Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Om det er meg du viser til, så skreiv noko om at eg at eg tykkjer og litegranne synd i ulvemotstandergjengen, som ofte viser stor fåkunne. Håpar det er nok til å halda deg jæævlig irritert utover natta og- vonaleg har du sovemedisin i skåpet om det vert for ille Mvh Lindu.
  2. Ja, dette var ille. Og det ER synd på dei som vart råka av ulv i dette tilfellet. Men samstundes er det godt for noko: store, sterke karar som er med i ulvemotstandergjengen på Kammeret får testa skrivekunsten, styrka machofølelsen og kan igjen ropa ULV! på tastaturet. (Men det er er dykk eg innerst inne og tykkjer litegranne synd på, fordi de utviser stor fåkunne i mange fall). Mvh Lindu
  3. Dette høyres ut som ein god jaktfilm. Eg er berre så luta lei alle som skal putte all jakt innanfor rammene av jegerprøveboka eller ulike prosjekt (bedre jakt eller noko slikt). Og eg er sjølv jegerinstruktør. Denne veka bli Tex Willer nedprioritert til føremun for elgjaktfilm! mvh L
  4. Hei, har nokre av dykk som brukar 22wmr testa kulebane opp mot 150 meter? Ser på CCI sine heimesider at med eit overslag på ein liten tomme på 75 yards, så går kaliberet midt i på 100. Men kor mykje dett kula ut til 150 meter? Mvh Lindu
  5. Vel, utan å leggja opp til ein valdsam diskusjon her, er eg litt samd med Makkieboy: tyngre kuler har meir masse og går til vanleg djupare enn lette. Så lenge dei held rimeleg brukbart i hop etter ekspansjon. Utan å gjera det meir akademisk eller tverrsnittsbelastande enn det . Eg har alltid fått god intrening med gode / tunge kuler i 6,5 mm. mvh L
  6. Såg nett nokre bilde på nettet der fleire hjortar vart "servert" turrhøy no på ettervinteren. Det må då vera mykje betre å hogga ei osp eller raun eller to, i staden for høy? Det siste er vel bortimot skadeleg for utmagra hjort, etter det eg har lest. Eller tek eg feil? mvh Lindu
  7. Hei, kva kule ® som gjev flatast kulebane i 22wmr? Eg er klar over at dette er eit kaliber til småvilt på korte hald, og er ikkje interessert i ein diskusjon om andre kaliber i det heile teke. Men eg meiner å ha lese noko om v-max i ferdigladd i denne gamle travaren? Uansett, korleis er kulebanen om eg til dømes vil skyta hare på 10-110 meter som eg vil tru er oppunder maks hald med dette kaliberet? Takk for svar frå dykk som har prøvd. Mvh L
  8. Hei, med 100 grains BT har eg brukt 39 grains N-140 og får veldig gode samlingar med denne kombinasjonen. Lukke til.
  9. Dovrefjell, anten "jeger'n i tradisjonell grønfarge, eller aller helst "camo" utgåva som er heilt super og har langt betre fargar enn bilder på nett/katalog viser. Til ein rimeleg pris- frå friluftsmagasinet. Mvh Lindu
  10. Har fått inn ca 50-50 på hare- og fugleskrik. Har blitt nokre bomturar og, sikkert lokka litt vel mykje i same områda. Men det virkar som om reven kjem som ein rakett om den er nære nok, og du brukar fugleskrik. Alt til si tid, som det heiter. Skit jakt
  11. Hei, 9,3'en er etter mitt syn uproblematisk å skyta/jakta med opp til 200 meter. Berre gå inn på norma ammunition sine sider og sjekk ballistikktabell. Du kan gjerne lada med lettare kule som 250 grains Nosler Accubond, den skyt like flatt som ei vanleg 30-06 kule. Ellers ville eg ha skote 18,5 grams kule inn med 5-6 cm overslag på 100 meter. Då går den omtrent midt i på 150 meter, og 8-10 cm under på 200 om eg hugsar rett. Ei Accubond eller Woodleigh i 16,2 gram vil berre falla kring 5 cm på 200 meter med slik innskyting. (Tek atterhald om eg ikkje hugsar heilt nøyaktig på centimeteren, men det er ikkje langt unna). Lukke til. Lindu
  12. Hei, prøv om du og får til fugleskrik med Syco'en. Du finn link på storfangst.no sine sider til film med brukbar lyd, klikk på bildet av fløyta og finn link i teksten under. Eg har fått inn nokre revar på Sycoen (februar)- dei kom som kanonkuler. Den større fløyta heiter twin syco og er litt krafigare, men lyden er i praksis nokså lik. Mvh Lindu
  13. Hei, dette er effektive kuler. Har sjølv skote nokre hjort og rådyr med desse i 7mm og 6,5 mm. Men det kan bli noko blodslege kjøt, stor splintverknad (med blyfragment i kjøtet) og nokre vil nok hevda liten restvekt. Men verkar- det gjer dei! Lindu
  14. Hei, eg får ikkje til å laga skikkeleg haresrkik med std. Crit'r Call fløyta. Blir liksom berre nokre hese, grove lydar, og fløyta er svært tung å blåsa i. I motsetnad til den mindre utgåva "pee-wee", som er lett å få til. Tenkte eg skulle bruka Crit'r Call fløyta i høgfjellet no, og prøva å lokka inn over større avstander. Men då lyt lyden bli meir realistisk, den eg får til høyres ytterst tvilsam ut. Mogleg løysinga blir å kjøpa red river bandit i forsterka utgåve. Andre som har tilsvarande problem, eller/og er det eg som brukar fløyta feil? (Har strikken heilt inne og har prøvd mange variasjonar). mvh Lindu
  15. Hei, har lokka ein del no i februar med vekslande hell. Men det har no kome rev på både hare- og fuglelokk, så heilt meiningslaust har det ikkje vore (bortsett frå at treffprosenten har vore lav ). Men positivt at mars truleg vil verka betre- rett skal vera rett- det har vore nokre dagar med null respons- mens andre dagar har lokkinga verka bra. God helg Lindu
  16. Rem. Wingmaster kal 12/76 kosta kr 48.- per skot hjå Jakt og Friluft då eg kjøpte dei. Men det er dei verd!
  17. Hei, etter å ha teke opp at interessa for revejakt (den "nye" metoden med lokking er definitivt heilt rå!) kom eg til å skjota eit par revar med hagl. Den første med stål, 25 meter, US nr 2, noko som resulterte i eit langt ettersøk og at ein kamerat jakta på den nesten heile dagen etter. Og fekk den til slutt. No var vinkelen dårleg, og eit døme er for lite til å setja fram bastante konklusjonar. Same natt bytte eg til Remington Wingmaster HD og US BB hagl, ca 60 hagl i patrona. Fekk skot på ein rev på temmeleg langt hald, og såg det var "godt over grensa" i det same det small. Reven datt, stein daud, og makan til effekt på hagleskoten rev har eg aldri sett! (Reven skal stoppast ut, så eg får ikkje flådd den og analysert treff). Denne ammoen kan tilrådast, kanskje med eit nr finare hagl for endå betre dekning, som US 2. Aldri meire stål på rev, eller bly for den saks skuld, om det vert lovleg att. Wingmaster HD er tingen! God helg Mvh Lindu
  18. Prøvde hareskrik i dag tidleg, og brunst eller ikkje, det kom i alle fall ein rev. Men ikkje der eg trudde. Sat på ein haug med ein fjellhammar bak meg, og såg ut over nokre store flater med grantre og elva som gjekk under (islagt). Sjølvsagt kom reven opp bak meg, såg den då den var ti meter frå meg, treiv rifla og klarte såvidt å bomma (igjen ) på reven som flaug i sikk sakk og var vekke. Merka og at Syco'en vart dårleg i 15 minus, men Pee-Wee og hareskrik lagde upåklageleg lyd. I natt er det ut att, kanskje treffprosenten om sider vil auka att til godt, gamalt nivå . Mvh Lindu
  19. Vel, då fekk eg endeleg høve til ein skikkeleg lokkerunde. Tok ut i 5 tida direkte frå jobb i går. Parkerte bilen, og sette meg ned på ein odde ved eit vatn. Lokka med Syco Tweety, og tykte eg fekk fram nokre remjande fuglelydar. Tenkte eg gjerne ikkje hadde den ideelle plassen, liene på hi sida av vatnet gjekk bratt til fjells. Men så- ein mørk skugge kjem som ei kule nedetter lia på hi sida av vatnet. Stoppa ved isen ville ikkje utpå. Eg vurderte haldet til 200 meter, hadde .260 rifla inne på 180 meter med 6,5 gram Ballistic Tip. Og let skotet gå, like over ryggen, noko som truleg var tabben. Reven bykste til, og la på sprang. Køyrde eit par-tre kilometer oppover dalen, parkerte, lokka med ein gong, og etter to-tre minutt kjem ein rev i full fart rett i mot. Den stoppa bak ein snøhaug 25 meter unna, såg den berre i øyrene. Så for den, kom ut på ei flate, og eg skaut siste patrona- bom igjen ! Anten var det noko kratt som kula trefte (skymt), eller eg nappa. Skal prøveskyta rifla igjen, men det var nok skyttaren som igjen vart for ivreg. Så vidare, no med hagla. Ny rev, 25 meter, stålhagl US 2 og reven vart slengt nedetter snøen. Sprang, la seg, gjekk, la seg..og forsvann. Spora den i ein kilometer og sendte melding til ein kamerat som låg på hytta like ved. Han skulle ta sporet i dag og prøva finna den. Deretter køyrde eg til hytta og sat i gluggen til kl 12, utan resultat. Høyrde ein rev som bjeffa. På veg heim skaut eg endeleg ein korsrev, som igjen kom etter få minutt. Denne gong med wingmaster HD nr BB- effektivt! Og den skada reven vart funnen og skoten i dag, så det gjekk no bra. Utan tvil ei god fløyte. God helg!
  20. Korleis er tjt med omsyn til lydigheit og gå i band? Er dei striare enn andre hundar å trena opp til dette? Mvh Lindu
  21. Hei, nokre som har testa denne kombinasjonen sjølv og kan gjer råd? (Har funne ei ladning på robsoft.nu men vil ikkje brukaden ukritisk). Kule blir anten 220 grains Sako Hammerhead semi spitzer eller Woodleigh weldcore RN. Mvh Lindu
  22. Ehh..dette vart då valdsam diskusjon, til og med nesten i meste laget for meg og . Prøver å spora av/inn att debatten med å spørja om nokre av dykk som har brukt 15 gram Oryx og har brukt den nye 21,1 gramaren? Og i så fall, er det merkbar skilnad i skoteffekt på desse to? Dersom eg skal ha 9,3 att vil eit av kriteria vera best mogleg effekt og at viltet går snøgt i bakken. Men og gjerne nok blodspor til å kunna spora påskote vilt om naudsynt. mvh Lindu
  23. Hei, er på utkik etter i 22wmr av billeg type. Formålet er å skyta rev frå gluggen i nyehuset utan å laga for mykje smell og støy. Eg vil heller bruka 22wmr med blyspiss enn å skjemma til ei av storviltriflene med dempar. Skothaldet er maks 60 meter, så superpresisjon er ikkje naudsynt. Har nokon tips er eg takksam for det mvh Lindu
  24. Elgjakt i Tana. Definitivt. Elgen er sky som ulven (!) og er normalt like vanskeleg å jakta som hjort, berre den går endå lengre når den er støkt. Å sitja på ein haug og sjå langt utover sanddyner, tett bjørkeskog og stor myrer med ei snødekt Rastigaissa i bakgrunnen er balsam for sjela. Og brått høyres "oahh, oahh, oahh" og då er det som perleporten opnar seg.... God helg Lindu
  25. Heilt i orden, Mauser68, det går heilt greit at du stengde tråden. Sikkert på tide å kutta ut tullete debattar om for eller mot svinepelsar i ein eller annan fasong. mvh Lindu
×
×
  • Create New...