Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Muntjac har rett. Fleire i mitt jaktlag har gått på ein smell når ein sous vide-behandlar kjøt som i utgangspunktet alt er gjennommørna og har lite bindevev i seg - deriblant rådyrlår. Som det blir beskrive: All struktur i kjøttet forsvinn, og smaken kan framstå som leveraktig. På bog, nakke, høgrygg, ribbe derimot, har dette verktøyet sine openberre fordeler. Prøv også innmat i sous vide: Trekk f.eks eit reinsdyrshjerte, gjerne ferdig krydra og med marinade i posen. Deretter sluttbehandlar du det med varmrøyking i staden for i steikepanna. Forbløffande resultat.
  2. Har aldri halde i ein R8. Men det som undrar meg er at du ikkje oppdaga dette før du kjøpte og betalte? Eller kjøper folk rifler i 20.000-kronersklassen utan eingong å ha tatt i dei først?
  3. Ein lokal børsemakar hevdar at uavhengig av lotvariasjonar, så har N11 over tid hatt eit utvikling der det går mot å vere eit "treigare" krutt enn før, og at det har vandra frå opprinneleg å vere mest likt N202 til no å ha brennverdi meir likt N203-b/N150. Er det hald i påstanden?
  4. Veit at mange, inkludert meg sjølv, slit med presisjonen med så lette kuler i dette kaliberet. Eg får t.d. ikkje presisjon i det heile tatt med Norma Jaktmatch i 8X57 IS. Må opp i 170 grain før presisjon når akseptabelt nivå. Har alltid undra meg at Norma lagar jaktmatch/fågel med så lette kuler. Hjelper lite med flat kulebane om presisjonen er dårleg.
  5. Forstår ikkje heilt siste setninga di, kva meiner du?
  6. http://www.czub.cz/en/catalog/105-brno- ... FFECT.aspx
  7. Eg har lada 140 grains ttsx i "søskenkaliberet" 7X65R, i ein kipplauf med jägerlås som fint tåler minimumsladningar frå 7X64. Meiner eg stoppa på 54 grain N160 og hadde ein utgangshastigheit på 830 m/s, 25 mm samling @ 100 m.
  8. Sliter med å aktivere scanningen på min. Kva er tasteprosedyren?
  9. Eg har jakta nokre år med Kahles kxi 3,5-10x50 på ein Merkel kipplauf. Dette er eit godt sikte til allroundjakt. Det er ikkje best til noko som helst, men dugandes til det aller meste. Har eller har hatt Victory med 56-opning, Zenith med 50, og begge desse er bedre enn Kahlesen når det blir skikkeleg mørkt. Men i skogen og på reinsfjellet og til postering morgon og kveld er Kahlesen favoritt, fordi den er utruleg lett og smekker. Hugs at du skal bære rifla 99 prosent av jakttida og skyte den eine prosenten.
  10. Ja. Seinast uttalt til lokalmedia i sommar, frå fagleiar skog i ein av landets større hjortekommunar, Bremanger.
  11. Nei, det treng det slett ikkje vere. Ikkje viss fellingsprosenten frå før av var 50-60 prosent, og/eller rettshavar driv "eigenforvaltning" i form av f.eks å spare visse kategoriar dyr.
  12. Eller: Viss fellingsprosenten er lav, så opnar det for skeiv avskyting, utan at ein reint formelt har gjort noko feil som jeger/rettshavar. Ved å legge tildelt kvote rundt 15 prosent over fellingstala, tvingar ein fram eit balansert uttak i tråd med den til ei kvar tid gjeldande forvaltningsstrategien.
  13. Snakk om å konstruere problem! Det er vel berre å henge opp tilsvarande 100-meterskive på standplass det, noko som dei aller fleste skytebaner gjer. Så kan den som er usikker samanholde skjermen sin med skiva? Problem solved.
  14. Resultatet av lav fellingsprosent i vår kommune ble at kvotene ble redusert. Viltforvalteren ønsket høyere fellingsprosent og da ble løsningen å redusere tildelingene. Det er vel ikkje berre ønsket om høgare fellingsprosent som gjer at lokale viltforvaltarar reduserer kvotane der dei ikkje blir fyllt. Det er også eit bidrag til å få jamnare og meir balansert uttak m.o.t. kjønn og alder.
  15. Kva meiner du med "så mange", KnuteriK? Mange sett i eit totalbilde - eller mange relativt sett? "Bedre jakt"-undersøkinga frå Møre og Romsdal viser vel at bøjakta har lågast skadeskytingsprosent av alle jaktformer på hjort?
  16. Kva kuler, kruttype og kruttmengde brukar du?
  17. http://www.firdaposten.no/her-slar-orna ... 5-16-52904" target="_blank Her går havørna til angrep på modellflyet.
  18. http://www.firda.no/forde/politi/vadesk ... 5-15-95222" target="_blank Kontor-vådeskudd på Førde lensmannskontor.
  19. 53,5 grain N160 gir svært god samling og fine slakt i jaktkompisen min sin 30.06. Har ikkje kronografert farten.
  20. Frå Utøvelsesforskriftens kapittel 9. Levandefangst av mår har vore forbudt i mange år. Det lærer også kandidatane på jegerprøvekursa.
  21. Sikkert fin felle, men levandefangst av mår er vel ikkje lovleg.
  22. http://time.com/3976344/cecil-lion-zimb ... er-palmer/
  23. Årdal-Lærdal har ein stamme på i underkant av 300 dyr. Bukkeflokken på 50-60 dyr har sommarbeite på nordsida av anleggsvegen som går frå Filefjell i aust og til Riskallsvatnet i vest (ca 17 km). Har du fritt dyr kan det lønne seg å prøve seg nord for vegen, i alle fall dei to første helgane. Bukkane startar vanlegvis trekket sørover mot fostringsflokken (Ca 250 dyr) rundt første veka i jakta. Fostringsflokken held seg vanlegvis mellom Kråkebergi i aust og Bermålsnosi i vest, avhengig av vindretning. Den går som oftast samla, i alle fall i jakta, og kan vere litt "nåla i høystakken" å finne i eit ganske krevjande og stadvis svært kupert terreng. Elles vil dei store snømengdene påverke jakta i dette terrenget i år. Framleis er den nemnte anleggsvegen ikkje brøyta opp (så vidt eg veit), og om den ikkje blir det, betyr det at ein må ta seg inn i terrenget ved å gå frå Lærdal/Borgund og til fjells, eller frå Årdalssida og opp. Mange gode høgdemeter som fordrar motiverte jegerar
  24. Google ground beef jerky så finn du mange oppskrifter.
  25. Er berre å google det, så finn du Sako-eigarar som diskuterer problemet/årsak/evt løysingar mange stader. Søker du på "Sako" og "ejecting into scope" har du ein grei start. Eg har ikkje søkt i tyskspråklege forum, då tysk er ganske finsk for meg.
×
×
  • Create New...