Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Hei, nei kalven var for tidleg født og daud. Så der nytta det ikkje med pencilin . sau = slakteavfall frå sau. Varslaren er kjøpt hjå Brunst og festa i tre 5-6 meter frå åtet. Den har under testing gjeve signal inn i stova gjennom 20 cm isolasjon i nytt bustashus, så det kan eg ikkje klaga på. Trur eigentleg det er litt tilfeldigheiter + varsam rev + bra med mattilgang andre stader og lite snø som gjer at det har blitt dårleg med besøk. Men takk igjen for engasjerte svar!
  2. Hei, eg har heller ikkje dårleg røynsle med sau (slakteavfall). Og lyskastaren har stått og lyst (frå veggen, fastmontert arbeidslampe 500w) litt til sida på åtet. Men i dag har eg flytta åtet (det som gjekk an, ein daud kalv som no er "spidda" på ei avsagd busk + nye hundepellets iblanda surstrømningog blod , lukta heilt pyton ), hengt varslaren i eit tre 5-6 meter i frå, slik at åtet er vel 40 meter frå huset og får akkurat nok lys frå lampen til at eg kan sjå og skyta godt. Så får me sjao kva som skjer . Takk for tipsa!
  3. 30 m og lys, ja. Men har ikkje alltid hatt lyset på (ventar til reven kjem). Har både sau, kalv (som er opphøgd i sida, first price i alle varianter , blod og sustrømning så menyen skulle vera for ein kvar smak. Tok ned stolpen i dag.
  4. Hei, etter å ha skote litt pels av ein rev i november (eg var for utålmodig og skaut nett nokre hår av den i det den tok ein bit og gjekk vekk frå åtet) har det kun vore ein skabbrev innom (som eg skaut). Har slakteavfall frå sau, samt utallige hundepellets (first price), hundefor på boks (first price) iblanda blod og no til slutt div surstrømning på og kring åtet. Spikra ein boks med litt surstrømning i på stolpen eg har varslaren på og, slik at det skal lukta godt på lang avstand. Kastar ut pellets med eit "ausekar", slik at eg slepp gå heilt bort til åtet. Dete ligg 30 meter i ein bakke ved sid av huset. Skjor og kråke vitjar åtet kvar dag. Men reven går berre rundt, har sett spor fleire gonger 20-30 meter frå åtet. Det er tydeleg at den ikkje vil frampå, men tek ein runde fram og tilbake like ovanfor og rundt åtet. Men har tenkt at kanskje kan ein stolpe på 3 meter vera grunnen. Sette den i bakken for ein god månad sidan og festa revevarslar i toppen, då det blei litt over ti meter frå eit naturleg tre til åtet, og dette vart då nett for lang avstand frå sensoren. Kan det vera at reven fryktar stolpen med varslaren? Eller er det den reven eg skaut på som heldt andre vekke, og som ikkje tør seg tilbake sjølv? Tek gjerne i mot tips om kva eg skal gjera. Lurer på å fjerna stolpen og flytta varslaren, og heller hiva meir åte nærmare treet eg då kjem til å festa denne i. Ellers skal eg berre bruka tålmod og venta? På førehand takk for svar. mvh Lindu
  5. Hei, spør sidan denne tråden dukka opp- er det nokre av dykk som brukar Beagle til los på hjort? Har nett skaffa meg Beagle og er difor interessert i om andre har drive med denne kombinasjonen. På førehand takk.
  6. For ordens skuld- .260 Rem er og godkjent til storvilt som det 6,5 mm kaliberet det er. Med rett kulevekt sjølvsagt.
  7. Wingmaster HD frå Remington kal 12/76 Us nr BB eller 2.
  8. Hei, eg har veld .270wsm (short magnum)- og er stornøgd med dette kaliberet både med omsyn til presisjon og effektiv felling av hjort og elg. Samme energi som 30-06 og flatare kulebane med 9,1 grams kuler enn 300 win mag med 11,7 gram. Eg ville vald denne- eller standard 270. mvh Lindu
  9. Jerognal: klart eg kan ta feil her. Men etter å ha lese nokre trådar her om Oryx, verkar det som om 3 av 4 er godt nøgde, og 1 av 4 misnøgde. Kanskje det kan tyda på varierande lot'ar frå Norma? mvh Lindu
  10. Eg trur dette med stort ingangshol med Oryx, spesielt i låg fart, må skuldast noko anna enn kula. Har sett ein god del slakt med Oryx, og dei har vore bra. Eg tykkjer faktisk kula ekspanderer for lite/ for liten sjokkeffekt, og vil heller ha Accubond og Ballistic Tip. Hugsar ein kamerat av meg fekk problem med ettersøk på to elgar der kulene blei attfunne, og hadde ekspandert lite. Han gjekk tilbake til 11,7 gram Vulcan i 30-06, og denne har han sikkert skote 30 elg med sidan med godt resultat. Har ein mistanke om at desse kulene i låg fart har mista retningsstabilitet og kantra inn i viltet. Høyres i alle fall uvanleg ut. Til dykk som er "Swift-frelste": mange reportasjar har stått i ymse jaktblad om vilt som blir påskote med desse, og som spring veldig lan gt grunna sakte/liten ekspansjon. Slikt vil i alle høve eg ikkje ha. mvh Lindu
  11. Hei, har brukt 140 grains Accubond i 270wsm, ladd med 59 grains N-204. Dette har gjeve svært god presisjon og super effekt på hjort og elg. No har eg ikkje skote meir enn eit par hjort, 4 rein og 4 elg med denne kombinasjonen, men eg har ikkje hatt problem med kulehavari slik andre skriv dei har. Lukke til mvh Lindu
  12. Hei, har etter litt konsultasjonar funne ut at det er kort friflukt i mi Remington xcr rifle i 270wsm. Sjølv med spisse kuler som Nosler Accubond 140 grains og Remington Accutip 130 grains får eg trykkteikn med litt krater i hetta og merke på hylsebotnen. Og dels tungt boltløft (det siste med Nosler BT 150 grains og full lengde dvs 71 mm på kula, og ladning opp mot maks med MRP). Har tenkt å prøva å setja kulene 1 mm lengre ned i hylsa og sjå om problemet forsvinn då. Men då vil c.o.l. bli 69-70 mm mot 71 mm i dag. Er det nokon får med å gjera dette, så lenge krutladninga er eit par grains under maks? Alternativet er børsemakar og få laga eit par mm lengre frilfukt. På førehand takk. Mvh Lindu
  13. Kjøpte Redfield sin avstandsmåler hjå Jakt & Friluft, den er både lett, rimeleg og meir enn god nok. Måler avstander på 450-500 meter utan vanskar, og passar perfekt til mine behov. mvh Lindu
  14. Som det vert føreslege i førre innlegg er hendene eit greit reiskap. Lyd: varierande tonefall av ØØØØ. Det enklaste er gjerne å ta med ein tom dorull eller to (om det regnar), mi røynsle er at lyden då gjerne blir meir "autentisk" om ein ikkje har den innøvd frå før. Eg plar seie at for å lokka elg lyt ein sjå mykje tysk pornofilm før jakta, elgen gjev omtrent dei same grynta som d'herrer i nemnde filmar ("oahh, oahh"), og for å lokka hjort så tek ein med seg dorullen. Lukke til mvh Lindu
  15. Hei, etter å ha jakta ein god del år med mellom anna Zeiss/S&B/Leupold er eg komen til den konklusjonen at Leupold er "best". Kanskje optikken er hakket kvassare hjå dei to tyske, men samstundes har Leupold to klare fordeler slik eg har røynd det: - lang augeavstand og null "tull" når ein skyt med magnumkaliber- aldri problem med funksjonalitet/ feil sjølv med harfd bruk og mykje "knall og fall" av jegeren i ulendt terreng. Dei tyske sikta eg har hatt, har i sum gjeve meg trøbbel med treffpunktforandring (fleire garantireparasjoner) og at dei rett og slett toler mindre støyt og slag. Samt at augeavstand, spesielt på S&B, er for kort til å gje morosam skyting med magnum utan å bli medlem i "halvmåneklubben" ufriviljug. Så konklusjonen min er at Leupold er og blir favorittsiktet, sjølv dei rimelegaste modellanne (VX-1) gjev god optikk og skjoteljos til all normal jakt- til og med for ein over gjennomsnittet ivreg jeger Kva røynsle har andre kammerbrukar om dette? mvh Lindu
  16. Hei, har nett innreidd skyterom/-glugge i eine mønet på nyehuset, og har tenkt å montera lampe på veggen samt revevarsler. Lampen kan eg slå av og på når eg vil med eigen brytar (den vil ikkje stå på heile tida). Avstand til åtet blir kring 30-40 meter i ein bakke som heller ned mot huset. Har i hovudsak tenkt å nytta rifle med dempar for hus- og nabofreden si skuld i kal 22wmr. Så eg lyt sjå nok til å skyta greit med rifla. Alternativet blir hagle og litt kortare avstand til åtet. Seier takk for tips frå kammerfolk som har gjort dette før mvh Lindu
  17. Er samd med dei som skriv at dei ikkje heilt skjøner kva problemet er. Sit med eit inntrykk av at nokre her på forumet har veldig mykje i mot å bli inspisert av politiet. Og dreg difor i gang ein rimeleg meiningslaus diskusjon om kva politiet har lov til og ikkje. Tek politiet stikkprøvar av våpenoppbevaring er det heilt ok for min del.
  18. Alt dette høyres vel og bra ut Gundog, men eg er einig med han som seier at dette er jakttid tilpassa makelege (les: late) jegerar som vil skyta mest mogleg hjort. Kan vera at kvotane styrer jakta, men slik desse er sprita opp i nyare tid, kombinert med "bestandsplanar" som gjer det mogleg å flytta kvoter og i praksis skyta kva som helst, går det nok uvilkårleg mot dårlegare tider for hjorten. For dei som vil det, er det sjølvsagt positivt. Men for oss som vil ta vare på ei levedyktig og livskraftig stamme trur eg den nye jaktttida vil virka motsatt veg. mvh Lindu
  19. Ja, heller stor kråke enn tidleg og liten kalv Vurderer å oppretta eiga facebook gruppe om temaet (spøk). mvh L
  20. Einig i at det bør vera likt for alle, 202 outback.
  21. Hei, dette var eit ikkje uventa, men heller dårleg framlegg til jakttider, i alle fall når det gjeld hjort. Eg vil tru at vi med dette vil skyta ned bestanden monnaleg. Dei som ynskjer det kan sjølvsagt vera nøgde- alle tenkjer nok ikkje likt som meg. Men kvotane er sett så høge dei fleste stader, at i praksis betyr dette fri, eller nesten fri, avskyting i løpet av 4 månaders jakt. Som igjen blir øydeleggjande for bestandsstrukturen alle snakkar om i teorien, men som nokså mange gjev blaffen i under praktisk jakt (kvotane blir tilpassa under jakta, og storvalda / bestandsplanane er i realiteten berre ein måte å få ein stor kvote til å gå i hop med det som vert skote år for år). Dessutan vert det no tidleg jakt på kalv- som eg i utgangspunktet meiner burde ha vore freda til 1. oktober eller deromkring. Å skyta kalv på 12-15 kg 1.september er i alle fall ikkje det gildaste eg kan tenkja meg, då skyt eg heller rev eller kråke i staden . Ei jakttid på 4 månader høver vel godt for late jegerar- og dei som tek til ordet for massiv nedskyting av hjort på vinterbeite, slik nokre grunneigarar la fram på Voss for nokre dagar sidan. I dag er jo jakttida frå før nokså liberal, då "skadedyr" vert gjevne fellingsløyve på alt i juli fleire staer eg kjenner til. Men men, det vert nok hjort att etter dette og, men nokså sikkert mindre. Det som er bra er litt meir regulert jakt på villsvin, det var spanande nytt frå lovmakarane. mvh Lindu
  22. Takk, såg det og på inatur no i keld. Fekk nest siste valget, Lundsneset i Aremark aust for Halden, midt i ulvesona. Er vel til pass åt meg . Er det nokon som er kjent der seier eg mange takk om du/de vil senda meg pm. mvh Lindu
  23. Hei, nokon som veit dette meir presist? Tenkjer då på storviltjakt statsllmenningar og Statskog. På førehand takk Lindu
  24. Hei, som vanleg i slike tråder vert det mange meiningar om mykje. Eg er samd med han som skriv "kast alle blad om kaliber" og vel det du sjølv likar best. Eg har vanskar med å tru at du får problem med å finna viltet i ein kikkert med 4x eller høgare forstørring. Sjølv jakter eg gjerne med kikkerten i intervallet 6-9x, og har endå ikkje hatt problem med å sjå "berre bust" i siktet. Men det er no smak og behag. Lukke til. mvh Lindu
  25. Hei, nokon som har røynsle med Leupold spotting kikkert? Er desse å få kjøpt hjå Jakt & Friluft? mvh Lindu
×
×
  • Create New...