladninga og passa på at trimmelengda var slik den skulle vera, forsvann det problemet. Det beste kruttet for dette kaliberet er truleg Norma 204. Lukke til. Mvh Lindu
  18. Hei, skal leggja ut åte ved hytta, for å sitja på glugg etter reven. La ut første åtet i dag, blanda ein finhakka makrell med hundepellets og kokt buljong. Har tenkt å fora jamt med små bitar fisk (laks, makrell). Høyres det ok ut? (Veit eg er seint ute). Mvh Lindu
  19. Du får og mykje kikkert for pengane med å velja Leupold (Acadia el Mojave), eller Nikon Monarch serien. Eg brukar sjølv Leupold og tykkjer ikkje kameratane sine Zeiss og Swarowski kikkertar til 4-5 gonger prisen av min er så mykje betre til praktisk bruk. Kantskarpheita er nok litt betre, men med mindre du har auge som Marty Feldman ser eg ikkje poenget med å betala 10.000.- ekstra for den. Lukke til og godt år i vente. mvh Lindu
  20. Dette er sjølvsagt ikkje lov, men spør du meg finns det verre brotsverk enn dette. Det undrar meg kor mange lovlydige som no ropar "korsfest" her inne med høg røyst. Sjølv om slik jakt ligg godt utanfor lover og pensum i jegerprøven. mvh Lindu
  21. Hei, nokre som har testa båe desse i 6,5mm på vilt som rådyr og evnt hjort i utlandet? Skal lada opp 260'en med Scirocco 130 grains, og er spent på ekspansjon og inntrenging. Så vidt eg har lest meg til, meiner amerikanske jegerar at Sciroccoen gjev større utgangshol, og det er bra tykkjer no eg. Har frå før prøvd Accubond 130 grains (som og finns i 140 grains) på nokre rådyr med upåklageleg effekt, men no fekk eg tak i Scirocco på xxl til same pris, og slo til på denne. Takkar for synspunkt og svar og ynskjer alle god jul Lindu
  22. Linduvarri

    fjellduk

    Hei, har prøvd Jerven extreme no i haust, den var mykje betre enn standard med for. Vekta er litt tyngre, og litt meir volum, men skilnaden er ubetydeleg i høve kva du får att i auka komfort. Prisen var og akseptabel, vel 2300 hjå Jaktog Friluft. Mvh Lindu
  23. Linduvarri

    Jaktblad

    Jakt likte eg bra før, tykkjer artiklane deira var (og dels er) meir fagleg retta enn mange eg las i "Jeger". Men det siste har kome seg noko, ikkje minst etter at dei tona litt ned all rovdyrhetsen som prega bladet ei stund (veit alle ikkje er samde i det, men det er no mitt syn). Som ein skriv har våpenskribent Lien i Jakt gått litt på tomgang i det siste. Han har tydelegvis gjort seg opp ei meining om kva som er bra og ikkje, og mange av "testane" er prega av utsegner om at "slik er det" utan at dette er dokumentert på noko vis. Det hadde vore mykje gildare om han til dømes hadde prøvd nye stålhagl på jakt, framfor å leggja dei daude med å seia at "stål er stål".Andre, svenske blad har til dømes testa stål på jakt med godt resultat på mellom anna rådyr. For ikkje å nemna "testing" av kuler og kaliber- no for tida går alt i dempa standardkaliber med dei same kulene om att og om att... Dei mest interessante blada no for tida er kanskje når det dukkar opp amerikanske artiklar om nye kuler og kaliber, av og til glimtar svenskane til med noko kjekt å lesa omog, sjølv om dei og er ganske keisame til vanleg..gjesp
  24. Denne var og 7,5 år, 17 tagger med litt usymetrisk lengde og fasong på issetaggane:
  25. Då vart det endeleg opptur. Testa litt med 15,6 grams kule (240 grains) Woodleigh Weldcore som vart laga i samband med 100 års jubileet til 30-06 sprf. i 2006. Men som og sjølvsagt kan nyttast i magnum. Ladedata 64 grains MRP og Federal magnumhetter. Våpen: Browning A bolt kal 300 win mag. Presisjonen var god, med halvgodt anlegg og mot villreinskive skaut eg 25mm toskotssamlingar på vel 50 meters hald. (Fleire gonger mens eg skaut inn børsa). Ei kule skoten i is på vel 20 meters hald gjekk kring 50 cm inn i issvullen. Rett nok var denne ikkje gjennomfrosen inst inne, her var det kombinasjon av vatn og issørpe. Fasongen var upåklageleg, skal leggja ut bilde når eg har testa 6,5 og 30-06 og. Slik at det blir ein ryddig tabell med bilete, presisjon, ekspansjon og fart på kulene. Diameter på kula var ca 16x16 mm, lengd 15mm, diameteren målt øvst på kula. Den var større lengre ned ettersom flikane hang nedetter kula som "greiner". Restvekt 13,26 gram som gjev omlag 85%. Så det bør vera god elg- og hjortemedisin på normale hald. Framleis god adventstid. mvh Lindu
×
×
  • Create New...